Siri Bjorstad Hjermann

Livet er fullt av KONTRASTAR. Om vintrane drøymer eg ofte om fjerne reisemål, men slik var det ikkje i VINTER. Då drøymde eg om å vandra i Jølster i SOMMAR, å vera på og mellom dei kontrastfylte fjella, dalane og vatnet der, i kontrasten mellom det stupbratte og det milde, som har fått slik draget på meg🧡
.
Medan eg drøymde om dalar og fjell i JØLSTER, havna eg i ein dal sjølv, med ein kropp som ikkje spelte på lag. Sakte sakte gjekk tida, medan familie, TOLMOD og FORHÅPNING støtta meg etter beste evne. TIDA måtte virka før kroppen igjen kunne virka betre💛
.
Det er ei tid for å venta, for å KVILA og for å GÅ. Midt i juli stod eg ENDELEG på Sægrov, med fjellsko på. Hadde eg vore betre i matte, hadde eg skjønt at ein tur frå 0-1143 moh, med konstant STIGNING på 30 grader i TROPISK varme var i tyngste laget, ikkje minst med tung sekk. Men eg kom meg opp på Grovanipa, og kvart steg var sveitt siger og grådig glede❤️
.
Teltnatta og morgonkaffien på Grovanipa var optimal. Eg dingla med raude tånegler på toppen, og timar etter flaut dei same neglene i brekjølt vatn på Lundevassenden, med utsyn mot Grovanipa. Klar for meir Jølster traska eg i veg og fann ny teltplass over Fyglastøylen💚 .
.
Eg vart GRÅDIG, og for tilbake på nye eventyr. Nok ein gong køyrde eg langs JØLSTRAVATNET, som spegla grøne dalsider og blå himmel. Eg susa gjennom Jølster, og kl 20 stod eg på Flatbrehytta, etter ei vandring med kontrastar frå frodige lier til den turkise Supphellebreen. Om natta sov eg i iKamperen, i teltet oppå bilen ved Bøyabreen, eit EVENTYR i seg sjølv💙
.
Både kroppen og Vestlandet funka OK+, men bilen slo alarm : «Girkasse DEFEKT. Kontakt verksted!» På smalaste vegen ved Mundal stoppa bilen tvert, men forsikringa ordna BILBERGING og timane eg måtte venta i Fjærland gjekk raskt, mens smilet breia seg av vendinga dagen tok😃
.
Då eg atter passerte Jølstravatnet, no høgt over asfalten i ein fancy raud slepebil, var det framleis IDYLL: Jølster var fryd og harmoni. Men etter tirsdagens DESTRUKTIVE uvær og jordras er Jølster forandra. Tankane mine går til alle dei som er råka av dei tøyleslause naturkreftene🖤
.
.
.
#sirisoge #mittvestland #ilovenorway #gramoftheday #gotd_2286

117 Jølstervatnet

35

@fjelluft16

Takk for vakker skildring av livets kontrastar! I sommar har livet smilt til meg og mine - og hendingar som i Jølster gjer at eg er ekstra takknemlig for det!❤️ Vi var på veg heimover og kunne lett ha havna midt i rasa om ikkje vi hadde tatt ein av våre typiske avstikkarar undervegs! Så tilfeldig er livet - og så fort kan ting endre seg! ❤ Takk for at du deler og håper at livet igjen smiler meir og meir til deg også! 😍

@tereseeikefjord

Så nyyyydelege bilder og tekst @siribjorstad 😍 Vakkert beskrive, og ikkje minst kjekt at det går framover😘 Strålande😁👏 Varm klem

@katemaritas

Så flott og beskrivende vakkert🥰❣️... ja, jeg tenker også på alle som er rammet❤️

@silje_helen_dypevik

Jølster❤️

@borgebjerck

Erlig og vakkert Siri 🙂

@jorunnmarie

du er så flink til å sette ord på ting ❤️

@torill_f

Så fint skildra Siri❤

@tine_holvik

Så flott skildra💚

@solfure

Kontrastfulle skildringer min ven. Naturen er mektig, det same er menneskekroppen og ikkje minst sinnet vårt... ❤️

@thehardanger

Jølsterdag, grøn og frodig som den fyrste dag
Adam gjekk i kring i Evas lag, i Evas lag
Ein Jølsterdag, Jølsterdag
denne dag som og har Gud i seg
men også nattas mørke veg

@fjelstadtore

EIA VAR VI DER ...

@kamelott67

Så fint å lese Siri💕♥️

@ida_en

Nydelig tekst 🙏🏻

@elinevalvik

Herlig! Bra kroppen spiller på lag igjen ❤️😄

The end of the page