Siri Bjorstad Hjermann

.
.
På ei lita øy, eller var det ein stor holme, låg denne fjøra, som ein gong dala ned frå himmelen. Kanskje løsna den i ein solnedgangsbris, eller kanskje etter eit luftig basketak mellom fuglar, englerelatert var den neppe. Litt rekognisering viste at fjøra markerte den optimale teltplassen, utfrå praktiske og estetiske behov. .
.
Frå skysskaren min fór, til han returnerte, gjekk det 16 timar. I 16 timar var eg der åleine, med fin fred i sjela, og glede over eit MIKROEVENTYR midt i veka. Bålet gnistra omkapp med stjernehimmelen over meg, og det var neppe tilfeldig at eg fekk Monty Pyton sin «Galaxy Song» på hjernen, med si passande påminning: «So remember, when you're feeling very small and insecure, how amazingly unlikely is your birth» .
.
Tenk å få sitja der åleine under Melkeveien og sjå stjerneskot susa over himmelen, mens havet klukka lett. Eg såg ned på ei lagune, der havet var så flatt at stjernene spegla seg i det. Bålet gnistra, stjernehimmelen funkla, og rundt meg på alle kantar blinka det i hundrevis av lykter og lys i sin eigne, bestemte rytme. Det er ikkje rart at sjela vert litt ekstra lys i slike omgjevnader! Åleine, men ikkje einsam.
.
.
PS: det viste seg forresten at eg ikkje var heilt åleine i teltet likevel...🕷
.
.
#mittvestland #norway2day #raw_norway #loves_norway #ig_week_scandinavia #ig_serenity #rsa_outdoors #nrksf #fjordkysten #rsa_ladies #norway_photolovers
#9vaga_skyandviews9 #jj_skylove #sky_brilliance #ig_week_sunsets #splendid_reflections #insta_sky_reflection #love_all_sky #sirisoge #loves_reflections #nb_nature_brilliance #mittfriluftsliv #utno #royalsnappingartists #liveterbestute #meoutdoor #scandinaviantravels #gotd_2351 #gramoftheday

109 Sogn og Fjordane

11

@oyeblikk

Sukk! Der kjente jeg at jeg fikk den dype pusten tilbake. 😍 Dette var bare helt nydelig å lese. Vakre bilder, også! (Likte spesielt bildet av 🕷!😆)

@lindatoftengeliassen

..... Å bare VÆRE litt...... 🙏🏻

@siriansok

Så fint du skriver...vakkert å lese ⭐️

The end of the page