Siri Bjorstad Hjermann

« GI TID» ❤️er tema idag, på Verdsdagen for psykisk helse.
.
❤️
.
Naturen er heilt sentral i livet mitt, for den fysiske og mentale helsa. For å kunna GI TID av kvalitet til andre, må eg óg gi tid til meg sjølv. Det kan vera like vanskeleg som det me får beskjed om i fly: ved nødsituasjonar, ta OKSYGENMASKE på deg sjølv før på ungen din. Så eg prøver ta vare på meg sjølv så vel som andre, og pakkar jevnleg teltet for ei NATT I NATUREN. Ein TIME OUT i naturen gir påfyll av første klasse. I naturen er eg på første rad, der opplever eg mestring, merksemd, nærvær, stillheit, fred - og pusten roar seg i takt med tankespinnet. I naturen er det aldri kjedeleg, og uansett vær eller årstid er det alltid glimt av lys, og dette LYSET finn fram der det trengs. .
I starten av haustferien slo eg leir om kvelden, 10 minutt heimefrå, i det den siste gløden av solnedgang fada. MØRKRET kom. Stjernene kom. Uglene kom. Roa kom. Smilet kom. Frå hengekøya mellom to skakke trær låg eg godt innpakka, i time etter time, eg såg stjerner filtrert gjennom trekrunene på toppen av dei mørke, lange trestammane, såg eit STJERNESKOT som berre dala og dala. Stjernevrimmelen flytta seg nokre grader medan eg berre VAR, i mitt AXIS MUNDI, i min eigen «verdakse, verdas sentrum». Etter ei god natts søvn oppe i Åsen vakna eg til ein ny dag, med skogen filtrert av SOLLYS, tonesett av fuglekvitter og lyden av gult, tørt bjørkelauv som fall🍁Etter nok ein psykt fin var eg atter klar til å GI TID til andre🙏🏻
.
.
.
. #sirisoge #verdensdagenforpsykiskhelse #tree_magic #hugs_for_trees #tree_captures #loves_trees_rural #ig_shotz_trees #tree_brilliance #igworld_global #ig_serenity #mittvestland #utno #rsa_ladies #rsa_outdoors #mittnorge #mittfriluftsliv #sunset_greece #nature_brilliance #essence_of_norway #soul_curry #bns_norway #raw_norway #raw_alltrees #gitid #royalsnappingartists #nortrip #liveterbestute #meoutdoor #tree_captures #gramoftheday #gotd_2394

160 Florø

16

@ninja9na

Så fint 🔥

@torill_f

❤🐞

@kariannemst

Du altså❤️ finaste🥰

@paperaria_

Du skriver så godt at det føles ut som om jeg nettopp har vært ute 🌅🌿 Fantastisk.

@fjelstadtore

FINE ORD ..

@trond.kvamme.1

Utrulig fin tekst, som berører..🙏🍁🍂🍂🌷

@oyeblikk

Jeg tror jeg bare skriver det jeg nettopp sa høyt for meg selv: Åh! 😍❤️!

@siriansok

🙏❤️

The end of the page