Siri Bjorstad Hjermann

.
Vindauget mitt
ved senga

På gløtt. Håpet. Eit gløtt
.

eit måleri
som fangar
æva og augneblinken
som gir
forståing og innsikt

Vindauget
mykje studert frå senga siste halvåret
viser samanhengar

Svevande skyer svalar, stabile skyer
skuggar
for sola
tunge tette truande tordenskyer .

sukkerspinnskyer
slepp stråler fram
bitar av blå blunkande bakanforhimmel
fuglar flaksar flytande forbi .

Hei, herlege heilblå himmel!
.
.
Vindauget vev metaforisk saman
inne
ute
indre
ytre
.
På tide med ein tur ut igjen! 💙 #vakrediktutfordring

66

4

@hildrande

👌👌👌

@oyeblikk

☁️💙☁️

The end of the page