Nasjonalbiblioteket

Sebastian Kneipp (1821-1897) var tysk prest og ein skikkeleg helseapostel. Han stod ikkje berre bak oppskrifta til eit sunt og kraftig brød, men anbefalte òg å gå barbeint over doggfriskt gras og gje kroppen ein kald vask utan tørk før ein legg seg. Hans vasskur – i god tradisjon med den romerske og greske SPA-kulturen – blei brukt som behandling i kuranstaltar over heile Europa. Brødet hans et vi den dag i dag.
Plakaten, teikna av Othar Holmboe (1868-1928), er frå 1902. Han reklamerer for «Kneipp Brød» av Baker Hansen (@bakerhansen) eigenhendig attestert av opphavsmannen. Hansen fekk i 1895 lisens til å bake og selje brødet. Kneippbrød var sjølve grunnlaget i Oslo-frukosten og ein berebjelke i den norske matpakkekulturen. Sjå større versjon av bildet: http://tinyurl.com/nb-bakerhansen

#nasjonalbiblioteket #nasjonensminne #nasjonenshukommelse #kneipp #brød #bakerhansen #sebastiankneipp #plakatar #reklame

133

5

@ranakommune

Utrolig artig å lese!

@fomabomot

Uhyre festlig! 😂 @msoeyland

@lrasten

Fortsatt en bærebjelke i mine matpakker!

The end of the page