SKALD forlag

Dette er Meline, 10.klassing frå Kaupanger. I forrige veke var ho hos oss i nokre dagar. Då ho skulle plukke frå forlaget sine bokhyller den boka som fenga ho mest, valde ho klassikeren James Joyce «Dei døde». Les kva ho skriv om grunnen til det: «DEI DØDE

Du blir nysgjerrige med ein gang du ser ho. Ho tar merksemda di på grunn av fargen, teikninga og stoffet ho har på framsida. Når du les bakpå boka blir du nyfiken på kva det skal bety: «Ein etter ein skulle dei alle verta til skuggar». På kva måte heng tittelen og sitatet saman? Du får lyst til å vite handlinga. Den einaste måten å finne det ut er å lese boka. Ei bok som tar deg med inn i handlinga allereie på første side.» Meline Brandshaug, Kaupanger

#minklassikar #nynorskeklassikarar #jamesjoyce #deidøde #thedead #nynorsk #verdsklassikar #litteratur #novelle #klassikar #verdsbeste #boktips

76

0

The end of the page