#MarteLeser

Instagram photos and videos

#MarteLeser#LestI2019#boktips#Lesti2019#bokreisen#detdumålese#goodreads#nrklesetips#bokelskere#booksofinstagram#bookstagram#nrkbok#nrkboktips#TingSomGjerMegGlad#book#cappelendamm#sandnesleser2019#bok#leseløve#bookish#lesti2019#michaelrobotham#aschehoug#booklover#booknerd#bookstagrammer#aschehougforlag

Hashtags #MarteLeser for Instagram

Leseåret 2019 er nok det mest innhaldsrike så langt, mykje fordi dei første månadene var prega av utmatting og landet form. No er eg ENDELEG på riktig veg ,og tvilar på at dei neste åra kjem i nærleiken, bokmessig. Og det er ein god ting då det betyr at eg har krefter nok til å gjere meir enn å berre lese. Eg kjem likevel til å lese kvar dag livet ut, for det gjer meg verkeleg ro i sjela.
Årets bok nr 192 er "Mindre" av Andrew Sean Greer. Eg har blitt veldig glad i å lese romanar med forfattarar som hovudperson. Og det er han her. Arthur Mindre er ein "mindre vellykka" forfattar som nærmer deg femtiårsdagen. Då hans yngre elskar skal gifte seg bestemmer han deg for å takke ja til alle forespørsler/litterære eventer han elles ville avslått - dette for å sleppe å gå i bryllaupet med god og gyldig grunn.vi følgjer han på denne reisa rundt i verda samstundes som vi blir kjent med litt av fortia hans. Her er mykje kjensler, kjærleik, refleksjon og undring kring tid, val, og livet generelt. Heldigvis er det også ein god dose humor inni her. Gler meg til å lese meir om herr Mindre

#MarteLeser #Lesti2019 #Mindre #AndrewSeanGreer


0

Årets bok nr 191.: "Mens vi venter på Bojangles" av Olivier Bourdeaut. Oppvekstroman på ein måte. Vi følgjer ein gut som veks opp med ei psykisk sjuk mor og ein far som er så fullstendig fortapt og forelska i henne at han ikkje alltid klarer ta dei beste vala for seg sjølv og sonen. Historia blir delvis fortalt av guten og delvis gjennom farens notatar/dagbok.

Kort og lettlest bok. Lettlest fordi språket flyter fint, ikkje lett som i overfladisk. Ein god del kjensler finst her og det står mykje mellom linjane. Eg er nesten ferdig og har ikkje bestemt meg enno for kva eg syntest. Blei aldri like fengsla som eg håpte og klarte ikkje heilt leve meg inn i boka. Syntest kanskje ikkje dette var originalt nok. Føler liksom at eg har lese noko liknande mange gonger før

#MarteLeser #Lesti2019 #cappelendamm #mensviventerpåbojangles #olivierBourdeaut


0

S for Snue Sundag og Sofa ... Og heldigvis også ei bok! Årets bok nr 189 er: "PS: Jeg elsker deg-klubben" av Cecilia Ahern.
Denne boka tek opp handlinga frå den første boka, sju år seinare. Elska PS: I Love You, ei av svært få kjørleiksromanar eg verkeleg har likt. Så no gler eg meg til ø lese meir om dei likandes karakterane og få sjå korleis det har gått med dei.

Perfekt bok når du vil lese noko lett og samstundes kjenslerikt. Mykje dybde og alvor, livsfilosofi, men også ein god dose humor.
#MarteLeser #lesti2019 #PSJegelskerdeg-klubben #CeciliaAhern


0

Denne boka her var midt i blinken akkurat no! Etter krim og dokumentariske bøker var dette rett og slett perfekt. Lettlest bok med fleire brennaktuelle tema (psykisk helse, dagens samfunn, foreldrerolla, sosiale medier mm), truverdig handling, karakterar som fremstår som ekte og levande. Er også begeistra for språket som flyter veldig fint, som skildrer utan å vere eit adjektivhelevete, og som kort og presist fortell historia utan nokon særleg "tomprat"og unødige forklaringar.
Har lese alle bøkene til Myhre og med denne her syntes eg utviklinga hennar som forfattar viser veldig godt. Det blir spennande å sjå kva meir som kjem frå den kanten med tida. Har ikkje vore så stor fan før (har alltid hatt sansen for Linnea, og har likte bøkene også men som romaner blei eg aldri så veldig medriven før denne.) Årets bok nr 187. er "Meg, meg, meg" av Linnea Myhre

#MarteLeser #Lesti2019 #megmegmeg #linnéamyhre #linneamyhre #tidenforlag


0

No er det lenge si eg har lese rein krim og då passa deg fint å få denne til bursdagen! Slukte dei første hundre sidene i eitt jafs. Ei slik bok ein berre må lese "litt til" i. Spennede plott, likandes karakterer. Likevell ikkje nokon banebrytende originalt og språket er heller ikkje all verdas. Men perfekt nå når eg ville ha ei ganske "enkel" krim med passelig dose spenning og mysterie, utan at det er særleg krevende å henge med.

Årets bok nr 183.: "kastanjemannen" av Søren Sveistrup (Ser føre meg at denne kjem til å bli filmatisert, eller serie-fisert)

#MarteLeser #Lesti2019 #Kastanjemannen #SørenSveistrup


0

Har mykje "kvalitetslitteratur" i hylla. Altså bøker med historisk innhald, alvorlige og viktige tema osv ... Heldigvis har eg også bøker som dette, bøker laga berre for å underholde. Bøker eg kan lese utan å tenke eller konsentrere meg i stor grad. Og ofte er det akkurat det eg vil. Som i dag! Marian Keyes, Cecilia Ahernog Liane Moriarty er tre forfattare eg ofte vender tilbake til når det er ei "slik" bok eg vil ha. Bok med humor og alvor side og side, familie, vener, kjærleik og kvardagsliv i fokus.

I denne boka må Amy finne seg i at ektemannen plutseleg forlater henne og dei tre jentene for å reise rundt åleine i eit halvt år. Etter å ha slitt lenge og opplevd fleire tette tap, trenger han ein pause. Vi følger Amy og menneska rundt henne i denne i tida, og i blant får vi også innblikk i fortia med fokus på relasjonen mellom ho og mannen

Årets 180. bok er "The Break" av Marian Keyes

#MarteLeser #Lesti2019 #penguinbooks


2

Kan ærleg innrømme at eg ikkje er Jojo Moyes største fan. Med det sagt må eg også seie at denne her dermed overraska meg positivt! Er så vidt femti sider inn i boka så kan jo ikkje bestemme meg endå, men så langt ... 👌👍Tipp topp tommel opp!

Årets bok nr 179. "The Giver of Stars" Jojo Moyes

#MarteLeser #Lesti2019


0

Hurra! Denne har eg gleda meg til lenge! Har lese tre andre bøker av frøken Ravatn og elska dei alle. Og dei første sidene her gav definitivt ein god start. Gler meg til resten. Og tips til rogalendinger: ho kjem til biblioteket i Sandnes på forfattartreff snart. Perfekt anledning til å fordype seg i nokre av bøkene hennar no, altså.

Årets 177. bok er "Dei sju dørene" av Agnes Ravatn

#MarteLeser #lesti2019 #samlaget #deisjudørene #agnesravatn


7

Bøkene til Fredrik Backman har eg ymse erfaring med. Dei fleste har eg elska, to av dei skuffa derimot veldig. Denne var eg skeptisk til, heldigvis utan grunn. Slukte dei første 100 sidene på ei leseøkt og gler med alt til å lese vidare. Boka er ikkje "fjasete" og overdriven tullete slik eg frykta få et las om ho. Så langt er det ein perfekt balanse mellom humor og alvor, spenning og kjensler. Og språket er 👌👍 Årets bok nr 175.: XFolk med angst" av Fredrik Backman

Ein maskert mann skal rane ein bank, men så viser det seg at banken er ein kontantlaus bank. Han får panikk og spring si veg. Han søker tilflukt frå politiet på den første staden han finner, som tilfeldig er ein leigenheit kor det pågår visning i det han buser inn.politiet dukker opp. Gjerningsmannen er vekke.

Kvifor skulle han rane banken?
Kven er ranaren?
Kan ran og tjuveri rettferdiggjerast om ein berre har god bok grunn? Kvar er ein god bok grunn?
Vi følger politimennene Jim og Jack, som også er far og son, gjennom avhøyr av vitnene. Kvifor kan ingen av dei seie kor det blei av gjerningsmannen? Kven lyg? Kvifor?
#MarteLeser #Lesti2019 #fredrikbackman #Folkmedangst


0

Haust er lys og bok og snørr-papir 😝🤧
Er godt i gang med årets bok nr 174.: 174. Barnehjembestyrerens sønn av Adam Johnson. Ei spennande og ganske unik bok med handling satt i Korea. Gler meg til resten. Endeleg ei bok som ikkje finnst forutsigbar. #MarteLeser #Lesti2019 #barnehjembestyrerenssønn #Adamjohnson


0

#TingSomGjerMegGlad 🤓🤓 - nye sokkar
- nye sokkar med avokado på
- å ha på seg nye sokkar med avokado på mens eg leser ny bok - å ha på seg nye sokkar med avokado på mens eg leser ny bok av Anna Gavalda (som eg er fan av!)
- å ha på seg nye sokkar med avokado på mens eg leser ny bok av Anna Gavalda (som eg er fan av!), nydeleg omset til nynorsk

Årets bok nr 169 er: Livet til det betre, av Anna Gavalda. Har lese tre bøker av henne og har likte dei veldig godt. "Saman er ein mindre aleine" er, hittil, favoritten. Anbefales for dei som vil lese ei søt bok med humor og alvor side om side, kjensler ein kjenner seg att i og med kjærleik som sentralt tema

#MarteLeser #Lesti2019 #samlaget #nynorsk #annagavalda #livettildetbetre #detdumålese #bokelskere #boktips #nrkboktips #nrkbok


2

Årets 164. bok er "The Heart Goes Last" av Margaret Atwood. Har no lese sju bøker av denne forfattarinna og har elska dei alle saman. Denne har fått veldig ymse kritikker så eg var litt pessimistisk og skeptisk. Men, enn så lenge likar eg boka godt! Vi befinner oss EiT ganske typisk Atwood-samfunn kor verda er gått ad undas... Fattigdom og arbeidslause er noko som står sentralt og gjer at dei to kjærestene vi følger bur i bilen og sliter hardt til å få kvardagen til å gå rundt. Men så får dei endeleg ein sjanse til å kome seg ut av knipa ved å verve seg inn i eit nytt samfunn! Spennande. Om du likar dystopier og Atwood... Les les!
#MarteLeser #Lesti2019 #theheartgoeslast #Margaretatwood


0

Hipp hurra for årets bok nr 162.: "The Westing Game" av Ellen Raskin. Ei lettlest og kort mysteriebok a la "who donnit!?". Dette er ein fin kombinasjon av humor, mystikk og ei gåte. Trass i enormt mange karakterar (iallfall sett i forhold til antall sider) går det overraskande lett å henge med.
Seksten menneske mottar invitasjonar til å flytte inn i eit nytt leilighetskompleks. Nokre veker seinare blir liket til eigaren - Herr Westing - av eiendommen funnen daud i heimen sin. I testamentet står alle beboarne skrivne opp som moglege arvingar. Men berre ein av dei skal bli den heldige. Og det er den av dei som vinner. Westing har rigga i stand EiT utspekulert spel og vinnaren...kven blir det?

Stikkord; humor, satire, drap, mystikk.
Originalt og lite forutsigbart.
Tommel opp! Anbefales om du vil lese noko annleis og originalt. Og ei perfekt bok å sluke på ein regnfylt dag, så boka er lita og lett å lese ut.
#MarteLeser #Lesti2019 #TheWestingGame #EllenRaskin


0

Ny helg, ny bok: Trilogien av Jon Fosse. Dette er faktisk den 160. (!!?) boka eg leser i år! Jammen har det gått unna. Og denne her går det nok også fort i svingane med, for dette er ei typisk Fosse-bok (= cirka NULL punktum), og samstundes litt utypisk (for det går så enormt fort å lese denne, klarar liksom ikkje legge ned boka (- som igjen heng litt i Saman med mangelen av punktum...) Vi følgjer i denne boka eit ungt kjærestepar som leiter etter eit sted dei kan kalle for heime. (Iallfall er det slik er velgjer å oppsummere den første halvdelen som eg no har lese.) #MarteLeser #Lesti2019 #jonfosse #trilogien #samlaget #nynorsk


0

🖕(Lyd)boktips til alle Storytel-brukarar. Denne! 👍👍👍👍👍👍👍👍👍👍 (Ti tomlar opp). Boka i seg sjølv er bra, men som lydbok er ho eksepsjonelle!! Utruleg dyktige skuespelarar leser, lyden er av høg kvalitet, tempoet perfekt ... Ei lydbok på ti timar som eg sleit med å legge bort og dermed lytta ferdig til ila berre to dagar! Fant heile vegen på ting å gjere for å lytte litt ekstra - husvask, klesvask, ein ekstra tur, klippe plenen ...! Så... Skal du ha deg ei lydbok, you know what to do!

#MarteLeser #Lesti2019 #storytel #daisyjonesandthesix #taylorjenkinsreid #audiobook #lydbok #goodreads #booksofinstagram


0

Denne har eg gleda meg lenge til. Og alt etter første leseøkt og femti sider er eg oppslukt. Elsker språket. Elsker skrivestilen. Og ikkje minst menneska. Denne boka kjøpte eg rett etter at eg las "Sommelys og så kommer natten" av same forfattar, for eg visste alt så at dette er ein kar et vil lese meir av. Og den same tanken sit eg med no.
Årets bok nr 155. er "Historien om Asta" av Jon Kalman Stefansson

#MarteLeser #Lesti2019 #forlagetpress #HistorienomAsta #JonKalmanStefansson #detdumålese #godboka #goodreads #bokelskere #nrkboktips


1

Ettermiddagen sin det...!😁😋
Klar for årets 152. bok: "Serotonin" avMichel Houellebecq. Denne valgte eg etter å ha sett mange positive omtalar, og fordi eg lenge har vore betatt av fransk samtidslitteratur og dermed var ekstra gira på nettopp denne!
#MarteLeser #Lesti2019 #Serotonin #MichelHouellebecq

Vi følger i denne boka ein deprimert mann som ikkje kan fordra sambuaren eller arbeidet sitt som han plutseleg blei likegyldig til. To ting held han gåande: medisinen og minna om eks-en, Camille.

Har berre lest dei første femti sidene og har alt rukket å trekke på smilebandet ein god del gonger. Likar godt at hovudpersonen ikkje gjer seg sjølv til eit offer for depresjonen,men seier det som det er - at han er deprimert"utan openbar grunn", at han ikkje kan skulde på foreldra eller oppvekst. Dette er vittig skrevet, samstundes er det eit aktuelt, dog syrleg, blikk på og refleksjon over dagens tilstand og kvardagslivet i Frankrike. Eg er spent og nyfiken på resten. :-)


0

Sidan sommaren går mot sluten, passa det fint å starte helga med denne boka. Kan liksom ikkje lese ei bok med "summer" i tittelen når det er haust eller vinter eller vår ... (OCD much?) Dette passa utmerka etter å ha lese den alvorlege og triste boka "Morgen i Jenin" - ei veldig sterk bok om livet i Palestina då konflikten med Israel starta og også om livet til generasjonene etterpå, hos dei som kom seg unna.
Årets 151. bok - The Summer of Impossible Things, av Rowan Coleman -er også litt sår, men på ei anna måte. Har så vidt starta, men har allereie rukket å bli riven med. Vi følger hovedpersonen og systera hennar i tida etter moras uventa daud. Dei drar til huset ho arva frå sine foreldre for å ta seg av eiendom, papirarbeide ... Og for å snoke. For, rett før mora dauda, fortalte ho at faren hovedpersonen vaks opp med ikkje er hennar biologiske far. Spendt på kor denne boka går!🤓 God (lese?)helg!

#MarteLeser #Lesti2019 #TheSummerofImpossibleYhings #RowanColeman #boktips #goodreads


0

Book on the go! Dei tre siste feriedagane skal tilbringast på Præstø og København med lillesøs, og så ein siste natt på hotell på Skagen. Har hatt det så travelt med å ha det gøy at eg ikkje fekk særleg til lesetid. Denne her fekk eg likevel så vidt starta på.
Årets bok 149. er "Morgen i Jenin" av Susan Abulhawa.
Historisk roman med Israel og Palestina sentralt i handlinga. Og det passa meg i grunn veldig fint for konflikten(e) der er noko eg ofte tenker eg bør sette meg betre inn i.

#MarteLeser #Lesti2019 #MorgeniJenin #SusanAbulhawa


0

Årets bok 146.: "Kollektiv selvmord" av finske Arto Paasilinna. Herleg skreve om ein gjeng suicidale menneske som slår deg saman. Dette er uhyre morosamt skreve utan at det blir fjasete og dumt. Alvor, handling og ekte menneskekjensle kjem klart til uttrykk. Så dette er ein humoristisk-dyster historie. Originalt, spanande og perfekt balansert mellom tull og alvor.

#MarteLeser #Lesti2019 #Kollektivselvmord #Artopaasilinna #aschehoug #aschehougforlag


1

Har det så travelt med å leike turist i Dk at eg så vidt får lese noko. Rakk likevel å lese ut denne veldig fort. Årets bok nr 146. var "Normal People" av Sally Rooney. Likte godt denne fortellinga om forhaldet mellom to unge menneske, og ikkje minst om deira haldning og forhold til alle andre folk rundt seg. Her er det mykje som dei aller fleste nok kan kjenne deg igjen i.
#MarteLeser #lesti2019 #NormalPeople #SallyRooney


0

Får så vidt tid til å lese no som eg har fått Nintendo Switch i hus! 🤭🤭 Men no skal eg altså starte på denne her og gler meg! Spanande konsept: ein sinna-bloggar på Island som skapsr blest (eller kanskje fest?!) Årets 145. bok er "Stormland"av Hallgrimur Helgason. Har ikkje lese noko av han før, men har lese 3-4 andre islandske forfattarar og har likt det veldig godt så då ville eg utvide kunnskapen og kjennskapen til dette landet litt.
#MarteLeser #Lesti2019 #Stormland #HallgrimurHelgason #cappelendamm


0

Gler meg til å gå laus på denne! Årets bok nr 141. er "Where The crawdads Sing" av Delia Owens

Veit ingenting om boka anna enn ho visstnok har tatt heile USA med storm. Håper stormen tek meg og!

#MarteLeser
#Lesti2019 #WhereThecrawdadssing #DeliaOwens


0

Dags for noe lettlest igjen! Har blitt glad i Liane Moriarty og håper denne nyeste også faller i smak. Månedens første og årets 38. bok er "Nine Perfect Strangers". #MarteLeser #Lesti2019 #NinePerfectStrangers #lianemoriarty


0

Perfekt lesever! Passa fint for no har eg nettopp starta på denne boka her og alt etter dei første fem sidene er eg oppslukt! Endeleg! Dei siste tre bøkene eg har lese har eg nemleg opplevd som skuffande, treige og lite engasjerande. Men så ... Yes! 😁😄 Årets bok nr 134. er "Bad Monkeys" av Matt Ruff.

Jane Charlotte er arrestert for å ha begått eit mord. Då ho tilstår forklarar ho at ho tilhøyrer ein organisasjon, Bad Monkeys, som arbeider med å utrydde all ondskap. Denne tilståinga fører til at ho bli flytta over til ein psykiatrisk avdeling ... Er ho gal? Driv ho ap med politiet? Eller finnes denne organisasjonen? Det lurar eg også på!
Så langt er dette mystisk, spennande og høgst originalt! Fortalt med direkte og rett fram-språk utan jåleri. Og med ein herleg undertone av humor. Vi snakkar pur leseglede!

#MarteLeser #Lesti2019 #BadMonkeysMattRuff #detdumålese #boktips #bokreisen #nrkboktips


0

Bok nr 133 i år: "The Woman in the Window" av A.J. Finn

Psykologisk thriller, av den typen eg oftest unngår fordi eg stadig opplever at dei er så altfor overdrevent, urealistiske og fylt av for mange "twister" og karakterar som er så ekstreme at eg ikkje klarar tru på dei. Svært ofte opplever eg dessutan at fortellerstemma ikkje er til å stole på. Har lese ein del slike bøker og føler liksom at om eg har lese ei så har eg lese alle, dei liknar kvarandre. Meeen... Eg var no i humør for noko spennande og underhaldande. Kvalitet var ikkje det eg var ute etter. For meg er dette ein slags "guilty pleasure" ... Har lese dei første 180 sidene i dag og må være såpass ærleg å seie at det så langt er ganske...tamt. ingenting skjer liksom... Eg forventa overdose av spenning og ulogiske twister, men så langt: NADA

#MarteLeser #Lesti2019 #thewomaninthewindow #AJFinn #thewomaninthewindowAJFinn


0

Ei bok eg aldri ville valt sjølv - fordi nokre gonger: I do judge a book by its cover ... Koveret ville normalt fått meg til å ignorere boka pfmga fargane og bilete av ei dame...ofte er "slike" bøker dårlig oversatte bestseljare frå USA og svært ofte er dei historiar ein allereie har lese noko liknande av før. Men så ... Denne fekk eg imidlertid levert av svigermor og i dag fekk eg lyst å lese noko lett og feel good og denne verka jo litt slik. Og dei første åtti sidene har iallfall falt godt i smak. Passe veldig fint til dagens humør og lyst 👌 fordommane mine er så langt ikkje innfridd.heldigivs

Mat, kultur, reinsing, familie, forhold. Og ein god del spennande informasjon om Marokko. Og ikkje minst lærer ein mykje om mat og tradisjon. perfekt sommerboka

Årets 132. bok er "Safranhuset" av Rosanna Ley
#MarteLeser #Lesti2019 #safranhuset, #Rosannaley #cappelendamm


2

Utnyttar ein smågrå heime-aleine-helg til å lese! Neste veke er det meldt strålande vær og eg hopar at kroppen melder om strålande form slik at det blir mykje tur og bading! Derfor - ekstra lesing no for å yte ekstra mykje utetid seinare (er håpet!) Dags for litt krim, følte eg. Så årets bok nr 131 er: Skumringstimen av Johan Theorin. Dette er den første av dei fire bøkene i kvartetten. Har faktisk lese denne før,men det er såpass lenge sida at eg ikkje hugsar heile plottet, men etterkvart som eg les hugser eg meir og meir ... Men korleis det heile heng i hop. ..🤔🤔🤔 Tjue år etter at sonen, Jens, forsvann får morfaren ein pakke levert - ein Samdal, heilt lik den guten hadde på seg då han forsvann. Dette gjer nytt liv til saka og han kontakter dottera si- mor til Jens. Dei to forsøker å finne ut av ting knytta til saken.
#MarteLeser #Lesti2019 #Skumringstimen #JohanTheorin #crimenovel #thriller #swedishcrime #detdumålese #goodreads #bokelskere


0

Har så mange skattar i hylla og så sliten ein kropp at det jaggu går unna på lesefronten for tida. Årets 128. bok er "Will You Be There" av Guillaume Musso. Dette er den tredje boka av han eg leser. Likar godt korleis han kombinerer kjærleik,spenning og sci-fi/overnatulege element. Det blir gjort på slik vis at det skaper spenning samstundes som det og blir litt morosamt. Gler meg til denne!
Anbefaler forresten å lese Papirpiken av same forfattar. Herleg fortelling!

#MarteLeser #Lesti2019 #hodderpublishing #WillYouBeThere #GuillaumeMusso


1

Fjell, klatring og energi i helga. Bok, seng og sinus-vondter i dag 😷🥴 las dermed ut Nmen av Simon Stranger mykje fortare enn tenkt -ei heilt fantastisk bok som eg ikkje kan få anbefalt sterkt nok - originalt, spennande, lærerikt,morosamt...fantastisk! Ei slik bok som gjer at eg sliter med å opne ei ny bok.
passa dermed fint at denne boka landa i postkassa i dag, for ho har lenge stått på ønskelista. Er spendt på denne altså! Årets bok nr 127.: "Herr Fikrys Litterære Liv" av Gabrielle Zevin

#MarteLeser #Lesti2019 #HerrFikrysLitteræreLiv #GabrielleZevin
#silkeforlag #detdumålese #boktips #nrkbok


3