#leksikon

Instagram photos and videos

#leksikon#encyclopedia#kunnskap#allkunne#levandeleksikon#nynorsk#språk#noreg#litteratur#artjog#ARTJOG#raskespråkfakta2019#språkfakta#forfattar#bøger#artjogmmxix#norsk#savecoral#coralwarrior#skriftspråk#artjog2019#bokmål#vulkan#artsincommon#eventjogja#komunitassakatoya#commonspace#terumburupa#ARTJOGMMXIX

Hashtags #leksikon for Instagram

Sneak peek of @teguhostenrik ARTificial Reef presentation at ARTJOG MMXIX @artjog.id Leksikon - a performing lecture series.
Performers : @komunitassakatoya
Curators @agungjennong @ignatianilu
storywriting : @watiekideo @nindiamaya
costume : @fdynsa
#coralwarrior #ARTificialreef #teguhostenrik #artjog2019 #ytr #leksikon


1

14. september 1890 publiserer det italienske magasinet Il Secolo Illustrato della Domenica «Per passare il tempo» (Tidsfordriv) av Giuseppe Airoldi. Dette er det aller første kryssordet, på 4 x 4 felt, utan svarte felt.

Til USA kjem den nye bokstavgåteleiken 21. desember 1913. Då prentar søndagsavisa New York World det dei kallar «Word-cross», laga av den engelske journalisten Arthur Wynne, også det utan svarte felt. Orda blir seinare bytte om til «Crossword». Nokre år seinare er det blitt ein farsott, og det dannar seg ulike grunnmønster.

Amerikanske kryssord har få svarte felt, engelske har mange, og i japanske kryssord skal gjerne ikkje to svarte felt stå kant-i-kant og aldri som hjørnefelt. I kryssord på språk som fransk, spansk, italiensk, rumensk og russisk ser ein bort frå diakritiske teikn, til skilnad frå kryssord på serbisk, slovakisk og ungarsk. ☞ Les meir på allkunne.no ☜

Foto: Illustrasjon av kryssord på nynorsk. Kjelde: anMarton på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #noreg #språk #kryssord #tidsfordriv #giuseppeairoldi #perpassareiltempo #ilsecoloillustratodelladomenica #italia #bokstavgåte #hjernetrim #kryssordoppgåve #ord #bokstavar #leik #avis #magasin


0

Sneak peek of @teguhostenrik 🌬️ ARTificial Reef presentation at #ARTJOGMMXIX @artjog.id

#Leksikon - a performing lecture series. 
@yterumburupa

Performers : @komunitassakatoya Costum : @fdynsa
Curators @agungjennong @ignatianilu
Storywriters @watiekideo @nindiamaya
#artjog2019 #coralwarrior #teguhostenrik #yterumburupa#ytr #artificialreef


7

13. september 1592 døyr den franske statsmannen og forfattaren Michel de Montaigne, 59 år gamal. Det viktigaste han gjorde, tok til i 1571.

På 38-årsdagen 28. februar 1571 trekkjer han seg frå alle offentlege verv og blir med sine 3500 bøker verande i slottet Château de Montaigne i Périgord, Bordeaux. Der skriv han nokon ingen har gjort før, like til han i 1580 går ut i verda att. Dagen etter signerer han forordet til eit bokverk med ein tittel som for ettertida også blir nemninga for den sjangeren Montaigne har skapt: 𝘌𝘴𝘴𝘢𝘪𝘴.

Verket kjem ut i to delar, kalla bøker, i Bordeaux i 1580. Ei ny utgåve i 1588 inneheld også ei tredje bok. Med sitt nye eg-perspektiv blir dette eit språkleg og kulturelt paradigmeskifte i den vestlege verda. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: Framsideillustrasjon frå 𝘌𝘴𝘴𝘢𝘺𝘴 𝘰𝘧 𝘔𝘪𝘤𝘩𝘢𝘦𝘭 𝘚𝘦𝘪𝘨𝘯𝘦𝘶𝘳 𝘥𝘦 𝘔𝘰𝘯𝘵𝘢𝘪𝘨𝘯𝘦, 𝘝𝘰𝘭. 1. London 1711. Kjelde: The Wolf Law Library på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.
#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #språk #micheldemontaigne #fransk #frankrike #périgord #bordeaux #statsmann #forfattar #bordeaux #essais #essay #litteratur #skrift #skriftkultur #sjanger #tekst #prosa #essayistikk #verkemiddel #subjektiv #stilistisk #essayist #essaytradisjon #bokhistorie


0

Jan Egeland er statsvitar, politikar, generalsekretær i Flyktninghjelpen og tidlegare visegeneralsekretær i FN. Han har i mange år arbeidd med menneskerettar. Egeland fyller 62 år i dag.

I 1987–90 var han informasjonsleiar og så utanlandssjef for Raudekrossen i Noreg. Egeland var personleg rådgivar for utanriksminister Thorvald Stoltenberg frå Arbeidarpartiet i 1990–92, statssekretær i utanriksdepartementet i 1992–97, spesialrådgivar i Raudekrossen i 1997–99 og spesialrådgivar for FN i Colombia i 1999–2001.

I perioden 2002–03 arbeidde han som generalsekretær for Raudekrossen i Noreg, han var visegeneralsekretær for humanitær bistand og naudhjelp i FN i 2003–06 og spesialrådgivar for generalsekretæren i FN i 2007. Frå 2007 til 2011 var Egeland direktør ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI), i 2011–13 var han europadirektør i Human Rights Watch, og han blei generalsekretær i Flyktninghjelpen i 2013.

Egeland har arbeidd mykje med konfliktløysing, nødhjelp, demokrati og menneskerettar, og han var den som koordinerte dei første samtalane som førte til Osloavtalen, mellom Israel og PLO, i 1993. Han har òg arbeidd med fredsforhandlingar mellom anna i Guatemala, Sudan, på Balkan, Kypros og i Colombia og greier å mobilisere massemedia for å gi saker merksemd.

Egeland blei tildelt Peer Gynt-prisen i 2005, og Time Magazine kåra han i 2006 som eit av dei 100 menneska i verda som har mest påverknadskraft. Han har hatt verv i Amnesty International og sat i styret til International Crisis Group fram til 2012. Frå 2015 til 2018 leidde han ei arbeidsgruppe oppnemnd av FN for å gi vern til syriske flyktningar, og målet var å få på plass ein fredsavtale. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: Jan Egeland taler på ein FN-pressekonferanse i Genève 20. oktober 2016. Fotograf: Luca Solari. Kjelde: UN Geneva på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #noreg #janegeland #statsvitar #politikar #generalsekretær #flyktninghjelpen #fn #raudekrossen #nupi #humanrightswatch #konfliktløysing #nødhjelp #demokrati #menneskerettar #osloavtalen #fredsforhandlingar #fred #syria


0

Nu får de travlt på Herning Bibliotekerne. Jeg har lige bestilt 45 artikler og bøger til mine leksikonartikler til Trap Danmark. Klar, parat, læs! @herningbibliotek @trapdk #historie #lokalhistorie #bibliotek #nørdeglæde #leksikon


0

Gads Operaleksikon. Fra 1999. 784 sider. Pænt eksemplar. 100kr
Over 800 operaer. Biografier. Operahuse. Operahistorie. 100kr.
#opera #operahistorie #operahistorienpå60minutter #elskeropera #operaelsker #leksikon #fødselsdagsgave #julegave #julegavetips🎁 #julegaver #gaver #antikvariat #bibliotek #tilham #tilhende #farsdag #morsdag #morsdagsgave #farsdagsgave


0

I dag er det 130 år sidan Sigrun Okkenhaug (1889–1939) var fødd i Levanger. Okkenhaug var forfattar og bondekvinne med lokalpolitisk engasjement, og ho var ei av dei første som skreiv kvinne- og barnelitteratur på nynorsk.

Trass i ein krevjande kvardag, elleve fødslar og sorg over eit barn som døydde, fekk Okkenhaug tid til sosialt arbeid utanfor heimen. Ho var leiar av Kvinnerådet i Levanger 1935–36 og leiar av Frol sanitetsforening 1937–1939. I Frol stifta ho husmorlag, sat i skulestyret og var med i mållaget Andvake, i ungdomslag og i fattigkommisjonen.

Okkenhaug debuterte tretti år gamal med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919. Ho skreiv i alt tretten bøker for barn og vaksne. Okkenhaug nytta ulike sjangrar: romanar, noveller og skodespel, og dessutan dikt og artiklar. Ho fekk publisert fleire av arbeida sine i mellom anna For Bygd og By, Nidaros, Norsk Barneblad og Magne. Då ho var i ferd med å etablere seg som forfattar på heiltid, døydde ho, nær 50 år gamal.

Ho vart tidleg oppteken av fråhaldssak og skreiv indignert om fattigdom, sosial urett og forskjellar mellom by og land. Ho ytra seg modig om kvinners driftsliv, og var slik kontroversiell for si tid. Eit døme er når ho skriv om tabuet abort i romanen Den vene skåla 1935.

Språket til Okkenhaug er lettfatteleg og konkret. Ho nyttar gjerne lydmålande ord, men er forsiktig med bruk av framandord og språklege bilete. Replikkane karakteriserer ofte personane i handlinga gjennom ordval, dialektinnslag, bymål eller barnespråk. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: Sigrun Okkenhaug. Privat fotografi. Nytta etter avtale med Erling Okkenhaug.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #noreg #språk #sigrunokkenhaug #levanger #trøndelag #litteratur #nynorsklitteratur #kultur #forfattar #bondekvinne #lokalpolitikk #engasjert #kvinnelitteratur #barnelitteratur #sosialtarbeid #fråhald #fattigdom #sosialurett #byogland #kvinnefrigjering


0

9. september 1980 opprettar regjeringane i Nederland og Belgia Nederlandse Taalunie, Den nederlandske språkunionen. Unionen har særlege band til Sør-Afrika og Indonesia, og frå 12. januar 2005 er Surinam medlem.

Føremålet er «å integrere Nederland og det nederlandske samfunnet i Belgia med hensyn til det nederlandske språket og humaniora i begrepenes videste mening». Dette inneber mellom anna å sikre ei felles rettskriving for standard nederlandsk og fremje opplæring i nederlandsk.

Språkunionen tek frå 1986 over oppgåva med å forvalte den fremste nederlandske litteraturprisen, De Prijs der Nederlandse Letteren, som har vore delt ut kvart tredje år sidan 1956.

Nederlandsk er offisielt språk i Nederland og vil elles særleg finnast i Flandern (flamsk), Aruba, Curaçao, Sint Maarten og Surinam. Vestfrisisk blir brukt av om lag 450 000 menneske i Nederland og har vore offisielt språk i Fryslân, Friesland, sidan 1956. Nordaust i landet taler 1,8 millionar menneske nederlandsk lågsaksisk, og i søraust har limburgisk vel 800 000 brukarar. Begge desse språka har status som regionale språk.

For frisisk kjem vendepunktet ein fredag som blir kalla Kneppelfreed. Den 16. november 1951 gjer store folkemassar opprør utanfor domstolen i den vestfrisiske provinshovudstaden Leeuwarden. Journalisten Fredde Schurer i lokalavisa er tiltalt for injuriar mot domaren S.R. Wolthers. I ei rettssak har Wolthers dømt ein frisisk handelsmann for at han har marknadsført varene sine på frisisk, og i ei anna har han forbode den tiltalte å snakke frisisk i rettssalen. Politiet går hardt til verks, og den nederlandske regjeringa må gi etter. Lovnaden er at frisisk skal bli offisielt språk i rettssaker. Fem år seinare er frisisk offisielt språk i Friesland. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: Ein stol med nederlandsk tekst: «Wilt u zitten? ik kan staan!» (på norsk: «Vil du sitje? Eg kan stå!»). Kjelde: Matthew Yglesias på flickr.com. CC BY-SA 2.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #språk #nederlandsk #nederland #belgia #nederlandsetaalunie #språkunion #skriftspråk #rettskriving #språkopplæring #frisisk #friesland


0

Politikens Jazzleksikon. Fra 1987. Med 305 sider. Er lidt slidt, men er et fantastisk opslagsværk med mere end 1300 korte biografier over jazzens navne. 75kr.
#jazzgk5 #jazz #jazzbøger #antikvariat #bøger #faglitteratur #leksikon #jazzelskere #jazzelsker #elskerjazz #jazzklub #politikensboghal #bøger #loppeblomst #loppefund #retroguld #genbrug #loppemarked #loppedeluxe #loppedelux #retrobøger #helmbogoretro #retrobog


0

8. september 1966 blir Den internasjonale dagen for lese- og skrivekunne feira første gongen. Unesco vedtok 17. november 1965 å innføre denne dagen.

Noreg har brukt tusen år på vegen frå analfabetisme til å vere eit samfunn der så godt som alle i det minste til ein viss grad kan lese og skrive. Mellomalderen gjennom var skriftspråk noko som helst høyrde dei øvre sjikta og eliten til i Noreg. Berre eit mindretal kunne lese og skrive, og det mindretalet var dei som dreiv med handel, forkynning eller på anna vis utøvde makt. Men der var også nokre frå allmugen. Kring 1300 var det kanskje berre éin prosent av innbyggjarane i Noreg som kunne lese og skrive: om lag 4000 menneske.

Få institusjonar har arbeidd meir for å forme nye skriftspråk og lære fleire å lese og skrive enn kristne misjonsorganisasjonar og institusjonar som fremjar utbreiinga av Bibelen. I dag er om lag 7100 språk i bruk. Ved utgangen av 2012 var Bibelen omsett til vel 2600 av dei – meir enn kvart tredje. Truleg er om lag 2000 av all verdas språk enno ikkje skriftfesta, og om lag ein milliard menneske kan ikkje lese og skrive. Bort imot tre firedelar av desse lever i om lag 15 land.

Som eit av svært få land i verda rapporterer Georgia om 100 prosent lese- og skrivekunne til Unesco. ☞ Les meir om lesekunne på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: illustrasjonsbilete av elev som skriv i klasserommet. Kjelde: kurnhattin på flickr.com. CC BY-ND 2.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #noreg #språk #unesco #lesekunne #skrivekunne #alfabetisme #analfabetisme #dysleksi #skriftspråk #lese #skrive #skule #undervisning #lesedugleik #skriftkunne #literacy #lesing #skriving #læring #klasserom #opplæring #bibelen #georgia


0

7. september 1962 døyr den danske forfattaren Karen Blixen (f. 1885) på Rungstedlund nord for København, 77 år gamal. Fødenamnet hennar var Dinesen, og det faste pseudonymet hennar på engelsk blir Isak Dinesen.

Då ho publiserer sine første forteljingar i 1905, bruker ho pseudonymet Osceola. Dette namnet på ein amerikansk urfolkshøvding har ho truleg etter faren, som ei kort tid budde med ojibwe-folket i Wisconsin. Den 2. desember 1913 flyttar ho til den delen av Britisk Aust-Afrika som i dag er Kenya. Eit stykke utanfor Nairobi har ho alt kjøpt 24 000 mål land, og her blir ho til 1931.

Attende frå Afrika gjer Blixen dikting og skriving til sin leveveg. Ho skriv bøkene først på engelsk og omset dei så sjølv til dansk etterpå. Slik er det med Seven Gothic Tales i 1934, som året etter blir Syv fantastiske Fortællinger på dansk. Livet i Afrika blir kunstnarleg forma til den store, men ikkje eintydig sjølvbiografiske romanen Out of Africa (1937). Opningslinja er legendarisk: «I had a farm in Africa at the foot of the Ngong Hills.» I 1950 gav ho ut Babettes gæstebud, som blir halde i Berlevåg i Finnmark, ein stad Blixen aldri vitja sjølv om ho reiste i Noreg kring 1907. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: Karen Blixen i 1959. Kjelde: Library of Congress, Prints & Photographs Division, Carl Van Vechten Collection, [reproduction number, e.g., LC-USZ62-54231]. Ingen CC.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #noreg #språk #karenblixen #blixen #dansk #danmark #forfattar #litteratur #isakdinesen #osceola #kenya #afrika #sevengothictales #syvfantastiskefortællinger #outofafrica #mittafrika #babettesgæstebud #babettesgjestebod #berlevåg


0

Dari proses latian pentas story telling (bersama @komunitassakatoya ) ini, secara pribadi saya menjadi paham peran terumbu karang bagi kehidupan manusia di darat. Bagaimana keadaannya sekarang, bagaimana cara merawatnya, apa saja yang bisa kita lakukan untuk berkontribusi bagi mereka.
.
Matur nuwun atas kesempatannya pak @teguhostenrik dan @yterumburupa . 🙏
.
#leksikon
#terumburupa
#savecoral
#artjog


0

Redaktøren fordjupar seg i naturfag – vi 𝘭𝘦𝘪𝘬𝘢𝘳 ikkje Levande leksikon! 😊 #allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap 🌳🌿


0

Kjersti Wøien Håland (f. 1988) (@kjersti_wh) frå Høyanger i Sogn og Fjordane er forfattar og manusforfattar, skribent og lyrikar. Ho har markert seg som ei røyst for dei unge vaksne og har auka merksemda rundt distriktsungdom og nynorskbrukarar.

Håland sin forfattarskap synleggjer ein ung generasjon som leitar etter meining. Tekstane hennar er engasjerte, gripande og avslørande, tidvis sjølvutleverande. Både i poesi og prosa kjem lesaren tett på individet. Alvor går hand i hand med humor, og både framandgjering og identitet er ofte tema. Forfattaren skriv på nynorsk og nyttar eit kortfatta, leikande og tydeleg språk. Håland debuterte med diktsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti (2013). Poesien er inspirert av Internett-språk og den tradisjonelle japanske diktforma haiku. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Håland er skaparen av ungdomsdramaet Lovleg (2018), ein fjernsynsserie for NRK, SVT og DR. Hovudpersonen er den unge og famlande Gunnhild frå Høyanger, som går på Firda vidaregåande skule og bur i hybelkollektiv på Sandane i Gloppen. Serien tematiserer einsemd, identitet, angst og forelsking. Alle skodespelarane i Lovleg er frå Sogn og Fjordane, og serien har hausta mykje ros for bruken av nynorsk tekst og dialekt.

Håland blei nominert til Ungdommens kritikerpris i 2015 for romanen Dommedøgn. Ho fekk toårig arbeidsstipend frå Den norske forfatterforening i 2016. For første sesong av Lovleg blei ho nominert til Medieprisen for beste web-serie, og i 2019 fekk ho Målprisen for serien, saman med produsent Hege Hauff Hvattum. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: Kjersti Wøien Håland. Fotograf: Heidi Furre. Kjelde: Flamme Forlag. Nytta etter avtale.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #noreg #språk #kjerstiwøienhåland #høyanger #lovleg #nrk #firdavgs #gloppen #sandane #sognogfjordane #haiku #nettspråk #forfattar #manusforfattar #skribent #lyrikar #poesi #lyrikk #prosa #roman #humor #flammeforlag #nynorskbrukar #målprisen


0

Framandartslista, tidlegare kalla Svartelista, er ei oversikt over artar som ikkje høyrer heime i norske økosystem. Framandartslista gir informasjon om kvar dei nye artane kom frå, korleis dei er blitt innførte, og om dei trugar det norske artsmangfaldet.

I regi av Artsdatabanken, som inneheld oversyn over alle artar som finst i Noreg, blei det i 2018 oppretta ei framandartsliste. Framandartslista er ei oversikt over framande artar som er levedyktige og formeirar seg i Noreg, men som ikkje var etablerte i landet før 1800. Om ein prøver å gå lenger attende enn 1800, er det vanskeleg å finne nok og sikker informasjon.

I Framandartslista er det vurdert om dei nye artane utgjer ein risiko for artsmangfaldet i landet. Dei framande artane blir plasserte i fem kategoriar, alt etter grad av risiko.

Når ein framand art kjem inn i eit nytt område, kan det påverke balansen i økosystemet. Den nye arten kan konkurrere med eller fortrengje artar som allereie finst der. Nye plantar kan til dømes føre til endring i tilgangen på mat, medan nye rovdyr kan gjere at bestanden av byttedyr minkar.

Ein framand art kan bli innført på ulike måtar. Somme artar er blitt innførte av menneske, til dømes hageblomar og pelsdyr, men har deretter forvilla seg. Døme på slike artar er blomen hagelupin og rovdyret mink. Begge desse artane er vurderte som høg risiko for norske økosystem. Framande artar er òg blitt sette ut med vilje, slik som fasanen, ein fugl som det er populært å bruke som jaktvilt. Brunskogsnigel og brunkløver er artar som har kome til landet som blindpassasjerar gjennom diverse transport. Artar som finst i område i geografisk nærleik til Noreg, kan dessutan innvandre på eiga hand, slik som dåhjort og stripegås. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: Dugnad med fjerning av sitkagran på Utsira. Sitkagran har kategori SE (særleg høg risiko) i Framandartslista. Fotokjelde: Atle Grimsby på flickr.com. CC BY-NC 2.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #framandartslista #svartelista #økosystem #økologi #biologi #artsmangfald #artsdatabanken #risiko #sitkagran #hagelupin #mink #brunskogsnigel #brunkløver #dåhjort #stripegås


0

Nor er så vant til biblioteker og bøger, at han nærmest ikke er til at syre i en boghandel 😊😊 Specielt ikke en boghandel som @kjaers_boeger der bugner af børnebøger 😁 Var det gået efter hans hoved, havde vi købt de første 10-20 bøger 😊 Den der dinosaurbog har jeg dog tænkt mig at se nærmere på 👍 #læsehest #bogelsker #boghandel #norsfarlæserhøjt


17

4. september 1837 presenterer den amerikanske oppfinnaren og kunstprofessoren Samuel Morse si oppfinning morseapparatet, bygt med delar frå både eit staffeli og veggklokka hans. På den første papirstripa stod skrive: «214-36-2-58-112-04-01837» - «vellykka forsøk med telegraf 4. september 1837». Saman med studenten Alfred Vail presenterer han 6. januar 1838 morsealfabetet. Alfabetet er bygt på det engelske skriftspråket og komponert ut frå Vails analyse av kor mange eksemplar det er av kvar bokstav i setjekassane i ei lokalavis i Morristown. Morsetelegrafen blir vist i bruk offentleg fem dagar seinare. Då blir meldinga «A patient waiter is no loser» telegrafert i morse over ei strekning på 3 km i Speedwell Ironworks, New Jersey. Det amerikanske patentet for morseapparatet får Morse 20. juni 1840.

Morsesignalet SOS har ofte vore forklart som ei forkorting for uttrykk som «Save Our Souls», men forklaringa er teknisk. Det gjaldt å lage eit enkelt signal som kunne nå fram med dei svake sendarane og all den sendarstøyen som då var røynda, og signalet var standard frå 1. november 1908. Det er det einaste morsesignalet med meir enn åtte teikn. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: illustrasjonsbilete av morsekode. Kjelde: Richard Corfield på flickr.com. CC BY-NC 2.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #språk #morse #samuelmorse #alfredvail #morsealfabet #morsealfabetet #morsekode #morseapparat #morsesymbol #morseteikn #morsetelegraf #telegraf #morsesignal #oppfinning #telegrafi #telekommunikasjon #kringkasting #kommunikasjon #kommunikasjonsteknologi #teknologi


0

🇸🇲 3. september 301 blir San Marino etablert som sjølvstendig stat av steinhoggaren St. Marinus frå Rab i dagens Kroatia. Truleg døyr han vinteren 366.

San Marino er den eldste sjølvstendige staten i verda og innførte ei grunnlov i 1600, den eldste i verda som enno gjeld. Italiensk er det offisielle språket, og 61 km2 store San Marino er eit av svært få land i Europa med berre eitt skriftspråk.

Eit anna slikt land er Vatikanstaten, det minste landet i verda rekna både etter flatevidd og folketal. Den 7. juni 1929 vedtek den nyoppretta Vatikanstaten at alle lover og reglar skal liggje føre på italiensk. Noko formelt vedtak om offisielt språk i staten er ikkje gjort, men i praksis er det italiensk, medan paveembetet – Den heilage stolen – som regel bruker latin i offisielle dokument.

Nettstaden for paveembetet er derimot på åtte språk: engelsk, fransk, italiensk, mandarin, portugisisk, spansk, tysk – og latin frå 9. mai 2008. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: festninga på fjelltoppen Guaita med utsyn over hovudstaden San Marino. Kjelde: Anthony G. Reyes på flickr.com. CC BY-ND 2.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #språk #noreg #sanmarino #italia #italiensk #stmarinus #rab #kroatia #europa #vatikanstaten #historie #stat #geografi #guaita


0

I dag er det 15 år sidan dåverande kulturminister Valgerd Svarstad Haugland opna NRK Nynorsk mediesenter (@nynorskmediesenter) i Førde.

NRK Nynorsk mediesenter er eit kompetansesenter for nynorsk journalistikk. Institusjonen har blitt ein viktig leverandør av radio- og fjernsynsjournalistar.

Nynorsk mediesenter blei skipa i Førde i 2004 av NRK for å ta vare på «de særlige oppgaver Førde har i forhold til nynorsk språk og kultur». Bakgrunnen var ein strid om nedlegging av fleire distriktskontor. Mediesenteret blei til som ein del av løysinga i den saka, i eit finmaska samspel mellom krefter i NRK-styret og i det politiske miljøet, med kulturminister Valgerd Svarstad Haugland i ei aktiv rolle.

Ut frå visjonen «Stolt nynorsk» utdannar institusjonen kvart år ti nye praktikantar for radio- og fjernsynsjournalistikk. Per august 2019 har mediesenteret utdanna 150 nynorskpraktikantar, og 57 prosent av dei jobbar i media (kjelde: NRK Nynorsk mediesenter). Nynorsk mediesenter har også halde medietreningskurs.

Nynorsk mediesenter er eit dotterselskap i NRK og skifta i 2009 namn til NRK Nynorsk mediesenter. Dagleg leiar frå 2004 har vore Magni Øvrebotten. Nynorsk mediesenter er medlem i Nynorsk Forum. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto (2004): Dei fem første nynorskpraktikantane (f.v.: Inger Johanne Sæterbakk, Svein Ove Hansli, Knut Åge Teigen, Eli Bjelland og Maria Rivedal) med statsråd Valgerd Svarstad Haugland (t.v.) og leiar Magni Øvrebotten (t.h.) bak. Kjelde: NRK Nynorsk mediesenter. Nytta med løyve.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #noreg #nrknynorskmediesenter #nynorskmediesenter #nrk #kompetanse #journalist #journalistikk #reporter #radio #tv #fjernsyn #nettjournalistikk #nyhende #nyheiter #kringkasting #førde #valgerdsvarstadhaugland #magniøvrebotten #stoltnynorsk #distriktskontor #nynorskpraktikant #media #nynorskforum


0

Fantastisk bog fra 1977 med de skønneste billeder der omhandler alverdens ting der er 160 sider i farver pris 100,- kroner
#børnenesbilledleksikon #leksikon #gyldendals #robertandre #bygningsværker #biler #blomster #frigt #fabrikken #dyrene #fisk #altmellemhimmelogjord


0

1. september 1327 kunngjer erkebiskop Eiliv Arnasson i Bergen at lover «skal framførast på norrønt og etterpå skrivast på tavler som blir sette opp ved kvar bispestol og ved dei større kyrkjene på bygdene, slik at kvar den som vil, sjølv kan lese eller skrive av». Urnordisk var språket då runebokstavane blei skriftsystemet i Noreg frå om lag 200 e.Kr. Dei neste 500 åra endra språket seg til norrønt. Då kongemakta tok den katolske kyrkja til landet kring år 1000, innførte dei ein bokreligion og eit nytt skriftspråk: latin. Frå no av var Noreg eit fleirspråkleg land. Norrønt og latin blei nytta i ulike samanhengar, gjerne rista i runer til kvardags eller skrive med latinske bokstavar til kunst, helg og makt.

Kunngjeringa i 1327 vitnar om at situasjonen var spent mellom geistlege og verdslege makthavarar. Biskopane ville at folk skulle forstå dei lovene som blei kunngjorde for dei. Utover i seinmellomalderen blir det viktigare og vanlegare å skriftfeste avtalar og andre gjeremål.

Etter kvart vinn dansk fram som det dominerande skriftspråket i Noreg, særleg etter reformasjonen i 1536. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: Kulisteinen med runeinnskrift, kalla dåpsattesten til Noreg, då steinen frå tidleg på 1000-talet syner den første kjende bruken av namnet Noreg på norsk jord (kjelde: NTNU Vitskapsmuseet). Steinen stod opphavleg på Kuløy på Nordmøre og er i dag utstilt på NTNU Vitskapsmuseet i Trondheim. Fotokjelde: A.Davey på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #noreg #norrønt #runer #eilivarnasson #runebokstavar #urnordisk #kyrkja #latin #bokstavar #alfabet #seinmellomalderen #dansk #reformasjonen #kulisteinen #runestein #runeinnskrift #runealfabetet


0

I dag er det nasjonaldag i Malaysia til minne om sjølvstendet frå Storbritannia 31. august 1957.

Malayisk er førstespråket til over 40 millionar menneske og andrespråket til 250 millionar menneske i Malaysia, Brunei, Singapore, Indonesia, Aust-Timor og det sørlege Thailand. Malayisk har namnet sitt etter fyrstedømet 𝘔𝘦𝘭𝘢𝘺𝘶 'Malaya' på Sumatra.

𝘈𝘮𝘰𝘬, 𝘣𝘢𝘵𝘪𝘬𝘬, 𝘣𝘢𝘮𝘣𝘶𝘴, 𝘬𝘦𝘵𝘴𝘫𝘶𝘱 og 𝘰𝘳𝘢𝘯𝘨𝘶𝘵𝘢𝘯𝘨 er mellom dei best kjende lånorda våre frå malayisk. På malayisk heiter dei 𝘢𝘮𝘶𝘬 'raseriutbrot', 𝘣𝘢𝘵𝘪𝘬 'blomstrete', 'mønstrete', 𝘣𝘢𝘮𝘣𝘶 'bambus', 𝘬𝘦𝘤𝘢𝘱 'saus', 'duppe' og 𝘰𝘳𝘢𝘯𝘨 𝘩𝘶𝘵𝘢𝘯 'skogbuar', 'orangutang'. 𝘒𝘦𝘤𝘢𝘱 'saus', 'duppe' er opphavleg eit kinesisk ord – på ein sørkinesisk dialekt, amoy-dialekten, har dei ordet 𝘬𝘦𝘵𝘴𝘪𝘢𝘱, som tyder 'fiskesaus'. Malayisk har lånord frå mange språk, mellom anna sanskrit, arabisk, persisk, kinesisk, portugisisk, nederlandsk og engelsk. 'Bok' heiter både 𝘱𝘶𝘴𝘵𝘢𝘬𝘢 (sanskrit), 𝘬𝘪𝘵𝘢𝘣 (frå arabisk) og 𝘣𝘶𝘬𝘶 (frå engelsk/nederlandsk). ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: orangutang-mor (ordet orangutang kjem frå malayisk) med barn i dyrehagen ABQ BioPark Zoo i Albuquerque i New Mexico. Foto: Albuquerque BioPark på flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #malaysisk #språk #lingvistikk #språkiverda #ord #asia #malaysia #brunei #singapore #indonesia #austtimor #thailand #sumatra #malaya #amok #batikk #bambus #ketsjup #orangutang


0

30. august 1999 røystar eit stort fleirtal på Aust-Timor for sjølvstende frå Indonesia. Militære styrkar grip inn, og etter harde kampar blir landet sjølvstendig 20. mai 2002.

I Portugal fell Salazars diktatorregime etter den såkalla nellikrevolusjonen 25. april 1974, og 28. november 1975 kunngjer Aust-Timor sjølvstende frå Portugal. Få dagar seinare invaderer indonesiske styrkar landet, og landet blir ein indonesisk provins. Fram til 1999 blir truleg over 100 000 menneske drepne i konfliktar som følgjer av denne okkupasjonen, og når dei indonesiske styrkane forlèt landet, øydelegg dei det dei kan.

Det går eit klart språkskilje blant dei som har kjempa for fridom og sjølvstende. Dei eldre hallar til portugisisk, dei yngre til bahasa indonesia, medan somme føretrekkjer tetum, det største av minoritetsspråka i landet. Dei yngre taper: Aust-Timor er det einaste landet i Asia der portugisisk er offisielt språk – i tillegg til tetum. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: ei barnebok på tetum, trykt lokalt for eit bibliotek. Foto (2012): Ellen Forsyth, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #austtimor #timorleste #timor #indonesia #indonesisk #sjølvstende #fridom #asia #portugal #språk #portugisisk #bahasaindonesia #tetum


0

Det store håndarbejdsleksikon. Velholdt bog fra 1974. 478 sider med overskuelige afsnit om syning, strikning, hækling, broderi samt
stramaj og korssting. Mange illustrationer, S/H fotos samt enkelte farvefotos. Format: 18 x 20,5 cm. Pris: 70 kr.
#nostalgihylden #retrohåndabejde #syning #strikning #hækling #korssting #broderi #stramaj #håndarbejdsleksikon #krea #bøger #leksikon #genbrugsbog #hækling #håndarbejde


0

1-7 bind af dette leksikon. Ubrugt. Giv et bud. #bøger#sælges#selvhenter#leksikon#litteratur#ry70østerbro


0

Den engelske filosofen John Locke var fødd på dagens dato i 1632. Han døydde i 1704. Locke vert rekna som grunnleggjaren av den engelske empirismen (erfaringsfilosofi). Medvitet til mennesket, påstod Locke, er som eit uskrive blad ved fødselen, tabula rasa: Førestillingane og ideane våre kjem først med erfaringa. Han kjempa for rasjonalisme og liberalisme og var ein banebrytar for gjennombrotet til opplysningstida. Omgrep som folkesuverenitet, rettstryggleik og maktfordeling stod sentralt hos han, og tankane hans fekk mykje å seie for USAs grunnlov.
Locke skreiv mellom anna verk som Essay Concerning Human Understanding (1690), Two Treatises of Government (1690) og Some Thoughts Concerning Education (1693). ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: mezzotint-portrett av John Locke, produsert av sir Godfrey Kneller (1646–1723). Kjelde: Wellcome Collection. CC BY 4.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #johnlocke #filosof #filosofi #empirisme #erfaringsfilosofi #tabularasa #rasjonalisme #liberalisme #opplysningstida #opplysingstida #folkesuverenitet #rettstryggleik #maktfordeling


0