#lesehesterbest

Instagram photos and videos

#lesehesterbest#grolitt#bokgjerklok#boktips#leseglede#bokanbefaling#lesetips#leseutfordring2019#leseutfordring#denneboka#lesdenne#detdumålese#denboka#instabok#lesmeirbøker#kvalasduno#sommarbok#sommarlesing#gyldendal#forlagetoktober#bokaegles#leselyst#aschehoug#haustbok#bookstagram#krim#oktoberforlag

Hashtags #lesehesterbest for Instagram

No69-2019: Linn Strømsborg || Aldri Aldri Aldri

Denne boka har så mykje ved seg. Ho er ærlig, dvelande, trist og veldig morosam på ein gong. Fint å lese om det å ikkje ville ha barn, og kjenne på at det vert formidla så ein forstår det så godt. Ikkje minst er relasjonane hovudpersonen har til menneska rundt seg veldig fint skildra. "-Jeg er glad i deg også, ut over at du er mammaen min, svarer jeg, og får tre emojis tilbake. Et grantre, et fly og et smilefjes med geipemunn. Jeg må lære henne emojis." 🌲✈😝 God bok!
.
.
.
#linnstrømsborg #aldrialdrialdri #flammeforlag #leseutfordring2019 #leseutfordring #lesetips #leseglede #lesmeirbøker #haustbok #leselyst #lesehesterbest #denboka #denneboka #kvalasduno #instabok #bokanbefaling #detdumålese #boktips #grolitt #bokgjerklok #bokaegles #bookstagram


2

No68-2019: Delia Owens || Der krepsene synger

Denne boka fekk meg nesten til å skulke jobb, fordi ho var så spennande. Historia om Kya, eller Marsklandsjenta, inviterer oss inn i eit univers av fuglar, insekt, vatn, skjel, maling, einsemd, kjærleik og bedrag. Og eit mord. Om du vil lese ei god forteljing i helga, tilrår eg denne.
.
.
.
#deliaowens #derkrepsenesynger #pantaforlag #wherethecrawdadssing #leseutfordring2019 #leseutfordring #lesetips #leseglede #lesmeirbøker #haustbok #grolitt #leselyst #lesehesterbest #denboka #denneboka #kvalasduno #instabok #bokanbefaling #detdumålese #boktips #bokgjerklok #bokaegles #bookstagram


4

No66-2019: Aina Basso || Ungen

Både tittel og innhald i denne boka er inspirert av Oskar Braaten og hans forteljingar om arbeidarkvinner på starten av 1900-talet. Her er rått og brutalt fortalt om kvinner som tek jobb som pleiemødre, og sviktar dei fleste ungane på det grovaste. Historiane har opphav i verkelege hendingar. Grusamt, men samstundes interessant, viktig og veldig godt formidla.
Takk til @detnorskesamlaget for leseeksemplar.
.
.
.
#ainabasso #ungen #detnorskesamlaget #leseutfordring2019 #leseutfordring #lesetips #leseglede #lesmeirbøker #haustbok #leselyst #lesehesterbest #denboka #denneboka #kvalasduno #instabok #bokanbefaling #detdumålese #boktips #bokgjerklok #bokaegles #grolitt #bookstagram #nynorsklitteratur


0

No65-2019: Jens M. Johansson || Lavterskeltilbud

Dette er historia om forfattaren Adam som vil fortelje om ei verkelegheit han ikkje er ein del av. Me møter ein mann som er sint, frustrert, inspirert og forvirra, og som etter kvart tek oss med på ein roadtrip utan sidestykke. Dette vert både morosamt, pinleg og tankevekkande på ein gong. Ein god kombo det, i grunnen. Og jammen er ikkje slangen i paradiset ein "jævla" sogning 😆
.
.
.
#jensmjohansson #lavterskeltilbud #tidenforlag #leseutfordring2019 #leseutfordring #lesetips #leseglede #lesmeirbøker #haustbok #grolitt #leselyst #lesehesterbest #denboka #denneboka #kvalasduno #instabok #bokanbefaling #detdumålese #boktips #grolitt #bokgjerklok #bokaegles #bookstagram


0

No64-2019: Marit Reiersgård || Jenta uten hjerte
Dette er andre boka om politibetjentane Verner Jacobsen og Bitte Røed. Eg vart sjarmert av dei i boka Stolpesnø, og no óg i denne. Her er både ei spennande mordgåte, eller forresten to, og samspelet mellom dei ulike personane som er med på å drive historia framover. Eg likte boka godt, og går nok snart laus på neste bok óg. .
.
.
#maritreiersgård #jentautenansikt #gyldendal #leseutfordring2019 #leseutfordring #lesetips #leseglede #lesmeirbøker #leselyst #lesehesterbest #denboka #denneboka #kvalasduno #instabok #bokanbefaling #detdumålese #boktips #bokgjerklok #bokaegles #grolitt #haustbok #haustlesnad #grolitt


3

No63-2019: Anne B. Ragde || Datteren

Sjette og siste (?) boka om Neshovgjengen. Denne handlar mest om Torunn, og kva ho vel å gjere ut av livet sitt. Sjølv om dette nok var den boka i serien som fenga meg minst, har eg samla sett vore så begeistra, at eg er rimeleg sikker på eg kjem til å lese serien igjen ein dag. .
.
.
#annebragde #datteren #neshov #forlagetoktober #leseutfordring2019 #leseutfordring #lesetips #leseglede #lesmeirbøker #haustbok #haustlesing #grolitt #leselyst #lesehesterbest #denboka #denneboka #kvalasduno #instabok #bokanbefaling #detdumålese #boktips #bokgjerklok #bokaegles #bookstagram


1

No62-2019: Marie Aubert || Voksne mennesker
Etter å ha høyrt så mykje bra om denne, var det med store forventningar eg starta lesinga. Og boka innfrir. Her er skildring av familie og nærleik på godt og vondt, av sakn etter noko meir og av misunning og skadefryd, på ein slik måte at ein nesten kjenner det gnage. Dette er dessutan ei bok som mange vil ha glede av og bør lese. Les kva som skjer når vaksne menneske skal dele noko.
.
.
.
#marieaubert #voksnemennesker #forlagetoktober #leseutfordring2019 #leseutfordring #lesetips #leseglede #lesmeirbøker #sommarbok #sommarlesing #lesehesterbest #denboka #denneboka #kvalasduno #instabok #bokanbefaling #detdumålese #boktips #bokgjerklok #bokaegles #grolitt #haustbok #haustlesnad #bookis


5

No61-2019: Agnes Ravatn || Dei sju dørene

Så spennande. Så mørkt. Så underhaldande. Så medrivande. Så intelligent. Så sjølvironisk. Så morosamt. Så modig. Så lesverdig.
Takk til @detnorskesamlaget for prøvebok.
.
.
.
#agnesravatn #deisjudørene #detnorskesamlaget #leseutfordring2019 #leseutfordring #lesetips #leseglede #lesmeirbøker #grolitt #leselyst #lesehesterbest #denboka #denneboka #kvalasduno #instabok #boktips #bokanbefaling #bokaegles #bokgjerklok #detdumålese #haustbok #haustlesnad


0

No60-2019: Jon Fosse || Det andre namnet Septologien I-II

Trass i at det er lite lesetid, har eg fått ferda denne. Det gjekk litt tregt i starten, medan dei siste vel 150 sidene vart lesne i ein jafs. No ser eg fram til framhald i Septologien. Når ein atter har vand seg til med Fosse sitt avhald frå punktum og avsnitt, er det både underhaldande og innsiktsfull lesnad. Og språket....🥰 Takk til @detnorskesamlaget for prøvebok.
.
.
.
#jonfosse #detandrenamnet #detnorskesamlaget #septologien #leseutfordring2019 #leseutfordring #lesetips #leseglede #lesmeirbøker #leselyst #lesehesterbest #denboka #denneboka #kvalasduno #instabok #bokanbefaling #detdumålese #boktips #grolitt #bokgjerklok #haustbok #haustlesnad


1

No58-2029: Kerstin Ekman || Hendelser ved vann

Minnast denne boka, som eg les for meir enn tjue år sidan, som ei av dei beste. Då eg plukka ho fram att, var det med store forventningar. Likevel har lesinga gått veldig sakte, og det har til tider vore vanskeleg å halde styr på det store persongalleriet. Så er eg like fengsla som sist? Kanskje ikkje heilt, men språket er nydeleg, skildringane av menneske og relasjonar vakkert såre og den siste setningen fantastisk.
.
.
.
#kerstinekman #hendelservedvann #händelservidvatten #aschehoug #leseutfordring #leseutfordring2019 #leseglede #lesmeirbøker #lesetips #boktips #bokanbefaling #bokaegles #bokgjerklok #denneboka #denboka #bookstagram #nordiskrådslitteraturpris #grolitt #lesehaust #lesehesterbest #leselyst #haustbok #detdumålese #instabok


5

No54-2019: Jan Grue || Jeg lever et liv som ligner deres

Jan Grue skriv: "Hver ny bok er en utforskning, og gjennom fortellingen forsterker vi følelsen av å ha tilbakelagt en avstand, av å ha vunnet nytt land."
Gjennom å lese denne boka, har eg tilbakelagt avstand, og kanskje, forhåpentlegvis, vunne nytt land. Boka fortel om korleis det er å vere menneske, med alt det inneber av draumar, håp og visjonar for eige liv og framtid. Og om kor utfordrande dette kan vere med ein sårbar kropp. Formidlinga er ærleg og fantastisk god, og kjærleikserklæringane til Ida fekk meg til å grine. Denne må, ja, må, ALLE lese!
.
.
.
#jangrue #jegleveretlivsomlignerderes #gyldendal #idajackson #leseutfordring2019 #leseutfordring #lesetips #leseglede #lesmeirbøker #sommarbok #sommarlesing #lesehesterbest #denboka #denneboka #kvalasduno #instabok #bokanbefaling #detdumålese #boktips #grolitt #bookstagram #bokgjerklok


4

No53-2019: Lars Kepler || Lazarus

Starta på denne i solfylte Hellas, og avslutta heime i regnet.
Eg har lese fleire av bøkene om Joona Linna, og sjølv om dei alle er uhyggeleg skumle, har eg likt dei godt. Denne skuffa meg noko. Boka er ein spennande sidevendar frå ende til annan, men manglar truverdigheit og forankring i ei tenkt verkelegheit. For meg forstyrra det opplevinga, og eg synest heile vegen at noko mangla. Boka er likevel verd å lese, og ho er vanskeleg å legge frå seg.
.
.
.
#larskepler #lazarus #cappelendamm #leseutfordring2019 #leseutfordring #lesetips #leseglede #lesmeirbøker #sommarbok #sommarlesing #krim #kvalasduno #instabok #bokanbefaling #detdumålese #bookstagram #boktips #lesehesterbest #grolitt #denneboka #denboka #bokgjerklok


3

No52-2019: Bjørn Andreas Bull-hansen || Jomsviking

Juhu! Målet om 52 bøker i 2019 er nådd, men stoppar ikkje no. Den førebels siste var midt i blinken for meg, som svoren "Vikings"-fan. Om vikingane var her i Hellas seier ikkje boka noko om, men borga i bakgrunnen viser at dei frykta nokon her óg. Her er alt ein vil ha, om ein likar vikingar, historie og ei godt fortalt historie. Eg skal hive meg på neste bok om Torstein Tormodson óg, for dette var spennande.
.
.
.
#bjørnandreasbullhansen #jomsviking #gyldendal #nidhoggforlag #leseutfordring2019 #leseutfordring #lesetips #leseglede #lesmeirbøker #sommarbok #sommarlesing #lesehesterbest #denboka #denneboka #kvalasduno #instabok #bokanbefaling #detdumålese #boktips #grolitt #bokgjerklok


1

August allereie. Lesemånaden juli vart fin, med seks norske, ein klassikar, to krim og ei sjølvbiografisk bok. "Noe tapt og noe vunnet" gjorde stort inntrykk, men "Når landet mørknar" var den beste lesaropplevinga for meg denne månaden. .
.
.
#leseutfordring2019 #leseutfordring #sommarbok #sommarlesing #grolitt #detdumålese #instabok #lesehesterbest #denboka #denneboka #boktips #bokanbefaling #lesmeirbøker #leseglede #lesetips #kvalasduno #torekvæven #idahegazihøyer #maritreiersrud #lydiesalvayre #kjerstiannesdotterskomsvold #andersdelamotte #vigdishjorth #olavduun #bokgjerklok


2

No51-2019: Tore Kvæven || Når landet mørknar

Då eg var ferdig med å lese denne boka, hadde eg berre lyst til å slå opp på første side, og lese ho ein gong til. Eg synest denne var F A N T A S T I S K 👌 Ulikt alt anna eg har lese, kanskje med unntak av Kvæven si førre bok. Gjorde meg supernyfiken på Grønland si historie. Håpar på mange fleire romanar frå denne kunnskapsrike forfattaren 👏 Les denne!
.
.
.
#torekvæven #nårlandetmørknar #detnorskesamlaget #leseutfordring2019 #leseutfordring #lesetips #leseglede #lesmeirbøker #sommarbok #sommarlesing #grolitt #boktips #bokanbefaling #detdumålese #instabok #lesehesterbest #denboka #denneboka #kvalasduno #brageprisen #brageprisvinnar #bokgjerklok


5

No50-2019: Lydie Salvayre || Ikke gråte

Denne boka var litt tung å komme inn i, men tok seg veldig opp etter kvart. Eg lærte mykje om den spanske borgarkrigen, og det er fint korleis forfattaren har fått fram at historia er ulik, avhengig av kven som fortel ho, og kva den/dei opplever. Fint og ærleg og veldig rørande frå mor til dotter.
.
.
.
#lydiesalvayre #ikkegråte #paspleurer #solumbokvennen #leseutfordring2019 #leseutfordring #lesetips #leseglede #lesmeirbøker #sommarbok #sommarlesing #grolitt #detdumålese #instabok #lesehesterbest #denboka #denneboka #kvalasduno #boktips #bokanbefaling #bokgjerklok


3

No49-2019: Anders de la Motte || Sensommer

Eg må alltid ha litt krim om sommaren, og då var dette eit godt val. Boka er den første i ein planlagd serie på fire, og eg kjem nok til å lese resten óg. Dette er ein skikkeleg sidevendar, og eg les ho nesten i eitt strekk. Realistisk, godt skildra og truverdige personar. Om du vil lese ein godt oppbygd krim, så vel gjerne denne.
.
.
.
#andersdelamotte #sensommer #slutetpåsommaren #aschehoug #leseutfordring2019 #leseutfordring #lesetips #leseglede #lesmeirbøker #sommarbok #sommarlesing #grolitt #detdumålese #instabok #lesehesterbest #denboka #denneboka #kvalasduno #instabok #krim #bokgjerklok


0

No48-2019: Ida Hegazi Høyer || Unnskyld

Fy flate for eit treff i magen! Har hatt denne boka i hylla lenge, og veit ikkje heilt kvifor eg ikkje har lese ho før. Uansett - no er det gjort, og det var litt av ei oppleving. Som ein lauk skrellar Høyer av lag for lag av livet til personane, og på ein slik måte at me både vil og ikkje vil vite ting frå fortida. Eg kunne ikkje legge frå meg boka, og ho er både vond og vanskeleg. Oppbygginga er verkeleg god, og tittelen og omslaget....❤ Ho traff som sagt midt i magen, og eg kjem til å ha ho med meg. Lenge.
.
.
.
#idahegazihøyer #unnskyld #tidenforlag #leseutfordring2019 #leseutfordring #lesetips #leseglede #lesmeirbøker #sommarbok #sommarlesing #grolitt #detdumålese #instabok #lesehesterbest #denboka #denneboka #kvalasduno #instabok #bokgjerklok


5

No47-2019: Kjersti Annesdatter Skomsvold || Barnet

Denne boka har eg kvidd meg litt til, fordi eg innbilte meg at ho likna "Kinderwhore", og det var tøff lesnad. Men dette var noko anna - ei lita bok om det å bli mor. Om angst og uro, men óg tilknyting og kjærleik. Historia er svært verkelegheitsnær, og eg trudde ho var sjølvbiografisk, noko eg har fått vite ho ikkje er. Dette er ei bok eg likte godt, og som skal få litt tid til å sige inn.
.
.
.
#kjerstiannesdatterskomsvold #barnet #oktoberforlag #leseutfordring2019 #leseutfordring #lesetips #leseglede #lesmeirbøker #sommarbok #sommarlesing #grolitt #detdumålese #instabok #lesehesterbest #denboka #denneboka #kvalasduno #forlagetoktober #oktobersommer2019 #lesdegbort #bokgjerklok


0

No46-2019: Vigdis Hjorth || Lærerinnens sang

Er nettopp ferdig med denne fine boka. Hjorth skriv som alltid godt, og denne gongen fortel ho om Lotte, som går med på å la seg filme både på og utanfor jobb, som del av eit skuleprosjekt. Dette fører både til sjølvransaking, bevisstgjering og retningsendring for Lotte. Skummelt og innsiktsfullt. Les denne!
.
.
.
#vigdishjorth #lærerinnenssang #cappelendamm #leseutfordring2019 #leseutfordring #lesehesterbest #leseglede #lesetips #boktips #bokanbefaling #lesmeirbøker #lesdenne #bokgjerklok #grolitt #sommarbok #sommarlesing #detdumålese #kvalasduno #instabok


0

No45-2019: Marit Reiersgård || Stolpesnø

Dette var ein krim eg likte godt! Først og fremst på grunn av det truverdige persongalleriet. Så likte eg óg godt oppbygginga og tempoet i romanen. Og det å lese om enorme snømengder, for så å kunne sjå på sol og sommar rundt meg, var ganske behageleg 🌞
.
.
.
#maritreiersgård #stolpesnø #gyldendal #leseutfordring2019 #leseutfordring #lesehesterbest #leseglede #lesetips #boktips #bokanbefaling #bokaegles #bokgjerklok #lesmeirbøker #sommarbok #sommarlesing #grolitt #detdumålese #instabok #krimdebut #krim #kvalasduno


9

Pleier ikkje legge ut bøker eg ikkje har lese, men her kjem eit unntak 🌸 Eg har fått denne fine boka i bursdagsgåve, og gler meg stort til å lese i ferien. God sommarlesnad til alle 🌸🌞🌸
.
.
.
#jonkalmarstefansson #jónkalmarstefánsson #historienomásta #historienomasta #sagaástu #pressforlag #leseutfordring2019 #leseutfordring #lesetips #leseglede #lesehesterbest #lesmeirbøker #sommarbok #sommarlesnad #grolitt #boktips #bokanbefaling #bokgjerklok #denneboka #denboka #detdumålese #sommarbok #sommarlesing #instabok


4

No44-2019: Olav Duun || Juvikfolket 1 Juvikingar

Denne har eg tenkt på lenge, og når ho kom i ny utgåve i samband 100-årsjubileet i 2018, passa det fint. Duun slo gjennom med denne romanserien i 1918, og det er på godt og vondt ein kan lese om at sjølv om verda endrar seg, er relasjonane mellom menneske og den ein har til seg sjølv mykje lik. Bak i boka finn ein ei ordliste, då det duunske språket kan vere litt utfordrande. Trass denne brukte eg litt tid på å venne meg til språkføringa. Men, alt i alt god lesnad.
.
.
.
#olavduun #juvikingar #juvikfolket #solumbokvennen #vidarforlaget #leseutfordring2019 #leseutfordring #leseglede #lesdenne #lesehesterbest #bokanbefaling #boktips #bokgjerklok #grolitt #denneboka #denboka #detdumålese #klassikar #instabok #sommarbok #sommarlesing #vildesinblåevegg


0

No42-2019: Lars Mytting || Søsterklokkene

Denne boka hadde eg gleda meg til, men etter kvart høyrde eg så mykje forskjellig at eg utsette lesinga stadig vekk. Etter å ha høyrt boka som lydbok med fantastiske Kai Remlov som opplesar, har eg nok ein gong lært at folk tenker og tykkjer ulikt. For meg var denne boka ei stor lyttaroppleving, og nok ein gong klarar Mytting å komme med eit univers som er herleg uforutsigbart. Applaus 👏
.
.
.
#larsmytting #søsterklokkene #kairemlov #gyldendal #leseutfordring2019 #leseutfordring #lesetips #leseglede #lesdenne #lesehesterbest #bokanbefaling #boktips #bokgjerklok #grolitt #denneboka #denboka #detdumålese #instabok #sommarbok #sommarlesing #lydbok


2

Sommaranbefaling frå Vilma (9): Apokalypsegeneratoren er en spennende og dramatisk bok jeg anbefaler alle å lese. Passer spesielt godt for barn mellom 8 og 11, både gutter og jenter.
.
.
.
#apokalypsegeneratoren #bobbiepeers #aschehoug #leseglede #lesdenne #lesehesterbest #bokanbefaling #boktips #bokgjerklok #grolitt #denneboka #sommarbok #sommarlesing


0

Han Kang har en særegen stemme og leseopplevelsen av «Levende og døde» har festet seg hos @bok.gjer.klok som gjerne leser mer av denne originale og kritikerroste koreanske forfatteren. Vi anbefaler både «Vegetarianeren» og «Hvit» for de som har lyst på mer!
📚
@bok.gjer.klok with @get_repost
・・・
No 37-2019: Han Kang || Levende og døde
Sidan eg hadde gitt boka vidare, måtte eg ta bilete i bokhandelen. Eit godt påskot for nok ein tur innom #boksalongen 😊. Hendingane i boka finn stad i Korea, og tek føre seg opprøret i Gwandju. Via ulike forteljarstemmer fortel Kang den brutale historia. Denne forteljinga kjem eg til å ha med meg lenge. Eg les gjerne meir av forfattaren, og har #vegetarianeren i bunken.
.
.
.
#hankang #levendeogdøde #paxforlag #leseutfordring2019 #leseutfordring #lesetips #leseglede #lesdenne #lesehesterbest #bokanbefaling #boktips #bokgjerklok #grolitt #denneboka #denboka #detdumålese


0