#levandeleksikon

Instagram photos and videos

#allkunne#leksikon#encyclopedia#kunnskap#levandeleksikon#nynorsk#språk#noreg#språkfakta#raskespråkfakta2019#litteratur#forfattar#festspela#norsk#engelsk#kunnskapsraus#bokmål#skriftspråk#journalistikk#politikk#norskpolitikk#ivaraasentunet#dialekt#lyrikk#lyrikar#bergen#landsmål#kultur#nynorsklitteratur

Hashtags #levandeleksikon for Instagram

14. september 1890 publiserer det italienske magasinet Il Secolo Illustrato della Domenica «Per passare il tempo» (Tidsfordriv) av Giuseppe Airoldi. Dette er det aller første kryssordet, på 4 x 4 felt, utan svarte felt.

Til USA kjem den nye bokstavgåteleiken 21. desember 1913. Då prentar søndagsavisa New York World det dei kallar «Word-cross», laga av den engelske journalisten Arthur Wynne, også det utan svarte felt. Orda blir seinare bytte om til «Crossword». Nokre år seinare er det blitt ein farsott, og det dannar seg ulike grunnmønster.

Amerikanske kryssord har få svarte felt, engelske har mange, og i japanske kryssord skal gjerne ikkje to svarte felt stå kant-i-kant og aldri som hjørnefelt. I kryssord på språk som fransk, spansk, italiensk, rumensk og russisk ser ein bort frå diakritiske teikn, til skilnad frå kryssord på serbisk, slovakisk og ungarsk. ☞ Les meir på allkunne.no ☜

Foto: Illustrasjon av kryssord på nynorsk. Kjelde: anMarton på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #noreg #språk #kryssord #tidsfordriv #giuseppeairoldi #perpassareiltempo #ilsecoloillustratodelladomenica #italia #bokstavgåte #hjernetrim #kryssordoppgåve #ord #bokstavar #leik #avis #magasin


0

13. september 1592 døyr den franske statsmannen og forfattaren Michel de Montaigne, 59 år gamal. Det viktigaste han gjorde, tok til i 1571.

På 38-årsdagen 28. februar 1571 trekkjer han seg frå alle offentlege verv og blir med sine 3500 bøker verande i slottet Château de Montaigne i Périgord, Bordeaux. Der skriv han nokon ingen har gjort før, like til han i 1580 går ut i verda att. Dagen etter signerer han forordet til eit bokverk med ein tittel som for ettertida også blir nemninga for den sjangeren Montaigne har skapt: 𝘌𝘴𝘴𝘢𝘪𝘴.

Verket kjem ut i to delar, kalla bøker, i Bordeaux i 1580. Ei ny utgåve i 1588 inneheld også ei tredje bok. Med sitt nye eg-perspektiv blir dette eit språkleg og kulturelt paradigmeskifte i den vestlege verda. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: Framsideillustrasjon frå 𝘌𝘴𝘴𝘢𝘺𝘴 𝘰𝘧 𝘔𝘪𝘤𝘩𝘢𝘦𝘭 𝘚𝘦𝘪𝘨𝘯𝘦𝘶𝘳 𝘥𝘦 𝘔𝘰𝘯𝘵𝘢𝘪𝘨𝘯𝘦, 𝘝𝘰𝘭. 1. London 1711. Kjelde: The Wolf Law Library på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.
#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #språk #micheldemontaigne #fransk #frankrike #périgord #bordeaux #statsmann #forfattar #bordeaux #essais #essay #litteratur #skrift #skriftkultur #sjanger #tekst #prosa #essayistikk #verkemiddel #subjektiv #stilistisk #essayist #essaytradisjon #bokhistorie


0

Jan Egeland er statsvitar, politikar, generalsekretær i Flyktninghjelpen og tidlegare visegeneralsekretær i FN. Han har i mange år arbeidd med menneskerettar. Egeland fyller 62 år i dag.

I 1987–90 var han informasjonsleiar og så utanlandssjef for Raudekrossen i Noreg. Egeland var personleg rådgivar for utanriksminister Thorvald Stoltenberg frå Arbeidarpartiet i 1990–92, statssekretær i utanriksdepartementet i 1992–97, spesialrådgivar i Raudekrossen i 1997–99 og spesialrådgivar for FN i Colombia i 1999–2001.

I perioden 2002–03 arbeidde han som generalsekretær for Raudekrossen i Noreg, han var visegeneralsekretær for humanitær bistand og naudhjelp i FN i 2003–06 og spesialrådgivar for generalsekretæren i FN i 2007. Frå 2007 til 2011 var Egeland direktør ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI), i 2011–13 var han europadirektør i Human Rights Watch, og han blei generalsekretær i Flyktninghjelpen i 2013.

Egeland har arbeidd mykje med konfliktløysing, nødhjelp, demokrati og menneskerettar, og han var den som koordinerte dei første samtalane som førte til Osloavtalen, mellom Israel og PLO, i 1993. Han har òg arbeidd med fredsforhandlingar mellom anna i Guatemala, Sudan, på Balkan, Kypros og i Colombia og greier å mobilisere massemedia for å gi saker merksemd.

Egeland blei tildelt Peer Gynt-prisen i 2005, og Time Magazine kåra han i 2006 som eit av dei 100 menneska i verda som har mest påverknadskraft. Han har hatt verv i Amnesty International og sat i styret til International Crisis Group fram til 2012. Frå 2015 til 2018 leidde han ei arbeidsgruppe oppnemnd av FN for å gi vern til syriske flyktningar, og målet var å få på plass ein fredsavtale. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: Jan Egeland taler på ein FN-pressekonferanse i Genève 20. oktober 2016. Fotograf: Luca Solari. Kjelde: UN Geneva på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #noreg #janegeland #statsvitar #politikar #generalsekretær #flyktninghjelpen #fn #raudekrossen #nupi #humanrightswatch #konfliktløysing #nødhjelp #demokrati #menneskerettar #osloavtalen #fredsforhandlingar #fred #syria


0

I dag er det 130 år sidan Sigrun Okkenhaug (1889–1939) var fødd i Levanger. Okkenhaug var forfattar og bondekvinne med lokalpolitisk engasjement, og ho var ei av dei første som skreiv kvinne- og barnelitteratur på nynorsk.

Trass i ein krevjande kvardag, elleve fødslar og sorg over eit barn som døydde, fekk Okkenhaug tid til sosialt arbeid utanfor heimen. Ho var leiar av Kvinnerådet i Levanger 1935–36 og leiar av Frol sanitetsforening 1937–1939. I Frol stifta ho husmorlag, sat i skulestyret og var med i mållaget Andvake, i ungdomslag og i fattigkommisjonen.

Okkenhaug debuterte tretti år gamal med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919. Ho skreiv i alt tretten bøker for barn og vaksne. Okkenhaug nytta ulike sjangrar: romanar, noveller og skodespel, og dessutan dikt og artiklar. Ho fekk publisert fleire av arbeida sine i mellom anna For Bygd og By, Nidaros, Norsk Barneblad og Magne. Då ho var i ferd med å etablere seg som forfattar på heiltid, døydde ho, nær 50 år gamal.

Ho vart tidleg oppteken av fråhaldssak og skreiv indignert om fattigdom, sosial urett og forskjellar mellom by og land. Ho ytra seg modig om kvinners driftsliv, og var slik kontroversiell for si tid. Eit døme er når ho skriv om tabuet abort i romanen Den vene skåla 1935.

Språket til Okkenhaug er lettfatteleg og konkret. Ho nyttar gjerne lydmålande ord, men er forsiktig med bruk av framandord og språklege bilete. Replikkane karakteriserer ofte personane i handlinga gjennom ordval, dialektinnslag, bymål eller barnespråk. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: Sigrun Okkenhaug. Privat fotografi. Nytta etter avtale med Erling Okkenhaug.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #noreg #språk #sigrunokkenhaug #levanger #trøndelag #litteratur #nynorsklitteratur #kultur #forfattar #bondekvinne #lokalpolitikk #engasjert #kvinnelitteratur #barnelitteratur #sosialtarbeid #fråhald #fattigdom #sosialurett #byogland #kvinnefrigjering


0

9. september 1980 opprettar regjeringane i Nederland og Belgia Nederlandse Taalunie, Den nederlandske språkunionen. Unionen har særlege band til Sør-Afrika og Indonesia, og frå 12. januar 2005 er Surinam medlem.

Føremålet er «å integrere Nederland og det nederlandske samfunnet i Belgia med hensyn til det nederlandske språket og humaniora i begrepenes videste mening». Dette inneber mellom anna å sikre ei felles rettskriving for standard nederlandsk og fremje opplæring i nederlandsk.

Språkunionen tek frå 1986 over oppgåva med å forvalte den fremste nederlandske litteraturprisen, De Prijs der Nederlandse Letteren, som har vore delt ut kvart tredje år sidan 1956.

Nederlandsk er offisielt språk i Nederland og vil elles særleg finnast i Flandern (flamsk), Aruba, Curaçao, Sint Maarten og Surinam. Vestfrisisk blir brukt av om lag 450 000 menneske i Nederland og har vore offisielt språk i Fryslân, Friesland, sidan 1956. Nordaust i landet taler 1,8 millionar menneske nederlandsk lågsaksisk, og i søraust har limburgisk vel 800 000 brukarar. Begge desse språka har status som regionale språk.

For frisisk kjem vendepunktet ein fredag som blir kalla Kneppelfreed. Den 16. november 1951 gjer store folkemassar opprør utanfor domstolen i den vestfrisiske provinshovudstaden Leeuwarden. Journalisten Fredde Schurer i lokalavisa er tiltalt for injuriar mot domaren S.R. Wolthers. I ei rettssak har Wolthers dømt ein frisisk handelsmann for at han har marknadsført varene sine på frisisk, og i ei anna har han forbode den tiltalte å snakke frisisk i rettssalen. Politiet går hardt til verks, og den nederlandske regjeringa må gi etter. Lovnaden er at frisisk skal bli offisielt språk i rettssaker. Fem år seinare er frisisk offisielt språk i Friesland. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: Ein stol med nederlandsk tekst: «Wilt u zitten? ik kan staan!» (på norsk: «Vil du sitje? Eg kan stå!»). Kjelde: Matthew Yglesias på flickr.com. CC BY-SA 2.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #språk #nederlandsk #nederland #belgia #nederlandsetaalunie #språkunion #skriftspråk #rettskriving #språkopplæring #frisisk #friesland


0

8. september 1966 blir Den internasjonale dagen for lese- og skrivekunne feira første gongen. Unesco vedtok 17. november 1965 å innføre denne dagen.

Noreg har brukt tusen år på vegen frå analfabetisme til å vere eit samfunn der så godt som alle i det minste til ein viss grad kan lese og skrive. Mellomalderen gjennom var skriftspråk noko som helst høyrde dei øvre sjikta og eliten til i Noreg. Berre eit mindretal kunne lese og skrive, og det mindretalet var dei som dreiv med handel, forkynning eller på anna vis utøvde makt. Men der var også nokre frå allmugen. Kring 1300 var det kanskje berre éin prosent av innbyggjarane i Noreg som kunne lese og skrive: om lag 4000 menneske.

Få institusjonar har arbeidd meir for å forme nye skriftspråk og lære fleire å lese og skrive enn kristne misjonsorganisasjonar og institusjonar som fremjar utbreiinga av Bibelen. I dag er om lag 7100 språk i bruk. Ved utgangen av 2012 var Bibelen omsett til vel 2600 av dei – meir enn kvart tredje. Truleg er om lag 2000 av all verdas språk enno ikkje skriftfesta, og om lag ein milliard menneske kan ikkje lese og skrive. Bort imot tre firedelar av desse lever i om lag 15 land.

Som eit av svært få land i verda rapporterer Georgia om 100 prosent lese- og skrivekunne til Unesco. ☞ Les meir om lesekunne på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: illustrasjonsbilete av elev som skriv i klasserommet. Kjelde: kurnhattin på flickr.com. CC BY-ND 2.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #noreg #språk #unesco #lesekunne #skrivekunne #alfabetisme #analfabetisme #dysleksi #skriftspråk #lese #skrive #skule #undervisning #lesedugleik #skriftkunne #literacy #lesing #skriving #læring #klasserom #opplæring #bibelen #georgia


0

7. september 1962 døyr den danske forfattaren Karen Blixen (f. 1885) på Rungstedlund nord for København, 77 år gamal. Fødenamnet hennar var Dinesen, og det faste pseudonymet hennar på engelsk blir Isak Dinesen.

Då ho publiserer sine første forteljingar i 1905, bruker ho pseudonymet Osceola. Dette namnet på ein amerikansk urfolkshøvding har ho truleg etter faren, som ei kort tid budde med ojibwe-folket i Wisconsin. Den 2. desember 1913 flyttar ho til den delen av Britisk Aust-Afrika som i dag er Kenya. Eit stykke utanfor Nairobi har ho alt kjøpt 24 000 mål land, og her blir ho til 1931.

Attende frå Afrika gjer Blixen dikting og skriving til sin leveveg. Ho skriv bøkene først på engelsk og omset dei så sjølv til dansk etterpå. Slik er det med Seven Gothic Tales i 1934, som året etter blir Syv fantastiske Fortællinger på dansk. Livet i Afrika blir kunstnarleg forma til den store, men ikkje eintydig sjølvbiografiske romanen Out of Africa (1937). Opningslinja er legendarisk: «I had a farm in Africa at the foot of the Ngong Hills.» I 1950 gav ho ut Babettes gæstebud, som blir halde i Berlevåg i Finnmark, ein stad Blixen aldri vitja sjølv om ho reiste i Noreg kring 1907. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: Karen Blixen i 1959. Kjelde: Library of Congress, Prints & Photographs Division, Carl Van Vechten Collection, [reproduction number, e.g., LC-USZ62-54231]. Ingen CC.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #noreg #språk #karenblixen #blixen #dansk #danmark #forfattar #litteratur #isakdinesen #osceola #kenya #afrika #sevengothictales #syvfantastiskefortællinger #outofafrica #mittafrika #babettesgæstebud #babettesgjestebod #berlevåg


0

Redaktøren fordjupar seg i naturfag – vi 𝘭𝘦𝘪𝘬𝘢𝘳 ikkje Levande leksikon! 😊 #allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap 🌳🌿


0

Kjersti Wøien Håland (f. 1988) (@kjersti_wh) frå Høyanger i Sogn og Fjordane er forfattar og manusforfattar, skribent og lyrikar. Ho har markert seg som ei røyst for dei unge vaksne og har auka merksemda rundt distriktsungdom og nynorskbrukarar.

Håland sin forfattarskap synleggjer ein ung generasjon som leitar etter meining. Tekstane hennar er engasjerte, gripande og avslørande, tidvis sjølvutleverande. Både i poesi og prosa kjem lesaren tett på individet. Alvor går hand i hand med humor, og både framandgjering og identitet er ofte tema. Forfattaren skriv på nynorsk og nyttar eit kortfatta, leikande og tydeleg språk. Håland debuterte med diktsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti (2013). Poesien er inspirert av Internett-språk og den tradisjonelle japanske diktforma haiku. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Håland er skaparen av ungdomsdramaet Lovleg (2018), ein fjernsynsserie for NRK, SVT og DR. Hovudpersonen er den unge og famlande Gunnhild frå Høyanger, som går på Firda vidaregåande skule og bur i hybelkollektiv på Sandane i Gloppen. Serien tematiserer einsemd, identitet, angst og forelsking. Alle skodespelarane i Lovleg er frå Sogn og Fjordane, og serien har hausta mykje ros for bruken av nynorsk tekst og dialekt.

Håland blei nominert til Ungdommens kritikerpris i 2015 for romanen Dommedøgn. Ho fekk toårig arbeidsstipend frå Den norske forfatterforening i 2016. For første sesong av Lovleg blei ho nominert til Medieprisen for beste web-serie, og i 2019 fekk ho Målprisen for serien, saman med produsent Hege Hauff Hvattum. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: Kjersti Wøien Håland. Fotograf: Heidi Furre. Kjelde: Flamme Forlag. Nytta etter avtale.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #noreg #språk #kjerstiwøienhåland #høyanger #lovleg #nrk #firdavgs #gloppen #sandane #sognogfjordane #haiku #nettspråk #forfattar #manusforfattar #skribent #lyrikar #poesi #lyrikk #prosa #roman #humor #flammeforlag #nynorskbrukar #målprisen


0

Framandartslista, tidlegare kalla Svartelista, er ei oversikt over artar som ikkje høyrer heime i norske økosystem. Framandartslista gir informasjon om kvar dei nye artane kom frå, korleis dei er blitt innførte, og om dei trugar det norske artsmangfaldet.

I regi av Artsdatabanken, som inneheld oversyn over alle artar som finst i Noreg, blei det i 2018 oppretta ei framandartsliste. Framandartslista er ei oversikt over framande artar som er levedyktige og formeirar seg i Noreg, men som ikkje var etablerte i landet før 1800. Om ein prøver å gå lenger attende enn 1800, er det vanskeleg å finne nok og sikker informasjon.

I Framandartslista er det vurdert om dei nye artane utgjer ein risiko for artsmangfaldet i landet. Dei framande artane blir plasserte i fem kategoriar, alt etter grad av risiko.

Når ein framand art kjem inn i eit nytt område, kan det påverke balansen i økosystemet. Den nye arten kan konkurrere med eller fortrengje artar som allereie finst der. Nye plantar kan til dømes føre til endring i tilgangen på mat, medan nye rovdyr kan gjere at bestanden av byttedyr minkar.

Ein framand art kan bli innført på ulike måtar. Somme artar er blitt innførte av menneske, til dømes hageblomar og pelsdyr, men har deretter forvilla seg. Døme på slike artar er blomen hagelupin og rovdyret mink. Begge desse artane er vurderte som høg risiko for norske økosystem. Framande artar er òg blitt sette ut med vilje, slik som fasanen, ein fugl som det er populært å bruke som jaktvilt. Brunskogsnigel og brunkløver er artar som har kome til landet som blindpassasjerar gjennom diverse transport. Artar som finst i område i geografisk nærleik til Noreg, kan dessutan innvandre på eiga hand, slik som dåhjort og stripegås. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: Dugnad med fjerning av sitkagran på Utsira. Sitkagran har kategori SE (særleg høg risiko) i Framandartslista. Fotokjelde: Atle Grimsby på flickr.com. CC BY-NC 2.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #framandartslista #svartelista #økosystem #økologi #biologi #artsmangfald #artsdatabanken #risiko #sitkagran #hagelupin #mink #brunskogsnigel #brunkløver #dåhjort #stripegås


0

4. september 1837 presenterer den amerikanske oppfinnaren og kunstprofessoren Samuel Morse si oppfinning morseapparatet, bygt med delar frå både eit staffeli og veggklokka hans. På den første papirstripa stod skrive: «214-36-2-58-112-04-01837» - «vellykka forsøk med telegraf 4. september 1837». Saman med studenten Alfred Vail presenterer han 6. januar 1838 morsealfabetet. Alfabetet er bygt på det engelske skriftspråket og komponert ut frå Vails analyse av kor mange eksemplar det er av kvar bokstav i setjekassane i ei lokalavis i Morristown. Morsetelegrafen blir vist i bruk offentleg fem dagar seinare. Då blir meldinga «A patient waiter is no loser» telegrafert i morse over ei strekning på 3 km i Speedwell Ironworks, New Jersey. Det amerikanske patentet for morseapparatet får Morse 20. juni 1840.

Morsesignalet SOS har ofte vore forklart som ei forkorting for uttrykk som «Save Our Souls», men forklaringa er teknisk. Det gjaldt å lage eit enkelt signal som kunne nå fram med dei svake sendarane og all den sendarstøyen som då var røynda, og signalet var standard frå 1. november 1908. Det er det einaste morsesignalet med meir enn åtte teikn. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: illustrasjonsbilete av morsekode. Kjelde: Richard Corfield på flickr.com. CC BY-NC 2.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #språk #morse #samuelmorse #alfredvail #morsealfabet #morsealfabetet #morsekode #morseapparat #morsesymbol #morseteikn #morsetelegraf #telegraf #morsesignal #oppfinning #telegrafi #telekommunikasjon #kringkasting #kommunikasjon #kommunikasjonsteknologi #teknologi


0

🇸🇲 3. september 301 blir San Marino etablert som sjølvstendig stat av steinhoggaren St. Marinus frå Rab i dagens Kroatia. Truleg døyr han vinteren 366.

San Marino er den eldste sjølvstendige staten i verda og innførte ei grunnlov i 1600, den eldste i verda som enno gjeld. Italiensk er det offisielle språket, og 61 km2 store San Marino er eit av svært få land i Europa med berre eitt skriftspråk.

Eit anna slikt land er Vatikanstaten, det minste landet i verda rekna både etter flatevidd og folketal. Den 7. juni 1929 vedtek den nyoppretta Vatikanstaten at alle lover og reglar skal liggje føre på italiensk. Noko formelt vedtak om offisielt språk i staten er ikkje gjort, men i praksis er det italiensk, medan paveembetet – Den heilage stolen – som regel bruker latin i offisielle dokument.

Nettstaden for paveembetet er derimot på åtte språk: engelsk, fransk, italiensk, mandarin, portugisisk, spansk, tysk – og latin frå 9. mai 2008. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: festninga på fjelltoppen Guaita med utsyn over hovudstaden San Marino. Kjelde: Anthony G. Reyes på flickr.com. CC BY-ND 2.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #språk #noreg #sanmarino #italia #italiensk #stmarinus #rab #kroatia #europa #vatikanstaten #historie #stat #geografi #guaita


0

I dag er det 15 år sidan dåverande kulturminister Valgerd Svarstad Haugland opna NRK Nynorsk mediesenter (@nynorskmediesenter) i Førde.

NRK Nynorsk mediesenter er eit kompetansesenter for nynorsk journalistikk. Institusjonen har blitt ein viktig leverandør av radio- og fjernsynsjournalistar.

Nynorsk mediesenter blei skipa i Førde i 2004 av NRK for å ta vare på «de særlige oppgaver Førde har i forhold til nynorsk språk og kultur». Bakgrunnen var ein strid om nedlegging av fleire distriktskontor. Mediesenteret blei til som ein del av løysinga i den saka, i eit finmaska samspel mellom krefter i NRK-styret og i det politiske miljøet, med kulturminister Valgerd Svarstad Haugland i ei aktiv rolle.

Ut frå visjonen «Stolt nynorsk» utdannar institusjonen kvart år ti nye praktikantar for radio- og fjernsynsjournalistikk. Per august 2019 har mediesenteret utdanna 150 nynorskpraktikantar, og 57 prosent av dei jobbar i media (kjelde: NRK Nynorsk mediesenter). Nynorsk mediesenter har også halde medietreningskurs.

Nynorsk mediesenter er eit dotterselskap i NRK og skifta i 2009 namn til NRK Nynorsk mediesenter. Dagleg leiar frå 2004 har vore Magni Øvrebotten. Nynorsk mediesenter er medlem i Nynorsk Forum. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto (2004): Dei fem første nynorskpraktikantane (f.v.: Inger Johanne Sæterbakk, Svein Ove Hansli, Knut Åge Teigen, Eli Bjelland og Maria Rivedal) med statsråd Valgerd Svarstad Haugland (t.v.) og leiar Magni Øvrebotten (t.h.) bak. Kjelde: NRK Nynorsk mediesenter. Nytta med løyve.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #noreg #nrknynorskmediesenter #nynorskmediesenter #nrk #kompetanse #journalist #journalistikk #reporter #radio #tv #fjernsyn #nettjournalistikk #nyhende #nyheiter #kringkasting #førde #valgerdsvarstadhaugland #magniøvrebotten #stoltnynorsk #distriktskontor #nynorskpraktikant #media #nynorskforum


0

1. september 1327 kunngjer erkebiskop Eiliv Arnasson i Bergen at lover «skal framførast på norrønt og etterpå skrivast på tavler som blir sette opp ved kvar bispestol og ved dei større kyrkjene på bygdene, slik at kvar den som vil, sjølv kan lese eller skrive av». Urnordisk var språket då runebokstavane blei skriftsystemet i Noreg frå om lag 200 e.Kr. Dei neste 500 åra endra språket seg til norrønt. Då kongemakta tok den katolske kyrkja til landet kring år 1000, innførte dei ein bokreligion og eit nytt skriftspråk: latin. Frå no av var Noreg eit fleirspråkleg land. Norrønt og latin blei nytta i ulike samanhengar, gjerne rista i runer til kvardags eller skrive med latinske bokstavar til kunst, helg og makt.

Kunngjeringa i 1327 vitnar om at situasjonen var spent mellom geistlege og verdslege makthavarar. Biskopane ville at folk skulle forstå dei lovene som blei kunngjorde for dei. Utover i seinmellomalderen blir det viktigare og vanlegare å skriftfeste avtalar og andre gjeremål.

Etter kvart vinn dansk fram som det dominerande skriftspråket i Noreg, særleg etter reformasjonen i 1536. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: Kulisteinen med runeinnskrift, kalla dåpsattesten til Noreg, då steinen frå tidleg på 1000-talet syner den første kjende bruken av namnet Noreg på norsk jord (kjelde: NTNU Vitskapsmuseet). Steinen stod opphavleg på Kuløy på Nordmøre og er i dag utstilt på NTNU Vitskapsmuseet i Trondheim. Fotokjelde: A.Davey på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #noreg #norrønt #runer #eilivarnasson #runebokstavar #urnordisk #kyrkja #latin #bokstavar #alfabet #seinmellomalderen #dansk #reformasjonen #kulisteinen #runestein #runeinnskrift #runealfabetet


0

I dag er det nasjonaldag i Malaysia til minne om sjølvstendet frå Storbritannia 31. august 1957.

Malayisk er førstespråket til over 40 millionar menneske og andrespråket til 250 millionar menneske i Malaysia, Brunei, Singapore, Indonesia, Aust-Timor og det sørlege Thailand. Malayisk har namnet sitt etter fyrstedømet 𝘔𝘦𝘭𝘢𝘺𝘶 'Malaya' på Sumatra.

𝘈𝘮𝘰𝘬, 𝘣𝘢𝘵𝘪𝘬𝘬, 𝘣𝘢𝘮𝘣𝘶𝘴, 𝘬𝘦𝘵𝘴𝘫𝘶𝘱 og 𝘰𝘳𝘢𝘯𝘨𝘶𝘵𝘢𝘯𝘨 er mellom dei best kjende lånorda våre frå malayisk. På malayisk heiter dei 𝘢𝘮𝘶𝘬 'raseriutbrot', 𝘣𝘢𝘵𝘪𝘬 'blomstrete', 'mønstrete', 𝘣𝘢𝘮𝘣𝘶 'bambus', 𝘬𝘦𝘤𝘢𝘱 'saus', 'duppe' og 𝘰𝘳𝘢𝘯𝘨 𝘩𝘶𝘵𝘢𝘯 'skogbuar', 'orangutang'. 𝘒𝘦𝘤𝘢𝘱 'saus', 'duppe' er opphavleg eit kinesisk ord – på ein sørkinesisk dialekt, amoy-dialekten, har dei ordet 𝘬𝘦𝘵𝘴𝘪𝘢𝘱, som tyder 'fiskesaus'. Malayisk har lånord frå mange språk, mellom anna sanskrit, arabisk, persisk, kinesisk, portugisisk, nederlandsk og engelsk. 'Bok' heiter både 𝘱𝘶𝘴𝘵𝘢𝘬𝘢 (sanskrit), 𝘬𝘪𝘵𝘢𝘣 (frå arabisk) og 𝘣𝘶𝘬𝘶 (frå engelsk/nederlandsk). ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: orangutang-mor (ordet orangutang kjem frå malayisk) med barn i dyrehagen ABQ BioPark Zoo i Albuquerque i New Mexico. Foto: Albuquerque BioPark på flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #malaysisk #språk #lingvistikk #språkiverda #ord #asia #malaysia #brunei #singapore #indonesia #austtimor #thailand #sumatra #malaya #amok #batikk #bambus #ketsjup #orangutang


0

30. august 1999 røystar eit stort fleirtal på Aust-Timor for sjølvstende frå Indonesia. Militære styrkar grip inn, og etter harde kampar blir landet sjølvstendig 20. mai 2002.

I Portugal fell Salazars diktatorregime etter den såkalla nellikrevolusjonen 25. april 1974, og 28. november 1975 kunngjer Aust-Timor sjølvstende frå Portugal. Få dagar seinare invaderer indonesiske styrkar landet, og landet blir ein indonesisk provins. Fram til 1999 blir truleg over 100 000 menneske drepne i konfliktar som følgjer av denne okkupasjonen, og når dei indonesiske styrkane forlèt landet, øydelegg dei det dei kan.

Det går eit klart språkskilje blant dei som har kjempa for fridom og sjølvstende. Dei eldre hallar til portugisisk, dei yngre til bahasa indonesia, medan somme føretrekkjer tetum, det største av minoritetsspråka i landet. Dei yngre taper: Aust-Timor er det einaste landet i Asia der portugisisk er offisielt språk – i tillegg til tetum. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: ei barnebok på tetum, trykt lokalt for eit bibliotek. Foto (2012): Ellen Forsyth, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #austtimor #timorleste #timor #indonesia #indonesisk #sjølvstende #fridom #asia #portugal #språk #portugisisk #bahasaindonesia #tetum


0

Den engelske filosofen John Locke var fødd på dagens dato i 1632. Han døydde i 1704. Locke vert rekna som grunnleggjaren av den engelske empirismen (erfaringsfilosofi). Medvitet til mennesket, påstod Locke, er som eit uskrive blad ved fødselen, tabula rasa: Førestillingane og ideane våre kjem først med erfaringa. Han kjempa for rasjonalisme og liberalisme og var ein banebrytar for gjennombrotet til opplysningstida. Omgrep som folkesuverenitet, rettstryggleik og maktfordeling stod sentralt hos han, og tankane hans fekk mykje å seie for USAs grunnlov.
Locke skreiv mellom anna verk som Essay Concerning Human Understanding (1690), Two Treatises of Government (1690) og Some Thoughts Concerning Education (1693). ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: mezzotint-portrett av John Locke, produsert av sir Godfrey Kneller (1646–1723). Kjelde: Wellcome Collection. CC BY 4.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #johnlocke #filosof #filosofi #empirisme #erfaringsfilosofi #tabularasa #rasjonalisme #liberalisme #opplysningstida #opplysingstida #folkesuverenitet #rettstryggleik #maktfordeling


0

John Lyng (1905–1978) var jurist og Høgre-politikar. 28. august 1963 vart han den første norske statsministeren for ei borgarleg firepartiregjering.

Som aktor i Rinnan-saka i Trondheim i 1946 vart John Lyng ein av dei første store «kjendisane» i etterkrigstida. Heile landet følgde med i denne store og kompliserte straffesaka.

Regjeringa Lyng, som bestod av Høgre, KrF, Senterpartiet og Venstre, vart utnemnd den 28. august 1963 og sat fram til 25. september. Ho vart felt på den regjeringsfråsegna som vart lagt fram. Akkurat denne hadde dei fire partia jobba svært mykje med. Fråsegna skulle vere så samlande at ho kunne nyttast som ei felles politisk plattform for eit borgarleg regjeringsalternativ ved stortingsvalet i 1965.

Den nye regjeringa var sjølvsagt ein sensasjon. Det var butikkar som heldt stengt på grunn av glede, og det strøymde på med gratulasjonar. Andre igjen frykta det verste, både av trygda skulle forsvinne og at samfunnet skulle gå i stå. John Lyng vart sjølvsagt hylla, og det likte han, men samstundes var han så blyg av natur at han kjende seg uvel av virak omkring sin eigen person.

Lyng-regjeringa var med sin knappe månad ved makta for ein fotnote å rekne om ein tenkjer på det regjeringa rakk å utføre. Symbolverdien var derimot enorm. På same måten som den endå kortare Hornsrud-regjeringa i 1928 viste at Arbeidarpartiet kunne nå fram gjennom den parlamentariske vegen, så viste Lyng-regjeringa at den ikkje-sosialistiske sida kunne få makt om partia sto saman. Sjølv ikkje Gerhardsen var uslåeleg. I ein slik samanheng vart Lyng-regjeringa eit politisk tidsskilje. ☞ Les meir om John Lyng på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: John Lyng. ©Stortingsarkivet/Scanpix.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #noreg #johnlyng #jurist #politikar #politikk #norskpolitikk #borgarleg #regjering #statsminister #borgarlegregjering #firepartiregjering #regjeringalyng #lyngregjeringa #høgre


0

27. august 1664 rykkjer ein engelsk ekspedisjon under leiing av Richard Nicolls inn i Nieuw Amsterdam på austkysten av Nord-Amerika.
Der har nederlendarar i teneste for Geoctroyeerde West-Indische Compagnie vore busette frå 1625 – dei kjøpte øya Manna-hatta for varer til ein verdi av 60 gylden. Nederlendarane gir seg utan strid, Nicolls blir guvernør for den engelske kolonien, og staden skiftar namn til New York.

Byen blir på 1800- og 1900-talet den viktigaste innvandringsportalen til USA. Vel 8 millionar menneske bur i byen, og den New York-baserte organisasjonen Endangered Languages Alliances meiner at innbyggjarane i New York talar om lag 800 språk. I så fall er kvart niande språk på jorda brukt dagleg i The Big Apple. Første gongen det uttrykket blir brukt om New York, er truleg i boka The Wayfarer in New York av Edward Martin i 1909. Tidleg på 1920-talet blir apple brukt om dei store prisane i dei mange hesteveddeløpa i byen. Dette spelar journalisten John J. Fitz Gerald i New York Morning Telegraph på når han i fleire artiklar skriv om the big apple, første gongen 3. mai 1921, som ein draum om å vinne der alt kan skje. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: ein søndag på Fifth Avenue i New York (cirkadatering 1890–1910). Fotograf: Severin Worm-Petersen. Eigar: Norsk Teknisk Museum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: NTM UWP 10968. CC BY 4.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #newyork #nieuwamsterdam #thebigapple #usa #amerika #richardnicolls #innvandring #utvandring #migrasjon #emigrasjon #utflytting #folkevandring #johnjfitzgerald


0

26. august 1842 sender Det Kongelige Norske Videnskapers Selskabs Vel i Trondheim ein arbeidsinstruks til Ivar Aasen «til fortsat Undersøgelse og lexikalsk samt grammatikalsk Bearbeidelse af de norske Dialekter». Selskapet vedtok 28. februar same året å gi Aasen eit årleg stipend for å studere «Bergen Stifts Dialekter». Nokre månader tidlegare har ei oppmoding frå biskop Jacob Neumann i Bergen om å hjelpe «denne mærkelige unge Bonde» nådd fram til Frederik Moltke Bugge i Trondheim. Han er rektor på katedralskulen i byen og preses (leiar) i Vitskapsselskapet.

Bugge rår i november 1841 direksjonen i Vitskapsselskapet til å yte ein årleg «Understøttelessum» til dette «ganske overordentlige videnskabelige, navnlig lingvistiske, Talent». Med årlege stipend frå Trondheim kan Aasen no gå i gang med det arbeidet han har sett seg føre som 22-åring i 1836 – å forme eit norsk skriftspråk ut frå talemåla til folk flest. Frå 1851 får Aasen stipend frå Stortinget og blir med det den første statsstipendiaten. Då har han busett seg i Kristiania.

På veggen hans heng i alle år lite anna enn eitt bilete: eit portrett frå 1841 av den gode hjelparen Frederik Moltke Bugge. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: litografi av Frederik Moltke Bugge. Litografiet ser ut til å vere laga etter eit måleri av Oscar Sivertsen. Cirkadatering 1830–1850. Bileteigar: Ivar Aasen-tunet. Nytta etter avtale.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #noreg #ivaraasen #frederikmoltkebugge #jacobneumann #ivaraasentunet #aasentunet #dialekt #lingvistikk #språk #detkongeligenorskevidenskapersselskabsvel #trondheim #bergen #oslo #kristiania #landsmål #stipend #statsstipend #vitskap #vitskapsselskapet #skriftspråk #talemål #norsk #litografi #portrett


0

I dag er det 144 år sidan skodespelar og sceneinstruktør Agnes Mowinckel (1875–1963) var fødd i Bergen.

Ho debuterte som skodespelar på Den Nationale Scene i 1899. I 1922 gjorde ho si første eigne iscenesetjing, med stykket Vårbrytning på Intimteatret. Mowinckel hadde si siste framsyning som Camilla Collett på Oslo Nye Teater i 1963.

Då Mowinckel kom til Det Norske Teatret i 1922, utgjorde norske og skandinaviske komediar ein stor del av speleplanen. Med Mowinckel sin regi fekk mange av dei eit kunstnarleg lyft.

Som instruktør prøvde Mowinckel seg fram med ulike verkemiddel. Bruk av lys og skugge skapte variasjon og kontrastar, noko ho hadde lært i London og Paris, men som var nytt på norske teaterscener. Musikk og rørsle og scenedekor skulle understreke innhaldet i stykket og gi teksten liv. Ho var den første norske regissøren som bestilte scenemusikk frå samtidskomponistar, og ho gav kunstmålarar i oppdrag å lage scenedekorasjonar.

Mowinckels pågangsmot og evner som instruktør gjorde henne til ein nyskapar av norsk teaterkunst generelt, og Det Norske Teatret spesielt. Med skifte av repertoar og eksperimentering i uttrykksformer vekte ho nyfiken interesse hos byborgarar som tidlegare hadde trekt på skuldrene av nynorskteatret. Også riksmålsfolk hadde sans for det spennande, profesjonelle teateret ho var med og utvikla. Dei vart eit trufast publikum. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: Agnes Mowinckel (fotografert rundt 1905). Fotograf: Karl Anderson. Eigar: Oslo Museum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: TM.T01141. CC BY-SA 4.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #agnesmowinckel #bergen #skodespelar #instruktør #regissør #regi #teater #drama #kultur #scene #detnorsketeatret #dennationalescene #oslonyeteater #intimteatret


0

24. august 79 drep eit vulkanutbrot frå Vesuv alt liv i byen Pompeii på det som den gongen er den italiske halvøya. Byen er truleg blitt grunnlagd på 700-talet f.Kr., og romarane tok kontroll over byen i 89 f.Kr.

Den 6. april 1758 tek arbeidet til med å grave byen fram or eit oskelag som på det meste er 25 meter tjukt. Byen ligg der som eit urørt avtrykk av liv og språk berre nokre tiår etter at Jesus blei krossfesta i Jerusalem. Husveggene er fulle av latinske innskrifter – frå kunngjeringar til reklame. På dei offentlege toaletta i byen er gatelatin flittig brukt, og den skil seg frå klassisk eller litterær latin.

Latin var i si tid eit regionalt språk brukt i Roma og omlandet Latium rundt byen, som etter romerske legender blei grunnlagd 21. april 753 f.Kr. Truleg talte romarane då ei eldre form for latin. Dei eldste skriftlege spora etter latin er frå 500-talet f.Kr. Etter kvart som Roma veks i makt og mynde og Romarriket blir stormakta, blir også latin eit meir utbreidd språk.

Såkalla klassisk latin blir brukt frå om lag 100 f.Kr. til 200 e.Kr., seinlatin i perioden 200–600. Det latinske alfabetet lånte romarane frå etruskarane, som budde nord for Roma. Då latinen breier seg utover, kjem etruskisk under press og går ut av bruk.

Aust i Romarriket dominerer gresk. Læresveinen Paulus er fødd og oppvaksen i Tyrkia, men skriv romarbreva sine på gresk. Den vestlege delen av Romarriket går i oppløysing i 476, og latin blir delt i fleire romanske språk, men blir også verande det store lærdomsspråket i Europa like til 1700-talet. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: graffiti på veggen på ei utgraven bygning i Pompeii, fotografert i januar 2014. Kjelde: Rachel Clarke på flickr.com. CC BY-NC 2.0. #allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #pompeii #vesuv #vulkan #italia #innskrift #latin #roma #latinum #romersk #romarriket #klassisklatin #alfabet #etruria #gresk #paulus #romarbreva #europa #antikken


0

I dag opnar Litteraturdagane i Vinje i Telemark. 🎉 Festivalen blir arrangert av @vinjesenteret 23.–25. august.

Litteraturdagane i Vinje er ein litteraturfestival som har vore arrangert i Vinje i Telemark sidan 2001. Utgangspunktet var å lage program om diktarane frå Vinje. Seinare har festivalen vorte utvida til ein festival som legg vekt på nynorsk litteratur og journalistikk.

Laurdag står Ola Bremnes (biletet) på scena under festivalen. Ola Bremnes (f. 1955 i Svolvær) er ein nordnorsk musikar, forfattar og trubadur. Han har gitt ut ei rekkje album og har mellom anna tolka og sett nye melodiar til tekstar av nordlandspresten Petter Dass.

Den første plateinnspelinga, Folk i husan, kom i 1980. Saman med syskena Kari og Lars Bremnes har han mellom anna gitt ut platene Ord fra en fjord (1992) og Soløye (2000). Melodien «Mi pia. Din gutt», frå albumet Livstegn (2004), det første soloalbumet hans, sette historisk rekord på Norsktoppen, med 95 veker på rad. Visa «Har du fyr» har vorte allemannseige gjennom nyinnspelinga til den nordnorske gruppa Hekla stålstrenga.

Bremnes har skrive fleire bøker. Nu vil vi legge ut (1983) og Jubel og sang (1997) inneheld salmar, songar og viser. Kirkemellom (2001) er ei vakker biletbok om nordnorske kyrkjebygg. I 2007 kom barneboka Trøbbel i trapesen.

Ola Bremnes fekk Spellemannprisen for Soløye, saman med Kari og Lars Bremnes, i 2000. Han har òg fått Blixprisen (1994), Nordlysprisen (2004) og Prøysenprisen (2009). ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: Øyvind Arvola / olabremnes.no (pressefoto, fri til redaksjonell bruk). #allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #noreg #litteraturdaganeivinje #litteraturdagane #vinjesenteret #nynorskkultursentrum #festival #litteratur #journalistikk #vinje #vinjeitelemark #telemark #olabremnes #bremnes #svolvær #mipiadingutt #hardufyr #musikk


0

I dag er det 158 år sidan Henrik August Johanson Angell (1861–1922) var fødd i Luster i Sogn.

Henrik Angell var offiser, forfattar, militærromantikar og krigshelt. Han gjekk på ski over Hardangervidda før Fridtjof Nansen, og han fremja interessa for skiidrett i Noreg og utanlands.

Han utdanna seg ved Krigsskulen i Kristiania frå 1877 til 1882 og den militære høgskulen frå 1882 til 1886. Med aspiranttid i generalstaben steig han raskt i gradane, og han vart oberst og regimentsjef i 1911. I 1918 fekk han avskil i nåde for å verve seg til den franske framandlegionen. Han kjempa først på Vestfronten. Seinare, under teneste i Murmansk, vart han hardt skadd og vende heim til Noreg i 1920. Før han døydde, skreiv han artiklar og heldt foredrag om dei eventyrlege opplevingane sine.

Debutboka hans var ei lærebok i teikning i 1893. Seinare kom om lag tjue bøker, særleg reiseskildringar og krigshistorie. Populær vart Gjennem Montenegro paa ski (1895), basert på ein ekspedisjon Angell gjorde under eit studieopphald i Montenegro, der han studerte den montenegrinske fridomskampen. Opplagstala var svært høge på nokre av arbeida hans. Angell var målmann og gav ut fleire bøker på nynorsk. Mykje av den litterære produksjonen vart omsett til serbisk og fransk.

Angell gjekk på ski over Hardangervidda i 1884, like før Fridtjof Nansen gjorde det same. Angell ønskte å vere med på skiferda over Grønland, men det vart med draumen. Han er elles rekna som grunnleggjaren av skiidretten i Montenegro, og han var med på å etablere den første skiskulen i Frankrike.

Angell vart den første norske medlemen av Den internasjonale olympiske komité (IOC), i 1905. Han fekk mange utmerkingar, mellom anna det serbiske militærkorset, det britiske militærkorset og det franske krigskorset med rosett. Under OL i Sarajevo i 1984 vart skisportpioneren Angell heidra med ei minnetavle i Cetinje. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: Ivar Aasen-tunet.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #noreg #henrikangell #krigshelt #forfattar #offiser #militær #målmann #luster #sogn #ski #hardangervidda #skiidrett #skisport #pioner #montenegro #OL #IOC


0

20. august 2001 sender NRK og SVT for første gong nyheitsprogram på samisk – Ođđasat. Då har NRK sendt det samiske tv-programmet ČSV sidan 1990 og radioprogram på samisk i 45 år.

Den 8. november 1946 opnar NRK fast radiosending på nordsamisk frå Tromsø med 21 år gamle Sara K. Hætta i studio. Den første tida er sendinga på 20 minutt kvar veke. Lars Normann Sørensen var blitt programsekretær i Finnmark kringkaster i 1934 og sytte for at ei samisk gudsteneste i Polmak 24. desember 1936 blei teken opp og seinare send på radio. Seinare blir han leiar for NRK i Troms og Finnmark og bestemmer seg for å setje i gang sendingar på samisk – utan løyve frå leiinga i NRK og i strid med offisiell norsk politikk om å assimilere samane.

Fleire blir med og lagar radiosendingane, mellom dei Kathrine Johnsen frå Tana i 1948. Ho blir fast tilsett i 1959, men møter mykje motstand. I eit møte med henne i 1960 hevdar kringkastingssjef Kaare Fostervoll at «om fem år vil samisk språk dø ut, og om ti år er det helt borte». Johnsen driv sendingane åleine i nesten ti år og får tilnamnet «Sameradioens mor». I åra 1949–64 går sendinga frå Vadsø, seinare frå Tromsø til Sameradioen frå 4. november 1976 blir send frå Karasjok. Frå 1966 går sendingane også til Nord-Finland. NRK tek til med sendingar på sørsamisk i 1973 og på lulesamisk i 1975. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: kulissar frå Mánáid-TV (Barne-TV), som vert produsert i NRK Sápmi (@nrksapmi) i Karasjok. Første sending av Mánáid-TV kom på skjermen i 1991. Foto (2014): Audhild Gregoriusdotter Rotevatn / Allkunne.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #noreg #samisk #ođđasat #oddasat #čsv #nordsamisk #sørsamisk #lulesamisk #karasjok #tromsø #vadsø #troms #finnmark #finland #nrk #sameradioen #nrksápmi #nrksapmi #mánáidtv


0

20. august 1977 skyt NASA opp den 722 kg tunge, ubemanna romsonden Voyager 2 frå Cape Canaveral for å studere det ytre solsystemet.
Om bord ligg 𝘝𝘰𝘺𝘢𝘨𝘦𝘳 𝘎𝘰𝘭𝘥𝘦𝘯 𝘙𝘦𝘤𝘰𝘳𝘥, ei 12” forgylt koparplate med munnlege helsingar på 55 språk, to skriftlege helsingar frå dåverande president Jimmy Carter i USA og generalsekretær Kurt Waldheim i SN, musikk, foto og naturlydar. Dei 55 språka strekkjer seg frå akkadisk, arameisk og latin til guaratí, mandarin og svensk: «Hälsningar från en dataprogrammerare i den lilla universitetsstaden Ithaca på planeten Jorden». Satellitten passerer Jupiter i 1979, Saturn i 1980, Neptun i 1989 og var i 2013 på veg ut av solsystemet vårt. Signal kjem framleis attende til jorda, og etter planen skal dei gjere det minst til 2025. Om 300 000 år er romsonden fem lysår unna dobbeltstjerna Sirius.

Første gongen slike meldingar blei sende ut i verdsrommet, var med romsonden Pioneer 10 den 3. mars 1972. Med på ferda og festa til ei antenne er ei forgylt aluminiumsplate 152 x 229 mm med figurane av ein naken mann og ei naken kvinne saman med ulike symbol. Etter ein idé frå Eric Burgess og Richard Hoagland fekk astronomen Carl Sagan og kona Linda Salzman Sagan nokre dagar på seg til å forme innhaldet. Pioneer 11 blir skoten opp 6. april 1973 retning Jupiter og har med seg den same plata, utan noko formidla i verbalspråk. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: kopi av 𝘎𝘰𝘭𝘥𝘦𝘯 𝘙𝘦𝘤𝘰𝘳𝘥, som låg om bord på Voyager 1 og Voyager 2, utstilt ved Steven F. Udvar-Hazy Center på Smithsonian National Air and Space Museum i Chantilly i Virginia i USA. Kjelde: Wayne Hsieh på flickr.com. CC BY-NC 2.0.
#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #romfart #voyager2 #nasa #voyagergoldenrecord #goldenrecord #voyagergoldenrecords #soundsofearth #capecanaveral #jimmycarter #kurtwaldheim #jorda #tellus #verda #planet #verdsrommet #romsonde #satellitt #saturn #neptun #jupiter #sirius #solsystemet #voyager #pioneer10


0

Reinli stavkyrkje er ei stavkyrkje i Sør-Aurdal kommune i Valdres, og ho ligg i Hamar bispedøme. Kyrkja er bygd tidleg på 1300-talet.

Reinli stavkyrkje er ei einskipa stavkyrkje. Ho har eit enkelt rektangulært skip utan frittståande stavar og eit kortare kor med apsis i full breidde. Kyrkja er den einaste stavkyrkja som har vore bygd med skip og kor i same breidd. Ein lukka svalgang går rundt kyrkja. I alt har kyrkja seks portalar, tre i svalgangen og tre i sjølve kyrkja, og dei er dekorerte med halvsøyler og pilastrar.

Reinli stavkyrkje er ei av dei best bevarte stavkyrkjene våre. Ho har 12 innviingskrossar frå mellomalderen, og ho er den einaste kyrkja i landet som enno har alle dei tolv krossane. Elles har det vore store endringar innvendig, og berre altertavla og døypefonten er att av inventaret frå mellomalderen. Stopulen stod opphavleg på den andre sida av vegen. I 1826 vart det bygd ny stopul, og i 1870-åra vart han ombygd, slik at han òg kunne fungere som porthus. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: Reinli stavkyrkje. Kjelde: Robot Brainz på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #noreg #stavkyrkje #stavkyrkjer #reinli #reinlistavkyrkje #søraurdal #valdres #hamar #kyrkje #mellomalderen #norskekyrkjer #norskestavkyrkjer #stavkirke #pilegrim #pilegrimsferd #pilegrimsvegen


0

I dag er det 111 år sidan Olav H. Hauge (1908–1994) var fødd i Ulvik.

Forfattaren og fruktdyrkaren Hauge vart etter kvart ein av dei fremste norske lyrikarane på 1900-talet, omsett til over tjue språk og sjølv ein viktig omsetjar av lyrikk frå engelsk, tysk og fransk.

Hauge kan lesast både som romantikar og modernist. Han debuterte med diktsamlinga Glør i oska i 1946, og han gav i alt ut sju samlingar med eigne dikt.

Diktet «Det er den draumen» (frå diktsamlinga Dropar i austavind, 1966) vart i 2016 kåra til Noregs beste dikt gjennom tidene av sjåarane og lyttarane til NRK-programserien «Dikt & forbannet løgn». Hauge fekk fleire prisar, mellom anna Kritikarprisen 1961 for samlinga På Ørnetuva og Diktartavla i 1993. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: Olav H. Hauge og hesten. Frå Olav H. Hauge-senteret sitt arkiv.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #noreg #språk #olavhhauge #litteratur #dikt #lyrikk #omsetjing #diktar #lyrikar #forfattar #fruktdyrkar #romantikar #modernist #glørioska #deterdendraumen #dropariaustavind #påørnetuva #kritikarprisen #diktartavla #ulvik #haugesenteret #olavhhaugesenteret


0

17. august 1707 døydde diktaren og presten Petter Dass (f. 1647) i Alstahaug i Nordland, der han var sokneprest frå 1689.

I 1683 gav han ut Den nordske Dale-viise, ein forløpar til hovudverket Nordlands Trompet, eit breitt dikt om menneske og natur i landsdelen, som først vart gitt ut i 1739. Verket er karakterisert som barokt frodig med stort tilfang av særnorske ord og norsk syntaks, og det har hatt mykje å seie for seinare norsk litteratur.
Den religiøse diktinga hans er samla i fire verk, mellom anna Katechismus-Sange frå 1715 og Alle Evangelia Sangviis forfattet. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Bilete: portrett av Petter Dass. Fotografert av Severin Worm-Petersen, truleg i tidsrommet 1905–20. Eigar: Norsk Teknisk Museum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: NTM UWP 10832. CC BY 4.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #språk #petterdass #diktar #prest #sokneprest #alstahaug #herøy #nordland #helgeland #nordlandstrompet #barokk #nordnorsk #dikt #dikting #norsklitteratur #litteratur


0

Virkelig (@virkeligband) er eit band frå Bodø som lagar energisk rockemusikk på dialekt.

Virkelig vart danna i Bodø i 2014. Bandet består av Tobias Aamodt på vokal og gitar, Erlend Nygaard på bassgitar og Sondre Lund Johansen på gitar.

I 2015 sleppte bandet låten «Cecilie», som nådde høg rotasjon på radiokanalen NRK P3. Året etter kom «Uansett ka», og i 2017 «Kor blei vi av». Det første albumet kom i 2018, med tittelen Lykke til i livet. «Storbyangst» og «Ballettdanseren» er to låtar som har vore mykje spela i norsk radio.

Låtane til Virkelig handlar gjerne om eit komplisert kjærleiksliv, men tekstane fortel at det er viktig å ta vare på kvarandre sjølv om ein ikkje har fasit på korleis eit parforhold skal levast. I låten «Storbyangst» (2018) møter vi ein ungdom sin redsel for å verte vaksen. Virkelig har eit straumlinjeforma og ryddig musikalsk uttrykk, og låtane deira ligg i eit spenn mellom pop, rock og indierock. Musikkmeldarane framhevar det melodiøse i låtane, og at bandet har energiske sceneframføringar. Dei syng på Bodø-dialekt.

Både i musikk og i formidling er Virkelig i nær slekt med John Olav Nilsen, den nordnorske artisten Sondre Justad og det nordnorske bandet Kråkesølv. ☞ Les meir om musikk på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Bilete: bandfoto av Virkelig. Fotograf: Jørgen Nordby. Kjelde: virkelig.bandcamp.com. Brukt med løyve.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #språk #virkelig #musikk #norskmusikk #norskrock #kultur #band #rockeband #rockegruppe #dialekt #bodø #kjærleik #ungdom #rock #pop #indierock #energisk #melodiøs #nordnorsk #sondrejustad #kråkesølv #johnolavnilsen


1