#litteraturdagane

Instagram photos and videos

#litteraturdagane#festival#litteraturdaganeivinje#vinje#journalistikk#salmebok#eliasblix#musikk#hardufyr#mipiadingutt#svolvær#bremnes#olabremnes#telemark#vinjeitelemark#oppdragmottro#litteratur#turné#nynorskkultursentrum#vinjesenteret#noreg#nynorsk#kunnskap#encyclopedia#leksikon#levandeleksikon#allkunne

Hashtags #litteraturdagane for Instagram

Knallkjekt i Vinje. For eit hjartevarmt publikum! tusen takk! #oppdragmottro #turné #hordalandteater #litteraturdagane


2

I dag opnar Litteraturdagane i Vinje i Telemark. 🎉 Festivalen blir arrangert av @vinjesenteret 23.–25. august.

Litteraturdagane i Vinje er ein litteraturfestival som har vore arrangert i Vinje i Telemark sidan 2001. Utgangspunktet var å lage program om diktarane frå Vinje. Seinare har festivalen vorte utvida til ein festival som legg vekt på nynorsk litteratur og journalistikk.

Laurdag står Ola Bremnes (biletet) på scena under festivalen. Ola Bremnes (f. 1955 i Svolvær) er ein nordnorsk musikar, forfattar og trubadur. Han har gitt ut ei rekkje album og har mellom anna tolka og sett nye melodiar til tekstar av nordlandspresten Petter Dass.

Den første plateinnspelinga, Folk i husan, kom i 1980. Saman med syskena Kari og Lars Bremnes har han mellom anna gitt ut platene Ord fra en fjord (1992) og Soløye (2000). Melodien «Mi pia. Din gutt», frå albumet Livstegn (2004), det første soloalbumet hans, sette historisk rekord på Norsktoppen, med 95 veker på rad. Visa «Har du fyr» har vorte allemannseige gjennom nyinnspelinga til den nordnorske gruppa Hekla stålstrenga.

Bremnes har skrive fleire bøker. Nu vil vi legge ut (1983) og Jubel og sang (1997) inneheld salmar, songar og viser. Kirkemellom (2001) er ei vakker biletbok om nordnorske kyrkjebygg. I 2007 kom barneboka Trøbbel i trapesen.

Ola Bremnes fekk Spellemannprisen for Soløye, saman med Kari og Lars Bremnes, i 2000. Han har òg fått Blixprisen (1994), Nordlysprisen (2004) og Prøysenprisen (2009). ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: Øyvind Arvola / olabremnes.no (pressefoto, fri til redaksjonell bruk). #allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #noreg #litteraturdaganeivinje #litteraturdagane #vinjesenteret #nynorskkultursentrum #festival #litteratur #journalistikk #vinje #vinjeitelemark #telemark #olabremnes #bremnes #svolvær #mipiadingutt #hardufyr #musikk


0

I dag var eg ein del av ein liten flokk og den store flokken. Vi sat ein liten flokk i Lårdal kyrkje og song dei heilt same salmane i den heilt same kyrkja som braut lova første gong og gjorde nynorsk til kyrkjespråk. Plutseleg fekk norske tungemål plass i bøkenes bok. Plutseleg fekk trua eigne nye ord. Og der dat vi og song salmane som opna det heile for 150 år sida. Arrangementet var eit samarbeid mellom kyrkja og @vinjesenteret #litteraturdagane #eliasblix #salmebok


0

The end of the page