#nynorsk

Instagram photos and videos

#nynorsk#dikt#poesi#lyrikk#norskedikt#instadikt#instapoesi#ord#poet#norskpoesi#renpoesi#norsklyrikk#nynorskpoesi#nynorsklyrikk#dikter#instapoet#mikropoesi#forfattar#poesipånynorsk#poesipånorsk#mikrodikt#dikting#sitat#seidetpånynorsk#nynorskforfattar#skrivepånynorsk#poeterpåinstagram#instalyriker

Hashtags #nynorsk for Instagram

Lesehesten i Alver har vore ute med bokgåve i dag📚🐴 #lesehestenialver #nynorskdaganeialver #nynorsk #feiring #språkeridentitet @detnorskesamlaget


0

Hurra🎈 Opning av dei aller fyrste Nynorskdagane i Alver, og bokbussen i ny drakt🚍 #nynorskdaganeialver #opning #bokbussen #strilabiblioteket #alverlove #nynorsk @radoykommune


0

Dette veit eg, nemleg at det finst noko som er berre vondt, men som aldri viser seg, og det einaste du kan gjere er å tvinge det inn i alle små oppgåver du kan gjere med hendene, dele det opp og binde det i alle små arbeid.

Anbefales!

#larssvisdal #segtilinkjes #gyldendal #tarjeivesaasdebutantpris #lest2019 #read2019 #instabook #bookstagram #bookstagrammer #bookcover #booksofinstagram #lesetid #goodreads #goodreadschallenge #kaffe #coffee #vintage #helg #nynorsk #septemberreads


0

Multikunstnaren Erlend Kaasa har nyleg kome ut med sin tredje roman. Det spesielle med den er at det aller meste skjer i Arna. Og han serverer svik, begjær og trekantdrama. Sak kjem til veka 🙂😎. #erlendkaasa #nynorsk #arna #arnavgs #litteratur #roman #musikar #familiepappa #medievitar #lærar #bygdanytt. Foto: @anderstotland80. Q


0

Mamma si banankake 💛
Hjelpar: L 4,5år
Oppskrift:
4 egg og 2 koppar sukker (eggedosis)
1 kopp smelta smør
3 koppar kveitemjøl
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
1 ts natron
2 moste bananar (modne)

175 gradar 50 min
Nedste rille i omnen

#banankake #banan #kake #nynorsk #oppskrift -
-

@borgundmallag
@noregsmallag


0

Ny helg, ny bok: Trilogien av Jon Fosse. Dette er faktisk den 160. (!!?) boka eg leser i år! Jammen har det gått unna. Og denne her går det nok også fort i svingane med, for dette er ei typisk Fosse-bok (= cirka NULL punktum), og samstundes litt utypisk (for det går så enormt fort å lese denne, klarar liksom ikkje legge ned boka (- som igjen heng litt i Saman med mangelen av punktum...) Vi følgjer i denne boka eit ungt kjærestepar som leiter etter eit sted dei kan kalle for heime. (Iallfall er det slik er velgjer å oppsummere den første halvdelen som eg no har lese.) #MarteLeser #Lesti2019 #jonfosse #trilogien #samlaget #nynorsk


0

Gjenbruk av dette. ❤️ Eldstejenta er femten i dag. Ei sjølvstendig, trygg, kjekk jente, som veit kva ho vil (og av og til litt for godt kva ho ikkje vil 😅). Eg er ikkje så flink å rosa som eg burde vore. Tenkjer litt for ofte at det er jo openbart at ho er ei super jente. Men samstundes veit eg kor sårbar ein generelt er i den alderen. Så eg skal prøva å vera flinkare! Du er BRA @ingeborg.audestad 😘 #poesi #nynorsk #lyrikk #dikt #ros


8

14. september 1890 publiserer det italienske magasinet Il Secolo Illustrato della Domenica «Per passare il tempo» (Tidsfordriv) av Giuseppe Airoldi. Dette er det aller første kryssordet, på 4 x 4 felt, utan svarte felt.

Til USA kjem den nye bokstavgåteleiken 21. desember 1913. Då prentar søndagsavisa New York World det dei kallar «Word-cross», laga av den engelske journalisten Arthur Wynne, også det utan svarte felt. Orda blir seinare bytte om til «Crossword». Nokre år seinare er det blitt ein farsott, og det dannar seg ulike grunnmønster.

Amerikanske kryssord har få svarte felt, engelske har mange, og i japanske kryssord skal gjerne ikkje to svarte felt stå kant-i-kant og aldri som hjørnefelt. I kryssord på språk som fransk, spansk, italiensk, rumensk og russisk ser ein bort frå diakritiske teikn, til skilnad frå kryssord på serbisk, slovakisk og ungarsk. ☞ Les meir på allkunne.no ☜

Foto: Illustrasjon av kryssord på nynorsk. Kjelde: anMarton på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #noreg #språk #kryssord #tidsfordriv #giuseppeairoldi #perpassareiltempo #ilsecoloillustratodelladomenica #italia #bokstavgåte #hjernetrim #kryssordoppgåve #ord #bokstavar #leik #avis #magasin


0

...og så var ei veke prega av politiske dragkampar over. Vi ønskjer god helg til alle med denne klassikaren! #nynorsk #noregsmallag #dialekt #norsk


2

Skrivarar om skriving (serie): #josephconrad #sitat #omsetjing #nynorsk #skrivesenteret


0

No har vi fått Sytalaust-handlenett i grått og raudt også! 😍 #sytalaust #handlenett #bærekraftig #dialekt #identitet #nynorsk #nynorskverksemd #handlelokalt #lokalhandel #nisjebutikk #kjekketing som du finn i #eidsgata og på #bergartsmykke.no


0

13. september 1592 døyr den franske statsmannen og forfattaren Michel de Montaigne, 59 år gamal. Det viktigaste han gjorde, tok til i 1571.

På 38-årsdagen 28. februar 1571 trekkjer han seg frå alle offentlege verv og blir med sine 3500 bøker verande i slottet Château de Montaigne i Périgord, Bordeaux. Der skriv han nokon ingen har gjort før, like til han i 1580 går ut i verda att. Dagen etter signerer han forordet til eit bokverk med ein tittel som for ettertida også blir nemninga for den sjangeren Montaigne har skapt: 𝘌𝘴𝘴𝘢𝘪𝘴.

Verket kjem ut i to delar, kalla bøker, i Bordeaux i 1580. Ei ny utgåve i 1588 inneheld også ei tredje bok. Med sitt nye eg-perspektiv blir dette eit språkleg og kulturelt paradigmeskifte i den vestlege verda. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: Framsideillustrasjon frå 𝘌𝘴𝘴𝘢𝘺𝘴 𝘰𝘧 𝘔𝘪𝘤𝘩𝘢𝘦𝘭 𝘚𝘦𝘪𝘨𝘯𝘦𝘶𝘳 𝘥𝘦 𝘔𝘰𝘯𝘵𝘢𝘪𝘨𝘯𝘦, 𝘝𝘰𝘭. 1. London 1711. Kjelde: The Wolf Law Library på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.
#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #språk #micheldemontaigne #fransk #frankrike #périgord #bordeaux #statsmann #forfattar #bordeaux #essais #essay #litteratur #skrift #skriftkultur #sjanger #tekst #prosa #essayistikk #verkemiddel #subjektiv #stilistisk #essayist #essaytradisjon #bokhistorie


0

Så feil kan ein ta 🤷‍♀️❤️ #kjærleik #poesi #nynorsk #lyrikk #dikt #poesi


3

Jan Egeland er statsvitar, politikar, generalsekretær i Flyktninghjelpen og tidlegare visegeneralsekretær i FN. Han har i mange år arbeidd med menneskerettar. Egeland fyller 62 år i dag.

I 1987–90 var han informasjonsleiar og så utanlandssjef for Raudekrossen i Noreg. Egeland var personleg rådgivar for utanriksminister Thorvald Stoltenberg frå Arbeidarpartiet i 1990–92, statssekretær i utanriksdepartementet i 1992–97, spesialrådgivar i Raudekrossen i 1997–99 og spesialrådgivar for FN i Colombia i 1999–2001.

I perioden 2002–03 arbeidde han som generalsekretær for Raudekrossen i Noreg, han var visegeneralsekretær for humanitær bistand og naudhjelp i FN i 2003–06 og spesialrådgivar for generalsekretæren i FN i 2007. Frå 2007 til 2011 var Egeland direktør ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI), i 2011–13 var han europadirektør i Human Rights Watch, og han blei generalsekretær i Flyktninghjelpen i 2013.

Egeland har arbeidd mykje med konfliktløysing, nødhjelp, demokrati og menneskerettar, og han var den som koordinerte dei første samtalane som førte til Osloavtalen, mellom Israel og PLO, i 1993. Han har òg arbeidd med fredsforhandlingar mellom anna i Guatemala, Sudan, på Balkan, Kypros og i Colombia og greier å mobilisere massemedia for å gi saker merksemd.

Egeland blei tildelt Peer Gynt-prisen i 2005, og Time Magazine kåra han i 2006 som eit av dei 100 menneska i verda som har mest påverknadskraft. Han har hatt verv i Amnesty International og sat i styret til International Crisis Group fram til 2012. Frå 2015 til 2018 leidde han ei arbeidsgruppe oppnemnd av FN for å gi vern til syriske flyktningar, og målet var å få på plass ein fredsavtale. ☞ Les meir på allkunne.no ☜
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Foto: Jan Egeland taler på ein FN-pressekonferanse i Genève 20. oktober 2016. Fotograf: Luca Solari. Kjelde: UN Geneva på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

#allkunne #levandeleksikon #leksikon #encyclopedia #kunnskap #nynorsk #noreg #janegeland #statsvitar #politikar #generalsekretær #flyktninghjelpen #fn #raudekrossen #nupi #humanrightswatch #konfliktløysing #nødhjelp #demokrati #menneskerettar #osloavtalen #fredsforhandlingar #fred #syria


0