#sirisoge

Instagram photos and videos

#sirisoge#gramoftheday#mittvestland#got__greatshots#norway2day#ig_week_scandinavia#norway_photolovers#essence_of_norway#pocket_norway#the_gallery_of_magic#rsa_ladies#nortrip#ig_serenity#nuriss_wow_landscape#raw_norway#wu_norway#loves_norway#ig_troya#sky_brilliance#utno#highlightsnorway#fjordkysten#shotwithlove

Hashtags #sirisoge for Instagram

Novemberdagen hadde akkurat såvidt starta å dimma lyset, sola skein ikkje lenger på kvite fjelltoppar eller gjennom skogen, spennet mellom dagslys og kveldsmørkre balanserte akkurat nok til at lykta vart tent og kunne spegla seg i fjorden, akkurat nok til at padlaren kunne finna vegen heim før mørkret tok han, akkurat nok til at damer som likar glødande gåsehud og einsifra badetemperaturar kunne sjå kor dei sette føtene i badetrappa. Å gjenoppdaga vinterbading har gitt gode grøss og glede. Det første badet er alltid raskt og gir mest gysingar, medan bad nr 2 er det saliggjerande der eg kan flyta litt lenger i augneblinken, utan tanke på det som har vore eller det som kjem. På ca 15 minutt er vekas høgdepunkt over, kroppen sitrar, klemmane er varme, og me dreg kvar til vårt, med ein helseeffekt som garantert varer kvelden ut, minst.
.
.
#mentaltsilkeføre #gåsehuddamene #sirisoge


13

Kick ☀️💦 ❄️For eit varmt fint lys det var då dei siste solstrålene traff badestigen og fjorden. Ikkje at det utgjorde nokon forskjell på temperaturen verken i lufta eller vatnet. Det er godt å vera igang med bading igjen, etter eit års pause. Dette er jo det beste rituelle grøsset eg veit! Eg er takksam for glade badenymfer som har fått meg med uti igjen. .
.
.
.
.
.
.
.
.
. . .
#yrbilder #tv_aqua #mittvestland #norway2day #loves_united_norway #sky_perfection #ig_serenity #fjordkysten #rsa_ladies #bns_sunset #sunset_greece #9vaga_skyandviews9 #sky_brilliance #ig_week_sunsets #essence_of_norway #norway2inspire #norway2day #love_all_sky #sirisoge #nb_nature_brilliance #fivestar_sunsets #world_great #rsa_outdoors #soul_curry_nov #gåsehuddamene


17

.
Allehelgensnatta
aleine,
men likevel ikkje
aleine
mellom trær og fjell
ved eit vatn
under ein tindrande stjernehimmel
i universet over
meg, i meg.
Hjorten bura
fossen dura
og halvmånen
brukte ein halvtime på å gli
forbi dalsøkket.
Frostkrystallar funkla.
Bålet brann,
sende gnistrande glør
i møte med eit stjerneskot,
slik eg tenkte tankar
om dei som var.
Hjartet slo stadig stødigare.
Pusten og pulsen prega
av natt i naturen. .
.
Håpet, heime i naturen, der stigande morgonsol sakte måla fjell i pastell
.🌜✨🔥⛺️☀️
.
.
.
.
.

#mittvestland #mittfriluftsliv #utno #sirisoge #rsa_outdoors #ig_seremity #nortrip #stedervielsker #tree_magic #hugs_for_trees #tree_captures #tree_brilliance #raw_norway #raw_alltrees #gotd_2395 #gramoftheday #fjordkysten #nrksf #loves_trees_rural #tv_landscapes #bns_landscape #norway2inspire #norway2day #highlightsnorway #norge #vakrediktutfordring #bns_mountain #turistforeningen #layersweek_nio #soul_curry_nov


25

Det var ein slik sein ettermiddag der ei pjusk dotter og ei slækk mamma sat framfor TV-skjermen og åt Grandiosa til middag, når den kvite stoveveggen sakte byrja skifta farge. Då var det berre å hiva seg i bilen og køyra mot vest, mot fargeterapi de luxe og litt saltvatnluft i lungene. Det endte med kvalitetstid både inne og ute denne dagen🙏🏻
.
.
.
.
.
.
☀️🔥☺️💕
.
.
. .
#yrbilder #tv_aqua #mittvestland #norway2day #loves_united_norway #sky_perfection #ig_serenity #fjordkysten #rsa_ladies #bns_sunset #sunset_greece
#9vaga_skyandviews9 #sky_brilliance #ig_week_sunsets #splendid_reflections #insta_sky_reflection #love_all_sky #sirisoge #loves_reflections #nb_nature_brilliance #water_brilliance #water_captures #raw_nordic #moody_captures #fivestar_sunsets #gramoftheday #gotd_2398 #layersweek_nio


16

.
Me ville sjå dei høge, bratte fjella, og det isande, grøne vatnet dei steig opp frå. Me ville sjå sola glitra i fjord og på snødryssa toppar. Me ville sjå båtane på fjorden, gjerne spegla i blikkstille vatn. Me ville sjå dei grøne markene med sauer som beita harmonisk på sine siste dagar før slaktinga. Me var på familieutflukt, og ville visa jentene våre Oldedalen, med knallblå oktoberhimmel over. .
Den slåande naturen me ville sjå låg svøpa i skodde, men det me fekk var både magisk og mystisk: spindelvev med glitrande diamantdogg, lyssett av skoddesol frå himmel og på fjord. Note to self: det er ikkje alltid best å få det ein ynskjer seg, stundom finst det noko endå finare🙏🏻 .
.
.
.
.
.
.

#loen #mittvestland #9vaga_skyandviews9 #rsa_outdoors #loves_reflections #bns_reflection #raw_norway #ig_week_scandinavia #ig_serenity #igworld_global #nb_nature_brilliance #nortrip #meoutdoor #scandinaviantravels #thenordicmood #mistyfoggymilkymoody #water_captures #essence_of_norway #splendid_reflections #moody_captures #fjordnorway #norway2day #gotd_2362 #gramoftheday #sirisoge #layersweek_nio


31

« GI TID» ❤️er tema idag, på Verdsdagen for psykisk helse.
.
❤️
.
Naturen er heilt sentral i livet mitt, for den fysiske og mentale helsa. For å kunna GI TID av kvalitet til andre, må eg óg gi tid til meg sjølv. Det kan vera like vanskeleg som det me får beskjed om i fly: ved nødsituasjonar, ta OKSYGENMASKE på deg sjølv før på ungen din. Så eg prøver ta vare på meg sjølv så vel som andre, og pakkar jevnleg teltet for ei NATT I NATUREN. Ein TIME OUT i naturen gir påfyll av første klasse. I naturen er eg på første rad, der opplever eg mestring, merksemd, nærvær, stillheit, fred - og pusten roar seg i takt med tankespinnet. I naturen er det aldri kjedeleg, og uansett vær eller årstid er det alltid glimt av lys, og dette LYSET finn fram der det trengs. .
I starten av haustferien slo eg leir om kvelden, 10 minutt heimefrå, i det den siste gløden av solnedgang fada. MØRKRET kom. Stjernene kom. Uglene kom. Roa kom. Smilet kom. Frå hengekøya mellom to skakke trær låg eg godt innpakka, i time etter time, eg såg stjerner filtrert gjennom trekrunene på toppen av dei mørke, lange trestammane, såg eit STJERNESKOT som berre dala og dala. Stjernevrimmelen flytta seg nokre grader medan eg berre VAR, i mitt AXIS MUNDI, i min eigen «verdakse, verdas sentrum». Etter ei god natts søvn oppe i Åsen vakna eg til ein ny dag, med skogen filtrert av SOLLYS, tonesett av fuglekvitter og lyden av gult, tørt bjørkelauv som fall🍁Etter nok ein psykt fin var eg atter klar til å GI TID til andre🙏🏻
.
.
.
. #sirisoge #verdensdagenforpsykiskhelse #tree_magic #hugs_for_trees #tree_captures #loves_trees_rural #ig_shotz_trees #tree_brilliance #igworld_global #ig_serenity #mittvestland #utno #rsa_ladies #rsa_outdoors #mittnorge #mittfriluftsliv #sunset_greece #nature_brilliance #essence_of_norway #soul_curry #bns_norway #raw_norway #raw_alltrees #gitid #royalsnappingartists #nortrip #liveterbestute #meoutdoor #tree_captures #gramoftheday #gotd_2394


16

.
«Himmel nok til alle» syng Lars Bremnes, og det er endå meir himmel når den speglar seg i stille vatn. . ✨Å sitja åleine ved teltet under stjernestrødd himmel slik eg gjorde hi natta, er fint. Å sjå stjerneskot og senda ut eit varm ønske til nokon i natta gjer godt. Endå betre var det å dela denne stunda med Idun igår, der ho dingla med beina over ein fjordbotn strødd med sjøstjerner⭐️ .
.
.
💙 .
.
.
.
.
.

#fjordkysten #mittvestland #utno
#9vaga_skyandviews9 #rsa_outdoors #loves_reflections #bns_reflection #tree_magic #hugs_for_trees #loves_trees_rural #water_brilliance #tv_aqua #loves_reflections #jj_skylove #insta_sky_reflection #raw_alltrees #rsa_ladies #raw_norway #ig_week_scandinavia #ig_serenity #igworld_global #nb_nature_brilliance #mittfriluftsliv #royalsnappingartists #nortrip #liveterbestute #meoutdoor #scandinaviantravels #gotd_2398 #gramoftheday #sirisoge


5

Eg er så heldig!
.
.
.
Eg er ikkje mørkeredd. Eg er ikkje redd for lydane i skogen eller på fjellet om natta. Eg har verken araknofobi, agorafobi, achluofobi eller agizoofobi. Eg vert heller ikkje stiv av skrekk når insekt går seg vill i krøllane mine. Og eg toler eige selskap.
.

Eg har 1- og 2-mannstelt, primus, sterk nok rygg til å bera fullpakka sekk, og ikkje minst har eg ein bra familie som forstår at teltlivet er viktig for meg. Ekstra viktig har det vore siste halvåret når eg har vore redusert. Naturen styrkar håp og tolmod! .
.

Eg bur òg på ein stad med supre teltplassar i relativ nærleik. I år har eg telta på Storåsen, med utsikt rett ned i eiga stove ca 200 meter unna i luftlinje. Eg har telta 10 minutt til fots frå bilen, rett under steilaste fjellet ved Haukåvatnet, med ekko av ugler heile natta, erstatta av ravn om morgonen. Eg har streva meg opp 30 % konstant stigning frå 0-1100 moh med tung sekk på ryggen, med spektakulær utsikt mot Jølstravstnet og Kjøsnesfjorden frå Grovanipa. I august, slo eg opp teltet - utan teltpluggar - på hustaket, slik ein kan med flatt tak. Istadanfor kaffe frå primus, strekte eg handa inn vindauget og trykte på kaffetrakteren. Tirsdag vart eg frakta ut på ei lita øy, eller kanskje det var ein stor holme: ei heilt ny oppleving å vera åleine, omringa av hav, med hundrevis av blinkande lykter rundt meg, og myriadar av stjerner over. Frå teltopninga no ser eg rett vest på denne øya, eg ser fleire andre stader eg har telta siste året, og stader som lokkar . .
.
Eg søv ikkje alltid så godt i telt, men eg elskar å sova i telt. .
Eg er så heldig! .
.
PS: takk til «tagga» inspirasjonskjelder, som er verdt eit besøk🙏🏻 Og takk til konfettidryssande gyllent bjørkelauv🍂💛
.
.
.
#mittvestland #raw_norway #loves_norway #ig_week_scandinavia #ig_serenity #rsa_outdoors #nrksf #fjordkysten #rsa_ladies #norway_photolovers #bns_sunset #sunset_greece
#9vaga_skyandviews9 #jj_skylove #sky_brilliance #ig_week_sunsets #insta_sky_reflection #love_all_sky #sirisoge #essence_of_norway #nb_nature_brilliance #mittfriluftsliv #utno #royalsnappingartists #nortrip #liveterbestute #meoutdoor #gotd_2350 #gramoftheday #sirisoge


34

.
.
På ei lita øy, eller var det ein stor holme, låg denne fjøra, som ein gong dala ned frå himmelen. Kanskje løsna den i ein solnedgangsbris, eller kanskje etter eit luftig basketak mellom fuglar, englerelatert var den neppe. Litt rekognisering viste at fjøra markerte den optimale teltplassen, utfrå praktiske og estetiske behov. .
.
Frå skysskaren min fór, til han returnerte, gjekk det 16 timar. I 16 timar var eg der åleine, med fin fred i sjela, og glede over eit MIKROEVENTYR midt i veka. Bålet gnistra omkapp med stjernehimmelen over meg, og det var neppe tilfeldig at eg fekk Monty Pyton sin «Galaxy Song» på hjernen, med si passande påminning: «So remember, when you're feeling very small and insecure, how amazingly unlikely is your birth» .
.
Tenk å få sitja der åleine under Melkeveien og sjå stjerneskot susa over himmelen, mens havet klukka lett. Eg såg ned på ei lagune, der havet var så flatt at stjernene spegla seg i det. Bålet gnistra, stjernehimmelen funkla, og rundt meg på alle kantar blinka det i hundrevis av lykter og lys i sin eigne, bestemte rytme. Det er ikkje rart at sjela vert litt ekstra lys i slike omgjevnader! Åleine, men ikkje einsam.
.
.
PS: det viste seg forresten at eg ikkje var heilt åleine i teltet likevel...🕷
.
.
#mittvestland #norway2day #raw_norway #loves_norway #ig_week_scandinavia #ig_serenity #rsa_outdoors #nrksf #fjordkysten #rsa_ladies #norway_photolovers
#9vaga_skyandviews9 #jj_skylove #sky_brilliance #ig_week_sunsets #splendid_reflections #insta_sky_reflection #love_all_sky #sirisoge #loves_reflections #nb_nature_brilliance #mittfriluftsliv #utno #royalsnappingartists #liveterbestute #meoutdoor #scandinaviantravels #gotd_2351 #gramoftheday


11

Timane om morgonen før verda vaknar er gull! Dei har i mange år vore ei gullgruve for meg, der det er energi, inspirasjon og lange tankar å henta. Det siste halvåret har eg verkeleg leita etter og sakna A-mennesket Siri. Det er så eg knapt verken forstår eller kjenner denne B-menneskevarianten av meg sjølv, som eg håpar og trur er midlertidig. Kanskje kikkar A-dama så smått fram igjen, iallfall var ho der idag, så eg fekk med meg litt skin frå sola som gløtta fram i aust, før eg verkeleg fekk vaska meg i eit forfriskande regnskyll og gjekk på jobb. Håp i sikte! .
.
.
.
.
.
#sirisoge #gotd_2367 #gramoftheday


9

Livet er fullt av KONTRASTAR. Om vintrane drøymer eg ofte om fjerne reisemål, men slik var det ikkje i VINTER. Då drøymde eg om å vandra i Jølster i SOMMAR, å vera på og mellom dei kontrastfylte fjella, dalane og vatnet der, i kontrasten mellom det stupbratte og det milde, som har fått slik draget på meg🧡
.
Medan eg drøymde om dalar og fjell i JØLSTER, havna eg i ein dal sjølv, med ein kropp som ikkje spelte på lag. Sakte sakte gjekk tida, medan familie, TOLMOD og FORHÅPNING støtta meg etter beste evne. TIDA måtte virka før kroppen igjen kunne virka betre💛
.
Det er ei tid for å venta, for å KVILA og for å GÅ. Midt i juli stod eg ENDELEG på Sægrov, med fjellsko på. Hadde eg vore betre i matte, hadde eg skjønt at ein tur frå 0-1143 moh, med konstant STIGNING på 30 grader i TROPISK varme var i tyngste laget, ikkje minst med tung sekk. Men eg kom meg opp på Grovanipa, og kvart steg var sveitt siger og grådig glede❤️
.
Teltnatta og morgonkaffien på Grovanipa var optimal. Eg dingla med raude tånegler på toppen, og timar etter flaut dei same neglene i brekjølt vatn på Lundevassenden, med utsyn mot Grovanipa. Klar for meir Jølster traska eg i veg og fann ny teltplass over Fyglastøylen💚 .
.
Eg vart GRÅDIG, og for tilbake på nye eventyr. Nok ein gong køyrde eg langs JØLSTRAVATNET, som spegla grøne dalsider og blå himmel. Eg susa gjennom Jølster, og kl 20 stod eg på Flatbrehytta, etter ei vandring med kontrastar frå frodige lier til den turkise Supphellebreen. Om natta sov eg i iKamperen, i teltet oppå bilen ved Bøyabreen, eit EVENTYR i seg sjølv💙
.
Både kroppen og Vestlandet funka OK+, men bilen slo alarm : «Girkasse DEFEKT. Kontakt verksted!» På smalaste vegen ved Mundal stoppa bilen tvert, men forsikringa ordna BILBERGING og timane eg måtte venta i Fjærland gjekk raskt, mens smilet breia seg av vendinga dagen tok😃
.
Då eg atter passerte Jølstravatnet, no høgt over asfalten i ein fancy raud slepebil, var det framleis IDYLL: Jølster var fryd og harmoni. Men etter tirsdagens DESTRUKTIVE uvær og jordras er Jølster forandra. Tankane mine går til alle dei som er råka av dei tøyleslause naturkreftene🖤
.
.
.
#sirisoge #mittvestland #ilovenorway #gramoftheday #gotd_2286


35

.
🎈Sola har snudd, og eg har bursdag. Hurra for både sola og meg☀️🎈Happy birthday, me😉
.
Nok eit år med alle sine månadar og minutt har sett sitt preg, om enn i mykje mindre grad enn det vær og vind med tolmod har prega den fantastiske Kannesteinen i vakre Vågsøy. Tolmod fører fram! Livet er ein balansekunst, og dagane turar heldigvis fram i all slags vær, med smult eller stormfullt hav, med svarte netter der stjerner kan glitra, og med dramatiske skyer som slepper fram stråler frå sola.
Dagen vert ikkje feira eller tilbragt der ute ved havet eller i høgda, men eg tek fram gamle naturgleder, og deler eit favorittdikt på bursdagskortet frå ei kjær venninne. .
💛

Å VERA

Å vera ein blom
og ikkje veta um venleiken sin –

Å vera ein stein
og kjenne små kravlande kryp
som kjærtegn mot harde steinhud,
og kjenne solstråler leike
som barnefingrar
over det kalde kinn.
Um steinen har hjarte
må det ikkje slå av lukke?

Å vera ei grein
og kjenne den lette tyngd
av småfugleføter i millom lauvet.
Må ikkje treet drøyme
det sviv til himmels
i fuglesongen?
Å vera eit menneske,
femne det heile,
ta det inn til sitt hjarte,
og gle seg ved dette:
Å vera. .

Jan-Magnus Bruheim . 💛
.
.
. #tv_allskies #the_gallery_of_magic #srs_nature #worldbestgram #water_brilliance #jj_skylove #insta_sky_reflection #jj_skylove #ptk_sky #ig_week_scandinavia #norway2day #fotofanatics_nature_ #bns_nature #raw_norway #loves_norway #mittvestland #tv_aqua #water_perfection #highlightsnorway #norway2day #igworld_global #ig_serenity #ig_epicnature #srs_nature #ilovenorway #nortrip #sirisoge
#9vaga_skyandviews9 #fiftyshades_of_nature_ #norge #earth_shotz #gotd_2265 #gramoftheday


46

Oppe i høgda kjem utsyn, innsyn og perspektiv. .
.
Oppe i høgda ligg det små vatn som speglar skyer, DRAUMAR og myrull. Oppe i høgda er lufta klar og rein, det er lettare å PUSTA, TENKA. Oppe i høgda er det sikt, iallfall inntil skodda sig på. .
.
Etter ein seig månad der eg har gått dei tilrådde 10.000 steg i veka, og ikkje dagleg, kom eg meg opp til SJELEFRED. Musesteg erstatta 7-milsstega, opp ein grusveg, opp ei jiglete, glatt og bratt gamal tretrapp, opp berga og vidare med ymse underlag under føtene. Eg kom stadig til nye MÅLSTREKAR og sleit den tjukke spindelveven som sladra om at det ikkje alt var folk der. .
.
Øvst på det smale Tjofjellet var det akkurat såvidt plass til teltet. Lite slår kjensla av å slå leir og koma HEIM i naturen. Og kva boktittel kunne vel vera meir passande enn Hallgeir Opedal si ferske, særs velskrivne bok «HEIM. EIN VANDREHISTORIE.»? .
.
Sval sommarkveld gjekk over i lys natt, og då eg rundt kl 04 motvillig måtte ut i naturens ærend, var eg likevel spent på stemninga då glidelåsen opna seg. Natta hadde TEPPEFALL for soloppgang med gyllen spreng. Slike netter kjem ikkje i reprise: for kor ofte vil eg få sjå ei REGNBOGE som stig opp av Håsteinen, for så å landa i teltet mitt?! Kor ofte vil eg ei FULLMÅNENATT få sjå ei slik regnboge spegla seg i eit stille sommarvatn, med teltet mitt i senter? .
.
Då eg vakna mange timar etter var været perfekt: tjukk skodde, rause regnbyger og heftige vindar gjorde det lett å BERRE VERA, koka kaffi og graut, lesa og dorma. Det er god MENTAL HELSE i kvart eit steg og kvar ei stund i naturen. Og når eg igjen må sjå langt etter fjellet, pustar eg i vissa om at eg kjem opp dit igjen ❤️
.
.
🍀eg har tagga nokre særs inspirerande turdamer, sjekk første foto🍀
.
#sirisoge #mittfriluftsliv #mittvestland #yrbilder #highlighsofnorway #essence_of_norway #wu_norway #ig_serenity #rsa_rural #fjordkysten #splendid_outskirts #ilovenorway #raw_norway #raw_nordic #mittnorge #wb_water_brilliance #nature_perfection #ig_week #srs_nature #srs_landscape #ilovenorway #hey_ihadtosnapthat #the_gallery_of_magic #splendid_outskirts #utno #sirisoge


69

.
💕
.
I det siste har naturopplevingane mine gjentekne gonger vore knytt til lengre eller kortare bilturar, noko som slett ikkje har stukke kjeppar i hjula når det gjeld sansing og GLEDE. Ein må ikkje alltid yte, for så å nyte! Skulle eg ha ytt først dei siste månadane, hadde det ikkje vorte så mange naturopplevingar på meg. No for tida er det berre å legga frå seg tankar om prestasjon, og berre VERA. Nyttig lærdom eigentleg. .
Stundom har ein lagt planar, og stundom må ein berre hiva seg i bilen når ein eigentleg er på veg mot tannkosten, og køyra i 3 minutt slik me gjorde hin kvelden, eldstejenta og eg. Ho peika nemleg ut stoveglaset like før: «Sjå mamma!» Og raskare enn på lenge kom me oss altså ut døra, inn i bilen og ned til havet. Det var ein GLØDANDE solnedgang, som nok var på retur, men fint var det lell, å stå der på kaia med ei dotter, med dette synet framfor augo. .
.
Dei grå skyene hang tunge, med mørket i seg, med lovnad om natt, og natta ber alltid LOVNAD om ein ny dag. Mellom dette stadig tettare mørkret av himmel som spegla seg i havet, hang det framleis ei stripe med fleirfarga pastell, med kunstferdige overgangar mellom gull, gult, fersken og rosa, som sette eit ekstra fint punktum på ein aldeles ALMINNELEG dag. At den gulmålte kanten mellom bilen og havet var fyll av rust, var slett ingen skamplett. Eg er full av rustflekkar sjølv, eg😊
.
.
.
.
.
.
.
.
#mittvestland #pocket_norway #sky_captures #sky_brilliance #insta_sky_reflection #jj_skylove #ptk_sky #ig_week_scandinavia #norway2day #got__greatshots #fotofanatics_nature_ #the_gallery_of_magic #World_great #everything_imaginable #bestofnorway #raw_norway #loves_norway #nb_nature_brilliance #sunset_greece #9vaga_skyandviews9 #ig_myshots #love_all_sky #sirisoge #sunset_greece #bns_sunset #ipulledoverforthis #hey_ihadtosnapthat #ig_week_sunsets #gf_skies #gotd_2265 #gramoftheday


32

.
💚.
Me er to lange søstre som er glade i lange turar både i nærområda våre heime i hhv Sogn og Fjordane og Hardanger. Når me begge for tida parallelt og tilfeldigvis er noko indisponerte for desse langturane, betyr ikkje det at naturen spelar ei mindre rolle, gir mindre utfordring eller mindre utbyte, tvert imot. Nokre høydemeter over Hardangerfjorden viste Beate oss ein av sine favoritt-turar for tida. Undervegs møtte med ein eldre bonde som leita etter eit sakna lam, og me passerte ca 500 av Homlagarden sine økologiske og noko overveldande og intense frittgåande kalkunar😱 . .
💚

Sjeldan er vel naturen viktigare for oss enn no, når det er dei kortare turane som gjeld. Det er ei glede, ei trøst og ei lette dei dagane hovud og føter klarer bera oss med seg. Me løftar sjølvsagt blikket høgt som før, men i endå større grad er det dei mindre detaljane som dreg merksemda vår til seg: den lilla billa på stien, dropane på blomebladet, maurtua som kokar av aktivitet, bekken som klukkar, gjøken som gjel, dei irrgrøne bakkane, greinene som heng tunge av tidas tann, av blad eller nåler. Me kjem inn i den gode flyten som før, kjenner hjartebank og tenkjer lange tankar. Uansett lengde i tid eller kilometer, uansett vær og temperatur, etter ein tur ut er det alltid betre å vera.
.
💚
. .
.
.
. #utno #nuriss_wow_landscape #rsa_ladies #shotwithlove #ig_countryside #ig_troya #tree_brilliance #pocket_trees #loves_trees_rural #hugs_for_trees #rural_love #naturehippys_ #the_gallery_of_magic #ig_amazingnature #tv_allnature #bns_trees #ig_serenity #world_great #mittvestland #loves_united_trees #tree_captures #tree_magic #nature_worldwide_trees #bns_trees #raw_alltrees #raw_norway #jegviltilfjellfilm #sirisoge #rsa_outdoors #gotd_2256 #gramoftheday


28

🌱Ein maivinterdag💦
.
Det viktigaste er å koma seg ut, fylla lungene og sansane med frisk inntrykk. Av og til har ikkje kroppen noko særleg energi til å bevega seg, men likevel treng sansane og sjela frisk luft, og å få bada i alt det naturen har å by på. Uansett kva Are Kalvø meiner, naturen er god medisin, like viktig som dei 100 MG Levaxin eg må ta dagleg for å halda det gåande. LEVAXIN OG LUFT❣️ Vanlegvis likar eg å bruka meir tid på beina enn på hjul, men dagens unntak bekrefter regelen. 🚘
.
Yngstejenta vart med på tur, og etter ca 45 km på idylliske vegar som ikkje egna seg for høg fart, mellom høge snødryssa fjell og stålkalde vatn, stod denne kusymra og skein for oss, slik sola absolutt ikkje gjorde det🌼 Regn og sludd kappast om å først få treffa trea, dei grå berga og dei grøne markene. Været smakte av både vinter, vår og haust! Breddfull av snøsmelt kom fartsglade vassmengder ned fjella som ei perfekt lydkulisse og ein intens kontrast til den skjøre, strålande kusymra. Når det er fossefest og kusymra vert bydd opp til dans, då svaiar den🎶. Uansett vær og uansett terreng gir friluftslivet meg alltid metaforar og allusjonar som let seg overføra til livet, slik var det òg idag, på Kristi Himmelfartsdag. Tilsynelatande var det ein grå dag, men den var slett ikkje grå likevel.
.
.
#sirisoge #mittfriluftsliv #mittvestland #yrbilder #highlighsofnorway #essence_of_norway #wu_norway #ig_serenity #rsa_rural #splendid_outskirts #ilovenorway #raw_norway #raw_nordic #mittnorge #wb_water_brilliance #nature_perfection #raw_spring2 #ig_week #srs_nature #srs_landscape #ilovenorway #rsa_ladies #rsa_outdoors #heart_imprint #ipulledoverforthis #hey_ihadtosnapthat #the_gallery_of_magic #gotd_2245 #gramoftheday


32

💚Naturmedisin💚
.
.
På veg heim frå sjeledoktoren trong eg litt luft og rørsle i kropp og sinn, eg stoppa her på min ultimate paradisplass. Det var ingen grunn til å lata seg lura av det varme lyset, straks eg opna bildøra hadde den kalde vinden virvla seg inn i både fram- og baksete. Eg sjekka yr.no, som kunne melda at det var 🌬«7 grader, føles som 1» ☀️🌬
.
🌼5 dagar før juni veltar inn over oss med sine bugnande gåver til alle sansar, (+ 🎁 til bursdagen min den 22.), så er det kaldare enn på julafta! Kva skjer med klimaet? 🥴
.
🍀🐑🌱Men lyset og dei viltre, yre lamma som hoppa høgt og sutalaust omkring, omkransa av klorofyllgrønt, hav- og himmelblått, realitetsorienterte meg likevel lett mot mai. Det lysegrøne håpet lente seg vennleg mot meg. Når kropp og sjel er i ulage, gir naturen alltid litt lading, litt nærvær, litt glede. 🎶Når det er vanskeleg å få bitane til å passa saman, er naturen ein god makker. For ei årstid❣️ .
.
.
. #pocket_norway #nuriss_wow_landscape #loves_united_norway #loves_trees_rural #shotwithlove #ig_countryside #worlds_beautiful_photos #ig_troya #rural_love #the_gallery_of_magic #bns_landscape #bns_earth #world_great #raw_norway #tv_landscapes #ig_week_scandinavia #hey_ihadtosnapthat #raw_nordic #essence_of_norway #mittvestland #norge #the_gallery_of_magic #worldbestgram #norway2day #got__greatshots #sirisoge #rsa_rural #splendid_outskirts #raw_spring2 #gotd_2238 #gramoftheday


25

.
🌲🌳🌱🌿
.
.
Å bli møtt opp ura av eit tre med bønneflagg, som blafrar slik bønneflagga på Thorong La gjorde det 5416 moh for nokre 10-år sidan i Nepal, det lova bra for turen. Å balansera på lause steinar. Å rusla langs Svanevatnet medan auren vakar og tre bøyer seg narsissistisk over vassflata. Å finna stien mellom trea, og dei raude merkene. Å sjå skjøre, vesle bjørka stå åleine i vasskanten, mot eit bakteppe av massive fjell og himmelblått, med blad like sjølvlysande og imponerande som dei ruvande trea med 💙-sky mellom greinene. Å finna to hengekøyetre langs Storevatnet, og berre henga der nokre timar medan sola sakte flyttar seg, bølgene klukkar, skvulpar og fuglane kvitrar. Å plutseleg våkna, fordi ein har dubba av, og bla vidare i boka. Å tenka lange tankar. Å sjå himmelen skya over og skifta farge som nesten går i eitt med bjørkestammen. Å sjå yre lam ferske i livet, og fossen som buldrar av snøsmelt. Å ha ein dag heilt utan høg puls eller Kagge-faktor, det er ein god dag og god medisin, det🙏🏻 #sirisoge


3

.I stram giv akt. Når ein ikkje er ute etter Kagge-effekten, er dette nett bra nok 😊
.
Når krafta til å gå på høge toppar og tindar ikkje er der, når dei herlege brattene må venta ei lita stund til, når flatmark fristar meir ein motbakkar, då er det godt med ein liten topp i nærmiljøet, rett og slett ein gamal trestubbe ca 1 moh. Den har så mange årringar at den fører oss på ei tidsreise tilbake til den første eller andre krigen, kanskje heilt til århundreskiftet før årtusenskiftet. Den duger, den får meg til å løfta åsynet nokre meter over havet, ut mot solnedgangen. Den gjer nytten, den stubbemeteren óg, med både ut- og innsynseffekt. Det er lett å gi honnør til naturen, på eitt eller anna vis er den spektakulær, uansett kor ordinær den kan virka, uansett så gir den livet luft, løft og lengt. #sirisoge #gotd_2363 #gramoftheday


3

1) Eg haika til EIKEFJORDEN med mannen min som var på veg til påskefjellet, klokka var 16.30 og rett over riksveg 5 venta dei bratte grusbakkane opp Hovlandsstøylen. Kvitveis og hestehov strekte skjøre stilkar etter sola i motbakkane, og pryda vegkanten i sin gule og kvite prakt.
.
. 2) Ca 18.30 forserte eg bratta forbi Hovlandsstøylen og Nipevatnet mot Skreene, med miste-pusten-utsikt mot Nordalsfjorden, og det var nok ein fordel med lange bein som mine, med snev av 7-milsstøvelstil. Dei gamle fjella rundt meg gav ny ENERGI! Eg skulle berre til Skreene, men beina hadde sin eigen vilje...
.
3) MOTBAKKANE mot Flatenipa hadde lett glasert snøteppe med god glid, men eg tuppa fjellskoene med kløkt og tolmod i snøen og fekk laga meg trinn som hindra ufrivillig aking. Bananskallet som rutsja frå meg fekk ligga i fred langt der nede.
.
.
4) Letta kunne eg ca 19.30 bestiga vindfulle Flatenipa og konstantera at det igjen var verdt å kasta blikket mot vest. Det var då det skjedde , at beina fekk sin eigen vilje, for eg hadde tenkt å gå same vegen nedover, men fann meg plutseleg på veg vidare, ned bratte ura, bort og opp mot Strandanipa. .
.
5) SOM I LIVET ELLES, var det verdt å fokusera, ikkje berre på det eller den som spjåkar seg som kveldens ekstroverte, uthaldande solnedgang der vest, men heller sjå mot aust der den introverte nesten-fullmånen kjøleg, forsiktig og trygg steig over himmelkvelven. .
.
6) Kl 20.30 heldt solshowet fram med full styrke den siste halvtimen mot solnedgang, her fotografert frå Strandanipa. Nesten heile turen baud den utsikta på stemningar av BIBELSKE DIMENSJONAR og den hadde ein magnetisk effekt som gjorde at eg motvillig fulgte med på kor eg sette beina... .
.
7)... og kanskje var det difor eg klarte GÅ MEG VILL ned mot Kvalvikstøylen i takt med at dagslyset svann. Heldigvis skein månen, og eg kom meg trygt ned til vegen igjen kl 21.45. Bussen eg skulle ta heim var forlengst gått, himmelen var mørk, vegen utan gatelys. Opplyst av mobil-lommelykta haika eg, og før TUNNELEN stoppa det ein bil som ikkje berre skulle til Florø, men rett forbi heimen min. Takk for turen, som vart både lengre og betre enn eg hadde trudd💛 #sirisoge #fjordkysten


6

Mellom lange, rake trestammar opp bratta i Storåsen vert mannen, like blå som himmelen me skimtar der oppe, liten og sveitt. I den låge ettermiddagssola, bak bjørka som er intenst i ferd med å brista i grønt, kastar det gamle, grå paret ein ung skugge, dei er på sin trufaste daglege runde, alltid støttande mot kvarandre. Mot solnedgangspanoramaet der vest mot den ytterste nøgne ø er ei hengekøye surra rundt stammen på to trær. Eit par kom forbi meg, og foreviga meg der eg låg og duva. Skogens ro var full av vill, kvitrande aftenfuglesang, med solnedgangen som eit bakteppe i stadig endring. Då eg omsider tusla heim igjen hadde det vore heilt mørkt, var det ikkje for nesten-fullmånen som silte sterkt lys med mellom trekruner og -stammar. For dei som ikkje kjenner til begrepet SHINRIN-YOKU er det berre å googla, for å forstå kva nokre slike kveldstimar kan gi- ingen motorsagmassakre i Storåsen, takk, for Storåsen er gull verdt døgnet rundt 😊 #sirisoge #gotd_2369 #gramoftheday


6

☀️God påske💛
Det seiast at «Påskemorgen slukker sorgen», men det gjer jammen ei natt i nytt telt óg, visuelt og trygt omringa av fjell, himmel og hav; av Håsteinen, Høgenipa, Reksta, Batalden, Knollane, Blånipa, Silanipa og Grøneheia. Solnedgang, måne- og så soloppgang har gått sin gang, stjernene glitra, bålet knitra (det er vel ikkje bålforbod på ei fjellhylla 600 moh..?) vinden kviskra halvhøgt og ei humle kom flygande og let humla suse ilag med meg. Ei lettare paradisisk palmehelg🌴🐣Fly fyk over meg i høg hastighet til destinasjonar i inn- og utland, og langt der vest ligg storhavet mellom Norge og alskens andre land, og eg er nett der eg vil vera nett no. Her er gode forhold for lange tankar, og jfr siste biletet vart meir enn sorger slukka😊 Teltet er akkurat passe stort, og naturen større enn det heile. #sirisoge


10

Vågsøy 6.-7.april. Roadtrip utan mål, men med mykje meining, med utforsking etter innfallsmetoden, nett slik eg likar det. Vegen og tankane går både framover og bakover, vegen og tankane er gode vener. Med himmelen som tak og storhavet rett ut og vind, masse vind, vind som får tankane til å fly vide og håret til å blafra frenetisk på Skongenes fyr mens kroppen vaiar. Vind som gjer teltnatta nær Kråkenes fyr ekstra spennande: vil teltet inkludert meg bli tatt av vinden?! Søvnlaus teltnatt gir heldigvis ekstra interessante tankar og perspektiv, og hudlaus morgon 😊 Primusen tenner eg på golvet inne i bilen, for kaffi må eg ha og ute er det ikkje lett å få fyr, der er det berre lett å få tenning. Vegar, svingete og kronglete vegar opp og ned og bortover, i soloppgang og solnedgang, forbi vatn og strender og vindmøller som pirkar taktfast og utan stans i himmelen. Og nesten på enden av ein veg; den forunderlege og magiske Kannesteinen, som eit utropsteikn over livet. #sirisoge #gramoftheday #gotd_2386


16

Når sjela treng PÅFYLL er det jammen godt Moder Jord byr på gjødsel og drivstoff av finaste sort: nokre kveldstimar med tørr kvist, gjørme, visna gras og snøflekkar under solane. Timar der ein går under høge, slanke trær og høg himmel. Ein kveldstime der ein går raka vegen opp- og bortover mot vest, der ein skimtar ferskenfarga himmel mellom høge, tynne trær på ein sti som buktar seg på ormevis og stundom forsvinn. Utan briller på skjøna eg først ikkje kva fenomen det var som plutseleg openberra seg der framme mellom trærne oppå haugen, men det var altså ei blodappelsinsol som seig sakte ned i havet. Då var det berre å NYTA, og å snu, og ikkje gå heilt i mål, men snu så eg slapp finna hodelykta. Eg fekk ein liten time austover igjen med lys nok til å føta meg over våte røter. Det var som om eg gjekk med ein Bloody Mary-himmel i ryggen, mot ein svak Gin Tonic-stemning. Mot slutten stavra eg litt i mørkret, men sjela, SJELA den var mykje lysare og lettare enn då eg starta. Naturen er den beste medisin❣️eg angrar aldri på ein tur, men jammen angra eg på at eg ikkje hadde med ⛺️eller hengekøye for ei natt i naturen✨
.
.
. .
.
#tree_brilliance #tree_magic #utno #yrbilder #fjordkysten #rsa_ladies #rsa_outdoors #sunset_greece #raw_alltrees #raw_norway #nrksfj #firdaposten #mittvestland #bns_sunset #bns_scandinavia #norgefoto #naturehike #tv_allskies #hugs_for_trees #nature_brilliance #nature_worldwide_trees #ig_shotz_trees #sirisoge #wowtherapy #gramoftheday #gotd_2221 #gotd_2217 #gotd_2348


10

.
✨Det vart natt, og det vart morgon 19. mars☀️ .
Innimellom dei særedeles travle marsdagane og innimellom mengder av regn og nedbør kom 12 timar med kortreist, vindstille og tørt eventyr: nestenfullmånen steig sakte og leika gøymsel mellom trærne, stjernene tindra og dei store greinene over meg hang stille heilt til morgonbrisen kom og baud opp til dans. Fuglane kvitra lenge før kl 06, og larmen av ein by som vaknar dukka opp litt etterpå. Med kaffi i handa og skrotten i hengekøya kunne eg studera sola som steig opp rett før 07 og fargela raust lette skyer. To timar etterpå var eg på jobb, og endå nokre timar etter, kom VÆRET tilbake. 👌🏼Perfekt timing😊 #sirisoge


5

På veg frå parkeringsplassen til gravplassen passerer me tomta der hotelloppveksten min utfalda seg. Stemninga over fjorden idag gav både kvile og energi til kropp og sjel, med det mjuke sollyset over stille fjord med Folgefonna kvit og kald på hi sida. .
.
Hotellvertinne-mammo laga alltid så fine blomeoppsatsar til spisesal og salongar. Gartnaren pleia den fargerik hagen, og heile herlegheita var leikeplassen til oss ungane. Idag skulle me vidare til nabotomta, mannen min hadde hendene fulle av blomar til svigerforeldregravene, den eine 34 år gammal, den andre frå 14.november. 🌹🌿
.
.
Dagen idag møtte barndommen og røtene med gleder og sorgen på vegen fram mot å møta det nye året. Dette året fekk nokre bratte siste rundar. No er det tid for å ta med seg det gode og sjå framover❤️
.
.
.
.
.
.
.
.
#pocket_norway #norway_photolovers #insta_sky_reflection #ptk_sky #ig_week_scandinavia #fotofanatics_nature_ #the_gallery_of_magic #ig_amazingnature #ig_serenity #bns_nature #World_great #raw_norway #wu_norway #loves_norway #mittvestland #police_landscapes #sunset_greece #mittvestland #tv_landscapes #tv_aqua #loves_reflections #igworldclub_reflections #fifty_shades_of_nature #raw_silhouette #srs_landscape #srs_nature #amazing_shots #sirisoge #gramoftheday #gotd_2236 #gotd_2398


50

Når livet byr deg det marginale, det ugjenkallelege, det endelege, og dagane svingar frå tung sorg til skjørt vemod. Når eit liv tek slutt og eg sit att utan ho som gav meg dette livet, men med eit hav av rike minner og kjensler, er det godt med ei venninne som byr på ein dag i naturen. Naturens gang er at foreldra skal døy først, likevel smertar det. Naturen går sin gang, og det aksepterer eg. Naturen bygger alltid opp, styrkar alltid, gir rom for både djupdykk og avleiing. Naturen er alltid der, og ynskjer velkomen i gleda og sorg. I naturen er det så lett å berre vera, vera i det mørke eller vera i lysninga, vera på veg vidare, eller vera nett der og då. Med naturen som bakteppe er det lett å le, grina, fundera, minnast, sjå bakover og framover. .

Då eg sat ved dette vesle bålet idag minnast eg turen opp fjellet midt imot, Orkja. For akkurat 4 veker sidan var eg i Jølster sist gong, eg gjekk åleine under blå himmel, over frosen myr, opp bratte, glatte stiar og siste timen til varden vassa eg i snø til langt opp på låret. Eg gjekk i den spenninga og gleda som alltid føl meg når eg går ein tur for første gong, og ikkje veit kva som ventar. Lite visste eg då at eg 4 dagar seinare skulle vera på plass ved senga til ei alvorleg sjuk mamma i Hardanger, og at eg 4 veker etter skulle gå opp hit til Hamnanova for første gong, med ei fin venninne, etter 3 vondvakre veker i livet. .
Eg er takksam for ein optimal laurdag med høgpuls, kvilepuls og pulserande glede. Både turvenninna @silje_helen_dypevik , motbakkane og bålet varma, så det var godt at me fekk kjølt oss ned med ein dukkert i Jølstravatnet til slutt. Av jord er me komne, til jord skal me bli - men i mellomtida TAKKAR eg, og lever SJØLVE LIVET mitt! .
.
.
#utno #norway_photolovers #ig_week_scandinavia #got__greatshots #nortrip #fotofanatics_nature_ #nature_focus_on #nb_nature_brilliance #tv_allnature #fiftyshades_of_nature #bns_landscape #norgefoto #sirisoge #rsa_outdoors #essence_of_norway #ig_amazingnature #ig_countryside #highlightsnorway #srs_landscape #norway2day #bns_mountains #nuriss_wow_landscape #everything_imaginable #shotwithlove #bestcaptureglobale #mittvestland #jegviltilfjellfilm


27

Hopp gjerne over introen og skroll rett til første 🔥
.
Det er nokre små minusgrader i lufta, naturen er kjærteikna av kalde krystallar, medan småbekkar og pyttar dekkast av tynn is. Månen stig og stjernene funklar. Sola skin om dagen, iallfall over tåka. Huset mitt er framleis fullt av blomar til trøyst i den ferske mammasorga mi, dei varmar om kapp med omtanke og den knitrande peisen. Eg frys ikkje. Eg har mange og mykje å vera takksam for, og eg er det. Midt i sorga kjenner eg takksemd for alt eg har hatt og alt eg har. 💙
.
Halldis Moren Vesaas skreiv: «Det er mange ikring deg som frys, ver du eit bål, strål varme ifrå deg!»💙
.
.
🔥Ei som stråler varme er @solfure 🔥Ho har gitt ut denne boka med gode tekstar på nynorsk, med vakre bilete og natur. 🔥Boka er NON-profit🔥ALLE pengane går rett til ein av verdas verste flyktningeleirar, i Hellas, og🔥 @drapenihavet sitt arbeid der. .
.
🔥💛🔥VIPPS 300,- til 537591🔥💛🔥
.
.
🔥Kvar bok kjøpt gir både vinterjakke og varmt pledd til forfrosne medmenneske🔥 .
.
Ikkje nøl, vipps i veg, og få nyting, noko nytt og ikkje minst noko nyttig i same slengen. Pakk inn boka og gi den vekk i hopetal. Eg hadde tenkt å skriva «god jul» på bokpakkane, men tek meg i å skriva «God november» på stadig fleire😄Det nærmar seg tid for 3.bestilling...
.
#norway_photolovers #ig_week_scandinavia #got__greatshots #nortrip #fotofanatics_nature_ #nature_focus_on #nb_nature_brilliance #tv_allnature #fiftyshades_of_nature #bns_landscape #bestofnorwegiannature #norgefoto #1natureshot #sirisoge #wu_norway #essence_of_norway #ig_amazingnature #ig_countryside #highlightsnorway #srs_landscape #norway2day #bns_mountains #nuriss_wow_landscape #everything_imaginable #shotwithlove #bestcaptureglobal #water_brilliance #gramoftheday #gotd_2233


19

.
💛3 søstre er samla rundt ei sjukeseng, forente, finstemte i fellesskap med kvarandre og den fine mammo vår. Me lever i ei verd ved sidan av vår vanlege verd. Me pustar i eit rom der ein gamal kropp pustar, tyngre og tyngre, men...framleis. Me pratar. Me syng. Me stryk og ER. Me er her ilag «...Edel Øystesedronning og dei tri døtrene hennar» som diktaren Ivar Orgland kalla eit dikt han eingong publiserte💛Me er omslutta av profesjonelle folk med kunnskap og varme, som steller og stullar mammo og oss med verdigheit dag og natt, natt og dag. Der ute har november vore så vakker, mild, tørr og fargerik, med magisk lys mellom fjella og over fjorden💙Himmelen byr på lys og skyer av såkalla bibelske dimensjonar. Jevnleg tek me oss små pausar der ute og pustar inn lyset, åleine eller saman. Mellomstesyster Beate fanga meg då eg dusja i lyset frå ettermiddagshimmelen, mens storasysto Merethe og mammo kvilte der inne blant vasar bugnande av roser og omtanke. For 34 år sidan sat eg med mammo og ein bror ved pappen si sjukeseng. Plutseleg, etter 34 år sit me søstrene her. Desse dagane, vemodige og vakre💛 Desse søstrene: dei finaste, denne mammo: den beste.
.
Kor ser eg her, tru? Oppover, framover, nedover, bakover og innover....«ut i det ukjende, ut i det blå.»
.
.
.
#sirisoge #ptk_sky #world_great #sky_captures #love_all_sky #sky_brilliance #ig_week_sunsets #worldprime #everything_imaginable #tv_allskies #the_gallery_of_magic #worldbestgram #raw_skies #hey_ihadtosnapthat #jj_skylove #raw_silhouette #shotwithlove #rsa_ladies #jj_skylove #sky_brilliance
#9vaga_skyandviews9 #edelmammo #insta_themedshots_165 #gramoftheday #gotd_2245


51

Eg bed ikkje om spektakulære solnedgangar. Eg bed ikkje om ekstraordinære skyformasjonar. Eg bed ikkje om ein himmel full av nordlys i magiske fargerørsler. Eg bed ikkje ein gong om reprise av i kveld. Eg er meir enn nøgd med at det etter den latterlig plaskande surklande striregnande skvettande skytunge SEPTEMBER kom ein OKTOBER med andre ting på menyen. Gårsdagen baud på soltimar med gyldne blafrande lauv som nesten var sjølvlysande på greinene med den blå himmelen bak. Eit kraftig regnskyll fulgte(sjølvsagt) Og så kom 2.oktober med ein rosa finale. Eg bed ikkje om meir, TAKK! 💕PS: skyene får meg til å tenka på rosa sløyfe-aksjonen til Kreftforeningen, fin påminning no i oktober: SJEKK DEG💕
.
.
.
.
.
.
.
#ptk_sky #world_great #sky_captures #love_all_sky #sky_brilliance #insta_sky_reflection #tv_allskies #norway_photolovers #raw_norway #norway2day #mittvestland #bestofnorwegiannature #the_gallery_of_magic #srs_nature #wu_norway #tv_aqua #bns_reflection #water_brilliance #raw_skies #igworld_global #loves_reflections #jj_skylove #ig_week_scandinavia #9vaga_skyandviews9 #fjordkysten #igworld_global #highlightsnorway #loves_united_scandinavia #nb_reflection #sirisoge #firdaposten


26

The end of the page