#viharboka

Instagram photos and videos

#viharboka#boktiljul#bøkerforalltid#nynorsk#minklassikar#foto#seintute#høgtlesing#finborud#kafka#jonfosse#fantasiboka#færøyane#boktikjul#skjeldal#snøboka#oselvar#oselvarverkstaden#kulturrådet#kunst#forvandlinga#snø#kvardagsfilosofi#norge#tyskland#illuminating#godtføre#historie#willybrandt#oldtimes

Hashtags #viharboka for Instagram

🌟LUKE 23: På ein slik ruskete veslejulafta kjenner vi med Burrr. Den vesle isbjørnen frå Nordpolen kan ikkje symje og synes globaloppvarming er utruleg kjipt. Vi kryssar fingrane for ei fredeleg, fast og kvit jul.
Rolf Losnegård har skrive den elleville historia om Det forferdelege Freseskyflyet. #veret #storm #veslejulafta #burrr #nordpolen #viharboka #boktiljul


0

🌟LUKE 22: Blir du kjære, søte Piggy syltelabb til jul? Eller blir det får i år, slik som vi fekk det siste år? Svar meg kjære, gode Piggy, der i frå bingen som du ligg i. Jammen er du tøff! Du kan meir enn ditt nøff!
Oddvar Torsheim funderer over, mellom anna, juletradisjonane i boka "Solveigs ALLER siste song til sin EX". #viharboka #bøkertiljul #oddvartorsheim & #misspiggy #kunst


0

🌟LUKE 21: @gunvorr stiller på @norligalleriet kl.17 - i dag!! ✍😻🙌Møt superillustratøren og få ei helsing i årets finaste julegave til den leikne og eventyrlystne. 📖+🦄🐲🐚🚀=🎁#Fantasiboka er testa og godkjent av både barn og @btno #bokmeldar Guri Fjeldberg og Silje Stavrum. #illustrasjon frå historia "Jenta med snøkrystalltårer"❄️❄️❄️, ei av 18 splitter nye #nynorske #forteljingar #viharboka #barnebok #fantasi #høgtlesing #sjølvlesing #boktiljul ..😳#seintute ?


1

🌟LUKE 20: Kva vi har gjort i år? Berre gjeve ut nokre av årets beste bøker, vel! 😎💪Det meiner i alle fall bokmeldarane i @morgenbladet @btno @aftenbladet og @dagens_nyheter 👊💪 Og om du har vore retteleg snill i år👼 kan det hende du finn ein av desse titlane under 🎄om tre dagar ... #boktikjul #besteboka #færøyane #fantasiboka #bygdekinoen #forvandlinga #kafka #jonfosse #minklassikar #viharboka 😳... #seintute ?


1

LUKE 18🕯: Ingen sjampanje utan båt! Då kan det vera fint med storverket om Noregs nasjonalbåt, no også UNESCO-båt! #seintute? #boktiljul #oselvaren #viharboka


1

LUKE 17 🌟: Fjelltoppane i Jotunheimen gjer seg klare til jul. Mange menn er kjende for å ha erobre dei kvasse tindane. Kvinnene veit vi mindre om. I #Fryktogjubelijotunheimen fortel Sigrid Sandberg ei litt annleis historie til Noregs høgaste fjell. #altviikkjehaddeklartutankvinner #lesdegsmart #viharboka #boktiljul Tagg gjerne ein venn som bør tenkje på denne.


0

LUKE 16: Merk ein ven som må tipsast! BEVEGELSER er julegåva til den danseglade. Antologien er gitt ut i samarbeid med @danseinformasjonen og skildrar dansen si rivande utvikling i Norge dei siste tiåra. #estetikk #kulturpolitikk #profesjon #utdanning #dans #nyavåret #viharboka #boktiljul


12

🌟LUKE 15: Årets aller, aller siste bok ut fortel om klingande steinar og den nordatlantiske vevhistoria frå #Noreg, #Island og #Shetland. Og praktverket #Oppstadveven er sjølvsagt sydd i ryggen. #veving #weaving #viharboka #boktiljul #bøkerforalltid


0

🌟LUKE 14: Bygdekinoen er heile 65 år og stadig aktuell. 📽Noregs største kino var sist i nyhendene i dag tidleg. No har denne eineståande kulturinstitusjonen for første gong blitt dokumentert av @sveinungw og fotograf 📸@mariusnyheim i boka #Bygdekinoen i #Norge 🎞 #viharboka #boktiljul #dokumentar #foto #film #kino


0

🌟LUKE 13: Kjartan Lucia👼 Han fann alltid sin eigen, fine vri. Her fotografert i 2006 av Brita Olsson på Konstnärens Kollektivverkstad. Henta frå boka "Kjartan Slettemark - kunsten å falle". #kunstenåfalle #kjartanslettemark #stlucia #lucia #viharboka #boktikjul


0

🌟LUKE 12: Blåmandag? Det er er fleire som har det slik. Den vesle blå haien til dømes. Han går liksom i eitt med havet, og er ikkje så svolten som dei andre heller ... Les den vakre boka til Øyvind Vågnes og Akin Duzakin og sjå kor godt det endar💙 #denvesleblåhaien #viharboka #nynorsk #barnebøker #høgtlesing #illuminating #sjølvlysande !


0

🌟LUKE 11: "Dei er redde for at eg ikkje kjem meg ned igjen, så søtt. Men dette er berre ei knøttegran, ikkje som den store bjørka utanfor. Ingen treng ringa brannbilen enno, tenkte Sherman. Eg har full kontroll." 🎄Vel, vel ... Sherman overvurderer nok evnene sine her, sjølv om han har andre uvanlege evner på lur. 😼Nyfiken? Les historia til Ingelin Røssland i #fantasiboka , ei av 18 nyskrivne fantastiske forteljingar på #nynorsk . Illustrert av @gunvorr 😻 Høyrte eg #høgtlesing ? Jada, #viharboka #boktiljul #minklassikar


0

🌟LUKE 10: Klar for julebord? Denne gjengen har vore klar sidan august, det herrens år nittenhundre, då Knud Knudsen gjekk land og strand og fjord og by og fjell rundt for å fotografere stort og smått. Kva han fanga i linsa kan du sjå i albumet hans, Knud Knudsens album, sett saman av Lisbeth Dreyer og Skule Eriksen. #knudknudsen s #album #viharboka #boktiljul #foto #historie #oldtimes #julebord Klarare blir du ikkje. 🎉💃🍸


0

🌟LUKE 8: GRATULERER! Dramatikar og diktar Jon Fosse mottok i dag Willy Brandt-prisen. Kona hans, Anna Fosse, stilte i hans stad, og gjennom henne fortalte han om dei store tyskspråklege diktarane som har merka han, mellom anna Franz Kafka som han i år har omsett til nynorsk for SKALD. Han sendte stor takk for heideren, og med seg heim tek Anna ein liten Willy, pakka i eit SKALD-nett. #jonfosse #viharboka #forvandlinga og andre forteljingar #kafka #nynorsk #klassikar #nynorskeklassikarar #verdslitteratur #minklassikar #bøkerforalltid #willybrandt #tyskland 💘 #norge


0

🌟LUKE 7: ❄️I dag vakna Leikanger til lyden av plogen som drog over asfalten. Ungane gler seg over alle snøballane som skal kastast, foreldra grua seg til oppkjørsla som må måkast, og nokre ser lengselsfullt på yr og ur; held han til eg er ferdig på arbeid? 🎿I boka BEGRAV MEG I SNØ skriv Gudmund Skjeldal om denne lengselen og kunstnar Kristian Finborud målar både godt og dårleg føre.🌨☀️⛷🌧 #viharboka #boktiljul #snøboka #snø #kunst #kvardagsfilosofi #godtføre #bøkerforalltid #skjeldal #finborud


0

🌟LUKE 6: Jula er ei tid til ettertanke, og ei tid vi helst vil dele med venner og kjære. Men ikkje alle har nokon å dele tida med💔Mary Shelly skreiv i 1818 om utanforskap og lengsel i verket Frankenstein, ein roman om langt meir enn ein gal vitskapsmann og hans namnlause monster. #viharboka #frankenstein #nyomsett til #nynorsk #boktiljul #bøkerforalltid


0

🌟LUKE 5: Gåvetips! SKALD-Nissen er attende etter 11 månader ferie og han har sanka sekken full av gode #gåvetips. - Den som etter eit møte med denne boka ikkje får lyst å dra i vesterveg, manglar truleg eventyrlyst og evne til å verdsetja nye opplevingar, seier Egil Morland i Dagen om boka til Ottar Fyllingsnes og Harald Hognerud. #skaldnissen er heilt einig. #viharboka #færøyane #foto #nynorsk #reise #bøkerforalltid #boktiljul


3

🌟LUKE 3: Har du ein fjøsnisse som må tekkast før jul? Då vil vi tilrå "Norges låver". 550 sider med over 1000 låvefoto gjer garantert susen. #nissefar drøymer om #boktiljul #viharboka #norgeslåver #bøkerforalltid


0

⭐️LUKE 1: Desembernatta heng svart over oss, men enno kan vi berre lengte etter snøen slik Kristian Finborud målar han. Kjem han til jul, skal tru? 🌚Om lengta etter kvitt vert for stor kan du alltids dukke ned i "Begrav meg i snø" og telle dagar saman med skiløpar og kvardagsfilosof Gudmund Skjeldal❄️❄️❄️ #viharboka #bokgåve #snøboka #finborud & #skjeldal #advent


0

GRATULERER! No er svaret frå Addis Abeba endeleg her! Oselvarbåten og ivaretakinga av kunnskapen og tradisjonane kring han er skriven opp på #UNESCO si liste over immateriell kulturarv! 🙌Det er det første bidraget frå Norden, og vi reknar med at både Oselvarverkstaden, Oselvarklubben og ikkje minst forfattar @kjellmagnusokland er frykteleg stolte! 👏 #verdsarv #viharboka om #oselvar #oselvarklubben #oselvarverkstaden #kulturrådet


0

Får dei napp? Får @kjellmagnusokland og dei andre i Oselvarklubben sove i natt?? Stor spenning før 1.desember, dagen vi får vite om Oselvaren og ivaretakinga av tradisjonane kring han havnar på UNESCO si verdsarvliste for immateriell kulturarv. Vi kryssar fingrane og gjer oss klare for feiring! #oselvar #oselvarverkstaden #nasjonalbåt #viharboka #bøkerforalltid #kulturrådet #unesco


1

Har tatt turen til Valderøy Skole idag og selger boka Ditt Smarte Barn av Hanne S Finstad. Gøy å være med på arrangementer rundt omkring👍 Du får boka hos oss på Norli Moa også. #påtur #valderøyskole #selgerbok #dittsmartebarn #hannefinstad #kaggeforlag #viharboka @norlimoa


0

The end of the page