Samlaget@detnorskesamlaget

1,702 posts 0 followers 0 following

Samlaget

Ingen tvil om at rosa er den varmaste fargen i haust💘 #lesetips #bokdumålese #eiboktiltakk #samlaget #boktips


0

Samlaget

Flotte meldingar av Harald Nortuns "Blå flaggermus" i NRK og Barnebokkritikk!⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Anne Cathrine Straume i NRK skriv: "«Harald Nortun skriver godt om å mestre livet i den bragenominerte barneboken «Blå flaggermus» (...) Sander er ikke uten slektninger i norsk barnebokverden. Han kan minne om både Bart i Arne Svingens «Sangen om en brukket nese» og Anton i Gudrun Skrettings «Anton og andre uhell». Dette er gutter som tar grep om sin egen stusslige tilværelse. De er outsidere vi heier på.»⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Mens Kristina Brambach Furuvang i Barnebokkritikk skriv: "«En av Nortuns beste egenskaper som forfatter er måten han beskriver menneskeskjebner på og hvordan han mestrer å sette seg inn i tankene til barn som strever. For en leser blir livet til Sander svært virkelighetsnært. (...) Nortun skriver realistisk og treffende om fattigdom og utenforskap, og boka setter søkelys på noe som er tabubelagt og lite synlig i dagens samfunn. Jeg tror at barn som har det litt som Sander i møte med boka kan føle at de ikke er alene om å ha det tøft.»⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
#haraldnortun #blåflaggermus #barnebok


3

Samlaget

Vi gratulerer Jon Fosse med nominasjon til Ungdommens kritikerpris for ‘Septologien I-II: Det andre namnet’ 🎉⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Frå grunngjevinga:⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Mange av landets mest kjente forfattere ga ut bøker i 2019, uten at juryen lot seg sjarmere. Jon Fosse var et stort unntak. Som første bok i en romanserie i sju deler følger Det andre namnet. Septologien I-II den berømte, aldrende kunstmaleren Asle. På vei hjem fra et galleri i Bjørgvin kjører han forbi leiligheten til en alkoholisert og mislykket kunstnervenn, også ved navn Asle, og fylles med dårlig samvittighet. Da han etter noen mil stopper bilen, oppdager han en tredje Asle, ung og forelsket, på en lekeplass. Vel hjemme forstår Asle at han må kjøre tilbake. ­Liv står på spill, og ikke for første gang i Asles liv, skal det vise seg.⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
De tre Aslene har samme hestehale, skinnfrakk og veske, og gjennom dette enkle og sterke dobbeltgjenger-motivet tar Fosse oss med stor innsikt med inn i et livets speilkammer. Med full stryke griper de lange, grublende tankestrømmene tak i leseren, og selv om språket kanskje setter leseren på prøve, kan juryen enstemmig melde at biltur med Fosse i høyeste grad er verdt innsatsen.


0

Samlaget

Denne vekas onsdagsdikt er henta frå Hildegunn Dale si loggdiktsamling Rapportar frå havet. 🌊 #onsdagsdikt #lyrikkonsdag #dikt #lyrikk #poesi #samlaget #hildegunndale #loggdikt #rapportarfråhavet #livetpåhavet⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
.................................................................................⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Eg har nok minne for eit liv, treng ikkje fleire.⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Kunne opphalde meg resten av livet i ein seglbåt på ope hav.⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Kvar dag ha setningar sagde av andre til underhaldning.⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Auga ville etter kvart bli som hav. Drivande, blanke,⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
ute av stand til å halde ei stove.


0

Samlaget

Strålande melding av «Avlyst på grunn av sorg» i Gudbrandsdalen Dagningen✨Per Ivar Henriksbø skriv mellom anna: «Solid skildring av ungdom i vanskar [...] Med «Avlyst på grunn av sorg» viser journalisten og forfattaren Magnhild Bruheim frå Skjåk og Lillehammer nok ein gang at ho står fjellstøtt som ungdomsromanforfattar og er mellom dei fremste som skriv for ungdom på nynorsk.»


1

Samlaget

Hurra! Heile fyrsteopplaget av Jul på Bukken hotell har flydd ut frå lager ⭐️ Pass på å sikre deg eit eksemplar før jul!❤️🤶🏻🎅🏻❤️Foto: Lene på ARK Amfi Eikunda #julpåbukkenhotell #ingriddossantos #christianwiikgjerde #samlaget #jul #adventsbok #julebok #pirripam


0

Samlaget

Kjenner du ein ekte vestlending eller er du ein sjølv? ✨Vinn eksklusiv Vestlandskviss-kopp til deg sjølv og ein venn!✨Tagg ein eller fleire vestlendingar i kommentarfeltet og bli med i trekninga! Vestlandskviss er kvissboka for deg som kjem frå Vestlandet, bur på Vestlandet eller skulle ønskje du var ein vestlending! Boka finn du på Samlaget.no.
Vi trekkjer to vinnarar 5. desember!


222

Samlaget

«[...] et verdifullt innblikk i en mislykket endringsprosess [...] en studie i endringsledelse» skriv Åshild Mathisen om Hareides fall i Morgenbladet. #samlaget #bokdumålese #hareidesfall #emilandreerstad #politikk #KrF


1

Samlaget

Gledeleg søndag! Dagens dikt er henta frå Sindre Ekrheims flotte diktsamling "Ho kjem fram i regnet" frå 2013.⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
#sitatsøndag #poesi #sindreekrheim #hokjemframiregnet


0

Samlaget

Jon Fosse er nominert til Brageprisen med Septologien I-ll: Det andre namnet. Har du lese?❄️ #jonfosse #septologien #bokdumålese #detandrenamnet #samlaget #brageprisen


3

Samlaget

Frå i dag kan du kjøpe årets Juleroser og Barnas Juleroser i bokhandlar, kioskar og butikkar over heile landet! I Oslo snør det i dag - ei vakker påminning om at vi er på veg mot den fine førjulstida! ❤️ #juleroser #barnasjuleroser #jul #herborgkråkevik #julehefte #jul2019


12

Samlaget

Norwegerstraße er ei original og kunnskapsrik reiseskildring, ei mentalitets- og kulturhistorie, full av overraskande sprang undervegs.⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Jørgen Norheim og Alexander Häusser ruslar seg ein tur i Berlin. Dei undrar seg over alle dei norske gatenamna i byen. Gudvanger Straße, Nansenstraße og Frithjofstraße, dei finn namn henta frå historiske personar og stader så vel som frå mytar. Dei to kameratane bestemmer seg like godt for å dra til stadene i Noreg der namna kjem frå.⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
På turen følgjer dei Ivar Aasens metode ved å ta inn hos gamle kjenningar. For Jørgen blir turen på den måten òg ei reise tilbake til ungdomstida. Alexander har sin eigen motivasjon for å reise. Far hans var i Noreg som ung soldat under krigen. Han drøymde om å dra tilbake, men rakk det ikkje før han døydde. No vil Alexander prøve å finne ut kva det var med Noreg som gjorde at faren hadde ein så sterk lengt dit. #jørgennorheim #alexanderhäusser #reiseskildring #lokalkunnskap #samlaget


0

Samlaget

Ville du blitt forelder med nokon du akkurat hadde møtt? ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
👶🌋⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
På eit kunstnaropphald i eit ombygd meieri på Island møter Beate Kjell, som ho blir gravid med. Kva slags livsendringar vil det å bli mor innebere, og kva slags mor kan ho greie å vere?⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Meieriet er ei lågmælt og kjenslevar forteljing om å slitast mellom lengsel etter nærleik og behovet for å vere åleine. #samlaget #mettekarlsvik #meieriet #barsel #blimor #island


3

Samlaget

Å han smiler av Jon Fosse, eit vakkert dikt om døden. God onsdagskveld! #samlaget #dikt #onsdagsdikt #jonfosse #romitthav #onsdagsdikt #lyrikkonsdag


3

Samlaget

Kyss meg i ræva/rauva/rumpa/bakenden/setet/baken/podeksen? Samlaget arrangerer kurs for språkvaskarar og korrekturlesarar.
Tid og stad: 7. februar 2020, Oslo.
Søknadsfrist: 10. desember.
For meir informasjon 👉
http://bit.ly/spraknerd


5

Samlaget

I Forklaringsopplysningane får vi, for første gong på norsk, presentert eit større utval dikt av den svenske poeten Ulf Karl Olov Nilsson – også kalla UKON.⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
UKON viser at poesi kan vere eit vis å sjå verda på, gjennom ei ramme av ulike system og dikt som er både konseptuelle og politiske, realistiske og absurde. Med stor respekt og omtanke auser han av si lange røynsle som klinisk psykolog og psykoanalytikar, i ei kontinuerleg språkleg omforming.⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Utval og gjendikting ved Monica Aasprong.⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
#UKON #samlaget #forklaringsopplysningane #dikt #utval #gjendiktning #monicaaasprong


0

Samlaget

November 1943. I same natt blir to brør tekne og torturerte av Gestapo: Milorg-leiar Ottar Haugland på Notodden og tungtvassabotør Knut på Kongsberg. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Knut gjennomfører ei farefull flukt. Ottar svelgjer ei sjølvmordspille, men får eit liv etter sjølvmordspilla, eit liv i dødsleiren Stutthof. Heime på Rjukan døyr far Olaf i ei meiningslaus ulykke. Mor Gunnhild byrjar å skrive dagbok, i sorg og angst og kamp for gutane sine. Samtidig finn sonen Ottar penn og papir i konsentrasjonsleiren.⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Dette er ei uhyggjeleg forteljing om dei mørkaste djupa i menneskesinnet, men samtidig ei lysande historie om å overleve barbariet gjennom samhald og solidaritet.⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
#samlaget #bokdumålese #sveinsæter #krigmorbror #historie #krigshistorie


2

Samlaget

Den tyrkiske forfattaren og journalisten Ahmet Altan, vart dømt til livstid i fengsel for å ha kritisert president Erdoğan. I dag fekk vi endeleg den gode meldinga om at han er sleppt fri.

I boka «Eg får aldri sjå verda igjen» skildrar Altan augneblinken då politiet kom og henta han tidleg ein morgon, rettssaka, dommen og livet i fengsel. #LetAhmetAltanGoFree #ahmetaltan #egfåraldrisjåverdaigjen #lesetips


1

Samlaget

Vi gratulerer Agnes Ravatn med nominasjon til Bokhandlarprisen 2019! #deisjudørene #agnesravatn #samlaget #bokdumålese #lesetips #bokhandlerprisen #bokhandlerprisen2019


2

Samlaget

«Dette er den beste juleboka eg har lese i mitt liv» - Eivind, 8 år 🎄⭐️ #julpåbukkenhotell #bokdumålese #adventsbok #julebok #samlaget


3

Samlaget

VIL DU GI UT BOK FOR BARN OG UNGDOM?
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Samlaget arrangerer manusseminar 24. januar 2020 for framtidige barne- og ungdomsbokforfattarar.
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Send inn manus på nynorsk (20–25 sider), anten prosa eller bildeboktekst.
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Seminaret blir halde i Oslo. Innleveringsfrist: 2. desember 2019.
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Send manuset ditt til barnogungdom@samlaget.no og merk e-posten med MANUSSEMINAR.
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Har du spørsmål, send dei til same adresse med same overskrift.
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Deltakarane får reisetilskot.
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Les meir på: https://samlaget.no/pages/manusseminar-2020


0

Samlaget

Den svenske poeten Ulf Karl Olov Nilsson, også kalla UKON, har skrive dagens dikt. Diktet er henta frå samlinga "Forklaringsopplysningane". Utval, gjendikting og etterord ved Monica Aasprong.⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
#sitatsøndag #lyrikk #UKON #monicaaasprong #forklaringsopplysningane


0

Samlaget

Denne boka har blitt ein litterær sensasjon i USA. Vuong blir samanlikna med dei verkeleg store i den engelskspråklege litteraturen, som Emily Dickinson og William Shakespeare.⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
I dikta til Ocean Vuong blir det svært intime stadig sett opp imot historiske hendingar. I etterdønningane frå Vietnamkrigen skildrar Vuong sorg, vald, krig og overgrep med eit mjukt landskap av poetiske bilete. Det er dikt som gjennom rytme og driv demonstrerer korleis ei varleg hand på eit bryst kan stille sjølv den sterkaste lysta.⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Forord av John Freeman. Gjendikting og etterord ved Mathias R. Samuelsen.


0

Samlaget

VIL DU GI UT SKJØNNLITTERATUR?
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Samlaget arrangerer manusseminar for framtidige skjønnlitterære forfattarar 14. februar 2020. Send inn manus på nynorsk (20–30 sider), anten prosa eller lyrikk.
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Forfattarane Martin Ingebrigtsen, Aina Basso og Leif Høghaug fortel om korleis det er å vere forfattar på Samlaget, og vil saman med redak­sjonen (Runa Kvalsund, Maren Ingeborg Hvamstad og David Aasen) gi tilbakemelding på tekstane under samlinga.
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Seminaret blir halde i Oslo, og det er i alt 18 plassar.
Innleveringsfrist: 2. desember 2019. Send manuset ditt til skjonnlitteratur@samlaget.no og merk e­posten med MANUSSEMINAR. Har du spørsmål, send dei til same adresse med same overskrift.
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Deltakarane får reisetilskot.
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Les meir på https://samlaget.no/pages/manusseminar-2020


1

Samlaget

SV-politikaren og sosionomen Oddny Miljeteig er først og fremst kjend som sosialpolitikar – ei markant stemme for dei svake og utstøytte. Ho er så langt frå ein politisk broiler som ein kan komme.⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
❤️⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Til full jubel blei 60-åringen Oddny Miljeteig vald til ny nestleiar i SV på landsmøtet i mars 2015. Eg er ikkje redd for motgang, sa den kampklare partiveteranen, som skulle ta steget frå lokalpolitikken i Bergen til riksarenaen. Tre månader seinare kjende ho ein kul under armen. Ho låg på isolat då Audun Lysbakken kunngjorde at ho ikkje kom til å delta i valkampen. Dei neste åra kjempa ho sitt livs tøffaste kamp. Det tok henne tre år å stable seg på beina og gjere comeback i bystyret i Bergen.⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
I denne boka fortel Miljeteig om oppveksten i den veglause grenda Tøsse, der ho kom tre veker gammal, som adoptivbarn. I samband med boka tek Oddny kontakt med Fylkesmannen for å få vite kven dei biologiske foreldra hennar er. Ho fortel også for første gong offentleg om då ho var med og skjulte flyktningar i Bergen.⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Dette er eit ærleg portrett av eit motstraumsmenneske det er vanskeleg å stille seg likegyldig til.⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
#hjartebank #oddnymiljeteig #kjerstimjør #samlaget #detnorskesamlaget #adopsjon


0

Samlaget

På ein fjellknaus i utkanten av Slottsparken ligg Grotten. Huset som sidan 1922 har vore æresbustad for fortente kunstnarar. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Men huset blei bygd lenge før det. Henrik Wergeland la i si tid elsk på plassen, og 17. mai 1841 stod huset ferdig og Wergeland flytta inn med kone, hest, hund, kaninar, ormar og fuglar. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Etter Wergeland har nokre av dei fremste norske diktarane og komponistane fått bu i Grotten: Christian Sinding, Arnulf Øverland og Arne Nordheim. I 2011 flytta forfattaren Jon Fosse inn i det rosa huset og vart kongens nabo. Grotten er ei forteljing om huset og kva som har skjedd der.⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Boka handlar om nokre uvanlege skikkelsar i norsk historie: Korleis var kvardagslivet deira, og kva blei skapt i huset på knausen? Og det finst dei som har takka nei: Tarjei Vesaas kunne ikkje tenkje seg å forlate Vinje til fordel for å sitje på utstilling i Slottsparken. Mange blei urolege då erkevestlendingen Jon Fosse skulle bli kongens nabo. Ville han bli ein annan no, langt borte frå vestlandske fjordarmar og duskregn?⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
#grotten #jonfosse #ingridbræin #samlaget #detnorskesamlaget #wergeland #øverland #sinding #norheim


0

Samlaget

Vi gratulerer Rune Belsvik med nominasjon til Brageprisen! ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Frå grunngivinga: ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
«Fugleguten er ei sår og gripande forteljing om eit barns forsøk på å kontrollere eigne kjensler og handlingar, og om å søke samhald. [...] Gjennom utforskingar av kvardagen forstår Lukas gradvis at han ikkje er den einaste som har det vanskeleg med tankane sine. Det gir styrke til å forsone seg med utrygge livsvilkår i denne ømme og truverdige barndomsskildringa.» #brageprisen #brageprisen2019 #samlaget


0

Samlaget

Vi gratulerer Jon Fosse med nominasjon til Brageprisen! ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Frå grunngivinga: ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
«Med et vakkert og strømmende språk maner Jon Fosse fram et mektig litterært univers i Det andre namnet. Septologien 1-2, som er første bind av en romanserie bestående av syv deler fordelt på tre bøker. Bokens ytre handling er sparsom, det er hovedpersonens indre drama forfatteren så intenst og suggererende gransker. [...] en fengslende og kraftfull roman som lever videre i leseren.» #brageprisen #brageprisen2019 #jonfosse #samlaget


0

Samlaget

Vi gratulerer Harald Nortun med nominasjon til Brageprisen! ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Frå grunngivinga: ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
«Blå flaggermus er korthogd og velskriven, og sveipar innom tematikk som fattigdom, rettferd, dysleksi og fleire typar utanforskap. [...] Sander si modne evne til å stå imot press frå ulike kantar går som ein raud tråd gjennom romanen, og trass det til dels alvorlege bakteppet er dette ein varm og humørfylt roman. Denne underhaldande, men samstundes truverdige skildringa av den unntakstilstanden ein barndomens sommarferie kan vere, har noko på hjartet.» #brageprisen #brageprisen2019 #samlaget


3