Det Norske Teatret@detnorsketeatret

574 posts 0 followers 0 following

Det Norske Teatret

Kva skjedde eigentleg på den bilturen med Mike og Tschick?
Tschick har premiere 18. oktober!


6

Det Norske Teatret

Bienes historie blir musikal og skal spele hausten 2020! 🐝 Vi gler oss enormt til å setje opp Maja Lundes verdskjende roman - og denne gongen i eit spennande samarbeid med @operaen_
Vi tok ein prat med forfattar Maja Lunde, ballettsjef Ingrid Lorentzen og teatersjef Erik Ulfsby om framsyninga. Sveip for å sjå del 2!


7

Det Norske Teatret

@fargespill er klare med framsyninga si «Lufta er for alle» på Hovudscenen vår 25. og 26. September! ❤️🙌🏻 Vi gler oss! #fargespilloslo #detnorsketeatret


0

Det Norske Teatret

Fossefestivalen fossar vidare - denne veka gler vi oss til å ta imot eit storslått gjestespel på Hovedscenen når Lensovjet-teateret i St. Petersburg gjestar oss med deira sirkusinspirerte og rocka versjon av Draum om hausten! Ta ein kikk på nokre av bileta frå framsyninga a hvis du vil sjå den er det framleis nokre billettar att! 💃🏻🤹🏼‍♀️🎷👏🏻

Det Norske Teatret
3

Det Norske Teatret

Gjer som Jon Fosse - skaff deg eit handlenett og bli med og feire at no er Den internasjonale Fossefestivalen i gang! 149,- i butikken vår ✌🏻 #fossefestivalen #jonfosse #detnorsketeatret


1

Det Norske Teatret

Endeleg premieredag - og endeleg startar Den internasjonale Fossefestivalen! Vi opnar med Trilogien på Hovudscenen - ta ein kikk på dei vakre bileta frå scenen 📷 Vi gler oss stort! #detnorsketeatret #trilogien #jonfosse #tvitvi


4

Det Norske Teatret

* * Nokon kjem til å kome ** Tittelen dei fleste har høyrt om .. men har du eigentleg sett stykket? No har du sjansen! Vi gler oss stort til å setje opp klassikeren til Fosse - som har premiere under Den internasjonale Fossefestivalen til helga - 7. September 2019.
#detnorsketeatret #nokonkjemtilåkome #fossefestivalen

Det Norske Teatret
7

Det Norske Teatret

Bur du i Oslo-traktene? Ikkje kjempefan av regnet som høljar ned? ☔️ Vel, vi gjer både deg og dagen litt betre med vår ganske så nye DNT-paraply! Designen kjenner du kanskje att frå sceneteppet vårt? Paraplyen kan du kjøpe i butikken i foajeen vår.


16

Det Norske Teatret

Endeleg premieredag, folkens! 👊🏼 Vi følgjer Mo og Jamal sin oppvekst - både oppturar og nedturar - der dei bur i Tante Ulrikkes Vei. Dette er ei historie om å kome seg opp og fram, finne ut av kven ein er, finne ut av dette med jenter, bli ein del av samfunnet. I kveld ønskjer vi endeleg velkomne til premiere på Tante Ulrikkes Vei på @rommenscene ❤️ #detnorsketeatret #rommenscene #tanteulrikkesvei @zshakar


21

Det Norske Teatret

Klar for ei annleis teateroppleving? I Raskolnikov på Scene 3 sit du i salen og ser på ein film - som blir laga samstundes rundt omkring i alle krikar og krokar på teateret. Skodespelarane spelar, filmar, er rekvisitører og teknikarar - og dei undersøker klassikeren Brotsverk og Straff av Dostojevskij på ein litt stuntaktig måte.
*
*
Sesongens første premiere er 17. august!
#dostojevskij #detnorsketeatret #raskolnikov


7

Det Norske Teatret

The Book of Mormon på Det Norske Teatret er historie😢 Men vi kan då mimre litt? Her får du ein godbit frå nokre av dei dyktige folka du ikkje ser så mykje av under framsyninga - nemleg frå orkesteret nedi grava! Vi sette opp nokre kamera rundt omkring der nede for å sjå korleis det går føre seg når dei speler "Skikk'leg skikk'leg skummelt" - ta ein kikk og syng (eller spel!) med! 👹 Vil du sjå heile filmen, så ligg den på Facebooksida vår! #detnorsketeatret #thebookofmormonoslo #thebookofmormonmusical


5

Det Norske Teatret

Vinn genser! Berre tre framsyningar att av The Book of Mormon .. ikkje til å tru, eigentleg. Har du like stor separasjonangst som oss? Kanskje du kan døyve smerta ved å lulle deg inn i denne fine The Book of Mormon-hettegensaren? Vi gir vekk til 2 heldige insta-vinnarar! Denne fin-fine genseren er ikkje til sals, så den blir rimeleg eksklusiv!
Korleis kan du vinne? Vel, berre kommenter innlegget med kva storleik du ønskjer deg, så trekk vi vinnaren tidlig i august! ❤️ Ein haug med kjærleik og fred og dyvåt frelse frå oss! God sommar!


234

Det Norske Teatret

Vi køyrer eit lite sommarsal i butikken i foajeen vår! Lysten på eit minne frå The Book of Mormon? No kan du få kopp eller nett til berre 59,- Dette er dei vi har att!

Obs: Berre tilgjengelig for godt, gammaldags, fysisk sal i foajébutikken vår! <3 (enn så lenge .. vi jobbar med å få i gong ein nettbutikk!)
#detnorsketeatret #thebookofmormonoslo #thebookofmormonmusical


6

Det Norske Teatret

#Heddaprisen2019 - ein kveld vi kjem til å hugse lenge.. Ta ein kikk på nokre finfine augneblink vi hatt her på huset i kveld! Stort gratulerer til alle dei dyktige nominerte - og sjølvsagt; vinnarane! ❤️


1

Det Norske Teatret

Ojojoj! Vi har fått heile 5 nominasjoner til Heddaprisen - stor stas! Sveip gjennom og sjå alle❤️ Vi gratulerer dei gode nominerte og er rimeleg stolte av huset vårt! 🙌🏻 No gler vi oss til Heddaprisutdeling 16. juni kl 16:30! Den kan du sjå live på Facebooksida vår 🤓


6

Det Norske Teatret

«Look up here man, I'm in heaven.»
*
*
P R E M I E R E D A G ! I dag er vi ekstra takksame for musikken Bowie har skapt - og ekstra stolte av å kunne vise fram Lazarus. Tvi, tvi spesielt til Joachim i hovudrolla som Newton - og resten av gjengen både framfor, på og bak scenen!
#tvitvi #detnorsketeatret #lazarusoslo #lazarusmusical #davidbowie


12

Det Norske Teatret

Ch-ch-Changes
Turn and face the strange
Ch-ch-Changes
Dont tell them to grow up and out of it
*
*
Heidi Gjermundsen Broch i rolla som Elly. 👊🏻
#detnorsketeatret #lazarusmusical #lazarusoslo #davidbowie

Det Norske Teatret
3

Det Norske Teatret

I’ve got a handful
of songs to sing
To sting your soil
To fuck you over
*
*
Joachim Rafaelsen har nett gitt heile teateret Bowie-feber! Her frå dagens prøve. Vi veit de knapt kan vente til noregspremiere neste helg!
#lazarus #lazarusmusical #davidbowie #detnorsketeatret

Det Norske Teatret
2

Det Norske Teatret

I kveld - langfredag, kl. 20:45 - kan du sjå framsyninga vår Peer Gynt med Toralv Maurstad i hovudrolla på NRK2! Skru på 📺 eller 💻 og nyt Henrik Ibsen sitt meisterverk ❤️


23

Det Norske Teatret

Vi gler oss stort til å vise dykk Charlie og sjokoladefabrikken som har premiere 9. november! Men hausten 2019 skal ikkje berre dreie seg om sjokolade. Vi har også anna knask! No er heile programmet for alle scenene våre klart - ta ein kikk og sjå om du finn noko du likar.
*
*
Og du? God påske! 🐣

Det Norske Teatret
12

Det Norske Teatret

Vi gler oss til i morgon - for då er det miniteaterverkstad igjen! 🥳 Vi kan love magi og mykje teatergøy for dei som blir med. Passer for barn frå 6-12 år, sjekk ut link i profil om du vil lese meir eller kjøpe billett! #detnorsketeatret #aktivioslo

Det Norske Teatret
2

Det Norske Teatret

Willy Wonka er klar med sjokolade og musikal! Skal du sjå Charlie og sjokoladefabrikken til hausten, så bør du kjøpe billett allereie no 🍫#charlieogsjokoladefabrikken #roalddahl #detnorsketeatret

Det Norske Teatret
41

Det Norske Teatret

@mimmimusic syng Life on Mars frå #lazarus! No er prøvane i full gang hos oss - berre 2 månader til premiere sånn ca... 👽 #lazarusmusical #detnorsketeatret


16

Det Norske Teatret

Tre menneske blir sette på prøve av det dei meiner er høgare makter. Kva er verkeleg, kva er sant? Korleis skal ein møte andre si overtyding?
Openberringa spelar no på scene 2.

Det Norske Teatret
2

Det Norske Teatret

Byvinterferie? Treng du noko å finne på saman med ungane? Laurdag 23 februar har vi tilbod på bare framsyninga «Hyper i Egypt»! Framsyningsstart kl 15:00. Bruk rabattkode 2019VINTER så får du billett til 150,- pr stk! #hyperiegypt #detnorsketeatret


1

Det Norske Teatret

Endeleg! No får Jon Fosse sin eigen festival! Med meir enn 600 oppsetjingar over heile verda er Jon Fosse den største norske dramatikaren sidan Henrik Ibsen - så då var det kanskje på tide.
Saman med @detnorskesamlaget lagar vi Den internasjonale Fossefestivalen - så frå 6. til 15. september kjem orda til Jon Fosse til å krype inn i kvar krå på Det Norske Teatret. Det blir framsyningar på alle scenar, gjestespel frå Japan, Russland, Frankrike og Trøndelag og eit innhaldsrikt seminarprogram.
Link til festivalprogram i profil!
#fossefestivalen #detnorsketeatret #jonfosse


4

Det Norske Teatret

"Politisk teater i verdensklasse" skreiv Dagsavisen etter premieren. Oslo gir deg eit fiktivt gløtt inn i forhandlingsrommet til Oslo-avtalen og historia om korleis eit norsk ektepar endte opp som fredsmeklarar i Midtausten.

Det Norske Teatret
2

Det Norske Teatret

Ein utanbys inspektør dukkar opp i Husum, og tvingar landsbydommaren Adam til føre fram ei sak han kjenner litt for godt til. Framsyninga Den knuste krukka gjer Scene 3 om til ein rettssal der den skuldige får si bot, men dessverre kan ikkje alt bøtast og bli heilt igjen.

Det Norske Teatret
1

Det Norske Teatret

Ein dag for historiebøkene! Vi har opna ein satellittscene i Groruddalen – ta turen til Rommen Scene du også 👏🏻 foto: @akam1k3

Rommen Scene
9

Det Norske Teatret

«Preben Hodneland i rollen som Rød-Larsen virkelig briljerer.» VG – OSLO er historia om uventa samantreff, optimisme for fastlåste konfliktar og politisk spel med hyppig servering av vaflar.

Det Norske Teatret
0