Gloppen folkebibliotek@gloppenbibl

292 posts 0 followers 0 following

Gloppen folkebibliotek

Merk nytt tidspunkt komande torsdag: Møt ordføraren mellom kl 14 og 18 på biblioteket

Trivselshagen
0

Gloppen folkebibliotek

Strålande laurdagslesing finn du i #jordsjukantologien frå @steintorleifbjella - varmt anbefalt! #leseglede #diktomlivet


0

Gloppen folkebibliotek

Alle må gjere noko, dette er dykkar 8. april 1940!
Sterk bodskap frå klimarådgjevar Svein Tveitdal og forfattar Sigbjørn Mostue. Debatten var leia av Anja Aga Ramstad frå Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

Sandane
0

Gloppen folkebibliotek

Kom på tysdag klokka 19.30! Ta dei unge på alvor. Det er jo dei som skal arve jorda

Trivselshagen
1

Gloppen folkebibliotek

Ny klimautstilling i samband med storhendinga her 5. november: sjølvaste Sigbjørn Mostue og Svein Tveitdal kjem til biblioteket for å diskutere klimaendringane #komkom #lygvifordeiunge? #sigbjørnmostue #sveintveitdal #lesforlivet


0

Gloppen folkebibliotek

@trygveskaug sørger for den rette starten på dagen ♡ Det er laurdag godt folk, biblioteket er ope frå 11-14. Velkomne!


0

Gloppen folkebibliotek

Biblioteket har mange seriar til låns, her ser du nokre av dei #leseglede


0

Gloppen folkebibliotek

Ordføraren vil ha kontordag på biblioteket på Sandane tre torsdagar før jul. Kom gjerne innom!
Ordførar Leidulf Gloppestad ynskjer å vere tilgjengeleg og møte folk som vil diskutere, argumentere og kommentere, eller berre rett og slett vil drikke kaffi og slå av ein prat. Alle er velkomne på dette opne ordførarkontoret - små og store, gamle og unge

Trivselshagen
0

Gloppen folkebibliotek

I dag:
Landsbylørdag 12-14😀
Lørdagsopebibliotek 11-14😀
Tips: Ta turen om den nye fine vegen langs Fargarelva, og sjå kor fint der er blitt!

Sandane
0

Gloppen folkebibliotek

Fredag og bluesfestival 🎸🎉 Nytt, aldeles høveleg dikt av Kjersti Wøien Håland! Flammesingel 406: Vi må spele meir saman @kjersti_wh @flammeforlag #fjordblues2019 #lesemagi #musikkmagi


0

Gloppen folkebibliotek

Smakebitar frå nobelprisvinnarane i litteratur er no henta fram på utstilling. #leseglede #nobelslitteraturpris


0

Gloppen folkebibliotek

#velkommentilvirkeligheten - Årets liste over 50 sakprosabøker du bør lese er klar! Viktige, spennande, tankevekkande - for både barn og vaksne. Velkomen innom og plukk frå den nye utstillinga vår #leseglede #altdetteertokyo #insektenesplanet


1

Gloppen folkebibliotek

Set av kvelden: Tysdag 5. november kl 19.30! Gratis inngang. Sigbjørn Mostue, forfattar bak trilogien "I morgon er alt mørkt", og Svein Tveitdal, tidlegare direktør ved FN sitt klimaprogram (UNEP), kjem for å sette søkelyset på dei unge sitt engasjement for klimaendringane. Dei vil snakke om korleis vaksne kan vere gode rollemodellar når det gjeld klima og miljø.

Er vi vaksne ærlege nok, eller skjermar vi barna våre for sanninga om korleis det står til med jordkloden? Kva gjer vi sjølve for å motverke utviklinga? Det er jo dei unge som i størst grad må handtere verknadene av klimaendringane, og korleis kan vi bu dei på dette?

Vi ser no eit auka engasjement frå den yngre generasjonen, og Mostue og Tveitdal vil kome inn på kva vi faktisk kan gjere konkret for å få til endring. Arrangementet varer i ca. 90 minutt. Det blir foredrag etterfølgt av samtale leia av Anja Aga Ramstad frå Sogn og Fjordane fylkesbibliotek. Det er ope for spørsmål frå salen.

Trivselshagen
0

Gloppen folkebibliotek

-«Bøker er det viktigaste verktøyet for å utvikle empati» «Les så mykje du kan - det gir superpower!» 📚 #superpower #lovleg @kjersti_wh


0

Gloppen folkebibliotek

Starten på ein festdag i Gloppen folkebibliotek! Lovleg-forfattar @kjersti_wh møter elevar på #firdavgs @firdavgs.mdd #lovleg

Sandane
0

Gloppen folkebibliotek

Onsdag 2. oktober klokka 19.30 er alle invitert til eit møte med Lovleg-forfattar Kjersti Wøien Håland i samtale med Ingrid Brevik Håheim på Gloppen folkebibliotek i Trivselshagen. Det vert mykje god prat og sjølvsagt også vist glimt frå serien. Dette blir ein festkveld! Gratis inngang @kjersti_wh kjersti_wh #lovleg


0

Gloppen folkebibliotek

Kjersti Wøien Håland er både manusforfattar, romanforfattar og lyrikar. Onsdag 2. oktober kl 19.30 kjem ho til biblioteket, der nokre av scenene i Lovleg-serien vart spelt inn. Velkomen til eit møte med forfattaren i samtale med Ingrid Brevik Håheim, som er norsklærar på Firda vgs. Det vert sjølvsagt også vist glimt frå denne P3-serien.

Lovleg vart spelt inn på Sandane og Firda vgs i 2017 og 2018, og vist på NRK, SVT og DR. For mange vart nettsida (https://lovleg.p3.no) den viktigaste måten å sjå serien på. Produksjonen sette sitt preg på bygda og skulen i innspelingsperioden, og det var mange lokale innspelingsstader og lokale statistar. Skodespelaren til hovudrolla var også frå Gloppen: Kristine Ryssdalsnes Horvli.
Opphavskvinna til Lovleg var altså @kjersti_wh , sjølv tidlegare Firdaelev. Ho har fleire bokututgjevingar bak seg, og har utdanning både som tekstforfattar og manusforfattar.
@allkunne skriv om forfattarskapen hennar: «Håland sin forfattarskap synleggjer ein ung generasjon som leitar etter meining. Tekstane hennar er engasjerte, gripande og avslørande, tidvis sjølvutleverande. Både i poesi og prosa kjem lesaren tett på individet. Alvor går hand i hand med humor, og både framandgjering og identitet er ofte tema. Forfattaren skriv på nynorsk og nyttar eit kortfatta, leikande og tydeleg språk.» Første sesong av Lovleg vart nominert til Medieprisen for beste web-tv-serie. Våren 2019 var forfattaren tilbake på Sandane for å ta i mot Noregs Mållag sin Målpris saman med produsent @hauffersen
Biblioteket ynskjer å presentere ein forfattar som brukar ei stor og variert verktøykasse for å skape dei historiene ho ynskjer å fortelje og formidle. I Lovleg brukte ho fleire forteljemåtar i tillegg til dei filmatiske. På nettsida fekk vi undervegs lese hovudpersonen Gunnhild sine notatar på mobiltelefonen. Gunnhild skreiv også dikt og lagra dei som notat - og eit av desse var sentralt i sluttepisoden. Mange sjåarar hadde stor glede av å følgje eller kommentere klippa på nettsida undervegs. Det blomstra i kommentarfeltet med heiarop, personlege erfaringar og fantasifull meddikting.

Arrangementet er støtta av Nasjonalbiblioteket si satsing #bokåret2019

Sandane
0

Gloppen folkebibliotek

Regntid & lesetid 📚☕️


0

Gloppen folkebibliotek

Snillionen på spansk! Vi gratulerer Arnfinn Kolerud, nynorsk- og Nordfjordforfattaren som har vitja Gloppen ved fleire høve, med si første omsetjing, og det til verdsspråket spansk! @arnfinnkolerud #snillionen


0

Gloppen folkebibliotek

Godt over 100 frammøtte fekk med seg ei vakker og tankevekkande musikkforteljing i dag, framført av Beathe Frostad og arrangert av @gloppen_musikkfest - Tusen takk for besøket alle saman!


0

Gloppen folkebibliotek

Velkomen til familieframsyninga «Kongens tromme» laurdag kl. 14.00!
Denne fleirspråklege forteljarframsyninga er sydd saman slik at alle kan forstå, uansett kva for eit av språka du beherskar. Språk blir rytme, som blir til musikk, musikk blir til forteljing.
I ei gamal vestafrikansk forteljing, får vi ei klok løysing på verdas problem. Raymond Sereba og Beathe Frostad fortel på gagou og norsk om den grådige skilpadda og den gode kongen. Vi leiker med rytmane i språket, musikalitet, og vi leiker med borna. Undervegs inviterer vi til samhandling og dialog gjennom ord og musikk.

Her er det inga øvre eller nedre aldersgrense.
Forestillinga varer til ca kl 14.40. Gratis.
Arr.: @gloppen_musikkfest

Sandane
0

Gloppen folkebibliotek

Fantastisk oppmøte på Sommarlesfesten og den fine teateroppvisninga frå Reidun Melvær Berge i dag. Tusen takk til Reidun og ikkje minst alle de barna som kom og lagde ein livleg finale på årets sommarleskampanje #sommarles #sommarlesfest #leseglede


0

Gloppen folkebibliotek

Laurdag 31. august blir det Sommarlesfest! Kom og få is, diplom og kanskje vinn du ei bok til odel og eige på loddtrekking? Kl 13.00 er det teater for barn 5-9 år: Det usynlege barnet. Skodespelar Reidun Melvær Berge går inn i dei ulike karakterane og fortel frå boka av Tove Jansson. Framsyninga er laga spesielt for Sommarleskampanjen av @softeater #sommarles #sommerles #nasjonalbibliotekdag #bokåret2019 #helenorgeleser @helenorgeleser


1

Gloppen folkebibliotek

Forfattarbesøket er utsett til seinare i haust/vinter. Høgtlesing er uansett gøy, så kom igjen 🤩📚💙 @anna_r_folkestad


0

Gloppen folkebibliotek

Velkomen til barneavdelinga vår! No er bildebøkene på nynorsk samla i nye, raude hyller. Ny, flott bruktlenestol har vi og. Til felles glede 🥰📚 #leseglede #vakkerlenestolglede #nynorsk


1

Gloppen folkebibliotek

Høgtlesing er gøy! Møt forfattaren barna i Gloppen likar aller best*, og få tips til å gjere lesestunda enda betre!
Onsdag 28. august kl 20.00 på biblioteket i Trivselshagen. Gratis

Anna R. Folkestad har skrive bøkene om Besta og Bo, Unni og Gunni, Henrik And og Ulla. No kan du som er vaksen få møte Anna, og få tips til å gjere lesestunda enda betre. Det er kjekt å lære av nokon som er så begeistra for høgtlesing som Anna R. Folkestad!
Høgtlesing er viktig sjølv om barnet kan lese sjølv. På den måten kan barnet møte meir kompleks litteratur enn det kan på eiga hand. Og ikkje minst er lesestunda eit fint utgangspunkt til å snakke om livet. Når ein les høgt for andre, skapar ein gode relasjonar mellom den som les og den som høyrer på. Ein blir betre kjent med kvarandre, rett og slett!
Lesestunda stimulerer barnet sin fantasi og nysgjerrighet. Gjennom bøkene kan barnet oppleve sosiale situasjonar ein elles ikkje ville kome opp i ein vanleg kvardag, og både barn og vaksne kan øve seg i leve seg inn og forstå andre sin situasjon og kjensler. Høgtlesing er også bra for å kunne lese og skrive godt, og for konsentrasjonsevna.

Anna R. Folkestad vil også fortelje om korleis ho lagar lettlesbøkene sine. Ho vil vise skisser og utkast, og kva som fører fram til det endelege resultatet.
Vel møtt til foreldre, barnehagelærarar, lærarar og andre som føl opp barn – eller som er interessert i skriving og barnelitteratur! *slik vi tolkar statistikken for mest lånte barnebøker dei siste åra. Anna R. Folkestad sine bøker er mest lesne av alle
#høgtlesing #høytlesning @anna_r_folkestad Foto: @bodilbo


1

Gloppen folkebibliotek

Denne er så fin! ♡ Sveip til venstre for vidsomsdryss @trygveskaug sine dikt for unge (og vaksne) er perfekt sommarlesing! #sommarles #leseglede #følgmednå


0

Gloppen folkebibliotek

"Det som hindrer oss i å splittes i to [...] er diktningen, musikken: kunsten". Fabelaktig bok frå 2013 av den høgaktuelle islandske forfattaren Jón Kalman Stefánsson. Vakker og tankevekkande litteratur som høver godt å lese på støylen. Til dømes. #sommarles #leseglede #fiskeneharingenføtter


0

Gloppen folkebibliotek

Biblioteksvær ute og berre triveleg inne hos oss. No foregår ommøblering på barneavdelinga og sommarleikerommet har opna #sommarbiblioteket #sommarles #velkomentiloss


0