Hardanger folkemuseum@hardangerfolkemuseum

52 posts 707 followers 0 following

Hardanger folkemuseum

Jonsokbrurekrunar! Denne veka registrerar Norsk institutt for bunad og folkedrakt jonsokdraktar hjå oss. #jonsok #bunad #folkedrakt #historie #drakt #museum #tradisjon #krone


1

Hardanger folkemuseum

Great folk music concert next Friday! // Fredag 29. mars kl 19.30 vert det konsert med Jo Asgeir Lie og Kristoffer Kleiveland, to utøvarar som verkeleg har utfordra og utvida måten dei brukar instrumenta sine på. Med ein sterk folkemusikalsk bagasje, vil dei saman ta oss med på ei rundreise i folkemusikken for durspel og trekkspel. Det vert ein konsert som femner breitt i sjanger og uttrykk, og latteren sitt laust hjå dei begge medan dei fortel skrøner og røverviser frå gamledager.

Jo Asgeir Lie kjem frå Voss, og er rektor ved Ole Bull Akademiet. Han er også ein allsidig musikar og komponist. Han er i dag ein av dei mest markante utøvarane på trekkspel i Noreg, både som utøvar, formidlar og pedagog.

Kristoffer Kleiveland kjem frå Osterøy og spelar durspel. Han vert rekna som ein av dei beste utøvarane på durspel i dag, og er aktiv som både pedagog, formidlar og utøvar.

Billettar: 250,- Med sesongkort får du billettar til redusert pris: 225,- Pub og kafé

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Kafeen er ope, og det vert sal av forfriskingar under og etter konserten.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd. #folkmusic #folkemusikk #konsert #concert #utne #hardanger #pub


0

Hardanger folkemuseum

I dag er siste sjanse til å melda seg på dagskurs i sjonaleiststrikk laurdag 23.3. Kurslærar er flinke Kristi Nilsen, @nilsenkristi. (Det er påmeldt deltakarar frå Bergen, og dei har plass i bilen, om du har trong for skyss frå den kanten). Finn info på heimesida vår. Påmelding: post@hvm.museum.no // Last call for registration to our 8hr course in knitting the traditional sock sjonaleist, held in Utne Sat. 23.3.19. #sjonaleist #strikk #tveband #bunad #hardanger #knitting #tradition #museum #kurs #course


0

Hardanger folkemuseum

Lyst til å lære hardangersaum? Framleis ledige plassar på kurs 5.-7.april! // Would you like like to learn Hardanger embroidery? Still places available at our course April 5th-7th. Link in bio. #hardanger #hardangersøm #kurs #håndtverk #tradisjon #tekstil #craft #hardangerembroidery #stitch #sewing #tradition


2

Hardanger folkemuseum

I helga er ein konsentrert og dyktig gjeng på hjartebringklutkurs - det er mange flotte klutar undervegs! // A concentrated group of skilled ladies take a course in making bodice inserts with heart motifs this weekend. Much prettiness is in the making! #bringklut #bunad #drakt #tekstil #hjerte #tradisjon #tradition #folkcostume #textile #handverk #make #perle #beads #heart #bringeduk


0

Hardanger folkemuseum

16. og 17. mars held me helgekurs i å laga bringklut med perlenett og perlevev. Kurslærarar er Åslaug Eikrem Utne og Magna Hauso. Sjå heimeside (lenke i profil) eller Facebook for meir info. Påmeldingsfrist 1.3.19. // We arrange a weekend course in beadswork on loom and treading in a net, to make e.g. bodice inserts - March 16th and 17th. Go to our homepage(link in bio) or Facebook for more info. #kurs #course #handverk #håndverk #craft #perle #beads #beadswork #bunad #make #museum #skills #history #tradisjon #tradition


1

Hardanger folkemuseum

Hugs at du kan oppleva nydelege tolkningar av mellomalderballader på Hardanger folkemuseum i kveld 19.30. Glimrande Sogesong, beståande av Anne Hytta og Øyonn Groven Myhren spelar på Loftet. Sal av forfriskningar. // Don’t miss the concert with eminent duo Sogesong tonight at 19.30. #konsert #musikk #concert #music #folkemusikk #folkmusic #ballader #ballads


0

Hardanger folkemuseum

Med ei stor bygningssamling er det alltid eit glas å restaurera! // When one has a grand collection of old buildings, there is always a window in need of restoring! #musem #hardanger #hardangerfolkemuseum #window #vindu #glas #restoring #restauration #restaurering #reperasjon #repair #tools #work #arbeid #gammel #old #protect #vern #bygningsvern


0

Hardanger folkemuseum

Me arrangerer dagskurs i sjonaleiststrikk. Kurslærer er dyktige Kristi Nilsen, @nilsenkristi, medarrangør #folgefonnhusflidslag. 23.3 på Utne. Kom og lær å strikke mønstra tveband! Link i bio. // March 23rd we arrange a course in how to knit the beautiful traditional sock sjonaleist. Teacher is the skilled Kristi Nilsen, @nilsenkristi. Link in bio. #sjonaleist #tveband #bunad #drakt #tekstilhistorie #tekstil #textile #tvåändsstickning #strikk #knitting


0

Hardanger folkemuseum

Vår flotte styrar og bringklutentusiast @agnete.sivertsen skal no ut i ett års permisjon, så i dag hadde me sjølvsagt kake til hadetsålenge-lunsj. Bringklutkake! // Our nice boss is taking a year’s leave, and we saw her off with cake. Now that’s cake! #kake #cake #trolltungalillebakeri #sweet #fin #bringklut #bunad #nice #pretty #nydelig #god #good #cream #krem


5

Hardanger folkemuseum

9. februar held Øyonn Groven Myhren balladekurs på Hardanger folkemuseum på Utne. Gå ikkje glipp av moglegheita til å lære av ein sv landets beste kvedarar! Meir info i kommentarane under. // Feb. 9th the gifted folk singer Øyonn Groven Myhren gives a course in traditional ballads at the museum. A great oppurtunity to learn from the best! #musikk #music #kurs #course #ballader #ballads #kvede #folkemusikk #folkmusikk #tradisjon #tradition #historie #history


2

Hardanger folkemuseum

I samband med utstillinga 1000 bringklutar arrangerer Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag kurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til bringklut. I vinter vert det to helgekurs i å laga hjartebringklut, med Agnete Sivertsen som kurslærar. Det eine kurset vert laurdag 16. og sundag 17. februar. Det andre kurset vert laurdag 23. og sundag 24. februar. Sjå http://hardangerfolkemuseum.no/undervisningkurs/helgekurs-hjartebringklut // We arrange courses in the techniques used to make beautiful bodice inserts - in February is coming up two weekend courses in making beaded ones with heart motifs. #håndverk #bringklut #bunad #folkedrakt #søm #perle #beads #sewing #tradition #museum #folkcostume #tekstil #textile #textiles #beadwork #history #historie


0

Hardanger folkemuseum

Me har gleda av å invitera til konsert med duoen Sogesong, som utgjerast av Anne Hytta og Øyonn Groven Myhren, 8. februar kl. 19:30. Meir info i kommentarene under.// February 8th two of our most prominent folk musicians give a concert at the museum, presenting a repertoir of interpreted medieval ballads. Welcome! #konsert #folkemusikk #folkmudic #concert #ballader #ballads #mellomalder #middelalder #medieval #medievalmusic #hardanger #tradisjon #tradition #museum #musikk #music


1

Hardanger folkemuseum

I dag har me vore på omvising hjå våre kolleger på @kunsthuset_kabuso, og i #ingebrigtvikmuseum og i #hardangerskyspace og på #storeteigen! Fine utstillingar og opplevingar! Anbefalast! #hardangerogvossmuseum #utstilling #edvardgrieg #skulptur #museum #exhibition

Øystese
0

Hardanger folkemuseum

Setter stemninga dei siste dagane før jolaferie! // Getting in the mood for the holidays! #jol #jul #christmas #symphonion #sing #song #tradisjon #hardangerfolkemuseum


2

Hardanger folkemuseum

Lær å laga kniplingar i gull og sylv! I samband med utstillinga 1000 bringklutar arrangerer Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag ulike bringklutkurs. På dette kurset får du læra å laga kniplingar i sølv og gull. Slike var mykje nytta på gamle bringklutar. Kurslærar er Åse Bratland. Kurset vert laurdag 5. og 12. januar kl 09.30 - 16.30. Påmelding til post@hvm.museum.no /47479884 innan 15. des. Meir info http://hardangerfolkemuseum.no/undervisningkurs/kniplingar-i-gull-og-sylv #håndverk #tradisjon #kniplinger #bunad #kvinnekunst #museum #husflid #tekstil


1

Hardanger folkemuseum

Krotebord før og etter borna måla dei med kritt og surmjølk! // The boards before and after the children decorated them with a mix of lime and fermented milk. #museum #barn #krot #museum #historie #håndverk #craft #tradition

Hardanger Folkemuseum
4

Hardanger folkemuseum

Me har fyr på åro, og ventar på barnehageunger som skal krota hjå oss i dag. // We have lit the ore, and are waiting for the local kindergarden. The kids shall do the ancient «krot» today, paint decorative patterns with a mix of lime/chalk and fermented milk. #hardanger #hardangerfolkemuseum #krot #tradisjon #museum #håndverk #barn #dagenskontor #fire #flame #tradition #kids

Hardanger Folkemuseum
1

Hardanger folkemuseum

#ullveka2018 sin #nattpåfabrikken kan du i kveld høyre @nilsenkristi føredra om #sjonaleistar, ein vakker ankelsokk med mønsterbord i tveband, som høyrer til draktskikken i Hardanger og på Voss. Det vert garantert ei flott oppleving! Saman med Kristi, #folgefonnhusflidslag, @vossfolkemuseum og husflidskonsulenten i Hordaland - Hege-Therese Nilsen, @hege_th, har me laga ein komplett strikkepakke med alt du treng for å strikka dine eigne. Oppskriftsheftet inneheld mellom anna 6 mønsterborder utarbeidd av Kristi og vakre foto sv @elisabethemmerhoff. Sjå link i bio. Kristi har nokre strikkepakkar for sal etterføredraget, elles kan du bestille hjå oss.


1

Hardanger folkemuseum

Hardanger Spelemannslag fyller 70 år!

Hardanger Spelemannslag er eit av dei største spelemansslag i landet, og i år fyllar dei 70 år og inviterar til jubileumskonsert med hardingfele, song, dans og toradar i Storsalen på Hardanger folkemuseum. Etter konserten vert det dans på loftet på museet til klokka 22.30.

Billettar (konsert og dans): 300 kroner.
Selgast i døra.
#folkemusikk #fele #hardingfele #dans #torader #sang #hardangerspelemannslag #hardangerfolkemuseum

Hardanger Folkemuseum
1

Hardanger folkemuseum

I Norsk Husflid nr. 4 - 2018, som er komen i desse dagar, kan du lesa om sjonaleistprosjektet me har vore ein del av, dei fremifrå strikkepakkane me sel (link i bio), og om den vakre bringklututstillinga vår, som me no har beslutta at held fram eit år til! // In the recent issue of Norsk Husflid, you can read about the project to revive the use of magnificent folk costume sock «sjonaleist» that we have been involved in, about the knitting kit you can get to make your own.There is also an article about our breathtaking exhibition of 1000 bodice inserts. That exhibition will remain until November 2019. #norskhusflid #sjonaleistar #tveband #bringklut #hardangerfolkemuseum #bunad #tradisjon #historie


2

Hardanger folkemuseum

Takk til alle som deltok på kulturminnedagen i går! Det vart ein flott dag tross litt dårleg vêr. Husmannsplassen Skarebakken vart opna med snorklipping og mykje folk, særleg stas at så mange frå familien hadde høve til å vere tilstades! Elles var det dropskoking, føredrag om, og seinare fremvisning av bilete frå husmannsliv, trearbeid med tradisjonsverktøy, eplesmultringar, eldhuspizza, lafting og hellelegging, spinning, repslaging og slyngestokkar, kroting, pressing av historiske eplesortar frå museumshagen, eplekafé av og for barn - med teikning, eplemuffins og eplesaft, plantefarging av garn, og felespel og folkedans!


0

Hardanger folkemuseum

Klart til kroting i Tveismestova! Det er berre ein av fleire kjekke aktivitetar du kan vere med på i dag - kulturminnedagen 2018! Me startar med opninga av husmannsplassen Skarebakken klokka 13 - me har flytt sjølve pratinga inn i kaféen, så møt opp der! Så byrjar aktivitetene i tunet klokka 14. Varmt velkomne! #kulturminnedagen2018 #hardangerfolkemuseum #tradisjon #aktvitet #historie #museum

Hardanger Folkemuseum
1

Hardanger folkemuseum

På sundag markerar me kulturminnedagen med masse kjekke aktiviteter i museumstunet. Me kan ikkje lova vêr som på biletet, men me kan lova eldhuspizza, spinning, trearbeid, dropskoking, eplesmultringar, eplepressing, folkemusikk og dans, plantefarging og meire til, frå 14-17. Klokka 13 innlemmer me ein ny bygning i samlingen, når me opnar husmannsplassen Skarebakken. Velkomne! http://www.hardangerfolkemuseum.no/aktuelt/program/2018/9/kulturminnedagen-2018 #kulturminnedagen2018 #husmann #tradisjon #håndtverk #aktiviteter #moro #museum

Hardanger Folkemuseum
0

Hardanger folkemuseum

Det er ein sjelden våt dag! (Ta på ljod for å høyre regnet!) Men me har det godt og varmt inne, spanande utstillingar, kaffi og noko å bite i. Me opnar klokka 10. Velkomne! // Some serious rain going on! (Sound on for full effect!) Come inside for coffee and cakes, and enjoy our great exhibitions! #regn #rain #hardanger #hardangerfolkemuseum #visitnorway #utstilling #exhibition #coffee #kaffe

Hardanger Folkemuseum
0

Hardanger folkemuseum

I vår strikkepakke finn du alt du treng for å strikke sjonaleistar, inkludert oppskrift på 6 ulike mønsterborder og 3 ulike hælfellingar. På biletet gamle leistar frå Hardanger og Voss. (Foto: Elisabeth Emmerhoff.)
#sjonaleistar #bunad #strikk #tveband #tvåändsstickning #tradisjon #revive #hardanger #voss

Hardanger Folkemuseum
0

Hardanger folkemuseum

No lanserast oppskriftshefte og komplett materialpakke for å strikke sjonaleistar! Desse vakre bunadssokkene er ein del av draktskikken i Hardanger og Voss. De har ein flott mønsterbord i tveband, og fot i glattstrikk. Det er laga ein komplett pakke til deg som vil strikka dei vakre sokkane!
Pakken inneheld 5 tråds kamgarn i beste kvalitet i 7 fargar, og kvit, fin lintråd til mønsterbord, eit hespe ubleika lamull til foten (Vilje frå @hillesvagullvarefabrikk ), messinghekter, ullstoff til kanting, eit sett strømpepinnar i stål i storleik 1.25, eit sett i aluminium i storleik 2.0, og ein eksklusiv, handlaga pinnehaldar i tre, laga av @treverkaren. Du får eit flott oppskriftshefte med tekst, vakre bilete, illustrert oppleggsforklaring, mønster til 6 ulike border og 3 typar hælfelling. Alt er samla i eit flott berenett i svart bomull med lange hankar og påskrift #sjonaleistar i raudt. Pakken kostar 795,- og er førebels til sal i museumsbutikken vår, liste over andre utsalsstader kjem. Ta kontakt om du vil kjøpe over nett - me sendar! Frakt tilkjem ved sending. Vipps og PayPal. Prosjektet er eit samarbeid mellom Hardanger folkemuseum, @vossfolkemuseum, Folgefonn husflidslag, Norges husflidslag v/ Hege-Therese Nilsen, og @nilsenkristi - som har utarbeidd oppskrift og mønstra. (Foto: Elisabet Emmerhoff, @elisabethemmerhoff .) #sjonaleistar #bunad #strikk #tveband #tvåandsstickning #revive #strikkepakke #hardanger #voss #tradisjon

Hardanger Folkemuseum
1

Hardanger folkemuseum

Felefylgjesesongen er forbi for i år. Me takkar for herleg fylgje og gler oss til nye konsertar neste sommar. // The regular concerts with the folk music trio Felefylgje have come to their seasonal end. Thanks - see you next year! #hardingfele #hardangerfiddle #visitnorway #hardanger #musikk #music #museum #dans #dance #felefylgje

Hardanger Folkemuseum
1

Hardanger folkemuseum

I dag vert det høve til å oppleva den dyktige folkemusikktrioen Felefylgje på Hardanger folkemuseum. Dei gjer konsert både klokka 12 og 14! Konserten er inkludert i ordinær billett. // Today there is two folk music concerts at the museum, at noon and 2 pm. Entrance included in the ordinary ticket! #folkemusikk #folkmusic #felefylgje #hardangerfolkemuseum #utne #tradisjon #tradition #musikk #music #dans #dance #slått #hardingfele #hardangerfiddle #hardanger #visitnorway

Hardanger Folkemuseum
0