Høgt og Vilt@hogtogvilt

62 posts 0 followers 0 following

Høgt og Vilt

- Florø, husflidsmesse i Samfunnshuset no på laurdag, 16. november kl 12 -17
- Julemarked i Runnevang (rett her i inne på Sande)1. søndag i advent = 1. desember kl 14 -17
- Førde barneskule søndag 8. desember kl 12 -16 Husflidshandtverkarane i Sogn og Fj sin julemarknad.
- Sandane senter, torsdag 12. desember, langope
- Skywalken i Førde torsdag 19. og fredag 20. desember.


2

Høgt og Vilt

Ingen tvil, haustesesongen er slutt. Vi rakk det vi rakk. Fortsatt nydeleg ute, men no arbeider vi BERRE inne. Urtene skal ut igjen! - i form av velsmakende produkt til dykk. #urtete #urtekrydder #urtesalt #kakepynt #økologiskurtete #økologiskeurter #økologiskeurtekrydder #høgtogvilt #hogtogvilt #urterfrådevik


0

Høgt og Vilt

Frå haust til vinter. #høgtogvilt #hogtogvilt #gloppen


0

Høgt og Vilt

Siste par inn på tørk: dei pene, næringsrike, sprø og velsmakend krus- og bladpersillene! I vel fire månader har vi henta gode avlinger frå desse radene, og sparer framleis litt til å levere ferskt. Tørka persiller er også stas, og uunnværlige i nokre av krydderblandingen våre. #persille #kruspersille #bladpersille #urterfrådevik #hogtogvilt #høgtogvilt #økologiskeurter #økologisk #lokalt


0

Høgt og Vilt

Juletear, fyrste omgang pakka og klar, på veg ut i butikk. Alle vil ha velfylte hyller no. Ein køyretur i fylket måtte til, og posten er god å ha.
#høgtogvilt #hogtogvilt #urterfrådevik
Coop Nordvest, @laugetkaffiogkultur Bakar Jon, Coop Marked Skei, Spar Jølstraholmen, @hajen_kafe_og_bakeri @gardsbutikkensjh @lovlandspiseri @minibakeriet @reindyrka @reindyrkabergen @abrahamsen_friluftsgard @litleremat


1

Høgt og Vilt

Og så har han plukka eple i den gamle frukthagen. Rikeleg! Filippa her. Det blir til bitar i Juleteen, og til kos og knask. #tørkaeple #tørkaepler#økologiskeepler #høgtogvilt #hogtogvilt


0

Høgt og Vilt

For oss som haustar bladurter og blomster halve året, er nokre turar i soppskogen ei heil avveksling. #traktkantarell #tørkatraktkantatell


0

Høgt og Vilt

I år er dei urtekrydra rognebærgeleane klar til Matamål! Ein med peppermynte og ein med sar, anisisop og sitrontimian. De finn oss på Heradsplassen i Sandane sentrum i morgon. Vi har med alle dei vanlege varene og: urtesalt, blomsterpynt, krydder og tear #matamål #gloppen #rognebærgele #økologiskeurter #urterfrådevik #høgtogvilt


0

Høgt og Vilt

Haust, siste veka i september, altså siste tysdag med open Stabbursbutikk for denne gong. Takk for alle trivelige besøk! Til helga pakkar vi med oss varene og stiller på torgdagen Matamål på Sandane. #gardsbutikk #urterfrådevik #høgtogvilt #hogtogvilt #gloppen #matamål #lokalmat


0

Høgt og Vilt

Velkomne til tesmaking hjå oss torsdag 26. september kl 20 - 22! Hugs påmelding til Marthe 48044135 eller Bjørg 90865761 Pris 300,- pr person. Haustmørket gjer at vi ikkje kan sitje på tunet og nyte utsikten, så vi blir på Stabbursbutikken eller i den gamle stova. Vi skal smake og snakke oss gjennom sju slag. Nokre enkekturter, nokre blandingar, tørka og ferske. Marthe er guide gjennom det heile og ein fin kunnskapsformidlar.
Arrangementet er i samarbeid med Matamål Sjå www.facebook.com/MatfestivalenISognOgFjordane
#smaksoppleving #smaksopplevelse #økologiskurtete #urtete #matamål


0

Høgt og Vilt

Neste veke går matfestivalen Matamål av stabelen i Gloppen. Laurdag 28. september finn de oss på torgdagen i Sandane sentrum. Torsdagen, den 26. september kl 20 - ca 22 er det Tesmaking hjå oss i Devik. Ta kontakt med Bjørg 90865761 eller Marthe 48044135 for påmelding eller meir informasjon. Sjå og www.facebook.com/MatfestivalenISognOgFjordane #tesmaking #høgtogvilt #hogtogvilt #gloppen #urtete #økologiskurtete #ektesmak #smaksoppleving #smaksopplevelse


0

Høgt og Vilt

Det er mange fine dillkruner, altså blomster, her no. Er det nokon som vil kjøpe ferske? #økologiskeurter #urterfrådevik #høgtogvilt #hogtogvilt


0

Høgt og Vilt

Til kvardag og fest: Ferske blomster til pynt på maten. Dei har lang haldbarheit i boksane, og ligg fine time etter time på kaka, smørbrødet, salaten, fatet, bordet . . . #spiseligeblomster #blomkarse #kinagrasløk #kornblomst #malva #høgtogvilt #hogtogvilt #okologisk #økologiskeurter #urterfrådevik


0

Høgt og Vilt

Monarda i ostekremen. Malva, kornblomst og sitronmelisse oppå. Baka med Høgt og Vilt sitt Bakekrydder. Nei, vi sel ikkje kaker, berre tipsar om bruk av produkta våre. #høgtogvitl#hogtogvilt #urterfrådevik #kakepynting #monarda #malva #kornblomst


2

Høgt og Vilt

Dette har vi gjort ein gong før i sommar. No er det hoslåtten vi har bore inn i åkrane. Vi held gangarealet dekt med gras og bregner for å unngå jordsprut på plantane, dempe ugrasvekst og lette lukinga. Det gir god jordstruktur, tilfører næring og hindrar uttørking. #høgtogvilt #hogtogvilt #overflatekompostering


0

Høgt og Vilt

Mens andre i distriktet vart utsett for styrtregn og øydeleggingar i forrige veke, låg vi "midt" mellom og fekk ikkje ein dråpe. Vi er i ein periode med godt og lagleg ver som gir oss eit vell av blomster. Vi plukkar og plukkar og plukkar. #monarda / #etasjeblomst #kornblomst #ringblomst #spiseligeblomster #urterfrådevik #høgtogvilt


3

Høgt og Vilt

Og i dag pakkar vi og prøver å få med litt av det meste. Viss du ynskjer ferske urter og bestiller på førehand, så tek vi med. Opningstid: 11.30 - 17.00 #høgtogvilt #hogtogvilt #økologiskeurter #ferskeurter


0

Høgt og Vilt

Morgon stemning: Kva skal vi prioritere i dag, skal tru? Hauste, pakke varer til vi skal stå på stand i Hyen sentrum laurdag, eller ta fri og gå til fjells?


2

Høgt og Vilt

Forrige veke var det topp forhold for plukking av mjødurtblomst hjå oss. Men naturen arbeider så fort, så sesongen for denne blomsten er kort! Heldigvis har vi bakkar som snur både eine og andre vegen i forhold til sola, så vi kan plukke litt denne veka og. #mjødurtblomst


0

Høgt og Vilt

God stemning i "kjellarkafeen", på Stabbursbutikken, på omvisning og Tesmaking på open dag onsdag 3. juli. Takk for sist til dykk som besøkte oss!


3

Høgt og Vilt

Og så laga vi mat, skar opp, baka, pynta og danderte, og hadde verken tid til eller tanke for å legge ut noko på instagram. Dette var tysdag, og onsdag morgon. #kakepynting #bakekrydder #pizzakrydder


5

Høgt og Vilt

Innarbeidet og pakking må til når butikkane treng påfyll og vår eigen Stabbursbutikk skal bugne av nypakka varer både i morgon og på OPEN DAG onsdag 3. juli. Velkomne! #kornblomst #spiseligeblomster #økologisk #etandeblomstrar #kakepynt


0

Høgt og Vilt

Om ei veke! Minner om påmelding til tesmakinga. Velkomne! #økologiskeurter #debiogodkjent #urtehage #gloppen #økologisk


2

Høgt og Vilt

Velkomen til oss onsdag om to veke! Då er alle ansatte på jobb og tilgjengelege for ein urteprat! Det blir gratis omvisning kl 11.30 og 13.30 Vi riggar til kafe i kjellaren og på tunet med gratis urtete og sal av kaffi og urtefylte godbitar, salte og søte. Stabbursbutikken blir open. TESMAKING for betalende påmeldte kl 15 - 17


0

Høgt og Vilt

Denne måtte vi klippe inn i går! Det må til for å oppnå beste kvalitet på tørka Sitrontimian og Fiskekrydder. (Men vi sparer ein del, til glede for oss sjølv, besøkjande, humler og bier.)#sitrontimian #økologiskeurter #ferskeurter #spiseligeblomster #fiskekrydder


1

Høgt og Vilt

Og i det dei siste plantane vart sett i jorda for snart 2 veker sidan, var innhaustinga frå felta i full gang. Vi klipper når radene står på sitt aller finaste! Her på bilde: Sitronmelisse og oregano


0

Høgt og Vilt

Hei lokale fylgjarar! Eg er ferdig med utplantinga og har nokre plantar til overs. Dei ser litt stusselege ut, men blir fine dersom dei kjem i jorda no. Vil de ha, så kom og hent, eller i alle fall sei ifrå, i dag eller i morgon. Her er kruspersille, bladpersille, bladselleri, nokre få salvie, sitronmelisse og agurkurt.


4