Norsklærar og boknerd 💫@lesehjarte

77 posts 0 followers 0 following

Norsklærar og boknerd 💫

Dagens tema i #bokbrittsjulekalender2019 er #norskeforfattere. Vigdis Hjorth er ein av mine favorittar. Eg oppdaga Hjorth då ein kollega tipsa meg om «Snakk til meg» då eg var langtidssjukemeld for ein del år sidan. Eg vart heilfrelst. Eg pløyde meg gjennom det meste av forfattarskapen hennar dei følgjande månadane. Eg har lese alt ho har gitt ut sidan 2007, og har i grunnen likt alt. Eg diggar den intense skrivestilen til Hjorth, og synest alle bøkene hennar gir meg noko meir enn berre ei fin leseoppleving. Arv og miljø skil seg tydeleg ut, og eg meiner det er den sterkaste boka ho har skrive. Et norsk hus og Leve posthornet er også blant favorittane. Hva er det med mor?, Hjulskift, Tredve dager i Sandefjord, Lærerinnens sang og Henrik Falk (hennar siste, som er ei tolking av Ibsen-stykket Hedda Gabler) er også veldig fine! Om du ikkje har lese Vigdis Hjorth bør du sjekke ut nokon av desse bøkene. ⁣

#vigdishjorth #cappelendamm #readygoread #bokhøst2019 #bokåret2019 #bøker #norskeforfattere #bookstagram #boktips #detdumålese #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere #bibliofil #favorittforfatter


4

Norsklærar og boknerd 💫

Plukka med meg denne diktsamlinga frå bokhandelen i dag. Det vart mi vesle førjulsgåve til meg sjølv. Samlinga heiter Ikkje vekk dei vaksne, og er skrive av Kjersti Wøien Håland. ⁣

Dagens «luke» får meg til å tenke på korleis det ville gått med Maria og Josef om dei var på flukt med Jesusbarnet i dag. ⁣

#lyrikk #ikkjevekkdeivaksne #kjerstiwøienhåland #flammeforlag #readygoread #bokhøst2019 #bokåret2019 #bøker #norskeforfattere #bookstagram #boktips #detdumålese #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere #bibliofil


0

Norsklærar og boknerd 💫

Hardanger av Marit Eikemo⁣

Bok frå 2019 er dagens tema for #bokbrittsjulekalender2019, og novellesamlinga Hardanger har vore ei av dei finaste leseopplevingane eg har hatt i år!⁣

Marit Eikemo skriv godt, og novellesjangeren kler ho. Handlinga i dei 10 novellene er lagt til bygdemiljøet i Hardanger. Felles for alle novellene er lengselen etter å høyre til. Novellene handlar elles om alt frå bunadsskjorter til underlivsbilete på avvege, om erotikk på Dronningstien, sider og småbrukdraumar, og om kartverk og konmari-metoden. Det handlar også om kjærleik og vanskelege relasjonar, og om varm ro og sår rastløyse. Og så handlar det om å kome heim. Det usagte dirrar tydeleg under overflata.⁣

#mariteikemo #hardanger #samlaget #bokhøst2019 #bokåret2019 #bøker #norskeforfattere #bookstagram #boktips #detdumålese #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere #bibliofil #novellesamling #oddaoddaodda


18

Norsklærar og boknerd 💫

Mødre og døtre av Tiril Broch Aakre⁣

Dagens luke i #bokbrittsjulekalender2019 er #boksomhargjortinntrykk. Denne boka er den som har sett djupast spor i meg dette året. ⁣

Mødre og døtre handlar om vere pårørande til ei psykisk sjuk mor, å oppleve at mora tar sjølvmord, og tida og spørsmåla etterpå. Romanen gir viktig innsikt i psykisk sjukdom og det å vere pårørande. ⁣

Denne romanen trefte meg hardt i magen. Aakre fortel om sjølvmord og sorg, men også om stor kjærleik for den alvorleg sjuke mora. Ho skriv om frustrasjonane i møtet med psykisk helsevern, mangelen på individuell plan, kontakt med AMK og kriseteam, telefonar, bekymringar, maktesløyse og klagesak til fylkesmann. ⁣

Og så skriv ho svært sterkt om kjensla av avmakt når ein aldri kan oppleve å strekke tilstrekkeleg til. ⁣

#mødreogdøtre #tirilbrochaakre #bokhøst2019 #bokåret2019 #bøker #norskeforfattere #bookstagram #boktips #detdumålese #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere #bibliofil #flammeforlag @taakre @flammeforlag


4

Norsklærar og boknerd 💫

Der Agnes bor av Marit Larsen.⁣⁣
⁣⁣
Julebakst er dagens luke i #bokbrittsjulekalender2019. Det næraste vi kjem bakst her i huset er denne halvspiste boksen med pepperkakedeig. ⁣🤷‍♀️⁣
⁣⁣
Men boka er fin, då! Vi lånte ho på biblioteket i helga. Der Agnes bor handlar om 5 år gamle Agnes som bur åleine med mor si i ein leilighet i ein stor by. Ho er det einaste barnet i bygården, og har god oversikt over kva dei vaksne i blokka held på med. Når det flyttar ei ny jente, opnar ei ny verd seg. Dei nydelege illustrasjonane av prisbelønte Jenny Løvlie opnar opp for mange fine samtalar. ⁣⁣
⁣⁣
#barnebok #deragnesbor #maritlarsen #jennyløvlie #cappelendamm #readygoread #pepperkakedeig #bokhøst2019 #bokåret2019 #bøker #norskeforfattere #bookstagram #boktips #detdumålese #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere #bibliofil @lovlieillustration @larsenmarit


5

Norsklærar og boknerd 💫

Full spredning av Nina Lykke⁣⁣⁣
⁣⁣⁣
Dette er ein legeroman utanom det vanlege, vittig og tidvis svært gjenkjenneleg samfunnssatire.⁣⁣⁣
⁣⁣⁣
Hovudpersonen Elin er ein allmennpraktiserande fastlege i 50-åra, og er drit lei både pasientane sine og mannen sin. Då ho får kontakt med gamlekjærasten sin på Facebook, blir alt verre, og når romanen startar har ho flytta inn på legekontoret for ein periode. Ho forsøker å vere empatisk og lyttande overfor pasientane (særleg etter at ho oppdaga nokre dårlege omtalar på legelisten.no), men inni hovudet sitt kjem ho med utallige spydige kommentarar. Etterkvart mistar ho grepet, og seier dei ironiske kommentarane direkte til pasientane.⁣⁣⁣
⁣⁣⁣
Joda, så er kanskje karakterane litt udynamiske og historien noko forutsigbar, men det er ikkje så farleg, for boka er svært underhaldande.⁣⁣⁣
⁣⁣⁣
Eg vil tilrå boka til alle, men vil tru dette er særleg gjenkjenneleg for folk i fastlegebransjen. Har du ein lege i familien er dette årets julegåvetips! Denne må du lese, @ranveighelene!⁣⁣⁣

Tillegg: På podcasten til Litteraturhuset i Bergen (LittPod) ligg det ein kjempefin samtale mellom Nina Lykke og Trond Viggo Torgersen. Takk for tips @johannemagnus! ⁣
⁣⁣
#bokbrittsjulekalender2019 #readygoread#bokhøst2019 #bokåret2019 #bøker #norskeforfattere #bookstagram #boktips #detdumålese #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere #bibliofil #ninalykke #fullspredning #forlagetoktober


11

Norsklærar og boknerd 💫

Dagens luke i #bokbrittsjulekalender2019 er #julebok. Her er bøkene vi gjer eit forsøk på å lese i adventstida. Foreløpig ligg vi litt etter skjema sånn datomessig. Planen var å lese Snøfall til frukost, men det har vi ikkje hugsa dei siste dagane. Snøsøsteren lyttar seksåringen og eg til på NRK-appen ved leggetid, og så kikkar vi litt på bileta innimellom elles. Julemysteriet har eg lyst til å lese til dei på 11 og 12, men der har eg foreløpig berre lese luke nummer 1. Om eg ikkje får til høgtlesing for dei eldste, kjem eg til å lese Julemysteriet sjølv.

#julemysteriet #snøsøsteren #snøfall #jul #readygoread #bøker #norskeforfattere #bookstagram #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere


6

Norsklærar og boknerd 💫

Buffy By er talentfull av Ingeborg Arvola⁣

Buffy By er talentfull er ei utruleg fin og usentimental bok om barnefattigdom i Noreg i 2019.⁣

Forteljaren er 11 år gamle Buffy som skriv sin eigen sjølvbiografi som skuleoppgåve. Ho har eit skamlaust forhold til at familien har dårleg råd, er full av ståpå-vilje og taklar både utslitte klede og rosenkål i matpakka, men då ho oppdagar at ho har eit talent for slalåm, verdas tredje dyraste sport, får ho ei stor utfordring. ⁣

Det er ikkje så mykje som blir skrive om såkalla låginntektsfamiliar, men i går starta Bergens Tidende artikkelserien «Historier om fattigdom», der dei vil løfte fram dei fattige sine eigne forteljingar. Fattigdom i Noreg handlar ikkje berre om å gå svolten til sengs, men vel så mykje om å ikkje ha pengar til det andre tar for gitt.⁣

Barnefattigdom har auka betrakteleg dei siste 10 åra. I følgje BT budde det i 2017 106 000 barn i Noreg i hushaldningar med vedvarande låginntekt. Det er 38 000 fleire barn enn i 2006.⁣

Dette er barn vi møter over alt, i nabolaget, i klassen til barna våre og på fritidsaktivitetar. ⁣Det er Buffy og broren og 106 000 andre. ⁣

Berre ved å bli meir bevisst på kva slags økonomiske hinder som kan stenge barn ute frå fellesskap, kan ein greie å skape eit samfunn der alle har like mulighetar til å delta.

Dette er kanskje årets viktigaste barnebok. Ingeborg Arvola greier å setje søkelys på eit utruleg sårt tema på ein morosam måte. Boka er illustrert med treffande teikningar av Nora Brech. Som vaksen lesar får eg utruleg vondt av familien til Buffy som må⁣ ete knekkebrød til middag og droppe barnebursdagar fordi dei ikkje har råd til gåve, men mor til Buffy er klok og varm. Ho heiar fram sosialdemokratiet, og lærer ungane at det ikkje er skamfullt å vere fattig. ⁣

Buffy By er talentfull er den beste barneboka eg har lese i år, og kan trygt lesast av alle vaksne som har noko med barn å gjere også. Varm tilråing frå meg!⁣

#buffybyertalentfull #buffyby #ingeborgarvola #norabrech⁣⁣ #readygoread #bokåret2019 #bookstagram #boktips #detdumålese #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #barneboktips #bergenstidende #barnefattigdom


1

Norsklærar og boknerd 💫

Så gjør vi så når vi leser vår bok 📖⁣

er dagens tema i #bokbrittsjulekalender2019.⁣

Eg les eigentleg nårsomhelst og korsomhelst, 10 minutt her og 10 minutt der, både på papir og på mobil. Inne eller ute. Ståande, sitjande eller liggjande. På reise, når eg ventar på noko eller nokon, når eg står i kø, når eg lagar middag og når eg skal sove. ⁣

Lesing av skjønnlitteratur er min yoga. Når eg les pustar eg ned i tærne, skuldrene senkar seg og pulsen blir rolegare. 🖤⁣

Når eg skal rigge meg til for ei skikkeleg god lesestund, blir det ofte som på bildet her. Eg lagar meg ein kopp te, finn meg ein god plass i sofaen, plasserer meg i ein perfekt stilling mellom puter og pledd, og set på ei pianospeleliste på Spotify. ⁣

Det andre namnet av Jon Fosse er ei bok eg må ha ro for å lese. Eg starta på boka i september, men har ikkje funne passande høve til å lese vidare før no. Gler meg til ei helg med lesero. ⁣

#sågjørvisånårvileservårbok #lesero #readygoread #bokhøst2019 #bokåret2019 #bøker #norskeforfattere #bookstagram #boktips #detdumålese #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere #bibliofil #jonfosse #samlaget #detandrenamnet #septologien


4

Norsklærar og boknerd 💫

Favoritt-te og TBR for desember ⁣

Eg er ein kronisk fleirbokslesar, og les mest etter innfallsmetoden, så det er ikkje så lett å lage leselister. Men no har eg fleire påbegynte bøker eg har lyst til å bli ferdig med, så då fann eg ut at det kunne vere lurt å lage ei tbr-liste for desember (det kjem jo tross alt ein del fridagar etterkvart ❤️)⁣. Her er leselista mi for desember:

💫 Buffy By er talentfull (Ingeborg Arvola)⁣
💫 Full spredning (Nina Lykke) ⁣
💫 Det andre namnet (Jon Fosse) ⁣
💫 Blå flaggermus (Harald Nordtun)⁣
💫 63 måtar å elske deg på (Monica Bjermeland)⁣
💫 Hjemlandet (red. Mette Marit og Geir Gulliksen)⁣
💫 Vintereventyr (Karen Blixen)⁣
💫 Lavterskeltilbud (Jens M. Johansson)⁣
💫 Vi skulle vært løver (Line Baugstø)⁣
💫 Menneske og maktene (Olav Duun)⁣

+ julebøkene⁣

💫 Snøfall ⁣
💫 Snøsøsteren⁣
💫 Julemysteriet (Jostein Gaarder)⁣

Av desse er det berre tre eg ikkje har starta på, så det er nok på tide å fullføre litt. Sidan eg les mest på bibliotek-appen BookBites for tida, illustrerer eg tbr-bokstabelen med tre tilfeldige (og instavenlege 😅) bøker frå bokhylla.⁣

Tema for luke 5 i #bokbrittsjulekalender2019 er favoritt-teen. Min favoritt-te er Pukka med peppermynte og lakris. Om eg er litt raus med søtning smakar teen godteri. 😋 ⁣

#favoritt-teen #bokbrittsjulekalender2019 #trygveskaug #tbr #bokåret2019 #bøker #norskeforfattere #bookstagram #boktips #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere #bibliofil #bookbites


6

Norsklærar og boknerd 💫

Alle sammen teller av Kristin Roskifte⁣

Temaet for 4. desember i @Bokbritt sin julekalender er julegåver. Her i huset er det ingen gåver som er innpakka enno, men desse bøkene blir gåver til femåringane og seksåringane i familien vår. Alle sammen teller er mitt beste julegåvetips til barn i biletbok-alder!⁣

Boka er ei «Hvor er Willy?»-aktig myldrebok med fine tekstar. Tekstane er søte og morsomme og såre og opnar opp for mange fine samtalar. ⁣

—>> sveip for utdrag ⁣

Boka vart nominert til Brageprisen i 2018, og vann Nordisk råds pris for barne- og ungdomslitteratur i år. Dette er den finaste biletboka eg har lese på lenge! ⁣❤️

#julegaver #bokbrittsjulekalender2019 #bildebok #barnebok #julegavetips #jul #bokåret2019 #bøker #norskeforfattere #bookstagram #boktips #detdumålese #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere #allesammenteller #kristinroskifte #magikonforlag


9

Norsklærar og boknerd 💫

Juleroser og fylkeskommunal rosett⁣

Mitt favorittjulehefte er Juleroser. Utgåva på biletet er riktig nok frå 2015, men tekstane inni er like fine. Eg har tatt heftet med meg på jobb for å lese til elevane mine. ⁣

Eg synest Ruth Lillegraven, Vigdis Hjorth og Agnes Ravatn har dei finaste tekstane i denne utgåva —>> sveip for å sjå

Oppå heftet står favorittkoppen min. 🖤⁣

#favorittkoppen #BokBrittsjulekalender2019 #juleroser #samlaget #feminist #carryyourselfwiththeconfidenceofamediocrewhiteman #bookstagram #boktips #detdumålese #lesehjarte #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #leselyst #norskebookstagrammere
@christinekrieg #christinekrieg


10

Norsklærar og boknerd 💫

Snøsøsteren i bok og radio ❄️⁣⁣
⁣⁣
Dei fleste kjenner nok til Snøsøsteren i bokform, men det er kanskje ikkje alle som veit at det ligg eit nydeleg høyrespel av boka på NRK? Høyrespelet er delt inn i ni delar, og kvar episode varar omlag 25 minutt. Du finn høyrespelet i radioappen og på nettsidene til NRK. ⁣Vi er sånne som ikkje får til å lese kalenderbok kvar einaste dag. Då er det fint med høyrespel med færre episodar. I år les vi Snøfall til frukost når det passar, og så har eg planer om å lese Julemysteriet av Jostein Gaarder til dei eldste. 🎄⁣

✨Lukekalenderen i bakgrunnen er det elleveåringen som har laga til meg og mannen min. 💫⁣
⁣⁣
#julekalender #bokbrittsjulekalender2019 #julebok #bokjul #readygoread #julegavetips #bokhøst2019 #bokåret2019 #bøker #norskeforfattere #bookstagram #boktips #detdumålese #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere #bibliofil #snøsøsteren #majalunde #lisaaisato #kaggeforlag #nrk #nrkbok


6

Norsklærar og boknerd 💫

Absolutt juleambivalens ⁣

Denne har eg gleda meg til å hente fram! Deilig er jorden av Frode Grytten og Helge Skodvin er mi favorittjulebok! Ho er full av rare bilete og fine og såre og morsomme tekstar. ⁣

—>> sveip for ein smakebit av kva boka inneheld


#førstesøndagiadvent #bokbrittsjulekalender2019 #bokbritt #absoluttjuleambivalens #julebok #bokjul #readygoread #deiligerjorden #frodegrytten#julegavetips
#bokhøst2019 #bokåret2019 #bøker #norskeforfattere #bookstagram #boktips #detdumålese #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere #bibliofil#flammeforlag


8

Norsklærar og boknerd 💫

Bok om sorg (fortellingen om Nils i skogen) av Maria Navarro Skranger⁣

Bok om sorg handlar om å miste ein bror til sjølvmord. Romanen er sett saman av mange lausrivne fragment, og hoppar i kronologi mellom tida før og etter sjølvmordet. ⁣

Skaranger skildrar sorg utan å ty til klisjear, og skriv lågmælt og inderleg om livet til dei pårørande etter dødsfallet.⁣

Eg opplever at det enkle og kvardagslege språket gjer handlinga meir brutal. Bok om sorg er ei ujålete bok om eit tema det er viktig å tørre å snakke meir om. 🖤⁣

#readygoread #bokhøst2019 #bokåret2019 #bøker #norskeforfattere #bookstagram #boktips #detdumålese #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere #bibliofil #sjølvmord #selvmord #psykiskhelse #sorg #bokomsorg #bokomsorgfortellingenomnilsiskogen #marianavarroskaranger #forlagetoktober


0

Norsklærar og boknerd 💫

November wrap-up!⁣⁣
⁣⁣
Denne månaden har eg lese 11 bøker. Bokkonto på Instagram kombinert med bibliotek-appen BookBites på mobiltelefonen har auka lesekonsumet mitt betrakteleg.⁣⁣
⁣⁣
Eg har eigentleg ein travel månad bak meg, men har hatt mange fine lesepausar innimellom slagene, særleg helgemorgonar før eg står opp, ved leggetid om kvelden, og under transport (eg hadde fire Bergensturar denne månaden, det gav mykje lesetid). ⁣⁣
⁣⁣
Lyrikk: 2⁣⁣
Sakprosa: 1⁣⁣
Novellesamling: 1⁣⁣
Roman: 7 (av desse 3 barne-/ungdomsromanar)⁣⁣
⁣⁣
Alle bøkene har vore fine leseopplevingar, men om eg skal velje ut topp 4 frå november (som eg ser folk gjer her i desse såkalla wrap-upane), må det bli følgjande:

Helvete (roman)⁣⁣
Draumar betyr ingenting (roman)
Hvor lenge varer vi (noveller)⁣
Vårar seinare (lyrikk)⁣⁣ ⁣
#novemberwrapup #whatiread #readygoread #bokhøst2019 #bokåret2019 #bøker #norskeforfattere #bookstagram #boktips #detdumålese #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere #bibliofil


5

Norsklærar og boknerd 💫

Jeg lever et liv som ligner deres av Jan Grue⁣

Eg kom litt seint til denne festen, men du verden for ei bok!⁣

Med sylskarp penn og stram, akademisk stil skriv Grue om klokt og vakkert om liv og oppvekst med ein sjeldan muskelsjukdom. ⁣

Boka er ein sjølvbiografi, og handlar om å leve med ein sjukdom som gjer ein avhengig av rullestol, men også om å vere menneske og om behovet vi alle har for å bli sett og elska for den vi er. ⁣

#readygoread #bokhøst2019 #bokåret2019 #bøker #norskeforfattere #bookstagram #boktips #detdumålese #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere #bibliofil #jangrue#jegleveretlivsomlignerderes #gyldendal #sakprosa @gruelig


9

Norsklærar og boknerd 💫

Fugleguten av Rune Belsvik⁣

Eg vakna til varsel om at brageprisnominerte Fugleguten var klar til utlån på BookBites, og las boka før frukost i dag. Belsvik skriv enkelt og sårt om å oppleve å ikkje høyre til. Romanen handlar om Lukas, som kjenner seg utanfor og forsøker å finne plassen sin blant vennene, i familien, og i verda. Lukas trur mora er meir glad i veslesystera enn i han, og veit at han ikkje greier å oppføre seg slik han burde.⁣

Romanen er lettlest, og har fine illustrasjonar. I følgje forlaget passar ho for barn mellom 9 og 12 år. Varm tilråing frå meg!⁣

#readygoread bokhøst2019 #bokåret2019 #bøker #norskeforfattere #bookstagram #boktips #detdumålese #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere #bibliofil #runebelsvik #fugleguten #samlaget #bookbites #brageprisen#barnebok #ungdomsbok #ungebokelskere


0

Norsklærar og boknerd 💫

Aldri, aldri, aldri av Linn Strømsborg⁣

I den siste eksamensinnspurten påla eg meg sjølv strengt forbod mot sosiale media. Fordi eg er eit ustrukturert menneske med tidvis dårleg sjølvkontroll, fekk eg 11-åringen til å lage skjermtidkode på mobiltelefonen min. Den einaste appen eg lot vere open (i tillegg til meldingar og anropsfunksjonen), var bibliotekappen BookBites. Det førte til eg las heile Aldri, aldri, aldri i skrivepausane i eksamensperioden. 😅⁣

Aldri, aldri, aldri er ei usentimental og ærleg forteljing om å vere frivillig barnlaus i 2019. Strømsborg skriv godt om alle spørsmåla ein kan få når ein er ei 35 år gammal kvinne utan barn, korleis ein liksom blir allemannseige, og korleis det er å vere nokon folk meiner dei har ein rett til å meine noko om. ⁣


Sjølv har eg aldri forstått argumentet om at det er egoistisk å velje bort barn frå livet sitt. Å bestemme seg for å få barn er vel langt meir egoistisk? Eg trur i alle fall ikkje det er så mange som vel å få barn av samfunnsmessige årsaker. ⁣

Denne boka er vel verd å lese!⁣

#readygoread #bokhøst2019 #bokåret2019 #bøker #norskeforfattere #bookstagram #boktips #detdumålese #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere #bibliofil #aldrialdrialdri #linnstrømsborg #flammeforlag #bookbites


0

Norsklærar og boknerd 💫

Hjem, sier hunden av Gro Dahle⁣

Kva er heim, spør Gro Dahle, og manar fram varme og såre tankar om barndom, familie, kjærleik, kjæledyr og tilhøyrsle. ⁣

Hjem, sier hunden er ei kjempefin diktsamling om kva som eigentleg ligg i omgrepet heim, om kva som skal til for at vi skal kjenne oss heime, og om at heimen ikkje alltid er trygg.⁣

Nysgjerrig på å høyre meir? I programmet Åpen bok på NRK radio ligg det eit fint intervju med Gro Dahle frå 3. november.⁣

#readygoread #bokhøst2019 #bokåret2019 #bøker #norskeforfattere #bookstagram #boktips #detdumålese #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere #bibliofil #grodahle #hjemsierhunden #cappelendamm #lyrikk


2

Norsklærar og boknerd 💫

Draumar betyr ingenting av Ane Barmen⁣

Då eg ved leggetid i går kveld oppdaga at det berre var 8 timar igjen til innleveringsfristen av denne boka gjekk ut på BookBites, måtte eg berre bruke litt av natta til å lese ferdig. Det angrar eg ikkje på!⁣

Denne romanen fekk Brageprisen for årets beste ungdomsbok på torsdag denne veka. Den prisen var vel fortent. Denne boka er av dei beste eg har lese i år. Romanen handlar om 17 år gamle Louise som lengtar seg sjuk etter den døde bestekompisen Tormod. I romanen er ho heime for å dra i gravferd til mormora. Sidan det er sommarferie, og ho er midlertidig kasta ut frå studenthybelen, blir ho verande heime hos mora, og endar opp med sommarjobb på ein aldersheim, noko ho i utgangspunktet hatar hardt og intenst. Då ho får kjensler for ein gut ho møter på bygdefest, blir alt verre.⁣

Eg elskar den spydige tonen til Louise. Ho framstår tilsynelatande ufordrageleg, men under alle dei vonde kjenslene er ho klok og varm. ⁣

Eg elskar alle laga i relasjonane mellom menneska i romanen. ⁣

Og så elskar eg språket! Og banninga. Og den vesle detaljen i at det er ein skilnad i dialekta mellom unge Louise og Karen på gamleheimen. ⁣

Sjekk ut denne! Og dersom du kjenner nokon på 17 år (eller deromkring), bør du vurdere å pushe denne boka på dei. Varm tilråing frå meg. (Og Bragepriskomitéen 😅)⁣

#readygoread #bokhøst2019 #bokåret2019 #bøker #norskeforfattere #bookstagram #boktips #detdumålese #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere #bibliofil #bookbites#brageprisen
#anebarmen #draumarbetyringenting #gyldendal @anebarmen #ungebokelskere #ungdomsbok


6

Norsklærar og boknerd 💫

🦋 Mengele Zoo av Gert Nygårdshaug⁣

Eg er i eksamensmodus, og les meir fagbøker enn skjønnlitteratur for tida, men eg lyttar til lydbok når eg heng opp klesvask og når eg køyrer bil. No er eg nett ferdig med Mengele Zoo.⁣

Romanen handlar om Mino Aquiles Portoguesa som er fødd regnskogen i Latin-Amerika. Som barn mistar han landsbyen og heile familien sin i ei tragisk nedslakting, og bestemmer seg etterkvart for å ta hevn. Som ung vaksen dannar han den såkalla Mariposa-rørsla, som vil redde verda ved å forsøke å drepe alle som raserer naturressurssane i verda.⁣

Boka kom ut i 1989, men er kanskje meir aktuell enn nokon gong i dag. Mengele Zoo tar opp tema som kapitalisme, økoterror og rasering av regnskogen. ⁣

Denne boka starta eg på for mange år sidan, men eg kom liksom aldri vidare. Boka vart kåra til «Tidenes beste norske roman» i 2007, i ei kåring i regi av Dagbladet, NRK og Litteraturfestivalen på Lillehammer, og då eg vart tipsa om denne boka som eit alternativ til klassesettbok på vgs, tenkte eg det var på tide å gi boka ein ny sjanse.

Det gjekk litt trått i starten, men etter å ha lytta med opplesingshastighet på 1,5 ei stund, vart det meir interessant etterkvart. Dette er ikkje er ei sånn type bok eg vanlegvis ville ha kasta meg over, men eg eg glad eg har lese ho likevel. Tematikken er viktig, sjølv om action og drap ikkje heilt ligg for meg. ⁣

Har du lese Mengele Zoo?

#mengelezoo #gertnygårdshaug #bokhøst2019 #bokåret2019 #bøker #norskeforfattere #bookstagram #boktips #detdumålese #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere #bibliofil #readygoread


8

Norsklærar og boknerd 💫

🎧 Helvete av Erlend Loe⁣

Mannen min og eg lytta til Helvete på biltur i helga, og lot oss begeistre. Helvete handlar om nyskilte Rakel på snart 50, som oppdagar ei hemmeleg luke under plenen i hagen til rekkehuset ho nett har flytta inn i. Luka viser seg å vere ein inngang til Helvete, og der møter Rakel sjølvaste Djevelen, som ho innleier eit forhold til. Djevelen viser seg å vere ein fin og følsom fyr. Etter å ha kjent seg undertrykt av syster si i Himmelen i fleire tusen år, lengtar han eigentleg berre etter å bli elska.⁣

Romanen Helvete er naiv, vittig, fornøyeleg og lett fordøyeleg. Likar du Erlend Loe, likar du denne. Når vi er på biltur utan barn er Erlend Loe eit naturleg val, det er vårt «minste felles multiplum» i litteraturen. ⁣

#erlendloe #helvete #cappelendamm #bokhøst2019 #bokåret2019 #bøker #norskeforfattere #bookstagram #boktips #detdumålese #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere #bibliofil #readygoread


4

Norsklærar og boknerd 💫

📚Henrik Falk av Vigdis Hjorth⁣

Henrik Falk er ei nyskriving av Ibsen-stykket Hedda Gabler. Romanen er ein del av Ibsen NOR-prosjeket, der fleire skandinaviske forfattarar har blitt invitert til å skrive romanar inspirert av Henrik Ibsen sine drama.⁣

Romanen er kort og lettlest, og handlar om skipsreiarsonen Henrik Falk som har tapt familiearven på aksjemarknaden. Han har gifta seg med Elsa, dotter av bensisstasjonseigaren Bjørn Brun Hansen, og romanen startar når Henrik og Elsa kjem heim frå ei heller keisam bryllaupsreise.⁣

Henrik opplever at livet hans manglar retning, og han kjenner seg kvelt av den høggravide kona som snakkar om alt det han opplever som ubetydeleg. Han kjenner seg fanga i ein triviell og meiningslaus tilværelse, fullstendig omgitt av det han sjølv plasserer i den såkalla småtingskuffen.⁣

Då ekskjæresten Tale Løvlie brått dukkar opp (på same måte som Eilert Løvborg dukkar opp i Hedda Gabler), blir alt endra.⁣

Der Hedda Gabler får den tørrlagte alkoholikeren Eilert Løvborg til å drikke alkohol, får Henrik Tale til å snorte kokain. På same måte som Hedda Gabler brenn Eilert Løvborg sitt fantastiske bokmanusskript, og deretter får han til å ta livet sitt, øydelegg Henrik Falk Tale Løvlie sitt kunstverk og Tale Løvlie sitt liv endar på same vis som Eilert Løvborg.

Det er fornøyeleg å lese Vigdis Hjorth si tilnærming til Hedda Gabler. Eg diggar måten ho gjer det på, og vil tilrå alle å lese både Henrik Falk og Hedda Gabler!⁣

#henrikfalk #ibsennor #heddagabler #vigdishjorth #forlagetoktober #bokhøst2019 #bokåret2019 #bøker #norskeforfattere #bookstagram #boktips #detdumålese #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere #bibliofil #readygoread


2

Norsklærar og boknerd 💫

📚Gamer av Tor Arve Røssland⁣⁣⁣
⁣⁣⁣
Gamer handlar om ein gutegjeng som er hekta på eit nytt dataspel, og som plutseleg havnar i trøbbel i det verkelege livet når dei opplever at nokon er ute etter dei. Hovudpersonen går siste året på vidaregåande, men bortsett frå⁣⁣⁣ den opplysningen, er det ingenting ved karakteren som plasserer han i ei spesiell aldersgruppe.⁣⁣⁣
⁣⁣⁣
Boka er forholdsvis kort, og har ei konsentrert handling som eg trur det er lett å følgje med på for ungdom som ikkje har lese så mykje. Teksten har få vanskelege ord, og det er berre ein setning per linje i boka.⁣⁣⁣
⁣⁣⁣
Akkurat denne boka passar nok best til ungdom som har erfaring med dataspel, men dersom du kjenner til andre i same lesarkategori, er det fleire andre bøker i same serie som kanskje kan passe.⁣⁣⁣
⁣⁣⁣
Gamer er ein del av Skumring-serien som består av 9 lettleste bøker for ungdom som treng å trene lesekondisen. Serien er laga med støtte frå Leser søker bok, og passar i følgje forlaget for lesarar frå 13 år og oppover. ⁣⁣⁣
⁣⁣⁣
Det var skulebibliotekaren på jobb på vgs som tipsa meg om desse bøkene, og no har vi kjøpt inn fleire eksemplar av både Gamer og Dronen (frå same serie). No har eg pusha boka på min eigen dataspelande 12-åring. Eg er spent på korleis han likar boka.⁣⁣
⁣⁣
—————————🖤—————————⁣
#readygoread⁣⁣ #gamer #torarverøssland #skumringserien #lesersøkerbok #ungdomsbok #ungdomsboktips #bokhøst2019 #bokåret2019 #bøker #norskeforfattere #bookstagram #boktips #detdumålese #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere #bibliofil #ungebokelskere #ungdomsbok


2

Norsklærar og boknerd 💫

Eg vart tagga av @hiddeninabook i emneknaggen #gettoknowthebookstagrammer. Her er litt «random facts» om meg.

Eg er lærar på vidaregåande og elskar å arbeide med ungdommar. Eg er også deltidsstudent ved Universitetet i Bergen, og studerer ein erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i norsk. Puh! 😅 Det er langt og kronglete å skrive, men veldig kjekt og interessant å studere. 🤓 Eg tar eit semester om gongen, men målet er å få lektortittel i løpet av 2022…

Eg er kronisk fleirbokslesar, og lar som regel humør og innfall bestemme kva bok eg plukkar opp til ei kvar tid. Eg likar fysiske bøker aller best (og er ofte på biblioteket), men eg høyrer også ein del på lydbok, og les mykje på bibliotekappen BookBites. Eg elskar forresten den appen. Eg ELSKAR tilgjengeligheten, både i form av at eg får tak i mange av bøkene eg tenker på, nesten idét eg tenker på dei, og med tanke på at det er veldig lett å opne appen og lese i situasjonar der eg elles ofte ville ha surfa formålslaust rundt på nettet i staden.

Eg bur i ei vakker, lita fjellbygd som heiter Skare, 17 km sør for Odda. Her bur eg saman med 1 mann, 2 kaniner og 3 barn. No ser det forresten ut som det blir 3 kaniner, om bondinga av ei omplassert kaninvenninne blir vellukka. 🐰🐰🐰 Og så vil vi ha ein liten hund. 🐶❤️Snart.

Det er 37 dagar sidan eg oppretta ein bookstagram-profil. Det er det smartaste eg har gjort på lenge. Livet mitt blir betre med ein instagramfeed full av bøker og bokhyller.

Eg likar tur og friluftsliv, og skreiv bloggen @utetid_net for nokre år sidan. Det var fint, men no er det eit tilbakelagt kapittel.

Eg likar å bade i kaldt vatn. Eg har drive med heilårsbading i snart halvanna år, og badar i sjøen omtrent ein gong i veka heile året.

Eg spelar handball på eit damelag i 6. divisjon.

Eg har 5 tatoveringar.

Eg har også tagga nokon, og håpar at nokon av dykk vil dele litt «random» fakta sjølv. Eg vil gjerne bli betre kjent med dykk.
————————🖤————————#bookstagramnorway #bookstagrammer #bookstagram #shelfie #selfie #booksofinstagram #igbooks #sjølvi #bøker #lesehjarte #helårsbading #håndball #lærer #oddaoddaodda
#BookBites #norskebookstagrammere #bookstagram


44

Norsklærar og boknerd 💫

📚Hvor lenge varer vi av Mari Andreassen

Vi må lese debutantane, seier @johannemagnus. Det er eg heilt einig i. Debutantane må få meir merksemd, og denne debutanten er vel verd tida.

Hvor lenge varer vi er ei novellesamling med 7 såre, fine noveller.

Alle novellene handlar om personar som befinner seg i ein eller annan form for liminalfase, og som opplever avgjerande augneblink med nokon som står dei nær. Det er personar som har mista, eller som er i ferd med å miste noko eller nokon. Alle novellene er ganske ulike, men felles for alle er uroen for det dei ikkje heilt har kontroll over.

Som barn av 80-talet var det veldig fint med eit tilbakeblikk til 1995, og til minner om Topp skuledagbok, Leonardo DiCaprio, Girls, Spice girls og Angela frå My so called life.

Eg las boka ut i går kveld, og det første eg tenkte på då eg vakna i dag tidleg var korleis det kjem til å gå med ho som er telttur med sonen, og som kvir seg til å reise heim. Eg tenker på tannlegen med bakteriefobi som slit med å handtere barnet sitt på ein naturleg måte, og så tenker eg på den unge assistenten som arbeider med den psykisk utviklinghemma ungdomsskulejenta.

#hvorlengevarervi #mariandreassen #cappelendamm #bokhøst2019 #bokåret2019 #bøker #norskeforfattere #bookstagram #boktips #detdumålese #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere #bibliofil


14

Norsklærar og boknerd 💫

📱Lukta av klor av Kaja Kvernbakken

Lukta av klor handlar om toppidrett, svømmeteknikk og ein familie i oppløysing.

Svømmetalentet Mina (17) bruker treningsregime som mestringsstrategi når faren blir stadig meir aggressiv og fråverande i handteringa av den psykisk utviklingshemma veslebroren. Svømmesatsing er ein redningsplanke for Mina, men ho må også ta nokre vanskelege val når utfordringane på heimebane går utover prestasjonane i bassenget.

Eg likar måten svømminga blir skildra som det einaste handfaste i Mina sitt liv. Eg likar også korleis vi berre får små innblikk i det vanskeleg livet på heimebane, som ei dør som står på gløtt, og vi berre tidvis kan ane kva som skjer innanfor døra.

Om du ikkje likar å svømme, kan kanskje svømmemotivet i denne boka bli litt påtrengande. Men eg likar svømming. Scenene i romanen manar fram lukta av klor og kjensla av å vere vektlaus i vatnet, samtidig som den såre kjensla av at ting ikkje er som det skal kjem stadig tydelegare til syne. ——————————🖤—————————
#luktaavklor #kajakvernbakken #cappelendamm #bokhøst2019 #bokåret2019 #bøker #norskeforfattere #bookstagram #boktips #detdumålese #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere #bibliofil #ungebokelskere #ungdomsbok #ungdomsboktips #bookbites


6

Norsklærar og boknerd 💫

🎧 Redd barna av Tiril Broch Aakre
Lågmælt og gripande om sorg og kvardag.

Redd barna handlar om Tanja, Paul, Tore og Jorid, ein liten familie på fire som forsøker å få kvardagen til å gå vidare etter at den eldste dottera deira døde for eit halvt år sidan. Tanja og Paul skal snart feire 20 års bryllaupsdag, men først skal Paul på legekonferanse i Brussel, medan Tanja skal vere åleine med Tore og Jorid.

Alt er uvanleg mørkt denne desemberdagen handlinga i romanen går føre seg. Paul har laga middagar klar for dagane han skal vere borte, men det virkar nær uoverkomeleg å skulle få barna avgarde til skule og barnehage. Plutseleg dukkar den rusavhengige bror til Jorid opp, etter å ha stukke av frå fengselspermisjon.

Denne boka fekk #ungdommenskritikerpris i 2016., og er den tredje fine leseopplevinga eg har med bøker av @taakre i haust. 🥰 Anbefaling frå meg! ——————————🖤————————— #reddbarna #tirilbrochaakre #flammeforlag #bokhøst2019 #bokåret2019 #bøker #norskeforfattere #bookstagram
#boktips #detdumålese #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere #bibliofil
#ungebokelskere #ungdomsbok


2

Norsklærar og boknerd 💫

🎧 Fjellräven gul av Tiril Broch Aakre

Vi skal kjøpe inn nye klassesett med samtidsromanar på jobb, og i samband med det les eg for tida bøker som kan passe for elevar på vidaregåande skule.

Eg fekk veldig sans for Tiril Broch Aakre sin skrivestil då eg las Om mødre og døtre, så det var naturleg å sjekke ut Fjellräven gul (sjølv om det ikkje nødvendigvis berre er ei ungdomsbok, det må eg presisere). Fjellräven gul handlar om ungdomstid, sinne, skuld og sorg. Hovudpersonen er 18-åringen Sjur, som er i sorg etter ei bilulykke der alle ungdomane i bilen var fulle, og han mista ei god venninne. Han slit med å finne meining i kvardagen, og opplever lite støtte i folk rundt seg og er i ferd med å rote seg inn i trøbbel.

Dette var ei veldig fin bok, som eg absolutt trur unge vaksne vil ha glede av å lese. Tips meg gjerne om bøker du meiner kan passe til elevar på vgs! 📚—————————🖤————————— #tirilbrochaakre #fjellrävengul #bokhøst2019 #bokåret2019 #bøker #norskeforfattere #bookstagram
#boktips #detdumålese #lesehjarte #bok #bokstagram #helenorgeleser #leseglede #norsklitteratur #leselyst #norskebookstagrammere #bibliofil
#ungebokelskere #ungdomsbok #storytel #bookbites


8