Matamål@matamal_festivalen

49 posts 0 followers 0 following

Matamål

Her kjem også nokre glimt frå dei andre matkursa våre der deltakarane lærte seg å finpartere sau/hjort med Arne Johan Vereide og kunsten å lage rakefisk med Magnar Augestad :) #Matamål2017 #matkurs #partering #sau #hjort #rakfisk #tradisjonsmat #kortreistmat


2

Matamål

Rekordoppslutning på hybelmatkurset vårt i år med 21 deltakarar :) Dei laga mellom anna ei nydeleg kyllingsuppe, heimelaga knekkebrød og mykje anna snadder.

#Matamål2017 #matkurs #sunnmat #student #hybelmatkurs


0

Matamål

Bli med på matquiz med quizmaster Torstein Hatlevik i kjellaren på @gloppenhotell fredagskveld! Her får du bruke både smakslaukar og hjernekraft. Det vert litt for kvar og ein, men det handlar om mat, og mykje om lokal mat. Vi køyrer 3 runder med innlagte ølpausar. Kvart bord er eitt lag, så det vert spennande og sosialt. Bilettar får du kjøpt på trivselshagen.no

#matamål2017 #program #matquiz #gloppenhotell #matogmoro #sandane #gloppen #sognoffjordane #kvaskjer


0

Matamål

Fredag 29. September kl. 18 kjem kosthaldsrettleiar Bente Torheim til Piknikkurven for å fortelje om kvifor du bør ete fermenterte godsaker. Frå ca. kl 19 blir det tid for spørsmål, smaksprøvar og anledning til å handle. Piknikkurven held butikken open til kl 21. Velkommen!

Meld deg på i butikken, eller på ordre@piknikkurven.no. Bindande påmelding. Kr 50,- for å delta på foredraget. Butikken er open for alle mellom kl 20-21.

#matamål2017 #fermentertmat #suntknask #smakpåmatamål #piknikkurven #visitnorway #matfestival #sandane


1

Matamål

Frøysagarden gler seg til å vere med på Torgdagen laurdag 30. september, og mange av dei som plukka dei ut som ein av sine favorittar på Sandanedagane vil nok bli glade for å høyre at dei er med på Matamål 2017.
Dei har med seg cognacmarinert gravlaks,varmrøykt krydderlaks, einerøykt laks,nokre villakssider, seilaks og sennepsaus.
#Matamål #Matamål2017 #ustillar #Frøysagarden #laks #lokalmat #kortreist #smaksglede #matfest #komogsmakpåmatamål


0

Matamål

På kurset med superkokken Bodil Fjellestad Eikrem frå @gloppenhotell lærer du deg å lage billig, god og sunn mat. Hybelmatkurset blir heldt på Firda vgs og det er gratis å delta. Påmelding: sariv@online.no
#matamål #matamål2017 #program #matkurs #billig #sunn #godmat #student #sandane


0

Matamål

*Konkurranse* Vinn ein billett til eit av kursa våre: korleis ein lagar rakfisk eller finparterer hjort/sau. Du deltar på Facebooksida vår. Følg lenke i bio, og knappen vidare.
#matkurs #rakfisk #tradisjonsmat #kortreist #diy #partering #kjøtt #sau #hjort #matamål #matamål2017 #matfestival


0

Matamål

Vil du lære deg å lage rakfisk? Bli med på kurs med harding og rakfiskentusiast Magnar Augestad under Matamål 2017.
Kursavgift: kr. 450,- Påmelding: sariv@online.no.

#matamål #matamål2017 #matkurs #rakfisk #tradisjonsmat


0

Matamål

Juv tek turen til Torgdagen laurdag 30. september. Dei har med seg herlege hermetiske bringebær, Juv-saft og Juv-sylte.
Juv ligg på 62 grader nord med regn og ”storm ved Stadt” rett frå vest og den iskalde Jostedalsbreen i aust. Her tilfører Golfstraumen varme innover fjorden og snøsmeldinga gjev god tilførsel av friskt og reint vatn frå Juvselva like ved heile året.
Garden ligg nordvent ved fjorden med lange lyse sommardagar. I vekstsesongen står sola opp over Ulvedal kl. 0415 om morgonen og kastar strålane på plantane i dei brattlende bakkane. Fjordspegelen reflekterer og forsterkar lyset til sola går ned i Hoplandskaret kl. 23.00 om kvelden.Temperaturen er låg og stabil slik at bæra modnar langsomt. Dei barske, men
likevel unike naturtilhøva gjev gode avlingar og sunne Juv-bær med naturleg frisk smak.

Kom og smak på matamål!
#utstillar #juv #bringebær #lokalebær #smakenavnorge #norsknatur #ektevare #smakpåmatamål #matamålfestivalen #sandane #sognogfjordane #visitnorway


1

Matamål

Sølvane Gard er blant utstillarane som kjem til Torgdagen vår 30. september. Dei sel geitekjøtt, kjekjøtt og skinn. Hovedprodukta er ferskt og frossent kjøtt av vaksen norsk melkegeit, bl.a filèt, steik, skank, ribbe og heile lår og boger. Garden er ein del av Kandal Gjestegard som ligg i Kandal i Gloppen kommune. Dei har ca. 70 geiter som melkast, og ca. 140 småkje som fødast kvar vår. Geitene beiter på støylen under isbreen om sommaren og har tilgang til eit unikt matfat med planter og urter.
#utstillar #kje #kjekjøtt #matamål #matfestival #lokalmat #matglede #norskmat #norgetrengbonden #sandane #visitnorway


1

Matamål

Programmet for Matamål 2017 er endeleg her! Følg lenka i bioen vår og få med deg alt som skjer på årets matfest i Sandane sentrum. #matfestival #matamål2017 #lokalmat #matfest #matkurs #torgdag #finedinning #chefsdinner #gloppen #visitnorway


0

Matamål

Vi nærmar oss programslepp for Matamål - matfestivalen i Sogn og Fjordane. Dato for torgdagen laurdag 30. september er allereie spikra, og snart kjem vi også med anna godt og moro :) #matamål2017 #program #sandane #sognogfjordane #matfestival #lokalmat #torgdagen #smakavfjordogfjell #vigleross


0

Matamål

Mor Sigfrids Bakst kjem også tilbake til Matamål. Ho har med seg tradisjonsrike smakar av lefser, glutenfrie lefser, natronkaker, potetlefser, småkaker, gombe, horn, kaffi, svele og vaffel. Kom og smak på Torgdagen laurdag den 30. september.
Vi kjem snart med meir info og program :) #matamål #kortreist #lokalmat #matfestival #matglede #morsigfridsbakst #ustillar #tradisjonsbakst


0

Matamål

Kje sa du?
Kandal Kjøtt er blant utstillarane på Torgdagen vår laurdag 30. september. Dei er ei småskala foredlingsbedrift av geit- og kjekjøtt, og er ein klar favoritt blant mange lokalmatentusiastar! Til torget har dei med seg ferskt kjekjøt, grillpølser, dampepølser, spekepølser, kvitlaukspølser og spekekjøt av geit.

Vil du vere med å stille ut produkta dine? Følg lenka i bio 👍

#matamål #kortreist #lokalmat #matfestival #matglede #kandalkjøtt #ustillar #smakavfjordogfjell


0

Matamål

Sunnfjord naturmat kjem tilbake til Matamål og Torgdagen laurdag 30. september. Dei har med seg ramsløkpure og pesto, kryddertang, tørka brennesle, urtesalt, saft av hyllebær, rabarbra, plomme og rips, og syltetøy av rabarbra m/jordbær, svartsurbær, gresskar og nype. Ser du noko som freistar?
#matamål2017 #utstillar #matfestival #sandane #lokalmat #lokaldrikke #berreågledeseg #freistandesmakar

Foto: Eigil Instebø


0

Matamål

På Matamålfestivalen er det Vg2-elevane frå Landbruk og gartnarnæring på Mo og Øyrane vidaregåande skule som står for grønsakssalet. I fjor hadde dei ein knallsuksess der alt av grønt vart utseld. Ikkje ei gulrot låg att. No håper dei at vêrgudane er med dei slik at dei kan gjenta suksessen.
#matamal2017 #matfestival #lokalmat #kortreist #grønt #utstillar


0

Matamål

I fjor hadde vi rekordmange besøkande og vi satser på at årets festival blir like bra! Så langt har vi nesten 30 påmelde utstillarar og det blir nok fleire etter kvart som vi nærmar oss september. Medan vi venter på festivalhelga, her er eit tilbakeblikk frå fjorårets matfest.
Om du er produsent av god mat og drikke og har lyst å vere med på Torgdagen 30. september, så kan du melde deg på ved å følge lenka i bio.
#matamål #kortreist #lokalmat #matfestival #matglede #sandane #sognogfjordane #trivselsfylket


0

Matamål

@fjordgardsmat er blant utstillarane på Torgdagen til Matamål laurdag 30. september. Har du lyst til å vere med? Det er ikkje for seint å melde seg til stand. Meir info på bloggen vår. Lenke i bio.
#matamal #matfestival #torgdag #kortreist #lokalmat #fjordgardsmat #norskmat #matglede #sandane


0

Matamål

- Det skal lukte raspeballar og pinnekjøtt i frå kjelane våre når vi står på standen vår på Matamål.
Det er lovorda til Signes Raspeball som servere Norges beste raspeballar på Torgdagen 30. september. Kanskje slår dei også til med ein konkurranse.

#matamal2017 #matfestival #matglede #tradisjonsmat #lokalmat #raspeball #komle #raspeballtorsdag #torgdagen #norskmat


0

Matamål

Vi ynskjer velkomen til nye og kjende utstillarar hjå Matamålfestivalen på Torgdagen laurdag 30. september. Meir info, pris og påmelding finn de ved å følgje lenka i bio og knappen: invitasjon til utstillarar 2017. Vi håpar å høyre frå mange dyktige produsentar der ute! #lokalmat #matfestival #festivalnorge #sandane #matamal2017 #sognogfjordane #utstillarar #matglede #matmarknad #godtåbitei


0

Matamål

@fjordz.no 🍦 er kommet i butikkene 😁👏 #fjordz#is#iskrem#kortreist#repost


2

Matamål

Matamål festivalen startar neste veke på Sandane! Kjem du? 😁
21-25.september 🍴
Sjå program på matamal.no #Matamål#Matfestival#Sandane#familietid#norgetrengerbonden#flinkebønder#lokaldrikke#lokalmat#kortreistmat#kortmat#foodfestival#norway


4

Matamål

Programmet for Matamål er ute på våre nettsider! 😀😀🍴🙌🙌 #Matamål#Sandane#kortreistmat#lokalmat#lokaldrikke#Matfestival#Bondensmarked#norgetrengerbonden#flinkebønder


0

Matamål

@bergenmatfestival i helga 🍴 fleire av lokalmatprodusentane frå Sogn og Fjordane er representert!
#norgetrengerbonden#bergenmatfestival#Bergen#Matfestival#lokaldrikke#lokalmat#kortmat#kortreistmat


1

Matamål

I helga er det Matstreif i Oslo, og der er bla spekemat frå @askgard
#repost#Oslo#Matfestival#Matstreif#lokalmat#kortreistmat#kortmat#spekemat


1

Matamål

Programmet for Matamål festivalen er klar! Gå inn på vår nettside matamal.no for å sjå 👏👏👏👏👆👆👆👆 Vi gler oss! #program#Matamål#Sandane#Matfestival#lokaldrikke#lokalmat#kortmat#kortreistmat#familietid#sognogfjordane#Nordfjord#gøy#matlaging


0

Matamål

Ålesund Ølfestival og Den Store Matfestivalen startar i dag! Vi ynskje alle involverte lukke til og håpar på godt vær ☀ 🍴🍺 #ålesundmatfestival#Matfestival#Ålesund#Ølfestival#beer#øl#lokaldrikke#lokalmat#kortreistmat#kortmat


0

Matamål

KINN BRYGGERI lanserer to nye øl i festivalteltet til Godt i Gapet på dagtid laurdag 20 august. Det er to sesongprodukt, dvs kun tilgjengeleg hausten 2016!
#godtigapet#Matfestival#Kinnøl#Kinnbryggeri#haustøl#bærøl#kortreistmat#lokaløl#localbeer#foodfestival#norway#sognogfjordane#Florø#flora#lokaldrikke#kortmat


0