Noregs Mållag@noregsmallag

966 posts 0 followers 0 following

Noregs Mållag

Nynorskstafetten 2019 har kome til nynorskbyen Ålesund ❤️ Ordførar Eva Vinje Aurdal har nyleg teke imot prisen for Årets nynorskkommune og tek med glede stafettpinnen og.

Her er Eva Vinje Aurdal og varaordførar Vebjørn Krogsæter med (f.v.) Hege Lothe, Live Havro Bjørnstad, begge frå Noregs Mållag, og Lisa Alvestad frå Borgund Mållag.

#nynorskstafetten #nyeålesundkommune #nynorskbyen


2

Noregs Mållag

Det var over 50 i salen på haustfesten til Asker Mållag tysdag då Anne Joronn Sætre kåserte om faren sin, telemarkingen, nynorskbrukaren og askerbøringen Dyre Vaa. Foredraget vart illustrert med prøvearbeid frå verkstaden til den namngjetne skulptøren. Anne Joronn avslørte at det i si tid var staute innlandsfolk frå Rauland som stod modell for figurane på Sjøfartsmonumentet i Bergen. Mållagsleiar Magne Aasbrenn og leiar av Asker Mållag Jan M. Vevatne takka for ein topp kveld. #askermållag #noregsmållag #dyrevaa #skulptur #nynorsk #asker #askermuseum


0

Noregs Mållag

Klassereglar på Vigra skule 🤩💪 #nynorskstafetten #vigraskule #nynorsk #viflygsaman


4

Noregs Mållag

Tru det eller ei, julemånaden er snart her. Kva med å telje ned til høgtida med ein adventskalender med fine premiar frå Mållaget? Du finn han på www.nm.no/krambua.

#advent #jul #adventskalender


0

Noregs Mållag

Hustadvika kommune skal bestå av bokmålskommunen Eide, og Fræna, der nynorsk er mykje i bruk. Ordførar Tove Henøen og varaordførar Tom Grunde Malme lovar å ta vare på begge språka i nykommunen. Dagleg leiar i Noregs Mållag Gro Morken Endresen og leiar i Hustadvika Mållag Øyvind Fenne til høgre.

#nynorskstafetten #hustadvika #språkbruksplan


1

Noregs Mållag

«Han såg ut på det bårute havet.» Frå Bud.

#nynorskstafetten #nordvestlandet #havoghimmel


0

Noregs Mållag

Stor fest med hundre deltakarar då Folldal Mållag feira 100 år i Rondeslottet grendehus denne helga. Veteranen Kirstine Prestmoen Tallerås fekk høyre mange godord for korleis ho leiar det aktive laget i fjellbygda med liv og lyst. Folkemusikkgruppa Svadilja frå Røros og Nord-Østerdalen var blant dei som stod for musikken. F.v. Synnøve Brøndbo Plassen, Bendik Smedåsgjelten Quam og Karoline M. Knutsen. #folldalmållag #noregsmållag #folldal #østerdalen #nynorsk


0

Noregs Mållag

Me ynskjer alle velkomne som mållagsmedlemer, anten du er sint eller glad, sur eller blid, bitter eller avslappa! Send NYNORSK til 2490, og du vert medlem ut 2020 for berre 200 kroner. Du kan òg melda deg inn her: http://www.nm.no/innmelding.cfm.

Sitatet i illustrasjonen er henta frå talen som Olaug Nilssen heldt til 100-årsjubileet til Noregs Mållag i 2006, som ho avsluttar med: "Det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring for Mållaget si skuld". Illustrasjonen er laga av Nhu Diep og heng på veggen i Litteraturhuset i Bergen.
#mållaget #blimedlem #litteraturhusetibergen #olaugnilssen


1

Noregs Mållag

I Romsdal skjer det viktige ting for nynorsken frametter. Nye Molde kommune skal bestå av språknøytrale Molde og nynorskkommunane Nesset og Midsund. Assisterande kommunaldirektør Britt Rakvåg Roald (t.v.) og kommunikasjonssjef Hilde Johnsen tek imot nynorskstafettpinnen frå mållagsleiar Magne Aasbrenn på vegner av den språknøytrale storkommunen. 💪

#nynorskstafetten #nyemolde


2

Noregs Mållag

I år har vi følgje av ein ny barnebokforfattar kvar veke på nynorskstafett. Denne veka er det Atle Berge som er med oss, og i dag har han lese frå bøkene sine for elevane ved bokmålsskulen Torvikbukt. Resten av det blide stafettlaget har snakka med tilsette ved skulen. Frå venstre leiar Magne Aasbrenn, skulemålsskrivar Ingar Arnøy, Atle Berge og leiar i Norsk Målungdom Gunnhild Skjold.

#nynorskstafetten #torvikbukt #nordmøre #gjemnes


0

Noregs Mållag

Varaordførar Magnhild Vik lovar leiar Magne Aasbrenn å ta neste etappe for nynorsken i Rauma.

#nynorskstafetten #rauma


0

Noregs Mållag

Kvar er vi no? På veg til nynorskbrukarane der dei bur ❤️ Dei neste vekene skal skrivarstova i Noregs Mållag vitje skular, barnehagar og ordførarar på Nordvestlandet i lag med lokallaga. Gjett om vi gler oss! 🤩

#nynorskstafetten #nynorskommunar #nordvestlandet


8

Noregs Mållag

I 1969 kom det ein nynorsk journalistikk-baby til verda, og no er babyen blitt ein flott femtiåring. Til lukke, gode NTB Nynorsk pressekontor, og takk for all den gode journalistikken me har fått og framleis skal få av deg! I dag blir du feira på Det Norske Teatret. 🇳🇴🎉🎈 #nynorskpåallearenaer #nynorskjournalistikk #ntbnynorskpressekontor


1

Noregs Mållag

Mogen for litt fredagsquiz i kveld? Her får du eit spørsmål å varme opp med, henta frå NM i quiz i september. Greier du den, er du god!😄 #quiz #fredagsquiz #språkorganisasjonar


0

Noregs Mållag

Sidan 1. oktober har me registrert heile 200 nye medlemmer i Noregs Mållag.
Blir du den neste, eller kjenner du kanskje nokon som bør få spørsmålet? Send NYNORSK til 2490 (200 kr ut 2020). #nynorsk #melddeginn #mållaget


1

Noregs Mållag

Kva med ei lyninnføring i Brexit, ved hjelp av kjeks, på nynorsk? VGTV ved journalist Espen Moe Breivik har sett kreativiteten i sving. 😄

#nynorskpåallearenaer #brexit #vgpånynorsk


3

Noregs Mållag

Til høyring i Stortinget i dag på vegner av dei 17 organisasjonane, bedriftene og institusjonane i Nynorsk forum: Beate Homlong frå @detnorskesamlaget og Magne Aasbrenn frå @noregsmallag. Gode ord lagde inn for auka løyvingar til digitale læremiddel på nynorsk, språkdelt ungdomsskule og støtte til nynorskbøker i store fag på høgare utdanning. #nynorsk #stortinget #statsbudsjettet

Stortinget
1

Noregs Mållag

Kvifor nynorsk? I Bergen har det tredje og siste dagsseminaret om prinsipprogrammet til @noregsmallag blitt arrangert i dag med godt frammøte. Her er fire av dei flinke innleiarane: Sigve Gramstad, Gunnhild Skjold, Trond Trosterud og Margunn Rauset. @gunnhildskjold @trondtr @margunnrauset @prinsipprogrammet #noregsmallag #nynorsk #prinsipprogrammet #bergen


0

Noregs Mållag

Lei av å bli blaut? Vi har paraplyen for deg. Du finn han på nm.no/krambua.

#haust #krambua #oktober


0

Noregs Mållag

Vervesuksess! I går var det "den store vervedagen", og lokallaga våre over heile landet gjorde ein utruleg god innsats for å verve så mange som mogeleg på éin dag. Har du som les dette også lyst å bli medlem? Då sender du berre NYNORSK til 2490, og vert medlem ut 2020 for berre 200 kr. #nynorsk #nynorsktil2490


0

Noregs Mållag

Det er mykje bra med den digitale førarkortløysinga frå Statens vegvesen, mellom anna at det er lett som ein plett å få lappen på nynorsk 😁👍 @statensvegvesennorge
#digitaleframsteg #nynorskpåallearenaer #nynorskistaten


1

Noregs Mållag

Noregs Mållag arbeider kvar dag for å styrkje nynorsken sin plass i samfunnet, og di fleire vi er, di meir får vi til. Frå i dag får nye medlemer medlemskap ut 2020 for berre 200 kr. Er du medlem frå før? Hjelp oss gjerne med å verve ein ven!
*
Nokre grunnar for å støtte arbeidet vårt:
60 av 113 nynorskkommunar gjev vaksne innvandrarar opplæring på bokmål.
Statlege institusjonar bryt mållova dagleg.
Nynorskkommunar kjøper inn digitale læremiddel på bokmål til nynorskelevane.
Dagbladet har forbod mot nynorsk i redaksjonelle artiklar.
Nynorskelevane mister retten til å gå i eigen klasse etter barneskulen.

#nynorsk #nynorsktil2490 #verveinven #medlemsauke


2

Noregs Mållag

Til lukke med VM-gull, @kwarholm! Her har du ein klassikar frå @norskbarneblad.


0

Noregs Mållag

Til lukke med 60-årsdagen, Jon Fosse!

Foto: Tom A. Kolstad / Samlaget

#jonfosse #nynorsklitteratur #verdslitteratur #bursdag


1

Noregs Mållag

Denne fredagen var det 8. gongen Jens Haugan stod i spissen for eit nynorskseminar ved @innhamar. Denne gongen var også miljø med som tema. Her er ein del av innleiarane «med klokka» frå Jens: Silje Luvåsen, lektorstudent; Eline Bjørke, høgskolelektor; Merete Hellner Nilsen, Landøya ungdomsskole i Asker; Bente Kjøllesdal, framtida.no; Elin Heggelund, Vennersberg skole, Kongsvinger. #nynorsk #lærarutdanninga #hamar #hamardialekt #noregsmållag @elinepeline @elinheggelund @jens_haugan @framtida.no


0

Noregs Mållag

I dag kan vi gratulere med at det er den internasjonale teiknspråksdagen! Her gir generalsekretæren i Døveforbundet @petter.noddeland Magne Aasbrenn ei kort innføring i språkfamiliane av teiknspråk. Norsk er mest i slekt med teiknspråket på Madagaskar! https://www.un.org/en/events/signlanguagesday #teiknspråk #norgesdøveforbund #noregsdøveforbund #noregsmållag @norgesdovesungdomsklub @ndfnorgesdoveforbund


1

Noregs Mållag

I helga var det samling for unge vaksne i Mållaget. Det var god stemning, mange ordskifte og fleire innleiingar som gav ny kunnskap. Deltakarane fortalde at det er inspirerande å treffe og bli kjent med (temmeleg) unge folk frå heile landet, og lære meir om korleis andre driv målarbeid! #mållaget #nynorsk #skrivarstova


1

Noregs Mållag

Kvifor nynorsk, spør @saeterbakk på dagsseminar i Oslo. Ho leiar nemnda som skal lage framlegg til nytt prinsipprogram for Mållaget. #prinsipprogram #nynorsk #mållaget #noregsmållag


0

Noregs Mållag

...og så var ei veke prega av politiske dragkampar over. Vi ønskjer god helg til alle med denne klassikaren! #nynorsk #noregsmallag #dialekt #norsk


2

Noregs Mållag

God valdag til alle! Hugs å røyste på parti som vil styrkje nynorsken og dialektane. #val2019 #nynorsk #dialekt #noregsmållag


0