Ruth Lillegraven@ruthlil

708 posts 0 followers 0 following

Ruth Lillegraven

Yes! Rettferd finst! Terningkast 6 i Dagbladet i dag til @taakre for den vedunderleg vakre og viktige og såre og sinte og skjøre "Mødre og døtre" - ei bok som til no har fått altfor lite merksemd i bokhausten. Måtte det gi den mange fleire lesarar - det fortener verkeleg både boka og Tiril! #tirilbrochaakre #mødreogdøtre #flammeforlag #hjarteblod #leslesles


5

Ruth Lillegraven

Seier som dei gjer i Sigd: snow snow snow ... snow against my face 💙❄️ #fyrstesnøen #skogenbeibi #reparere


2

Ruth Lillegraven

Det einaste bildet av meg med den fantastiske Sigd-gjengen: ein glad flokk med litt rufsete koreografi etter å ha tatt i mot applaus. Føler meg så heldig som har fått henge litt med desse folka - og som har fått sjå dei gi Sigd liv på scena❤️ #sigd #detnorsketeatret #urpremiere #finasteflokken


0

Ruth Lillegraven

Terningkast FEM! Så stas å sjå det finaste ensemblet, @mortensvartveit, @gardskagestad og Kjærsti Odden Skjeldal, sjonglere heile Sigd-universet på Scene 3 i går, under stø leiing av regissør Peer Perez Øian og koreograf @maggimyhr. For eit lag og for eit løft! Teater er stort, spennande og skummelt. Gler meg stort på denne gjengens vegne over strålande meldinga i Aftenposten i kveld #sigd #detnorsketeatret #scene3 #urpremiere


15

Ruth Lillegraven

Ein liten biletserie frå teaterstykket Sigd, med Gard Skagestad, Morten Svartveit og Kjærsti Odden Skjeldal i rollene - premiere torsdag 7.11❤️ Regi: Peer Perez Øian, koreografi: @maggimyhr. Kom og sjå då, vel! Link til meir info i bio - og alle dei fine bileta er rart av Dag Jenssen #sigd #scene3 #detnorsketeatret #tidennorskforlag #premieretorsdag


4

Ruth Lillegraven

Dette skjer verkeleg! Sigd er ikkje berre ei diktbok, men snart også eit teaterstykke - og det er så stas! Følg gjerne oppfordringa på plakaten og kjøp billetter (link i bio). Premiere torsdag på scene 3 på Det Norske Teatret. Regi: Peer Perez Øian. Koreografi: @maggimyhr. I rollene: Morten Svartveit, Kjærsti Odden Skjeldal, Gard Skagestad. Legg straks ut fleire bilder #snartpremiere #sigd #detnorsketeatret #tidennorskforlag #sigd #scene3


11

Ruth Lillegraven

Nydeleg sengelektyre den siste timen i oktober 2019. Sveip for å sjå kven den vakre unge dama på svaberget er, kva ho skreiv og kva sonen hennar skreiv i forordet i biografien om henne #brabiografi #bradame #altersånærmeg #skjøresterkemenneske


3

Ruth Lillegraven

Feirer Halloween med roadtrip til Seljord med ei av mine desiderte favorittdamer, @britbildoen. God godterijakt til dykk som er ute på slikt! #seljordhotell #seljordbibliotek #meandmybrit #åretsnestsistetur #pyntalittheimeføregdrogaltså.

Seljord
3

Ruth Lillegraven

Autumn is still here #fall #lovelyleaves #treesofgold


0

Ruth Lillegraven

Ruth Lilleåsen vann ikkje Maurits Hansen-prisen Nytt blod - for det gjorde nemleg eg! Stas med debutantpris after all these years!❤️ Lilleåsen kan berre gå og legge seg (det skal eg også)! #takkforprisen #nyttblod #kongsbergkrim #mauritshansenprisen #debutantigjen #altermitt #kaggeforlag


20

Ruth Lillegraven

Siste vekene har eg vore mykje meir borte enn heime. Og sjølv kor heldig eg er - og veit at eg er - lengtar eg alltid litt (nokre gonger veldig) heim når eg er borte, til huset mitt, til flokken min, til skogen min. I morgon kveld ein svipptur til Kongsberg krimfestival - så heim og snart inn i vinter-reisedvale og skrivetid❤️ Kanskje blir det som i dette rykande ferske Gro Dahle-diktet frå "Hjem, sier hunden"? #heimheimheim #grodahle #hjemsierhunden #poesiringen #goinghome #thanksfornow


0

Ruth Lillegraven

Beautiful Madrid! And a crazy cool thing after watching 3 seasons of the incredible "La casa del de papel" recently: I got to see Real casa de moneda where the series is filmed. For those who haven't seen it: just see it!!! It's called "Papirhuset"/"Money heist" on Netflix. So exciting, so moving, so funny, so very special! Big thanks to everybody at @edicionesmaeva for this great day❤️ #altermitt #enelfiordoprofundo #edicionesmaeva #getafenegro #lacasadelpapel #besttvseries #inlovewithmadrid

Real Casa De La Moneda
4

Ruth Lillegraven

For to veker sidan fekk eg vere med på opninga av Litteratursymposiet i Odda med nyskrive dikt om sjølvaste store skumle Døden - i godt selskap med alt frå Snøkvit til Jon Fosse!!! Synst det var ei imponerande opning, med kollega og bursdagsbror @erlendnodtvedt sin ferske tekst som eit av fleire høgdepunkt! Sjekk resten av dagens biletkavalkade frå Litterær kraftstasjon i Lindehuset på @littsymp #litteratursymposiet #littsymp #oddaoddaodda #tbt #erlendnødtvedt #mysermotdetstorekvitelyset


3

Ruth Lillegraven

It rains even in Spain. And my luggage is lost!😳 But tomorrow everything will be fine, I guess ... Looking foreward to visit my Spanish publishing house @edicionesmaeva, take part in the crime festival @getafenegro and hopefully meet some Spanish readers #getafe #silenttownbynight #getafenegro #farfromhome #lastbigtripinalongtime #goodnight #enelfiordoprofundo #altermitt #autumnrain

Getafe, Madrid
3

Ruth Lillegraven

Dette kanskje litt blå diktet av Marie Lundquist, som eg gjendikta i 2017, dukka opp i Facebook-freden min i dag - må nesten dele. Det var ei ære å få føre Maries perler over på norsk grunn! #egoghoegkunnehavore #marielundquist #detnorskesamlaget


2

Ruth Lillegraven

Takk for meg, fine Frankfurt og alle bra folka!❤️ No skal eg heim og klemme litt på ungane #norwegen2019 #påvegheim #trøttitrynetoglittpåinnsida


6

Ruth Lillegraven

Lyset og vassdropane over tangentane💙 Dette er Ketil Bjørnstad som spelar flygel på Mousumturm i Frankfurt i går kveld. Eg elska "Sommernatt ved fjorden" (født same år som meg) allereie då eg høyrte den første gong som lita jente heime i Granvin. Som tenåring slukte eg Alveberg-trilogien. Føltes rett å avslutte Frankfurt-eventyret med å lytte til vare, vakre - av og til ville - tonar. Og ja, sommarnatta var med. Takk for musikken, kva skulle me gjort utan den? #thedreamwecarry #norwegen2019 #mousumturm #ketilbjørnstad


0

Ruth Lillegraven

Love this lady!❤️ No har me siste dagane rangla, skrangla og hangla (men ikkje krangla) oss gjennom Frankfurt. Seint i seng og nesten tidleg oppe. Og ja, her er det filter, for det forlangte Agnes for at eg skulle få lov å legge ut dette bildet😛 #therealagnesravatn #sistersincrime #ikkjeslitneidetheilenei #bestadamo #medfilter


23

Ruth Lillegraven

Blir svimmel av bevegeleg spegel. Nesten stengt - elles full - norsk paviljong på tysk bokmesse før i kveld #norwegen2019 #frankfurt #thedreamwecarry


6

Ruth Lillegraven

A really nice, touching moment today, listening to Jon Fosse discussing his litterature on stage with his great german translator Hinrich Schmidt-Henkel #jonfosse #norwegen2019 #backonstage


1

Ruth Lillegraven

First event in Frankfurt - conversation with @b.l.crook and Mariela Nagle about Inger Hagerups poetry for children - now translated for the very first time - and childrens poetry in general #norwegen2019 #thedreamwecarry #poetryforchildren


3

Ruth Lillegraven

Fun fact about a poet, a hangover and an elephant: At 12.00 today I am going to discuss Inger Hagerups lovely poetry for children, just translated into English for the very first time by @b.l.crook - Becky Crook. And, trying to prepare, I just learned from Klaus Hagerups biography about his mother that this poem - Den morgenen/That morning - about the mosquito turning into an elephant was inspired by Ingers heavy hangover as a 69 year old lady. Gotta love it! Thank you for all the poems, Inger!❤️ #childrenspoetry #ingerhagerup #frankfurtbookfair #thedreamwecarry #norwegen2019


5

Ruth Lillegraven

Ai! Usikker på kor lurt det var med flyplasshotell, to timar søvn og flight 06.00 før lang dag på jobb på bokmesse i Frankfurt, gitt (sjølv om eg fekk lese for ungane i går kveld)🤯 Men fann "Alt er mitt" i stabel på Tanum - alltid hyggeleg overrasking for ein poet #trøtt #pågatenfør0500 #burdereistigår #tanumgardermoen #altermitt #thedreamwecarry #frankfurtbookfair #norwegen2019


7

Ruth Lillegraven

På Lommedalen skule har alle laga venskapssteinar❤️💙 #skulenvår


1

Ruth Lillegraven

Elskar aller mest dette med vanedannende:) Sidan "Alt er mitt" kom ut på polsk i vår har eg dagleg kost meg med automatisk omsette instaposter - dei blir alltid rare og søte, men ein skjønar i allefall om dei er positive eller negative. No tikkar det også inn frå Spania, som denne i kveld. Viser seg at denne bloggaren, @secrettland, skal intervjue meg i Frankfurt seinare i veka. Litt gøy, må eg innrømme! #enelfiordoprofundo #altermitt #edicionesmaeva


3

Ruth Lillegraven

Skulebesøk er det koselegaste som finst - i allefall etter eg byrja "spesialisere" meg på 3. og 4. trinn og styre unna skumlare aldersgrupper. På Røldal skule i dag hadde dei illustrert dikt frå Skogen den grøne og laga flott haust-utstilling❤️ #skogendengrøne #røldalskule #samlaget #diktforbarn #littsymp #oddaoddaodda


0

Ruth Lillegraven

Magisk lys over vatnet på Haukelifjell i dag, rakk nett stoppe tidsnok til å få med siste rest av det #vinterpåfjellet


0

Ruth Lillegraven

Stilig og skummelt opningsinnslag på opningsførestillinga på @littsymp i kveld der temaet er #døden #littsymp #oddaoddaodda


2