Siri Bjorstad Hjermann@siribjorstad

1,052 posts 0 followers 0 following

Siri Bjorstad Hjermann

Kick ☀️💦 ❄️For eit varmt fint lys det var då dei siste solstrålene traff badestigen og fjorden. Ikkje at det utgjorde nokon forskjell på temperaturen verken i lufta eller vatnet. Det er godt å vera igang med bading igjen, etter eit års pause. Dette er jo det beste rituelle grøsset eg veit! Eg er takksam for glade badenymfer som har fått meg med uti igjen. .
.
.
.
.
.
.
.
.
. . .
#yrbilder #tv_aqua #mittvestland #norway2day #loves_united_norway #sky_perfection #ig_serenity #fjordkysten #rsa_ladies #bns_sunset #sunset_greece #9vaga_skyandviews9 #sky_brilliance #ig_week_sunsets #essence_of_norway #norway2inspire #norway2day #love_all_sky #sirisoge #nb_nature_brilliance #fivestar_sunsets #world_great #rsa_outdoors

Florø
13

Siri Bjorstad Hjermann

.
Allehelgensnatta
aleine,
men likevel ikkje
aleine
mellom trær og fjell
ved eit vatn
under ein tindrande stjernehimmel
i universet over
meg, i meg.
Hjorten bura
fossen dura
og halvmånen
brukte ein halvtime på å gli
forbi dalsøkket.
Frostkrystallar funkla.
Bålet brann,
sende gnistrande glør
i møte med eit stjerneskot,
slik eg tenkte tankar
om dei som var.
Hjartet slo stadig stødigare.
Pusten og pulsen prega
av natt i naturen. .
.
Håpet, heime i naturen, der stigande morgonsol sakte måla fjell i pastell
.🌜✨🔥⛺️☀️
.
.
.
.
.

#mittvestland #mittfriluftsliv #utno #sirisoge #rsa_outdoors #ig_seremity #nortrip #stedervielsker #tree_magic #hugs_for_trees #tree_captures #tree_brilliance #raw_norway #raw_alltrees #gotd_2388 #gramoftheday #fjordkysten #nrksf #loves_trees_rural #tv_landscapes #bns_landscape #norway2inspire #norway2day #highlightsnorway #norge #vakrediktutfordring #bns_mountain #turistforeningen #layersweek_nio

Norddalsfjorden
24

Siri Bjorstad Hjermann

.
🍁 Ingvar Moe sitt dikt glødar om kapp med haustfargane🍁
.
. .
Du ska skaffa deg frø
før moldjordo fryse
Du ska ulma og glø
mens endå du lyse
Du må handla litt fort,
for butikkane stengje
Me ska leva så kort
og vara daue så skrekkjele lengje .
.
Du ska dansa kvar dans
mens tonane strøyme.
Og drikk uten stans
nå’ livet det fløyme
Men rot di kje bort
dei draumar du vrengje
Me ska leva så kort
og vara daue så skrekkjele lengje .
.
Nå’ hu ber deg bli,
så skund deg å svara
D’e dårligt me ti’,
men la di då vara
tå finaste sort
dei ordo du slengje
Me ska leva så kort
og vara daue så skrekkjele lengje .
.
Så kom an og lev,
for sjøl om du tøkje
at livet e strev,
så e der så møkje
så e der så møkje
du aldri får gjort
Og sorgjo, hu sprengje
Me ska leva så kort
og vara daue så skrekkjele lengje
.
.
.
.
.
.
.

#mittvestland #mittnorge #water_brilliance #tv_aqua #raw_nordic #raw_norway #ig_week_scandinavia #ig_serenity #igworld_global #nb_nature_brilliance #water_perfection #essence_of_norway #rsa_outdoors #norway2day #rsa_ladies #ig_amazingnature #tree_magic #tree_captures #loves_trees_rural #ig_shotz_trees #hugs_for_trees #jj_mobilephoto_245
#9vaga_skyandviews9 #loves_reflections #splendid_reflections #insta_sky_reflection #gotd_2386 #gramoftheday #insta_themedshots_176

Florø
2

Siri Bjorstad Hjermann

.
Vindauget mitt
ved senga

På gløtt. Håpet. Eit gløtt
.

eit måleri
som fangar
æva og augneblinken
som gir
forståing og innsikt

Vindauget
mykje studert frå senga siste halvåret
viser samanhengar

Svevande skyer svalar, stabile skyer
skuggar
for sola
tunge tette truande tordenskyer .

sukkerspinnskyer
slepp stråler fram
bitar av blå blunkande bakanforhimmel
fuglar flaksar flytande forbi .

Hei, herlege heilblå himmel!
.
.
Vindauget vev metaforisk saman
inne
ute
indre
ytre
.
På tide med ein tur ut igjen! 💙 #vakrediktutfordring


4

Siri Bjorstad Hjermann

🍂
.
Alt fell om hausten.
Eg fell for Eggjanipa.

Mørkret fell
på,

fjella fell snø.
Lauv
fell
gjennom lufta,
fell
flytande gjennom yta.

Alt fell no.
Skuggar fell tidleg.
Tårer fell, og ei sjel fell til ro.

Fell,
eller
fall,
som dei seier i USA.
.
🍂
.
.
.
.
.
.

#mittvestland #utno #nortrip #mittnorge
#9vaga_skyandviews9 #loves_reflections #bns_reflection #water_brilliance #tv_aqua #insta_sky_reflection #raw_nordic #raw_norway #ig_week_scandinavia #ig_serenity #igworld_global #nb_nature_brilliance #norgefoto #tv_landscapes #visitnordfjord #essence_of_norway #bns_mountain #bestcaptureglobal #ig_amazingnature #norway2inspire #vakrediktutfordring #insta_themedshots_176 #gotd_2384 #gramoftheday

Byrkjelo
19

Siri Bjorstad Hjermann

Det var ein slik sein ettermiddag der ei pjusk dotter og ei slækk mamma sat framfor TV-skjermen og åt Grandiosa til middag, når den kvite stoveveggen sakte byrja skifta farge. Då var det berre å hiva seg i bilen og køyra mot vest, mot fargeterapi de luxe og litt saltvatnluft i lungene. Det endte med kvalitetstid både inne og ute denne dagen🙏🏻
.
.
.
.
.
.
☀️🔥☺️💕
.
.
. .
#yrbilder #tv_aqua #mittvestland #norway2day #loves_united_norway #sky_perfection #ig_serenity #fjordkysten #rsa_ladies #bns_sunset #sunset_greece
#9vaga_skyandviews9 #sky_brilliance #ig_week_sunsets #splendid_reflections #insta_sky_reflection #love_all_sky #sirisoge #loves_reflections #nb_nature_brilliance #water_brilliance #water_captures #raw_nordic #moody_captures #fivestar_sunsets #gramoftheday #gotd_2378 #layersweek_nio

Florø
16

Siri Bjorstad Hjermann

.
Me ville sjå dei høge, bratte fjella, og det isande, grøne vatnet dei steig opp frå. Me ville sjå sola glitra i fjord og på snødryssa toppar. Me ville sjå båtane på fjorden, gjerne spegla i blikkstille vatn. Me ville sjå dei grøne markene med sauer som beita harmonisk på sine siste dagar før slaktinga. Me var på familieutflukt, og ville visa jentene våre Oldedalen, med knallblå oktoberhimmel over. .
Den slåande naturen me ville sjå låg svøpa i skodde, men det me fekk var både magisk og mystisk: spindelvev med glitrande diamantdogg, lyssett av skoddesol frå himmel og på fjord. Note to self: det er ikkje alltid best å få det ein ynskjer seg, stundom finst det noko endå finare🙏🏻 .
.
.
.
.
.
.

#loen #mittvestland #9vaga_skyandviews9 #rsa_outdoors #loves_reflections #bns_reflection #raw_norway #ig_week_scandinavia #ig_serenity #igworld_global #nb_nature_brilliance #nortrip #meoutdoor #scandinaviantravels #thenordicmood #mistyfoggymilkymoody #water_captures #essence_of_norway #splendid_reflections #moody_captures #fjordnorway #norway2day #gotd_2362 #gramoftheday #sirisoge #layersweek_nio

Loen
31

Siri Bjorstad Hjermann

« GI TID» ❤️er tema idag, på Verdsdagen for psykisk helse.
.
❤️
.
Naturen er heilt sentral i livet mitt, for den fysiske og mentale helsa. For å kunna GI TID av kvalitet til andre, må eg óg gi tid til meg sjølv. Det kan vera like vanskeleg som det me får beskjed om i fly: ved nødsituasjonar, ta OKSYGENMASKE på deg sjølv før på ungen din. Så eg prøver ta vare på meg sjølv så vel som andre, og pakkar jevnleg teltet for ei NATT I NATUREN. Ein TIME OUT i naturen gir påfyll av første klasse. I naturen er eg på første rad, der opplever eg mestring, merksemd, nærvær, stillheit, fred - og pusten roar seg i takt med tankespinnet. I naturen er det aldri kjedeleg, og uansett vær eller årstid er det alltid glimt av lys, og dette LYSET finn fram der det trengs. .
I starten av haustferien slo eg leir om kvelden, 10 minutt heimefrå, i det den siste gløden av solnedgang fada. MØRKRET kom. Stjernene kom. Uglene kom. Roa kom. Smilet kom. Frå hengekøya mellom to skakke trær låg eg godt innpakka, i time etter time, eg såg stjerner filtrert gjennom trekrunene på toppen av dei mørke, lange trestammane, såg eit STJERNESKOT som berre dala og dala. Stjernevrimmelen flytta seg nokre grader medan eg berre VAR, i mitt AXIS MUNDI, i min eigen «verdakse, verdas sentrum». Etter ei god natts søvn oppe i Åsen vakna eg til ein ny dag, med skogen filtrert av SOLLYS, tonesett av fuglekvitter og lyden av gult, tørt bjørkelauv som fall🍁Etter nok ein psykt fin var eg atter klar til å GI TID til andre🙏🏻
.
.
.
. #sirisoge #verdensdagenforpsykiskhelse #tree_magic #hugs_for_trees #tree_captures #loves_trees_rural #ig_shotz_trees #tree_brilliance #igworld_global #ig_serenity #mittvestland #utno #rsa_ladies #rsa_outdoors #mittnorge #mittfriluftsliv #sunset_greece #nature_brilliance #essence_of_norway #soul_curry #bns_norway #raw_norway #raw_alltrees #gitid #royalsnappingartists #nortrip #liveterbestute #meoutdoor #tree_captures #gramoftheday #gotd_2388

Florø
16

Siri Bjorstad Hjermann

.
«Så står søndag
midt i rommet
og ser ut til
å ha vore vaken
mange timer
du eg har gleda meg
seier ho
der ho står med eit brett
med lys
tåke
helgero
og kaffe
ho hører ikkje
at eg kviskrar god morgon
men ho ser på meg
at det vert ein god dag.»
.
.
🍁
.
Eitt av Trygve Skaug sine mange fine dikt, her frimodig omsett til nynorsk. .
🍂 #insta_themedshots_176 #gotd_2384 #gramoftheday

Florø
3

Siri Bjorstad Hjermann

.
🍁

Leikande lauv
Blafrande blad
Skinande sol
Varmande vind
Glitrande glødande
Vimsete vatn
Haustferie heime
Frydefull fred
Skuldersenka Siri
.
🍁

Florø
11

Siri Bjorstad Hjermann

.
«Himmel nok til alle» syng Lars Bremnes, og det er endå meir himmel når den speglar seg i stille vatn. . ✨Å sitja åleine ved teltet under stjernestrødd himmel slik eg gjorde hi natta, er fint. Å sjå stjerneskot og senda ut eit varm ønske til nokon i natta gjer godt. Endå betre var det å dela denne stunda med Idun igår, der ho dingla med beina over ein fjordbotn strødd med sjøstjerner⭐️ .
.
.
💙 .
.
.
.
.
.

#fjordkysten #mittvestland #utno
#9vaga_skyandviews9 #rsa_outdoors #loves_reflections #bns_reflection #tree_magic #hugs_for_trees #loves_trees_rural #water_brilliance #tv_aqua #loves_reflections #jj_skylove #insta_sky_reflection #raw_alltrees #rsa_ladies #raw_norway #ig_week_scandinavia #ig_serenity #igworld_global #nb_nature_brilliance #mittfriluftsliv #royalsnappingartists #nortrip #liveterbestute #meoutdoor #scandinaviantravels #gotd_2374#gramoftheday #sirisoge

Sogn og Fjordane
5

Siri Bjorstad Hjermann

Eg er så heldig!
.
.
.
Eg er ikkje mørkeredd. Eg er ikkje redd for lydane i skogen eller på fjellet om natta. Eg har verken araknofobi, agorafobi, achluofobi eller agizoofobi. Eg vert heller ikkje stiv av skrekk når insekt går seg vill i krøllane mine. Og eg toler eige selskap.
.

Eg har 1- og 2-mannstelt, primus, sterk nok rygg til å bera fullpakka sekk, og ikkje minst har eg ein bra familie som forstår at teltlivet er viktig for meg. Ekstra viktig har det vore siste halvåret når eg har vore redusert. Naturen styrkar håp og tolmod! .
.

Eg bur òg på ein stad med supre teltplassar i relativ nærleik. I år har eg telta på Storåsen, med utsikt rett ned i eiga stove ca 200 meter unna i luftlinje. Eg har telta 10 minutt til fots frå bilen, rett under steilaste fjellet ved Haukåvatnet, med ekko av ugler heile natta, erstatta av ravn om morgonen. Eg har streva meg opp 30 % konstant stigning frå 0-1100 moh med tung sekk på ryggen, med spektakulær utsikt mot Jølstravstnet og Kjøsnesfjorden frå Grovanipa. I august, slo eg opp teltet - utan teltpluggar - på hustaket, slik ein kan med flatt tak. Istadanfor kaffe frå primus, strekte eg handa inn vindauget og trykte på kaffetrakteren. Tirsdag vart eg frakta ut på ei lita øy, eller kanskje det var ein stor holme: ei heilt ny oppleving å vera åleine, omringa av hav, med hundrevis av blinkande lykter rundt meg, og myriadar av stjerner over. Frå teltopninga no ser eg rett vest på denne øya, eg ser fleire andre stader eg har telta siste året, og stader som lokkar . .
.
Eg søv ikkje alltid så godt i telt, men eg elskar å sova i telt. .
Eg er så heldig! .
.
PS: takk til «tagga» inspirasjonskjelder, som er verdt eit besøk🙏🏻 Og takk til konfettidryssande gyllent bjørkelauv🍂💛
.
.
.
#mittvestland #raw_norway #loves_norway #ig_week_scandinavia #ig_serenity #rsa_outdoors #nrksf #fjordkysten #rsa_ladies #norway_photolovers #bns_sunset #sunset_greece
#9vaga_skyandviews9 #jj_skylove #sky_brilliance #ig_week_sunsets #insta_sky_reflection #love_all_sky #sirisoge #essence_of_norway #nb_nature_brilliance #mittfriluftsliv #utno #royalsnappingartists #nortrip #liveterbestute #meoutdoor #gotd_2350 #gramoftheday #sirisoge

Uførefjellet (310 m.o.h)
34

Siri Bjorstad Hjermann

.
.
På ei lita øy, eller var det ein stor holme, låg denne fjøra, som ein gong dala ned frå himmelen. Kanskje løsna den i ein solnedgangsbris, eller kanskje etter eit luftig basketak mellom fuglar, englerelatert var den neppe. Litt rekognisering viste at fjøra markerte den optimale teltplassen, utfrå praktiske og estetiske behov. .
.
Frå skysskaren min fór, til han returnerte, gjekk det 16 timar. I 16 timar var eg der åleine, med fin fred i sjela, og glede over eit MIKROEVENTYR midt i veka. Bålet gnistra omkapp med stjernehimmelen over meg, og det var neppe tilfeldig at eg fekk Monty Pyton sin «Galaxy Song» på hjernen, med si passande påminning: «So remember, when you're feeling very small and insecure, how amazingly unlikely is your birth» .
.
Tenk å få sitja der åleine under Melkeveien og sjå stjerneskot susa over himmelen, mens havet klukka lett. Eg såg ned på ei lagune, der havet var så flatt at stjernene spegla seg i det. Bålet gnistra, stjernehimmelen funkla, og rundt meg på alle kantar blinka det i hundrevis av lykter og lys i sin eigne, bestemte rytme. Det er ikkje rart at sjela vert litt ekstra lys i slike omgjevnader! Åleine, men ikkje einsam.
.
.
PS: det viste seg forresten at eg ikkje var heilt åleine i teltet likevel...🕷
.
.
#mittvestland #norway2day #raw_norway #loves_norway #ig_week_scandinavia #ig_serenity #rsa_outdoors #nrksf #fjordkysten #rsa_ladies #norway_photolovers
#9vaga_skyandviews9 #jj_skylove #sky_brilliance #ig_week_sunsets #splendid_reflections #insta_sky_reflection #love_all_sky #sirisoge #loves_reflections #nb_nature_brilliance #mittfriluftsliv #utno #royalsnappingartists #liveterbestute #meoutdoor #scandinaviantravels #gotd_2351 #gramoftheday

Sogn og Fjordane
11

Siri Bjorstad Hjermann

Det ser nok ikkje slik ut, men enkelte dagar treng kroppen kvila dobbelt så mange timar som eg har vore på jobb. Då er det godt med ei som får mora opp og ut til slutt🙏🏻Det er trass alt meir oppbyggeleg å sjå på himmelen og skyene, enn stovetaket😊 Og når ein må vera særs tolmodig på vegen vidare, utan å kunna skunda seg slik ein er tilvent, er slikt godt og oppmuntrande selskap nokså nødvendig i ein seig TING TEK TID-fase🍁 .
.
.
.
.
.
.
.

#gotd_2388 #gramoftheday


9

Siri Bjorstad Hjermann

Timane om morgonen før verda vaknar er gull! Dei har i mange år vore ei gullgruve for meg, der det er energi, inspirasjon og lange tankar å henta. Det siste halvåret har eg verkeleg leita etter og sakna A-mennesket Siri. Det er så eg knapt verken forstår eller kjenner denne B-menneskevarianten av meg sjølv, som eg håpar og trur er midlertidig. Kanskje kikkar A-dama så smått fram igjen, iallfall var ho der idag, så eg fekk med meg litt skin frå sola som gløtta fram i aust, før eg verkeleg fekk vaska meg i eit forfriskande regnskyll og gjekk på jobb. Håp i sikte! .
.
.
.
.
.
#sirisoge #gotd_2367 #gramoftheday

Florø
9

Siri Bjorstad Hjermann

.
Trea heng tunge av raude bær og eple, og med blå himmel som kontrast er det så augo knapt trur det dei ser. Men hjarta slår nokre ekstra slag, lett mottakeleg for ein slik vakker septemberdag. Sjølv om det var sommarvarme i lufta i Hardanger idag, pusta den nye årstida sin ankomst i greinene. Hausten nærmar seg, og det som blømer og modnast skal inn i neste fase, etterkvart som naturen innskrenkar opningstidene sine.
Idag skein sola over gravferda til ein fin hederskar og vennepappa, som har sett sine spor i livet mitt. Minnestunda var rik på gode minner, takksemd og fine samtalar.
Etterpå gjorde det godt å stella gravene til mammo og pappen, og kjenna at dei er med meg begge to, gjennom årets og livets årstider. .
.
.
.
#gramoftheday #gotd_2388 #raw_norway #scandinaviantravels #jj_mobilephoto_245

Norheimsund
13

Siri Bjorstad Hjermann

Valgdagen byrja bra, slik gårsdagen enda godt. Så priveligert eg er, eit fritt menneske i eit fritt land, med stemmerett, demokrati og nylonslott under sol- og stjernehimmel 🙏🏻
.
.
.
.

Norddalsfjord, Sogn Og Fjordane, Norway
12

Siri Bjorstad Hjermann

Hoppa inn i hausten med eit plask og eit smil 💦 .
.
Har du 2 timar til overs i Oslo? Då kan eg tilrå å tilbringa desse i ei herleg flytande KOK-badstu med hyppig nedkjøling i Oslofjorden. Inviter med ein god ven for kvalitetstid og badebonanza 😉Med lunch på SALT etterpå manglar ingenting @kjerstinsin .
.
.
.
.
.

Oslo, Norway
12

Siri Bjorstad Hjermann

.
🍂🍃VÅREN BEGYNNER OM HØSTEN

Det ryker og fyker fra stengler og strå.
Det bugner av moden frukt.
Vinden virvler en sky av små
former og farger ut i det blå.
Det vrimler av frø på flukt.

De danser og stanser. Hvert frø er en drøm,
en verden hvor våren bor.
Noen seiler på bekkens strøm
I tjernet legger en del på svøm
og noen glir ned i jord.

Det fryser. Det lyser av snø på fjell
og livet får karrige kår.
Men vinteren taper allikevel.
Spirer lever bak brune skjell
og er en ukuelig vår.

Dagny Tande Lid .
.
.
.
#mittvestland #sky_captures #love_all_sky #ig_week_sunsets #9vaga_skyandviews9 #tree_magic #raw_alltrees #sky_brilliance #nb_nature_brilliance #westnorway2day #gotd_2389 #gramoftheday #layersweek_nio

Florø
12

Siri Bjorstad Hjermann

. 💦
.
Eg hoppar og håpar,
eg satsar og svevar,
eg flyg og eg fell,
eg svimlar, eg smiler,
eg leikar og ler,
eg søkk og eg stig,
eg flyt og har fred. . .
- «Ut i det ukjende, ut i det blå.» Olav H Hauge si verselinje passar godt som tittel på sommarens beste bad☀️💦stundom må høgdeskrekk vera høgdeskrekk, når ein inst inne er ein 🐬 . 📸og naust: @ljb_architecture 😊
.
.
.
.
#hardanger #utno #mittfriluftsliv #rsa_ladies #rsa_outdoors #mittvestland #norway2day #tv_aqua #water_brilliance #raw_norway #. #nothingisordinary_ #hey_ihadtosnapthat #soul_curry #ipulledoverforthis #norge #norgefoto #norgerundt #hardanger #yrbilder #btno #fjordnorway #liveterbestute #meoutdoor #btsommer #raw_snap_fun1 #raw_community #scandinaviantravels #visitnorwayru

Stekka Tørvikbygd
86

Siri Bjorstad Hjermann

Livet er fullt av KONTRASTAR. Om vintrane drøymer eg ofte om fjerne reisemål, men slik var det ikkje i VINTER. Då drøymde eg om å vandra i Jølster i SOMMAR, å vera på og mellom dei kontrastfylte fjella, dalane og vatnet der, i kontrasten mellom det stupbratte og det milde, som har fått slik draget på meg🧡
.
Medan eg drøymde om dalar og fjell i JØLSTER, havna eg i ein dal sjølv, med ein kropp som ikkje spelte på lag. Sakte sakte gjekk tida, medan familie, TOLMOD og FORHÅPNING støtta meg etter beste evne. TIDA måtte virka før kroppen igjen kunne virka betre💛
.
Det er ei tid for å venta, for å KVILA og for å GÅ. Midt i juli stod eg ENDELEG på Sægrov, med fjellsko på. Hadde eg vore betre i matte, hadde eg skjønt at ein tur frå 0-1143 moh, med konstant STIGNING på 30 grader i TROPISK varme var i tyngste laget, ikkje minst med tung sekk. Men eg kom meg opp på Grovanipa, og kvart steg var sveitt siger og grådig glede❤️
.
Teltnatta og morgonkaffien på Grovanipa var optimal. Eg dingla med raude tånegler på toppen, og timar etter flaut dei same neglene i brekjølt vatn på Lundevassenden, med utsyn mot Grovanipa. Klar for meir Jølster traska eg i veg og fann ny teltplass over Fyglastøylen💚 .
.
Eg vart GRÅDIG, og for tilbake på nye eventyr. Nok ein gong køyrde eg langs JØLSTRAVATNET, som spegla grøne dalsider og blå himmel. Eg susa gjennom Jølster, og kl 20 stod eg på Flatbrehytta, etter ei vandring med kontrastar frå frodige lier til den turkise Supphellebreen. Om natta sov eg i iKamperen, i teltet oppå bilen ved Bøyabreen, eit EVENTYR i seg sjølv💙
.
Både kroppen og Vestlandet funka OK+, men bilen slo alarm : «Girkasse DEFEKT. Kontakt verksted!» På smalaste vegen ved Mundal stoppa bilen tvert, men forsikringa ordna BILBERGING og timane eg måtte venta i Fjærland gjekk raskt, mens smilet breia seg av vendinga dagen tok😃
.
Då eg atter passerte Jølstravatnet, no høgt over asfalten i ein fancy raud slepebil, var det framleis IDYLL: Jølster var fryd og harmoni. Men etter tirsdagens DESTRUKTIVE uvær og jordras er Jølster forandra. Tankane mine går til alle dei som er råka av dei tøyleslause naturkreftene🖤
.
.
.
#sirisoge #mittvestland #ilovenorway #gramoftheday #gotd_2286

Jølstervatnet
35

Siri Bjorstad Hjermann

Før uværet sette inn måtte me berre ta ein liten båt- og badetur til. Rett over Solheimsfjorden fann me ei magisk lita vik under dramatisk himmel, med kveldssol og fint utsyn nordvest- og heimover. .
.
Igår traff eg ein bekjent på KIWI som lurte på om eg hadde vore på ferie. Åh ja, sa eg, eg har vore på ein lang, fin ferie her heime i Florø i sommar. Eg fekk ei kjensle av at det ikkje var svar godt nok...
.
😊Å tøffa ut i eiga skute og oppdaga ein ny badeplass på tampen av ein fin, sakte dag i eigen, blømande hage med ei dotter som straks flyttar heimefrå for første gong, medan andre dottera sommarjobbar, det er rett og slett MEIR ENN GODT NOK FOR MEG🌻Lat einkvar feriera etter eige ❤️
.
.
.
.
.
#yrbilder #tv_aqua #mittvestland #norway2day #loves_united_norway #water_brilliance #sky_perfection #raw_norway #raw_nordic #highlightsnorway #essence_of_norway #water_brilliance #loves_norway #ilovenorway #igworld_global #ig_week_scandinavia #ig_serenity #rsa_outdoors #nrksf #fjordkysten #rsa_ladies #bestofnorway #norway_photolovers #bns_sunset #sunset_greece #gotd_2309 #gramoftheday
#9vaga_skyandviews9 #jj_skylove #sky_brilliance

Veiesund
11