Sogn Jord- og Hagebruksskule@sognjordoghagebruksskule

319 posts 0 followers 0 following

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Med litt song, Whitney Houston og glade elevar på kompostplassen ønsker vi alle ei fabelaktig GOD HELG!
#kompostplassen #sjh #sognjordoghagebruksskule


4

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Foredling av råvare står også på timeplanen! Vg3-elevane fekk besøke det økologiske slakteriet Vikja, og øve seg på nedskjæring av skulen sine sauar ein heil dag med tidlegare SJH-rektor Olav Arnar Bø.

#sjh #sognjordoghagebruksskule #foredling #sau #økologiskslakteri #vikja


1

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Fjøsveke! Elevane har no kvar si fjøsveke der dei må passe på dyra i fjøset. Kalvane må få mjølk, kyrne skal mjølkast, og hestane, geitene og sauane skal også få noko å ete. Fleire gongar om dagen, sjølvsagt. Somme synest det er eit slit, somme synest det er heilt chill! Her får elevane verkeleg kjenne på korleis det er å vere husdyrbonde.
#sjh #sognjordoghagebruksskule #norgetrengerbonden


2

Sogn Jord- og Hagebruksskule

O' smakfulle kvitlauk! No har Vg2-elevane sett kvitlauken i jorda. Berre dei beste fekk kome med og gråskimmelen vart luka ut. No gler me oss allereie til våren! 🌱

#sjh #sognjordoghagebruksskule #kvitlauk


9

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Me køyrer traktor framover og bakover, og festar på ulike reiskap. Gøy! Men somme har også nok med å nå ned til kløtsjen 😅
#sjh #sognjordoghagebruksskule #traktor


0

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Me har hausta alle potetene! Med god hjelp frå både hestar og traktor. Flinke elevar fekk ros frå Pote-sjef Even så no kan me ta velfortent haustferie.
#sjh #sognjordoghagebruksskule #potetinnhausting #potet #potetferie


4

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Gulrotinnhaustinga er i boks!🥕 #sjh #sognjordoghagebruksskule #gulrot


1

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Velkomen til Open økologisk gard laurdag 28. september kl. 11-16! Det vert kåringssjå, føredrag, eplepressing, økokafe, kurs i frøtaking og humlebolbygging, hestekøyring og leik og konkurransar. Og @gardsbutikkensjh er sjølvsagt open. Me gler oss til å sjå deg!

#openøkologiskgard #åpenøkologiskgård #økouka #økoveka #økologisknorge #biodynamiskforeningnorge #sjh #sognjordoghagebruksskule #kåringssjå #eplepressing #økokafe #hestekøyring


1

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Vg2 har hausta Hokkaido! Dei har blitt vaska godt og gjort klare til lagring. Sorten heiter Uchiki kuri, god til suppe eller ovnsbakt.

#sjh #sognjordoghagebruksskule #innhausting #hokkaido #gresskar #uchikikuri #gardsbutikkensjh #halloweeniscoming


5

Sogn Jord- og Hagebruksskule

KLIMABRØL!!!
Me brølar for klima og for ei berekraftig framtid! 🌱🌱🌱
#klimabrølet #sjh #klima #krevklimahandling #sognjordoghagebruksskule #aurland #berekraftigjordbruk


3

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Denne fine gjengen med sommarkurselevar sto på stand på Aurlandsmarknaden i helga. Dei selde mellom anna grønsaker, nypotet, heimelaga pesto og hylleblomstsaft. God stemning! #sognjordoghagebruksskule #aurlandsmarknaden #aurland #renmat #norgetrengerbonden

Aurlandsvangen
0

Sogn Jord- og Hagebruksskule

K O M P O S T 🌾
Elevane på sommarkurset har lært om kompostering i stor skala. Lærar Nat har guida dei gjennom alt frå traktorkøyringa til brygging av kompost-te. Det er mykje som skal klaffe for at meitemarken skal trivast og resultatet blir bra, men no har elevane stålkontroll på både C/N-forhold, bruk av ferment med melkesyrebakteriar og køyring med kompostvendar! #sognjordoghagebruksskule #naturbruk #norsklandbruk #renmat #norgetrengerbonden

Sogn Jord- og Hagebruksskule
0

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Aurland er ein fin stad å vere om sommaren...
Det spirer og gror i grønsaksåkeren, potetlandet, elevane sine «Rakelhage-prosjekt» og eigne elevhagar. Elevane på sommarkurset får fylgje utviklinga frå dag til dag, vere med på innhausting, luking og observasjon. Og dei får oppleve Aurlandssommaren med seine kveldar, bading i elva og i fjorden og ferske bær, urter og grønsaker.
#sognjordoghagebruksskule #aurland #renmat

Sogn Jord- og Hagebruksskule
1

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Slåttonn på SJH: elevane og garden sine tilsette har no fått førsteslåtten i hus. Det var ein kamp mot vêret, og det har vore seine kveldar for alle mann. Nokre av elevane valde å bruke laurdagen sin på å hjelpe til med å få høyet inn på høytørka før regnet kom. Elevane har fådd vore med på heile prosessen, frå vurdering av slåttetidspunkt, nytta både moderne og gamal slåmaskin, vendt og raka graset og til slutt køyre det inn på tørka. Mykje traktorkøyring og mykje kos. Godt jobba av både elevar og tilsette. Me håpar dyra set pris på fôret til hausten... #sognjordoghagebruksskule #norgetrengerbonden #renmat #aurland #naturbruk #norsklandbruk

Sogn Jord- og Hagebruksskule
2

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Elevane i vg2, husdyrlærar Kristin og fjøsmester Even har sendt første runde med sauer og lam til fjells. Alle lam skal på vekta, så her er det arbeid nok til alle. Sauene er på sommarferie, elevane har snart sommarkurs...
#norgetrengerbonden
#sognjordoghagebruksskule
#renmat
#HELTpåjordet
#aurland

Sogn Jord- og Hagebruksskule
1

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Mmm, honning rett ifrå tavla i bikuba. Det gjeld å bruke sansane skal ein lære ting skikkeleg!

#økologiskbirøkt
#våriaurland
#snartagronom
#norgetrengerbonden
#noregtrengbonden


1

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Kunststykket i ferdig versjon: Det ble en jakke! Og det altså i ull fra SJHs sauer, selvspunnet, plantefarget, vevd og sydd (se tidligere innlegg). I tillegg har Kristine Takvam plantefarget garn og ullstoff og sydd lue, og med det fullført produktutviklingsoppgaven i næringsdriftsfaget i vg3 — med stil, bokstavelig talt!


0

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Går du med ein økologisk bonde i magen? Løp og søk. Søknadsfristen til vg2 og vg3 er i dag, 1. mars!


2

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Endeleg er det vakre klasserommet fylt med sol igjen! Takk til Marianne Bøthun fra NLR Vest for kyndig undervisning i økologisk epledyrking, inkludert beskjæring av epletre. For ein nydeleg ettermiddag!

#økologiskeple
#liveterbestute


2

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Endå ein nyfødd killing har fått råmjølka si, geitene et høy så det knitrar og det er tid for killingkos og oppsummering av dagens fjøsvakt.

#fjøsuke
#fjøslykke
#økologisk geitehald

Sogn Jord- og Hagebruksskule
2

Sogn Jord- og Hagebruksskule

For eit kunststykke! Kristine i vg3 har sjølv spunne og farga ull, mellom anna frå skulen sine sauar, og vevd det nydelegaste stykke tekstil. Til og med plantane til fargane har ho dyrka sjølv. Imponerande! Oppmåling og planlegging til eit plagg eller to er allereie i gang, saman med damene fra Aurland husfildslag. Det blir spanande å sjå kva sluttresultatet blir!


13

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Elevane har funne mandlane i økograuten, gler seg over at det no er ferie og ynskjer våre følgjare ei riktig god jul!


0

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Melk -> fløte -> rømme -> — smør!

Vg3 lærer #ektehåndverk i skolens sagnomsuste ysteri.


1

Sogn Jord- og Hagebruksskule

SJH vart Årets formidler under Matprisen 2018! Ei flott anerkjenning av skulen og alle som har bidrege til å gjere SJH til ein så viktig aktør for å spreie kunnskap og inspirasjon om økologisk landbruk. Hurra!

Juryens vinnartekst:
I en verden der informasjon ikke er til å stole på, der sensasjoner skrikes ut i versaler, er årets vinner et friskt pust å anse. Årets vinner er en formidler som på alle måter har finger'n i jorda, og vet å bry seg om den. Vinneren av Årets formidler har spredd kunnskap og inspirasjon, og gitt mennesker verktøyene til selv å kunne produsere jord og mat. Årets vinner er en nøkkelaktør i arbeidet med å skape et bærekraftig og økologisk landbruk nå, og i fremtiden. Vinneren har også utdannet mange av de som driver med småskala ysting i Norge.

#matprisen2018
Foto: Joachim Sollerman


6

Sogn Jord- og Hagebruksskule

UNIK LEDIG STILLING SOM KOKK - for deg som er interessert i å jobba med økoråvarar rett fra garden, i eit miljø med folk som veit å verdsete ekte og rein mat.

SJH har serveringsmerket i gull frå Debio – meir enn 90 % av maten er økologisk. Skulegarden produserer kjøt av sau, geit og ku, mjølk, frukt, bær, grønsaker, urter og meir som kjøkenet kan utfolde seg med.

Frå 1. januar 2019 har skulen ledig 100 % stilling som kokk.

Noko for deg? Søk da vel!
Søknadsfrist 23. november.

Sjå sjh.no for fullstendig utlysning.

Aurland
0

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Vg3 har besøkt fleire av bygdas ammekubesetningar av ulike rasar og lært om driftsopplegg og oppstalling. Her med bevaringsverdige #vestlandskfjordfe.

Aurland
5

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Bålkos med sjølvlaga sauepølser fra gårdsdagens økt på Vikja slakteri. God lading for tømmerhuggarane i skogen! 😋

#hogst med vg3


1

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Årets pinnekjøt, røykt og kyssa av hausten og regnbogen!

#foredling vg3

Sogn Jord- og Hagebruksskule
0

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Trivsel i fjoset! Og i morgon kan du vere med og føreslå namn til denne sjarmerande fjordfekalven på Open økologisk gard. Sjekk programmet på sjh.no.

Riktig god helg!


1