striik.no@striikshop

278 posts 0 followers 0 following

striik.no

S U P E R B I L L E G!
CleanCup har kome i ny utgåve, så den gamle utgåva får du no til halv pris av tilbodspris på striik.no🙌 Perfekt for deg som vil teste menskopp!
_
_
_
#striik #striikshop #cleancup #menskopp #mensen #grønmens #zerowasteNorge #zerowastelifestyle #zerowastemens #mensrevolusjon


0

striik.no

Bestillingane renn inn, og lageret tømest fort! Det spørs om det held ut oktober... Uansett er det 50% rabatt på heile butikken så langt lageret rekk. Velkomen innom!

PS: Det kjem til å ta nokre dagar å få pakka alt og sendt det av garde - eg er heilt åleine om arbeidet. Takk for tolmodet!


0

striik.no

Kjære kundar og fylgjarar.
Med blanda kjensler har eg kome fram til at striik er inne i si siste fase. I desember snur livet seg på hovudet når familien går frå to til tre, og eg treng å rydde plass både i livet og i huset til det nye vesenet. Difor kjem eg til å legge ned nettbutikken. Eg vert veldig glad om du vil hjelpe til med å tømme lageret! Julegåvehandelen er jo godt å ha unnagjort! Rabatten på 50% vert lagt til heile bestillinga i kassa. Velkomen innom på striik.no!


9

striik.no

Det er 20% rabatt på alle Klean Kanteen-produkt ut september! Ta med flaske eller kopp neste gong du skal ut og farte, så slepp du plastflasker og eingongskoppar.
_
_
_
#striik #striikshop #tamedkopp #tamedflaske #drikkeflaske #zerowaste #stålflaske #kaffi #kaffikopp #kaffe #butfirstcoffee #cleancoat @kleankanteen #bringyourown #tamedsjølv #kleankanteen


0

striik.no

R A B A T T !
September er her, og hjå striik står denne månaden i "ta med sjølv-teiknet". Difor får du 20% rabatt på alle produkt frå Klean Kanteen gjennom heile månaden! Rabatten vert automatisk trekt frå i kassen og gjeld til og med 30.september. Velkomen innom nettbutikken! 🧡🍁🍂🏵️
_
_
_
#striik #kleankanteen #bringyourown #tamedkopp #tamedflaske #drikkeflaske #zerowaste #stålflaske #kaffi #kaffikopp #kaffe #kaffikopp #butfirstcoffee #cleancoat @kleankanteen @kleankanteen_scandinavia #mittfriluftsliv #utno #sport #høst #haust #september


1

striik.no

Sommaren er på hell og her på Sunnmøre kan me merke at hausten sakte, men sikkert er på veg. Kva er vel betre då, enn å unne seg eit varmt bad eller avslappande fotbad før leggetid? Med ein handfull epsomsalt i badevatnet sikrar du kroppen tilgang på magnesium som mellom anna har avslappande og kløestillande eigenskapar, så det synest eg du fortener! Velkomen innom nettbutikken eller lageret! 💛
_
_
_
#striik #striikshop #epsomsalt #magnesiumsulphate #spa #haust #høst #fall #autumn #stressned #egentid #eigentid #roisjela #fotbad #bath #bathtime #slappav #magnesium #magnesiumsulfat


0

striik.no

Hei, Dalsfjordingar! Hugs at de er hjarteleg velkomne innom lageret i Ulvestadvegen for ein kjekk handel! No har eg akkurat rydda lageret og merka alle varene med pris, så no er det nesten som ein skikkeleg butikk. Det er mogleg å betale med kort eller med Vipps. Berre gje meg ein lyd om kva tid du vil kome, så er du sikker på at eg er heime. Det er sjølvsagt lov å kome innom på impuls også, så opnar eg om eg er heime.
_
_
_
#striik #striikshop #dalsfjorden #sunnmøre #Volda #Vanylven


0

striik.no

Hei, Dalsfjordingar! Hugs at de er hjarteleg velkomne innom lageret i Ulvestadvegen for ein kjekk handel! No har eg akkurat rydda lageret og merka alle varene med pris, så no er det nesten som ein skikkeleg butikk. Det er mogleg å betale med kort eller med Vipps. Berre gje meg ein lyd om kva tid du vil kome, så er du sikker på at eg er heime. Det er sjølvsagt lov å kome innom på impuls også, så opnar eg om eg er heime.
_
_
_
#striik #striikshop #dalsfjorden #sunnmøre #Volda #Vanylven


0

striik.no

Hei, Dalsfjordingar! Hugs at de er hjarteleg velkomne innom lageret i Ulvestadvegen for ein kjekk handel! No har eg akkurat rydda lageret og merka alle varene med pris, så no er det nesten som ein skikkeleg butikk. Det er mogleg å betale med kort eller med Vipps. Berre gje meg ein lyd om kva tid du vil kome, så er du sikker på at eg er heime. Det er sjølvsagt lov å kome innom på impuls også, så opnar eg om eg er heime.
_
_
_
#striik #striikshop #dalsfjorden #sunnmøre #Volda #Vanylven


0

striik.no

NYTT I NETTBUTIKKEN:
Nye utgåver av Kid Kanteen drikkeflaske for barn, med sportstut. Heilt nydelege, alle saman! Velkomen innom nettbutikken.
_
_
_
#striik #kleankanteen #bringyourown #tamedflaske #drikkeflaske #zerowaste #stålflaske #kidkanteen


1

striik.no

No finn du oppvaskkluten Tvåge i nettbutikken i fargane laks, himmelblå, petrolgrøn og oliven. Velkomen!


0

striik.no

N Y H E I T!
Snart får du kjøpt mjuke oppvaskklutar strikka av økologisk bomull på striik.no! Kusine Ingrid Johanne står bak produksjonen, og klutane kjem i ulike fargar og mønster. Her ser du tre av dei. Nydeleg fine, spør du meg. 💚😍


3

striik.no

Desse fine, rosa bolletrekka er også på TILBOD. Du finn dei på striik.no - tilbod.


1

striik.no

R A B A T T K O D E !
I høve KVINNEDAGEN 2019 vil eg gje dykk jenter og kvinner der ute eit høve til å prøve menskopp. Betal for ein og få ein gratis ved å bruke rabattkoden KVINNEDAGEN2019 når du skal betale. Du kan velje to av same storleik, eller ein av kvar. Kjøp ein til deg sjølv og ein til syster eller venninne, så vert det samstundes donert like mange menskoppar til jenter i Uganda.
_
Rabattkoden gjeld til og med 15.03.2019.
_
_
_
#striik #striikshop #cleancup #menskopp #mensen #grønmens #zerowasteNorge #zerowastelifestyle #zerowastemens #mensrevolusjon @cleancup.no #kvinnedagen2019 #internationalwomensday #womenunite #girlpower #kvinnedagen


3

striik.no

I høve vårrydding av lageret går eg for bolletrekk til folket! Desse fine med grønt trykk er no på TILBOD, og har du lenge tenkt på å kutte ut plastfolie, er dette rett tidspunkt. Du finn dei, og eit par rosa, i kategorien TILBOD på striik.no. Velkomen innom!


2

striik.no

På tide å koke menskopp? Slik gjer du det: Kok opp litt vatn (nok til å dekke menskoppen), ha i ei halv teskei krystallsoda, legg menskoppen forsiktig ned i det kokande vatnet og la den ligge i ca 7 minutt. Krystallsodaen gjer at misfarginga på koppen forsvinn, men koppen vert hygienisk rein også utan. Lukke til!
_
Ivrige fylgjarar har merka at oppdateringsfrekvensen på denne kontoen har gått drastisk ned sidan før jul. Det er tøft å drive butikk heilt åleine, og i det siste har livet hatt prøvingar også på andre område. Då har eg måtta prioritere kva eg har energi til, og nettbutikken har hamna sist i rekka. Tusen takk for at de fyl med og handlar sjølv om det er stille på sosiale media! Ha ei god veke!


1

striik.no

Bolletrekka frå @theedgymoose er vakre å sjå på og enkle i bruk. Dei gjer det også enklere å kutte ut eingongsfolie av ulikt slag. Du finn mange variantar bolletrekk på striik.no. Velkomen innom!

Takk for nydeleg bilete, @majapapayya!
_
_
_
#striik #striikshop #repost #bolletrekk #theedgymoose #gjenbruk #mindreavfall #meirgjenbruk #omigjen #reducereuserecycle


2

striik.no

Jula er like rundt hjørnet, og posten sin frist for julepost er ute, men lokale kundar har fortsatt høve til å handle julegåver på lageret i Ulvestadvegen 30 (på Lauvstad) til og med fredag 21.12. Det er berre å ta kontakt for å avtale.
_
_
_
#striik #kleankanteen #bringyourown #tamedkopp #jul #julegåve #julegave #julegavetips #christmas #zerowaste #stålflaske #kaffi #kaffikopp #kaffe #kaffekopp #zerowasteNorge #zerowastegift

striik
0

striik.no

Hei, alle nye fylgjarar! Dette er eg, mennesket bak striik. Det er eg som tek i mot og pakkar bestillingar, som oppdaterer Instagram og nettbutikken og sender ut fakturaer og svarer på e-postar - og alt anna som har med drifta av striik å gjere. Eg heiter Kristi og viss du ser godt etter, vil du oppdage at det er akkurat dei same bokstavene som er i striik. striik er meg, rett og slett. Og eg er veldig glad i å vere ute, særleg i kaldt og kvitt veir, som på biletet. Takk for at du fylgjer @striikshop, og velkomen innom nettbutikken!

striik
7

striik.no

NYTT I NETTBUTIKKEN!
Nett til frukt og grønt (5pk) frå australske @onyalife!

Handle klementinar og anna frukt til jul med godt samvit og utan å frykte hol i fruktposen. Desse posane er laga av resirkulerte BPA-fri plastflasker, og kan brukast om og om igjen. Dei er gjennomsiktige slik at det er lett for butikkpersonalet å sjå innhaldet. Du har fortsatt tid til å handle og få varene i god tid før jul. Velkomen innom striik.no!
_
_
_
#striik #meirgjenbruk #gjenbruk #reuse #reducereuserecycle #lesswaste #lesstrash #mindreavfall #omigjen #zerowaste #gave #gåve #gavetips #gåvetips #julestemning #jul #julelukt


1

striik.no

Lyset vert blygare og dagane kortare. Denne tida er vakker, men den kan også vere stressande, med all si julegåvehandling, kakebaking og anna julestress! Eg prøver å kose meg med juleførebuingane og senke forventingane litt. Det vert jo jul uansett kor reine vindauga er. Set på litt julemusikk og kos deg med førebuingane så godt det let seg gjere. Julegåvetips finn du på striik.no.

striik
1

striik.no

Hei! Bruk hovudet sjølv om det er Black Friday i dag - kjøp berre det du verkeleg treng, eller avstå frå å handle i det heile 💚. Her hjå striik er dagen i dag ein heilt vanleg fredag utan supertilbud, og har tenkt å bruke den mellom anna på å nyte det vesle som er att av sol på denne tida av året. God helg!

striik
3

striik.no

Juletrekka er tilbake på lager - no også i grøn! Dei vert tilgjengelege i nettbutikken ganske snart.
_
_
_
#striik #bolletrekk #theedgymoose #jinglealltheway #jul #julegåve #julegave #julegavetips #christmas #zerowaste #økologisk #organic #bomull #cotton

striik
0

striik.no

Det vart nesten litt julestemning på standen min i helga, sidan eg taklyset i hjørnet der eg stod ikkje fungerte. Men det passa i grunnen fint til alle dei flotte julegåvetipsa i hyllene mine. Eg har fortsatt mange fine julegåver på lager, og de er hjarteleg velkomne innom nettbutikken.
_
_
_
#striik #striikshop #cleancup #kleankanteen #bambus #julegåve #julegave #julegavetips #zerowaste #stålflaske #zerowastelifestyle #zerowastehome #zerowasteliving #christmas #jul


2

striik.no

Gjer som @altjegkan og gje menskoppen ein sjanse. Det sparer deg for mykje tid og pes når du har mensen. På striik er CleanCup for tida nedsett til ein meget snill pris! Sjekk ut nettbutikken for meir informasjon.
_
_
_
#striik #striikshop #cleancup #menskopp #mensen #grønmens #zerowasteNorge #zerowastelifestyle #zerowastemens #mensrevolusjon @cleancup.no


0

striik.no

God søndag! I dag tek eg heilt fri frå striik, og håpar at du også får kosa deg og gjort noko du har lyst til. 📷: @coffeesock
_
_
_
#striik #søndag #sunday #kaffi #kaffe #coffee #fridag

striik
0

striik.no

Takk for meg, Dalsfjordmarknad! Og takk til alle som var innom standen for å slå av ein prat, stille spørsmål, diskutere miljø og klima, og handle. De er heilt supre, alle saman!
_
_
_
#striik #kleankanteen #bringyourown #tamedkopp #tamedflaske #drikkeflaske #zerowaste #stålflaske #kaffi #kaffikopp #kaffe #butfirstcoffee #cleancoat #kaffifilter #popup #menskopp #cleancup #bolletrekk #diy #bambus #bambustannbørste #komposterbar #compostable #lesstrash #lesswaste #mindreavfall #reduce #reuse #recycle #bambusbestikk

striik
0

striik.no

Velkomen innom standen min i det mørke hjørnet på Dalsfjordmarknaden! Eg står her til klokka 17.

Dalsfjorden (Sunnmøre)
0